Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 7. mars. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi vil presentere eit rikhaldig program:

  • Haptiq AS. Spennande Florø-bedrift med sterk vekst v/Ståle Lund-Andersen
  • Saga Fjordbase. Baseoperatøren bur seg på nye oppdrag v/Erlend Toftesund
  • Innvandrarsenteret i Florø. Kva gjer dei og kva betyr dei for lokalsamfunnet? v/Cecilie Udberg-Helle
  • Innovasjon Norge. Prioriteringar i 2019 v/Kristine Kopperud Timberlid

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kristine frå Innovasjon Norge vil være til stades utover dagen, og er tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med ho, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Torsdag den 28. februar har Aksello invitert eit 50-tals aktørar frå havbruksnæringa i Sogn og Fjordane til stort møte i Florø. Der vil deltakarane komme tettare på Høgskulen på Vestlandet si havbrukssatsing, Fagskulen sine tilbod og det nye Måløy Marine Ressurssenter.

I tillegg blir det «kick-off» for eit nytt, stort havbruksprosjekt støtta av Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Prosjektet skal bidra til å løyse den store utfordringa:

Korleis få enda meir verdiskaping og sysselsetting i havbruksnæringa i regionen?

Vi har allereie mykje bra innan næringa, men kan vi bli betre på ting som:

  • Vidareforedling
  • Innovasjon, forsking og utvikling
  • Logistikkløysingar
  • Nye artar innan akvakultur
  • Nye råvare-kjelder
  • Nye/betre utdanningar og studier, og fleire studentar
  • Rekruttering av kompetanse og personell
  • Globalisering
  • og meir?

Svaret ligg truleg mange stadar, mellom anna i eit betre samarbeid mellom næringsaktørane, og mellom dei og lokale myndigheiter, investorar og akademia. Og kanskje meir samlokalisering; skal vil etablere eit «Laksens hus»? Og korleis skal vi ha gode partnarskap med andre aktørar langs kysten, som til dømes dei nye Katapult-sentra både nord og sør for oss?

Prosjektet startar med eit 6-månaders forprosjekt. Aksello vil stille til rådvelde ein prosjektleiar, og det er venta at aktørane vil sette ned ei prosjektgruppe med representantar frå dei ulike bedriftene og organisasjonane som skal delta på møtet den 28.

Dette blir spanande!

Førre veke deltok Aksello og tre av våre inkubatorbedrifter på DEMO DAY i Bergen for å byggje relasjonar på tvers av fylkesgrensene og møte potensielle investorar og samarbeidspartnarar. Over 50 selskap fekk pitche sine idéar for investorar i regionen, og tre av dei var inkubatorbedriftene våre Dimeq, Evoy og FjordAlg.

– Det var eit veldig høgt nivå på bedriftene som deltok, og inkubatorbedriftene våre leverte. Dei har alle tre komme veldig langt i utviklinga av sine prosjekt, og då betyr det så klart mykje for dei å få moglegheita til å delta på ein slik arena der hensikta er å kople gründerar saman med investorar, fortel dagleg leiar Lone Bareksten, som representerte Aksello under arrangementet.

 

DEMO DAY | Aksello
EVOY

ENERGY

Kvar bedrift hadde fem minuttar kvar til å presentere seg og dagen var delt opp i fire ulike sessions. Evoy var første ute i elden av våre i bolken Energy, og gründer Leif Stavøstrand viste korleis dei planlegg å eliminere utslepp frå båtar på verdsbasis med elektrisk framdrift.

– Det var ei ære å bli plukka ut til å vere med på dette blant så mange andre dyktige selskap frå heile Norge. Det var veldig kjekt, og vi møtte mange som det skal bli interessant å snakke vidare med, seier Stavøstrand.

Les også: – Blant 500 startups frå heile verda var det 11 som skilte seg ut. Ein av dei var Aksello si inkubatorbedrift Evoy

 

DEMO DAY | Aksello
DIMEQ

OCEAN

Dimeq og FjordAlg deltok i kategorien OCEAN. Dimeq presenterte sitt digitale armband som kan redde liv på sjøen, og FjordAlg sin produksjon av mikroalgar i lukka system på land.

Etter presentasjonane var det gjort klart eit mingleområde der dei ulike selskapa stod på stand og kunne komme i kontakt med potensielle interessentar.

– Arrangementet var veldig bra og mange interessante bedrifter pitcha i løpet av dagen. For vår egen del så synes eg at presentasjonen av Dimeq gjekk fint, men då vi stod på stand var det vanskeleg å identifisere kven investorane var. Vi kom dessverre ikkje i kontakt med investorar under minglinga, men vi får berre håpe at nokon av dei tek kontakt med oss på eit seinare tidspunkt, seier ein optimistisk Audun Bakken frå Dimeq.

