Skip to content Skip to footer

105 millionar i privat og offentleg kapital i 2019

Som vi tidlegare har omtala henta selskapa i inkubatoren inn 75 millionar NOK i eigenkapital i 2019. Legg vi til privat og offentlege tilskot innvilga, er det totalt henta inn over 105 millionar NOK i 2019.

«Det er særs viktig for Aksello å kunne bistå selskapa med å finne kapital i tidleg fase. Dette legg grunnlaget for at selskapa skal kome seg vidare i forretningsutviklinga si, planlegge og rigge eit prosjekt som er attraktivt for potensielle investorar», seier Vanja Viken inkubatorleiar i Aksello. Det å kunne samarbeide tett og godt med aktørar som eksempelvis Innovasjon Norge er viktig for at selskapa skal lykkast. Inkubatoren jobbar kontinuerlege med å utvikle nettverket på kapital slik at selskapa blir kopla med dei riktige aktørane. 

Bulandet Miljøfisk henta mest kapital i inkubatoren

Inkubatorselskapet Bulandet Miljøfisk, heimehøyrande i Askvoll Kommune, henta mest kapital I 2019 av alle selskapa i Aksello sin inkubator. Dagleg leiar i Bulandet Miljøfisk, Hans Haddal, påpeiker viktigheit av å ha eit godt gjennomarbeida fundament når ein skal hente kapital. «Den viktigaste jobben – spesielt i eit såpass kapitalkrevjande prosjekt som Bulandet Miljøfisk – er å få kvalitetssikringa på plass så tidleg som mogeleg. Det å ha fagleg kvalifiserte rådgjevarar til å setje sitt ‘godkjent stempel’ på teamet og løysninga eller innovasjonen ein utviklar er heilt avgjerande for å lukkast. Deretter må teamet nytte denne kompetansen til å skaffe risikokapital frå solide og fagkompetente partnarar». I Bulandet Miljøfisk sitt tilfelle var dette kr 50 millionar, der ein investor med akvakulturkompetanse stilte med kr 20 millionar og der ein annan investor med tung industriell kompetanse stilte med 15 mill. Hans Haddal trekk fram den hjelpa som selskapet fekk frå inkubatoren til Aksello i arbeidet inn mot Innovasjon Norge. Dette resulterte i at dei fekk innvilga søknad om kr 20 millionar i innovasjonslån og kr 23 millionar i tilskot i tillegg til investorkapitalen. «For oss var dette ei litt kritisk fase og den hjelpa vi fekk frå inkubatoren i denne samanhengen var mykje verdt for oss», seier Hans Haddal.

Utfordrande

Kvar tredje gründer lukkast ikkje på grunn av manglande kapital. Noko av det viktigaste for eit selskap i startfasen er å ha ei klart bilete av kva kapitalbehov selskapet har  og så legge ein god plan for korleis ein skal skaffe denne kapitalen. I inkubatoren får ein hjelp med dette, i tillegg til at ein har god kjennskap til aktuelle lokale og nasjonale støtteordningar. 

Verktøy for å lukkast

Innovasjon Norge er ein viktig aktør for selskap i ein tidlegfase der ein kan søkje marknadsavklaringstilskot og kommersialiseringstilskot. Innovasjonskontrakt og Miljøteknologiordninga er andre gode finansieringsformer for selskap som går inn i ein utviklingsfase når marknaden har bekrefta eit behov. Andre sentrale aktørar er Forskningsrådet, Fylkeskommunale distriktsmidlar, bankar og lokale støtteordningar som kommunale næringsfond. 

Neste viktige fase er innhenting av investorkapital. I forkant av dialog med investor jobbar Aksello med selskapa i inkubatoren for å lage gode investorgrunnlag, presentasjonar og trene på å legge fram forretningsideen sin. Vi tilbyr også kurs og fagdagar for å auke kompetanse knytt til kapitalinnhenting. Gjennom vårt samarbeid med andre innovasjonsmiljø som mellom anna VIS og Connect Vest i Bergen får gründerane tilgang til fagpanel og investornettverk. Lokalt har vi dei siste åra vore med å arrangere Kapitaldag i samarbeid med Innovasjon Norge Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd, NHO Vestland og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, der selskapa får presentere seg for lokale og nasjonale investorar.

Treng du hjelp frå inkubatoren?

Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer hjelp til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, så ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken (vanja@aksello.no) eller forretningsutviklar Frode Nybø (frode@aksello.no) hos oss.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet