Aksello inviterer til årets første Frukostsamling torsdag den 7. februar. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.


Programmet ser slik ut:
– Widerøe – Rutetilbod mm. v/Cecilie M. Grendahl
– Høgskulen på Vestlandet – Nye studentar v/Øyvind Østrem
– Cargill/EWOS sin nye leiar i Forø: Tor-Erik Røynesdal
– Ny Kommunedelplan for Florelandet nord/Brandsøy v/Marianne Grytten
– IdéLab-deltakar og barnebokforfattar Siv Jannicke Refvik
– Næringsdagane 2019 v/Per Øyvind Helle


Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg vere til stades heile dagen. Sigrid Alice Hovland kjem denne gongen, og er tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med ho, så send ei melding til arne@aksello.no.

Cecilie frå Widerøe vil også vere til stades utover dagen etter Frukostmøtet, og om du ønsker eit separat møte med ho, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

26. januar set vi kursen mot Oslo for å delta på Framtidsfylket si karrieremesse og nye Kinn kommune sin stand. Karrieremessene er ein kjempegod arena for å vise fram fylket vårt, for stundentar og potensielle arbeidstakarar, slik at dei får sjå alle dei spennande moglegheitene som vi har her.  

Vi håpar å treffe mange frå næringslivet under messene, og at de grip sjansen til å byggje nettverk og finne den beste kompetansen som de treng for framtida.

Om de ikkje er i Oslo, er det mogleg å delta på karrieremesse i Trondheim 31. januar og Bergen 13. februar.

Aksello stiller også på desse messene, og om det er slik at di bedrift vert forhindra i å dra, så ta kontakt med oss dersom det er noko de ynskjer at vi skal meddele på dykkar vegne.

Meir info om Framtidsfylket sine karrieremesser: https://www.framtidsfylket.no/sider/framtidsfylket-karrieremesser

Det går fort framover for inkubatorbedrifta Evoy og gründerane Leif og Gunnar Stavøstrand som har vore tilknytta Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Evoy er ein av 11 utvalde blant over 500 startups frå heile verda som skal vere med i Katapult Ocean Program. I tillegg, har også avgjerande investeringar begynt å rulle inn.

­– Å få delta i Katapult Ocean Program er kjempeviktig for oss i den fasen som vi er i no og vi har lagt inn utruleg mykje arbeid i søknadsprosessen fordi vi innsåg kor unik denne moglegheita var for oss, smiler Stavøstrand.

Gjennom Katapult Ocean Program vil Evoy få tett oppfølging i bedriftsutvikling, og den veksten ei bedrift vanlegvis oppnår på eitt til to år skal skje i løpet av tre intense månadar. Katapult Ocean går også inn som medeigar i selskapet med ei investering på 1,7 millionar.

– Dette er avgjerande for oss om vi skal vekse og nå dei måla som vi har satt oss, fortel Stavøstrand.

 

Tre nye arbeidsplassar

Visjonen til Evoy er å eliminere utslepp frå båt verda rundt, og for å nå dette målet får dei no også støtte frå ni lokale investorar som til saman går inn med to millionar kroner.

– Dette kombinert med støtta frå Ocean Katapult Program er grunnen til at vi no kan rekruttere og få fleire dyktige folk ombord.

Evoy lyste nyleg ut tre stillingar og er på jakt etter CMO CMO – Marknads- og salsleiar, CTO – Teknisk leiar/ Elektroingeniør og Trainee elektroingeniør.

Vekstkurva til det unge selskapet er på god veg oppover, og det under eitt år etter at Stavøstrand slutta i jobben sin som administrerande direktør i Saga Fjordbase for å satse på draumen om ein stillegåande og miljøvennleg elektrisk båt.

 

Noko må ein ofre

– Draumen hadde eg hatt ei stund, men det var umogeleg for meg å jobbe med den parallelt med jobben på basen. Eg har aldri vore kjent for å jobbe lite i mitt liv, men eg har aldri jobba så mykje som eg har dei siste 10 månadane, innrømmer han.

Sjølv om tida framover no vert endå travlare, med pendling mellom Katapult Ocean Program i Oslo og bygging av protoype i Trondheim, så trivst han i den hektiske gründertilværa.