Gabriel Ossenkamp frå FjordAlg seier seg einig i Dimeq sitt resonnement:

– Med over 50 bedrifter som deltok vert det nok mykje å ta inn for dei som sat i salen, men sjølv om vi reiser heim utan ei konkret avtale, så er det i alle fall fleire som veit om oss. Så håpar vi så klart at vi høyrer frå nokon som var der. Uansett så kjem vi til å jobbe vidare med å perfeksjonere pitchen til neste sjanse byr seg. For ein kan alltids bli betre, og øving gjer meister som dei seier, smiler han.

 

 

Les også: – Verda venter

 

FRAMTIDIGE VESTLAND

DEMO DAY var arrangert for andre gong, og det var første gong Aksello deltok med bedrifter frå vår inkubator. Arrangementet var i regi av VIS (Tidlegare Bergen Teknologioverføring) i samarbeid med fleire sentrale partnarar innan nyskaping i Norge, mellom anna SIVA, Innovasjon Norge, Connect Norge, og regionale næringslivsselskap som Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

– Vi er avhengig av å styrkje miljøet vårt på tvers av fylkesgrensene og spele saman med dei gode kreftene som finst i Hordaland. Dei har bygd opp eit solid miljø og nettverk av businessangels og investorar som vi kan lære mykje av i Sogn og Fjordane. Så det er utruleg viktig at vi får til gode samarbeid med dei, og spesielt med tanke på framtidige Vestland, konkluderer Bareksten.

 

 

DEMO DAY

Hensikta med DEMO DAY er at lovande selskap som er på jakt etter nye samarbeidspartnarar eller investorar får vist seg fram på ein 5-minuttars presentasjon. VIS (tidlegare Bergen Teknologioverføring) har over 100 selskap i porteføljen sin, og i 2017 bestemte dei seg for å lage eit ordentleg konsept for ein slik dag. Det vart ein stor suksess. Som i fjor, samarbeider dei med fleire aktørar som til dagleg jobbar opp mot ulike innovasjons og investeringsmiljø:

DNB, Innovasjon Norge, Connect Norge, Sparebanken Vest, VIS, NCE Media, NCE Seafood, NCE Finance Innovation, GCE Ocean Technology, NCE Maritime CleanTech, X, Innoventus Sør, Startup Lab, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Inven2, SINTEF, Atheno, Industriutvikling Vest, Bergen Works, Accel og Aksello.

Meir info om DEMO DAY

Kvar første torsdag i månaden arrangerer Aksello frukostsamling i vårt lokale på Kvartalet, Magnus Thingnesgate 1!

Samlinga er ein inspirerande møteplass der du treffer nye og gamle kjente, samtidig som du får eit innblikk i alt det spennande som skjer innanfor næringslivet og startupmiljøet i fylket vårt.

Følg med på Facebooksida vår og hald deg oppdatert på våre arrangement her!

Siste nytt frå Aksello får du også i vårt nyheitsbrev

Saman med Nye Kinn kommune ynskjer Aksello og Måløy Vekst velkommen til ei fellessamling for næringslivet i Kinn den 1. mars 2019. Føremålet med dagen er at du som næringsaktør er med å påverke kva for næringsstrategiar Kinn kommune skal ha.

Tid: 01. mars, 08.00 – 12.00.
Stad: Quality Hotel Florø.

Program

  • 08.15 Kaffi og litt mat
  • 08.45 Velkommen og litt om Kinn prosjektet
  • 09.00 Status næringslivet i Kinn v/ PwC
  • 09.30 Pause
  • 09.45 Næringsselskap i Kinn, korleis har vi tenkt å løyse det? v/ Aksello og Måløy vekst
  • 10.00 Innspel til næringsstrategiar for Kinn
  • 11.15 Slutt
  • 11.30 Lunch (for dei som vil)

Påmeldingsskjema her!

HVL: Øyvind Østrem

Årets første Frukostsamling gjekk av stabelen med fullt hus, eit innhaldsrikt program og livestreaming på vår Facebookside. Opptak av streaminga kan de sjå her.

Høgskulen på Vestlandet – Nye studentar v/ Øyvind Østrem

Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet starta dagens frukostsamling. Han prata om korleis Høgskulen jobbar aktivt for å sikre rekruttering til framtidige arbeidsplassar i fylket, t.d.  innan oljebransjen no når pilene igjen peikar oppover.

– Det vil vere eit sterkt behov for ingeniørar i mange bransjar, og kompetansebarometeret til NHO bekreftar behovet for arbeidskraft i framtida, understreka Øyvind.

