Skip to content Skip to footer

Aksello sin nye trainee: Trine Vederhus

1. august var første arbeidsdag for Trine Vederhus som er Aksello sin nye trainee. Ho skal vere med oss fram til august neste år og vil i løpet av denne tida få eit godt innblikk i korleis vi arbeider med entreprenørskap og nyskaping i Sogn og Fjordane. Stillinga er ein del av Framtidsfylket si traineeordning og det er første gang Aksello er med som traineebedrift, så dette blir spennande for både oss og Trine.

Trine er opphavleg frå Vågsøy, men har dei siste åra jobba og studert ved BI i Bergen der ho fullførte to bachelorgrader, ein i reiselivsleiing og ein i økonomi og administrasjon. Ho har også erfaring frå daglegvarebransjen som avdelingsleiar for bakeri og frukt og grønt. Aksello si traineestilling fann ho på Framtidsfylket si nettside og ho fortel at det første som slo ho var: “Denne vil eg ha!”

Då eg såg stillinga tenkte eg at den var perfekt for meg. Eg har alltid vore interessert i innovasjon og entreprenørskap og hadde eit fag på BI som gjekk spesielt på det. Eg likar godt å arbeide med rådgjeving og ønsker å hjelpe andre med utvikling av sine idéar, fortel Trine.

At stillinga var i Florø passa også bra då sambuaren til Trine er frå kystbyen.

– Vi flytta hit med hunden vår Rocky og gode turmoglegheiter spelte ei stor rolle når vi såg på kor vi skulle busette oss. Eg likar meg best ved kysten sidan eg har vakse opp i Vågsøy, og Florø var difor eit godt alternativ.

 

Gründertankar

Trine beskriv seg sjølv som idérik og innrøm at ho ofte leikar med tanken på å bli gründer og starte eige selskap.

– Eg har alltid vore interessert i å starte noko sjølv. Gjerne noko som løyser eit problem for folk flest og bidrar til ein lettare kvardag med auka trivsel og velvære. Det som eg likar spesielt godt med traineestillinga i Aksello er at eg får vere med å hjelpe andre med å realisere sine idéar, seier Trine.

 Du vil gjerne ikkje seie så mykje om kva idéane dine går ut på, men kva oppfinning skulle du ønske at du stod bak?

– Det er litt vanskeleg å svare på for her er så mange gode oppfinningar, men då Hackit kom ut så hugsar eg at eg hadde lenge irritert meg over den tradisjonelle steikespaden til å hakke kjøttdeig med. Eg liker å hakke kjøttdeigen i veldig små bitar og det er ikkje alltid lett å få til, så eg hadde tenkt på eit eige reiskap som ville gjere det lettare. Men så kom dei jo meg i forkjøpet, seier ho spøkefullt.

 

Ein del av teamet

Sjølv om ho kjenner på gründerspira har Trine ingen planar om å bli entreprenør med det første, og traineestillinga gir ho ein unik moglegheit til å bli betre kjent med gründer- og innovasjonsmiljøet i Sogn og Fjordane.

 Og kven veit? Kanskje eg finn ut at dette er det eg vil drive med på sikt? Å hjelpe gründerar heller enn å bli ein sjølv. Eg gler meg uansett veldig over å vere ein del av eit team som bidrar positivt til lokalmiljøet og er med på å skape nye arbeidsplassar i fylket, poengterer ho og legg til:  

– Eg er også veldig opptatt av korleis etablerte selskap kan dra nytte av digitale verktøy for å vere levedyktige både no og i framtida. Det handlar ikkje berre om å skape nye arbeidsplassar, men også om å halde på dei arbeidsplassane som ein har frå før.

       Kva håpar du å lære i løpet av året ditt som trainee?

       Alt, ler Trine.

       Alt frå start til slutt. Frå korleis Aksello får folk inn i miljøet sitt og jobbar med idéar frå starten av, til korleis dei hjelper dei gjennom dei ulike prosessane med søknadar og finansiering. Eg håper å sitte igjen med ei godt overblikk av selskapet, svarar ho.

 

Vil bidra positivt til miljøet

I løpet av året er planen at Trine skal innom alle ledda i Aksello, frå førestelinjetenesta saman med rådgjevar Heidi Felle, inkubatoren med inkubatorleiar Vanja Viken, og jobbe med ulike prosjekt saman med Arne Olsen, som er fungerande dagleg leiar. Her er mykje å lære om gründerstøtte og næringsutvikling og Trine håpar å kunne bidra positivt til miljøet.

Eg håpar å kunne bidra og komme med råd når det gjeld marknadsføring, økonomi, digitalisering og nettverksbygging. Eg er også veldig glad i planleggingsfasen og kan hjelpe til med struktur og organisering, seier ho.

Kva er ditt beste tips til gründerar og etablerte bedrifter som jobbar med nyskaping?

  Å ha trua på idéen og våge å satse 100%. Det er viktig å sette seg kortsiktige og langsiktige mål og ha ein plan for kor du vil med idéen din og kva du treng av støtte for å komme dit. Ein god forretningsplan er eit verdifullt verktøy som hjelper deg å fokusere på måla dine og kan brukast til å presentere idéen til investorar og samarbeidspartnerar.

 

[av_icon_box position=’left’ boxed=” icon=’ue808′ font=’entypo-fontello’ title=’Meir om Framtidsfylket Trainee og Aksello:’ link=” linktarget=” linkelement=” font_color=” custom_title=” custom_content=” color=” custom_bg=” custom_font=” custom_border=” av_uid=’av-2usj9z’]

  • Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek varierer frå år til år, og traineeåret varer frå august til august.
  • Ordninga blir meir og meir populær og Framtidsfylket fekk inn 1000 søknadar til årets traineestillingar.
  • Året 2017/2018 er 27 nye traineear tilsett i 21 bedrifter.
  • Det er første gong Aksello (tidlegare Fram Flora) er med som traineebedrift.
  • Aksello er eit næringslivsselskap som arbeider for nyskaping og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Vi er Flora kommune sin førstelinjeteneste og hjelper gründerar og etablerte bedrifter gjennom vår idélab og inkubatorarbeid i heile fylket. I tillegg jobbar vi også med ulike prosjekt som er med på å støtte oppom næringslivet i fylket.

Traineeordninga er ein vinn vinn for alle partar, både næringslivet og potensielle arbeidstakarar. Vi i Aksello synes det er kjekt å vere med å gi eit tilbod til unge som vil arbeide i Sogn og Fjordane, både til heimvendte eller nye tilflyttarar. Kva forhold ein har til Sogn og Fjordane frå før spelar inga rolle, og traineeordninga er ein god moglegheit til å bli kjent med fylket og næringslivet i Sogn og Fjordane. Her har Framtidsfylket gjort ein kjempejobb i meir enn ti år, og dagleg leiar Gro Rukan og resten av staben hennar fortener mykje skryt for det dei gjer både for fylket og unge arbeidstakarar som rekruttering- og kommunikasjonsplattform for næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello

[/av_icon_box]

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet