Stor interesse for årets Kapitaldag!
Årets Kapitaldag gjekk av stabelen 19. november. I år vart arrangementet heildigitalt grunna Covid-19 og arrangørane sendte live frå studio på Larris Scene, Sunnfjord Hotel i Førde.
Kapitaldagen blei arrangert for 4. året på rad og det var svært positivt å registrere at heile 16 oppstartsselskap ynskte å presentere seg for investorar og andre interessentar. Med høg påmelding også blant investorer og andre interesenter viser dette at Kapitaldagen er blitt ein etablert og viktig arena for målgruppene. Programmet var rigga med attraktive kapital- og kompetanse miljø, og spennande grundercase. At streaminga hald på sitt høge antal deltakarar gjennom heile programmet tyda på at programmet var spissa og relevant.