Skip to content Skip to footer

Aksello inviterer til Frukostmøte – denne gongen i det splitter nye LYSThuset hos Nor Tekstil!

Torsdag 4. desember kl. 07.30  |  Industrivegen 24, Florø

Denne desembermorgonen gjer vi noko nytt: Vi tek frukostmøtet med oss til det nye signalbygget til Nor Tekstil – det Svanemerkte LYSThuset, som allereie har sett sitt preg på Industrivegen. Dette er ei flott anledning til å oppleve bygget, høyre meir om satsinga bak, og ikkje minst få med seg eit knakande godt program med fleire spennande tema og nyheiter frå næringslivet.

Vi startar med julefrukost kl. 07.30 for dei som ønskjer det, før vi går vidare med eit spennande program frå kl. 08.00 til 09.00.

Agenda:

• “Velkommen” – v/ Aksello
• “Nor Tekstil og LYSThuset” – v/ Leif Gunnar Belsvik, Nor Tekstil
• “Frå verdsleiande til ein ny start – erfaringar frå Brødrene Aa” – v/ Steffen Svarthumle, Eikefjord Slipp
• “Nyheiter frå Bue” – v/ Knut Eikeland, Bue
• “Alfred Bjørlo – ny leiar av Drivkraft, den nye næringsstiftinga”
Presentasjon, samtale med Linn Theres Nekkøy og innspel frå publikum – v/ Alfred Bjørlo, Drivkraft
• “Oppdatering / løypemelding” – v/ Linn Theres Nekkøy, Aksello
• Ordet fritt

Frukostmøta våre handlar som alltid om læring, deling og gode møte mellom folk – og denne gongen i omgjevnader som verkeleg inspirerer. Det er ope for alle og gratis.

Vi gler oss stort til å sjå deg – og det er fint om du melder deg på slik at vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå lenke nedanfor).

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet