Eit av Aksello sine fokusområde er å hjelpe dei verksemdene som er i inkubasjon hos oss til å skaffe ny eigenkapital. Korleis gjekk det i 2019? Kortversjonen er at det vart henta inn i alt 75 millionar kroner i aksjekapital og ansvarleg lån fordelt på dei bedriftene som er i inkubasjon hjå Aksello. «Dette er fantastisk bra og ny rekord for Aksello. Og ikkje minst; det syner igjen at det å vere tilknytt eit inkubatormiljø er positivt for utvikling og realisering av forretningsideen din!», seier dagleg leiar Lone Bareksten

Det er selskapa sjølv som gjer den viktigaste jobben med kapitalinnhenting. I tett samarbeid med inkubator gjennom rådgjeving, opplæring, tilgang til nettverk og fellesskap med andre bedrifter, fokuserer ein på å legge eit så godt grunnlag som mogeleg for å lykkast med innhenting av kapital.

Vi kjem tilbake med ein fyldigare artikkel om dette emnet om ikkje lenge.

Til slutt: Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer bistand til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, så ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken (vanja@aksello.no) eller forretningsutviklar Frode Nybø (frode@aksello.no) hos oss.

Frukostsamling torsdag 6. februar

Eurofins til Florø, Godfisken viktig aktør innan havbruk og ny barneverninstitusjon i Florø

Aksello inviterer til Frukostsamling torsdag den 6. februar. Frukost blir servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi kan by på følgande program:

  • Eurofins inn i Havlandet Forsøkslaboratorium v/dagleg leiar Quynh Le
  • Eit vellykka bransjesamarbeid – v/dagleg leiar Gaute Vassbotten, Godfisken AS
  • Ny, offentleg barneverninstitusjon i Florø v/prosjektleiar Åse-Iren Korneliussen
  • Nytt frå Aksello
  • Ordet Fritt

Reint praktisk vil dei havbruks-relaterte presentasjonane være ferdige ca. kl. 08.45, så dei som skal delta på fylkeskommunen sitt Miljøseminar innan havbruk på Quality Hotel vil kunne være der innan kl. 9.

Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Dei vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med dei, så send ei melding til arne@aksello.no.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!