– Noko må ein jo ofre, men det er utruleg kjekt å jobbe med noko som eg brenn for og som eg ser også engasjerer andre, seier han og gir
eit døme:

­– Eg hadde nettopp ein veldig god samtale med ein potensiell kunde som var heilt euforisk på telefonen og kom med utruleg positive tilbakemeldingar. Det er skikkeleg herleg å få slike tilbakemeldingar og vite at du har ei løysing og eit produkt som dei vil ha. Så eg ser verkeleg fram til å jobbe vidare med dette.

Vi i Aksello ser også fram til å følgje Evoy vidare og fortelje meir om framgangen dei gjer.

Følg med på Facebook og i nyheitsbrevet vårt.

 

Inkubatorbedrift hos Aksello

Evoy har vore med i Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Gjennom inkubatoren får bedrifta tilgang på kontorplass, eigen dedikert rådgjevar og eit innovativt gründarmiljø. Tilbodet er subsidiert via SIVA, og som gründer betalar ein kun ein eigenandel på 25 % for å delta i programmet.

– Noko av det viktigaste for oss har vore å få hjelp til å angripe idéen vår for å utvikle den til å bli ei bedrift. Dette er det vanskeleg å lese seg fram til. Det å ha nokon å snakke med og som kan gi oss råd har ein stor verdi. Aksello har også eit veldig godt nettverk som har gitt oss mange gode kontaktar. Ein må ikkje undervurdere kor viktig nettverk er, fortel Stavøstrand.

Ynskjer du å vite meir om Aksello sitt inkubatorprogram?

Kontakt oss

Vil du arbeide i eit innovativt og spennande utviklingsmiljø?

Aksello treng ein person som kan ta ansvar for å sikre eit godt og strukturert arbeid i høve førstelinjeteneste for kommunal næringsutvikling langs kysten.

Aksello AS er eit innovasjonsselskap med hovudmerksemd på å skape og sikre arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane.

Aksello har fire forretningsområder; kommunal næringsutvikling, inkubasjon, næringsutviklingsprosjekt og gode møteplassar for næringslivet, det offentlege og akademia.

Aksello har vore næringsutviklingsaktør og handtert førstelinjeteneste for Flora kommune i 15 år. Ein ser no moglegheita til å utvikle dette samarbeidet til å gjelde fleire kommunar langs kysten. Aksello ynskjer å legge til rette for lokal næringsutvikling og sikre regionalutvikling på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Vi treng no ein person som kan handtere og sikre godt utviklingsarbeid i høve kommunane sine planar og næringslivets behov.

Viktigaste arbeidsoppgåver:

Sikre og utvikle førstelinjetenesta; eit felles hjelpeapparat, for gründerar i kystkommunane. Vidareutvikle idelab’en; ei dør inn for gründerar, og sikre eit innovativt miljø.

Vere eit kontaktpunkt og ein pådrivar i skjæringspunktet mellom kommunal planlegging og næringslivets behov, følgje opp planverk og fange opp aktuelle moglegheiter.

Gjennomføre møter med nyetablerarar og rettleie dei vidare gjennom verkemiddelapparatet.

Forvalte Kommunalt Næringsfond, herunder saksbehandle innkomne søknader.

Legge til rette og få gjennomført aktuelle kurs og samlingar for gründerar i kystkommunane.

Gjennomføre aktivitetar som styrkar rekruttering til regionen.

Samarbeide, rapportere og sikre «best practice» saman med Aksello sitt øvrige team og andre strategiske samarbeidspartar.

Kven er du?

Vi søker ein person med høgare relevant utdanning og helst erfaring frå næringsutvikling og offentleg forvaltning. Kjennskap til verkemiddelapparatet er nyttig. Vi ynskjer at du er resultatorientert og jobbar systematisk og godt – både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Vi ser etter deg som har eit heva blikk og kan sjå nye moglegheiter. Samstundes er det viktig at du skapar tillit til dine omgjevnader. Du er ein person som trivast med å forholde deg til ulike roller og mennesketypar, og du er systematisk og har stor gjennomføringskraft.

Du er blid og positiv!

Vi kan tilby: Innovativt miljø, fleksitid, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsvilkår

Stilling: Fast, heiltid

Kontorstad: Florø

Ynskje om snarleg tilsetjing.

For meir informasjon om Aksello, sjekk ut heimesida vår eller kontakt dagleg leiar Lone Bareksten på telefon 47262635.

Send Søknad og CV til lone@aksello.no innan 14. februar.

Søknadane vert behandla fortløpande.