Byx, Florø | Torsdag 4. juni | 18:00–21:00
Korleis byggjer ein synlegheit og tillit digitalt i dag, anten du representerer ei bedrift, byggjer nettverk, ønskjer nye moglegheiter eller berre vil bli tryggare på digitale kanalar?
I dette praktiske ettermiddagskurset får du konkrete tips til korleis LinkedIn og andre digitale kanalar kan brukast smartare og meir medvite, utan at det treng å bli komplisert. Vi ser òg på korleis du kan tenkje heilskapleg rundt kanalval og kanalstrategi, kvar bør du vere til stades, og kva medium passar eigentleg for deg eller di bedrift?
Kurset passar både for bedrifter, gründerar, tilsette, studentar og andre som ønskjer å forstå betre korleis ein byggjer synlegheit, relasjonar og tillit digitalt.
Tema vi er innom:
- Korleis bruke LinkedIn på ein smart og naturleg måte, og korleis det spelar saman med andre kanalar
- Kanalstrategi: kvar bør du vere til stades, og korleis velje riktige digitale flater
- Kva slags innhald som fungerer i dag
- Grensesnittet mellom AI-generert og autentisk innhald
- Korleis bruke AI til din fordel utan å miste stemma di
- Korleis byggje tillit digitalt
- Synlegheit for både personar og bedrifter
- Praktiske tips til innhald og publisering
- Korleis kome i gang utan å overtenkje
Kursleiar er Karen Nilsen frå Vookal, som jobbar med marknadsføring, innhald og synlegheit for bedrifter og organisasjonar.
Kurset blir arrangert av Aksello og er ein del av Elevate Karrierefestival i Sunnfjord og Kinn.
Begrensa plassar – meld deg på no!
Bedrifter som er med i Aksello sine program kan få støtte til å dekke inntil 75 % av kostnaden – ta kontakt på aksello@aksello.no / 958 20 063 for nærare informasjon.
Aksello tek atterhald om avlysing dersom det ikkje er nok påmelde.