Høgskulen håper på nye studentar innan havteknologi (tradisjonell undervassteknologi eller havbruksteknologi)  til hausten, og poengterte at det er viktig at næringslivet engasjerer seg for å vise studentane at her er jobb å få etter fullført utdanning.

– Næringslivet må komme på bana og vise at dei har jobbane.  


Cargill/Ewos sin nye leiar i Florø: Tor-Erik Røynesdal

Tor Erik Røynesdal frå Cargill Aqua Nutrition kom kjapt på bana allereie under neste presentasjon og kunne bekrefte at dei ser etter arbeidskraft. Han spår gode framtidsutsikter for havbruksnæringa og produksjon av fiskefôr, som er Cargill sitt domene. Bedrifta produserer fôr til fisk i alle stadium av livssyklusen og tek ei leiande rolle innan innovasjon i sin bransje.Tor-Erik, som er opprinneleg bergensar, ser fram til å jobbe i Florø i tida som kjem.

Cargill/Ewos: Tor Erik Røynesdal

Widerøe – Cecilie Grendahl, salsansvarleg bedriftsmarknaden

Cecilie Grendahl frå Widerøe haldt innlegg om den oppdaterte flyflåten til Widerøe og det nye rutetilbodet, med vekt på tilbodet til og frå Florø. I Florø  har Widerøe fått ei teknisk forsterking, og ny tidstabell som startar 31. mars med fleire direkte ruter. Widerøe har også utvikla eit rutetilbod via Bergen der Florø vert kopla til 18 forskjellige destinasjonar i inn- og utland.

Widerøe: Cecilie Grendahl

 

Marianne Grytten

Kommunedelplan Florelandet – Brandsøy v/ Marianne Grytten

 

 

Marianne Grytten gav ein kort introduksjon av Kommunedelplan Florelandet – Brandsøy, og presenterte eit utval av utfordringar innan tema næringsliv, fortetting, utbygging, vegsamband og regulering. Planen skal vere klar 5. september, og Marianne ynskjer innspel frå næringslivet. Så ta gjerne kontakt om du har gode forslag eller meiningar.

IdéLAB-deltakar og barnebokforfattar Siv Jannicke Refvik

Siv Jannicke Refvik er barnebokforfattar og ny deltakar i idéLaben vår. Ho har tidlegare jobba som lærar i over 22 år, og har tatt ei pause frå draumejobben sin for å følgje ein anna draum: å skrive barnebok. Boka blir til i idéLaben og Siv Jannicke fortalde om prosessen og støtta ho har fått her på huset.  

Siv Jannicke Refvik

Det har vore heilt avgjerande å vere her på idéLaben. Det har vore så positivt å komme hit, og eg er glad for at denne støtta finst.

Publikum fekk også høyre eit utdrag frå boka til Siv Jannicke. Vi gler oss til å følgje arbeidet hennar vidare, og kanskje vil ho inspirere andre som har ei bok eller ein idé dei vil setje ut i livet.  

Næringsdagane 2019 v/ logistikkansvarleg Per Øyvind Helle

Per Øyvind Helle informerte om Næringsdagane 2019 som i år går av stabelen  7. og 8. mai i Førde. Hovudtema er Vi og Verda, og Per Øyvind gav oss nokre smakebitar frå programmet som er under arbeid. Noter dykk datoane og følg med på www.naringsdagane.no for meir info. Påmelding opnar straks.

Ordet Fritt

Fleire tok ordet under Ordet Fritt. Blant dei var Jørn Lasse Refsnes som informerte om at han no har etablert seg med advokatpraksis som del av Advokat Vest AS.

Christiane Ulriksen frå Enivest rosa Øyvind Østrem sitt innlegg om rekruttering ved Høgskulen på Vestlandet. Christiane fortalde om korleis Enivest er med å vidareformidle bodskapet til Høgskulen, samt korleis dei legg til rette for sine tilsette å ta vidareutdanning ved sidan av jobb. Ho oppfordra fleire bedrifter i regionen til å snakke fram utdanningstilbodet til Høgskulen.

Per Øyvind Helle

 

Lone Bareksten frå Aksello kom med ei melding på vegne av Rolf Bjarne Sund frå Kinn kommune. 1. mars kl. 9 held dei eit opent fellesmøte på Quality Hotell der ein får moglegheita til å komme med innspel til næringslivspolitikken i nye Kinn kommune. Meir info kjem, så hald av datoen om du ynskjer å vere med.

Neste frukostmøte vert torsdag 7. mars. Alle er hjarteleg velkomne, og følg med på nyheitsbrevet vårt og Facebook for program og invitasjon.

Frå venstre: Tor Erik Røynesdal, Arne Olsen, Siv Jannicke Refvik, Marianne Grytten, Cecilie Grendahl og Øyvind Østrem.