Skip to content Skip to footer

Avgjerande tid for havbruksprosjektet Blå horisont 2030

Havbruksnæringa venter i spenning på klarsignal til prosjektstart

Forprosjektet for havbruk, i regi av Aksello, er ferdigstilt. No ventar ein spent på svar på søknadane om medfinansiering for iverksetting av det utarbeida hovudprosjektet, som har fått namnet Blå Horisont 2030.

Blå horisont 2030 er eit samarbeidsprosjekt for havbruksnæringa, på tvers av verdikjeda, som legg FN sine berekraftsmål til grunn og har eit fokus på grøn vekst, grøne arbeidsplassar og grøn sone for regionen. For å nå desse måla skal ein jobbe innan områda rekruttering, resirkulering, sertifisering, digitalisering og elektrifisering.

Prosjektleiar Linn Nekkøy skryt av ei omstillingsdyktig næring som gjennom forprosjektsperioden har vist eit brennande engasjement for betring, berekraft og for å nytte dei moglegheitene ein ser framover. Prosjektgruppa har stilt seg tilgjengeleg i hektiske kvardagar og er nøkkelen til det prosjektet ein har landa på i dag, seier ho.

Prosjektgruppa er satt saman av:

  • Ingrid Kassen, Dagleg leiar, Norwell.
  • Elin Tveit Sveen, Dagleg leiar, Marø havbruk.
  • Solveig Willis, Salgs og markedsleiar, Evoy.
  • Frode Hovland, Seniorrådgjevar, Vestland Fylkeskommune.
  • Tor Erik Røynesdal, Plant Manager, Cargill.
  • Øyvind Østrem, Innovasjonsrådgjevar, Høgskulen på Vestlandet.
  • Arne Olsen, Seniorrådgjevar, Aksello.

I gruppa er det ei blanding av næringsaktørar frå ulike delar av verdikjeda innan havbruk, samt representantar frå akademia og forvaltning. Elin Tveit Sveen, ein av næringsrepresentantane i gruppa, seier at prosjektet Blå Horisont 2030 er eit viktig og framtidsretta prosjekt som vil bidra til å auke fokuset i vår region i havbruksnæringa mot ei grønare framtid. «Vi er alle forplikta til å leve opp til FN sine bærekraftsmål, og dette prosjektet vil gi sjømatnæringa enda større tyngde i vårt område», seier ho.

Prosjektleiar Nekkøy legg til at prosjektet har lagt stor vekt på  næringa sine ønskjer og behov, og har eit særskilt fokus på å styrke dei mindre havbruksaktørane. For dei som ikkje har ressursar eller moglegheit  til å gjere dei utgreiingane og undersøkingane som skal til for å iverksette ønska tiltak , kan prosjektet fungere som ei berekraftsavdeling. Prosjektet  skal fasilitere og tilretteleggje for insentiv som gjer at bedriftene vil ønskje å ta grep på dei områda dei har utfordringar, og samstundes hjelpe med å lukke gapet mellom dei som forskar og dei som skal utføre og implementere. «Prosjektet vil styrke næringslivet i regionen og vere med på å handtere dei globale utfordringane på lokalt og regionalt nivå», supplerer Solveig Willis. Ho har i prosjektperioden gått frå å jobbe med digitale løysingar i næringa til å arbeide som salgs- og marknadsleiar i gründerbedrifta Evoy.

«I fylket vårt har vi levd av havet i uminnelige tider. Det skal vi og gjøre i framtida, da trenger vi samarbeid, vekst og innovasjon på en bærekraftig måte. Havbruksprosjektet er viktig fordi det handler om å samle gode krefter for å få enda mer verdiskaping og sysselsetting i regionen vår», seier Tor- Erik Røynesdal.

Han er fabrikkdirektør på Ewos-fabrikken i Florø og ser mange områder i prosjektet som og kan vere nyttig for dei. Sjølv om Cargill er ein større aktør og har eigne berekraftsavdelingar i selskapet ser dei likevel meining og effektar av å vere med vidare i prosjektet. «EWOS-fabrikken er en hjørnesteinsbedrift i Florø. For oss er det viktig både å bygge opp og ha støtte i lokalsamfunnet. Samtidig har vi alltid blikket vendt utover, både mot Norge der fisken produseres, men også mot verdensmarkedet, der 95% av laksen som produseres i landet vårt, spises. Havbruksprosjektet jobber mot flere av FNs berekraftsmål. For oss er det viktig at prosjektet skal fokusere på tvers av verdikjeden i havbruk, og inkludere aktører fra flere deler av kjeden. Havbruk er viktig for regionen vår, og havbruk er viktig for verden – også i fremtiden. Da må man også jobbe for å redusere påvirkningen på miljø og styrke utviklingen av lokalsamfunna. Dette er viktige mål for Cargill som også samsvarer med målene til prosjektet», seier Røynesdal.

 

Linn Theres Reksten Nekkøy
Linn Theres Reksten Nekkøy

Ingrid Kassen supplerer med at markedet er i stadig utvikling. «Ein ser at forbrukar og myndigheiter kjem til å stille større krav framover. Då er det viktig at prosjektet er med på å tilretteleggje for at verdikjeda riggar seg for å imøtekomme slike krav, nye behov og trendar. Dette er ein av dei tinga som vil gjere regionen vår konkurransedyktig for framtida», seier ho.

Næringa er tenkt å finansiere halvparten av kostnadane i prosjektet. Prosjektleiar Linn Nekkøy seiar at Vestland Fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kinn kommune er blant dei som har fått søknadar om delfinansiering. «Dette er fordi desse aktørane er kjende for å bygge opp om næringslivet i regionen. Samstundes vil dette prosjektet føre til at ein får ein sterkare, tydlegare region som fasiliterer for spennande arbeidsplassar og auka vekst innan ein næring som er viktig for alle disse aktørane og innbyggarane i regionen dei befinn seg i. Det har kanskje blitt meir tydleg under Covid situasjonen kor viktig denne næringa er for lokalsamfunna. Dette er bedrifter som har gått jamt og trutt trass utfordingar. Dei er klassifisert som samfunnskritiske fordi dei får mat på bordet til menneskjer og samstundes er viktige for norsk økonomi. Eg håpa at ein ser verdien av å ha sterke lokale havbruksaktørar her og andre stader. Havbruksprosjektet ønsker å bidra til at havbruksaktører kan fokusere på sin kjerneaktivitet samtidig som de kan øke kapasiteten til selskapet med utviklingsarbeid. Saman skal ein bygge framtidas næring og ein attraktiv region», seier ho.

Bedriftene er villige til å ta sin del, men ønsker at slike initiativ kan bli støtta opp av fleire.

«Alle som ønskjer å vere med på dette arbeidet er hjertig velkommen til å ta kontakt», seier Nekkøy.

Ho legg til at dei er på jakt etter endå fleire samarbeidspartnarar og håpar at dei som har fått søknadar om medfinansiering forstår kor viktig dette prosjektet er for næringa og regionen og følgjer opp søknadane.

«Eg klør i fingrane etter å komme i gang. Så vi venter i spenning og er klar for å hive oss rundt med Blå horisont 2030», seier ein entusiastisk prosjektleiar.

 

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet