Fellessamlinga i årets vekstprogram gjekk av stabelen måndag ettermiddag. Det er ein spanande variasjon hos deltakarane når det gjeld bransje, størrelse og geografi i årets program, og dette gjer det desto meir interessant og samlast. Alle dei åtte deltakande bedriftene presenterte status per i dag og korleis dei opplever vekstprogrammet så langt. Sjølv om nokre av bedriftene allereie før deltaking i programmet er trygge på kva veg dei skal gå og kvar bedrifta deira skal vere om 5 år, tykkjer alle det er ein god øving å få testa eigne strategiar og målsetningar i høve analyse og diskusjonar i vekstprogrammet.

«Slik får vi korrigert vegen mot målet tidlegare» og «Vi løftar blikket ved å få diskutere med andre enn oss sjølve», var kommentarar frå deltakarane undervegs i samlinga.

Sidan dette er eit program som har vore gjennomført fleire gonger, presenterte Aksello og PwC ei oppsummering av bedriftene og kva som har kome ut av deltakingar i dei tidlegare programma.

Når bedriftene no nærmar seg slutten av deltaking i programmet er det viktig at bedriftene vert kjend med utviklingsmoglegheitene i verkemiddelapparatet vidare, og kva tilskotsordningar som kan vere aktuelle for SMB’ar med vekst- og utviklingsambisjonar. Aksello presenterte nokre tilskotsordningar som Aksello sitt eige Inkubatorprogram og dei nye Katapultsenterane i Norge, og elles litt om moglegheitene og vegen vidare etter programmets slutt. I tillegg hadde vi besøk av Sparebanken Sogn og Fjordane, som støtte spelar til Vekstprogrammet var det kjekt at deltakarane fekk ein introduksjon til deira satsing på utvikling av næringslivet i regionen.

Viktoria Hotell er ein av deltakarane i programmet i år og det var veldig hyggeleg å få halde fellessamlinga i dei heilt ferske, nyoppussa møteromma der. Det vart ein fin avslutning av samlinga med nettverksbygging og god tapas i hotellets restaurant.

Dette er deltakarane i årets program:

  • Allbygg AS
  • Brødrene Larsen AS
  • Bistro to Kokker AS
  • Helle Knivfabrikker AS
  • Hydraulikk og Motor AS
  • Kontorpunkt AS
  • Norwell AS
  • Viktoria Hotell AS

Er du interessert i å høyre meir om Vekstprogrammet, eller vil du sjå om Aksello på andre måtar kan bistå utvikling i di bedrift? Ta kontakt med oss!

Tidligare artikkel om Vekstprogrammet.

UTSATT – ny dato kjem

Aktørsamarbeid i Kinn 2020 – kva skjer?

Velkommen til siste frukostmøte i år, om nokre få veker eksisterar ikkje Flora og Vågsøy kommune lenger. Vi har difor vald å fokusera på forventningsavklaring i nye Kinn – vi skal no sjå framover.

Vi kan by på følgande program:

  • 07:30 Frukost
  • 08:00 Kinn kommune v/ Ola Teigen (ordførar)
  • 08:10 Flora industri- og næringsforening v/ Gustav Johan Nydal (styreleiar)
  • 08:20 Måløy Vekst v/Randi Humborstad (dagleg leiar i Måløy Vekst)
  • 08:30 Aksello v/ Lone Bareksten (dagleg leiar)
  • 08:40 Kinn kommune v/ Kristin Maurstad (påtroppande kommunalsjef for innovasjon og utvikling i Kinn)
  • 08:50 Ordet fritt
Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

 

 

Velkomen til Havbrukskonferansen 2019

 

Onsdag 4.desember kl 1200-1600, samlast heile havbruksnæringa i Sogn og Fjordane på Quality hotell, Florø.
Vi inviterer til ein spennande dag med innlegg og foredrag om grøne tilnærmingar i ei blå næring, rekruttering, og ikkje minst presentasjon av Havbruksprosjektet.

Dette er ein dag kor du kan være med å påverke vegen vidare.
Meld deg på i linken under, innan 29.nov.

Agenda

11.30: Registrering og noko å bite i.
12.05: Velkommen
12.10: Johannes Idsø, HVL: Oppdatert verdiskapingsanalyse av havbruksnæringa i Sogn og Fjordane.
12.20: Lindsey Pollock, Sustainability Manager, Cargill.
12.35: Michael Niesar, Dagleg leiar, Sulefisk – Biosikkerheit i semilukka anlegg
12.50: Mari Bjordal, Rådgjevar havbruk, Bellona – Bellona sitt havbruksarbeid
13.05: Pause, frukt og kaffe
13.25: Lene Torgersen, Sustainability Project Manager, Mowi – Bærekraft i Mowi; hvordan jobber vi
13.40:Trond Teigene, Adm.dir., Sparebanken Sogn og Fjordane – Kampen om arbeidskraft
13.55: Linn Nekkøy, Prosjektleiar, Aksello – Havbruksprosjektet
14.25: Spørsmål og diskusjon i plenum.
15.30: Oppsummering.

Møtet passar med båtrutene, både sørgåande og nordgåande.

Avgang Måløy: 10.20. Ankomst Florø 11.50
Avgang Florø : 1605. Ankomst Måløy: 17.45

Avgang Bergen: 08.00 Ankomst Florø 11.30
Avgang Florø: 17.00. Ankomst Bergen 20.45

Vel møtt til Havbrukskonferansen!

 

Har du spørsmål eller innspel, ta gjerne kontakt.

Linn Nekkøy
Prosjektleiar, Havbruk 

Tlf: +47 95820063
Epost: Linn@aksello.no