Aksello og Studiesenter Kysten inviterer i samarbeid med Styreforeiningen til styreautorisasjonskurs i Florø den 19.–20. november. Gjennom to intensive kursdagar får du solid kompetanse innan profesjonelt styrearbeid, ansvar, strategi og økonomi. Kurset kombinerer faglege forelesingar, praktiske case, diskusjonar og erfaringsutveksling, og blir avslutta med autorisasjonstest.
Kva lærer du?
Gjennom kurset får du mellom anna innsikt i:
- profesjonelt styrearbeid og styret sitt ansvar
- roller, ansvar og lovverk
- strategi og styret si rolle i verksemda
- styrearbeid i praksis gjennom case og diskusjonar
- rekneskapsforståing for styremedlemmer
- autorisasjonstest som dokumenterer kompetansen din
Etter gjennomført kurs får du dokumentasjon på gjennomført styreautorisasjon.
Program dag 1
Kl. 09.00–11.30: Del 1 – Profesjonelt styrearbeid
- Kursstart med introduksjon og praktisk informasjon
- Felles rammer og regelverk – forankring for styremedlemmer og dagleg leiar
- Styret si organisatoriske plassering og overordna funksjonar
- Styresamansetjing – kven blir vald når, kvar, korleis, av kven og til kva?
- Det forsømte styreområdet – ei viktig «vekking» om resultatansvaret
Kl. 11.30–12.30: Lunsj
Kl. 12.30–16.30: Del 2 – Profesjonelt styrearbeid
- Styret sine oppgåver og ansvarsområde i praksis
- Styret sin struktur og formalitetar: rapportering, agenda og styreprotokoll
- Pause i samband med innsjekking på hotellet
- Styreinstruks, styreplan, retningslinjer, vedtekter m.m.
- Profesjonelt styrearbeid i tida framover
Kl. 16.30–18.00: Selskapet sin strategi – styret si involvering og forankring
Kl. 18.00–19.30: Middag
Kl. 19.30–21.00: Kveldens styresak (gruppearbeid)
Program dag 2
Kl. 08.00–11.30: Del 3 – Rekneskap
- Rekneskapsforståing for styremedlemmer
- Case – viktige spørsmål å stille til rekneskapar
- Pause i samband med utsjekking frå hotellrommet
- Case – felles rekneskapsanalyse av Example AS
Kl. 11.30–12.30: Lunsj
Kl. 12.30–15.45: Del 4 – Autorisasjonstesten
- Styreanalyse/egenvurdering for styremedlemmer
- Autorisasjonstesten (ca. 30 minutt)
- Gjennomgang med utfyllande kommentarar til Autorisasjonstesten
Kl. 15.45–16.00: Avslutning, evaluering og utdeling av autorisasjonsbevis
Kurshaldar
Kurset blir gjennomført av Styreforeiningen, som sidan 1999 har levert styrekurs og kompetanseprogram for styremedlemmer, eigarar og leiarar over heile landet. Styreforeiningen har tilbydd styreautorisasjon i meir enn ti år og er den leiande aktøren innan styrekompetanse i Noreg.
Kven passar kurset for?
- noverande styremedlemmer
- framtidige styremedlemmer
- eigarar og investorar
- daglege leiarar
- alle som ønskjer meir kompetanse innan styrearbeid
Pris og støtte
Pris: 20 950,-
Alle måltid er inkluderte.
Bedrifter som er tilknytta Aksello sine program kan i tillegg få moglegheit for støtte til å dekke delar av kostnaden. Ta gjerne kontakt for å høyre om det finst moglegheiter for støtte eller rabatt.
Praktisk informasjon
Dato: 19.–20. november 2026
Stad: Byx Cowork, Florø – Allrommet i 3. etg.
Det er obligatorisk deltaking under heile kurset, inkludert kveldscaset på dag 1, for å kunne motta autorisasjonsbevis.
Påmelding
Plassane er avgrensa, og vi anbefaler tidleg påmelding.
Aksello tek atterhald om avlysing dersom det ikkje er nok påmelde.

