Aksello inviterar til ny Frukostsamling torsdag den 4. oktober. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet ser slik ut:

– Hydrogen på Fjord Base v/Svein Bjørkedal
I høve den pågåande Hydrogen-konferansen set vi òg fokus på dette viktige temaet.
Prosjektleiar Svein Bjørkedal frå INC kjem for å snakke om deira satsing på hydrogen på basen (eit prosjekt støtta av PetroFlora).

– Knoppskyting innan energieffektivisering – Thermonitor v/Trond-Atle Asphjell, Niprox
Nytt produkt frå den dyktige Niprox-gjengen (også støtta av PetroFlora).

– SensEye v/Sten Ingve Hellevang
Den nyaste verksemda i Aksello sin inkubator presenterer seg. Spennande, digitale løysingar innan m.a. fergetrafikk.

– Telecom World Førde 2018 v/Christiane Ulriksen, Enivest
Etter LAN-suksessen står Telecom World for tur.

– Comfort Hotel Florø og vinnarkultur v/Agnes Berntsen
Hotellet skal gjennomgå eit løft, og styreleiaren har også noko å seie om vinnarkultur.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen. Rune Henjesand og Kjell Haganes kjem, og Rune er tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med han, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Redde liv: Under pitchinga forklarte Lars Johan Frigstad korleis Dimeq skal redde liv på havet.

Lovnadane var ikkje små då oppstartsselskap frå Sogn og Fjordane fekk presentere seg for investorar under pitcherunde på Kapitaldag som vart arrangert i Førde. Fleire inkubatorbedrifter frå Aksello deltok, og ei av dei var Dimeq frå Bremangerlandet.

– Dimeq skal redde liv på havet, proklamerer styreformann Lars Johan Frigstad som pitcher på vegne av Dimeq.

I løpet av sju minutt skal han presentere selskapet, teamet, produktet, marknaden og kapitalbehovet. Helten til Dimeq er eit armband som lokaliserer personell og passasjerar ombord på maritime fartøy og plattformer når det oppstår ein naudsituasjon (til dømes brann eller mann-over-bord).

– Dette er eit skalerbart produkt som kan tilpassast alle skip og plattformer, forklarar Frigstad og legg til (utan eit hint av tvil i stemma):

– Verdsmarknaden ventar.

I salen sit potensielle investorar og lyttar, blant dei Lasse Viken Kjønstad frå Novela, Roald Brekkhus frå Tripod Capital Collective og Johnny Haugsbakk frå Atlantis Vest AS og Elcap Invest. Etter kvar presentasjon får ein av dei ordet. Dei gir tilbakemeldingar og får stille pitcharane tilleggsspørsmål. Kva er risikoelementa? Kven er konkurrentane? Etterspør marknaden produktet?

–  Marknaden skriker ikkje etter dette produktet enno for det finst ikkje i dag, men dette er noko vi trur at mange vil etterspørre og forsikringsselskap og myndigheiter vil nok krevje det i framtida, svarar Frigstad og minner om ulykka som nyleg fann stad i Middelhavet der ei kvinne fall over bord frå eit Norwegian Cruise Line-skip og vart først funne i live etter 10 timar i vatnet.

Inkubatorbedrift Dimeq
Dimeq: F.v Audun Bakke, CMO og Co-founder og Lars Johan Frigstad, styreformann.

Framtidig investering

Etter Kapitaldagen følgjer vi opp med Dimeq for å høyre korleis dei følte at det gjekk under pitchinga, og ikkje minst kva respons har dei fått etter presentasjonen?

–  Vi  har berre fått positive tilbakemeldingar. Vi hadde også eit møte med ein av investorane etter at programmet for Kapitaldagen var avslutta. Der vart vi einige om å presentere produktet vårt ved ei seinare anledning, så snart investorpresentasjonen vår er ferdigstilt, fortel Audun Bakke, som er CMO og Co-founder saman med sonen Ronny Bakke.

Det er akkurat denne vidare dialogen mellom oppstartsselskap og investorar som vi ynskjer å leggje til rette for ved å arrangere Kapitaldag. Ein av dei største utfordringane til oppstartsselskap er å hente inn kapital, og utan kapital så kjem dei ingen veg. Å skape slike møteplassar der oppstartsselskapa får komme i kontakt med interessentar og skaffe kapital er noko av det viktigaste vi gjer som inkubator og næringsselskap, understrekar inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello.

For å få maks ut av dagen hadde fleire av inkubatorbedriftene som deltok førebudd seg godt på førehand ved å delta på pitchekurs med SeedForum i regi av inkubatorane Aksello og Kunnskapsparken Sogn og FjordaneArrangementet var ein del av Innovasjonsuken OPP og vart arrangert av inkubatorane saman med Innovasjon Norge Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd og NHO Vestland.

– Tilbakemeldingane etter arrangementet har vore fleire og positive. Eg trur mange ikkje er klar over kor mykje spennande som skjer på startup-scena her i fylket. Vi i Innovasjon Norge er opptatt av å setje kapitaltilgong på dagsorden og vere med å skape møteplassar kor både nye selskap og kapitalmiljø kan få vise seg fram, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar Sogn og Fjordane hos Innovasjon Norge Vestland.

Kapitaldag
Feedback: Investor Roald Brekkhus frå Tripod Capital Collective sat i dommarpanelet under pitchinga.

Investoren sitt perspektiv

Lean entrepreneur og investor Roald Brekkhus frå Tripod Capital Collective hadde tatt turen frå Bergen til Førde for å få ei betre oversikt over oppstartsselskap i Sogn og Fjordane. Primært ser investorselskapet etter skalerbare teknologiselskap og gründerteam som har sterk kompetanse og eit solid nettverk innanfor bransjen dei jobbar mot.

Dette var eit godt arrangement med ei bra samansett deltakarliste og program. Her har arrangørane gjort en god jobb, roser Brekkhus.

Eg var positivt overraska over kvaliteten på selskapa som pitcha og på sjølve pitchinga. Det var lett å sjå at dei var blitt coacha på førehand, men det er uansett berre bra at dei er godt førebudd. Det er likevel ikkje slik at alle har eit “first mover advantage” slik veldig mange hevda i pitchane sine. Eg kunne gjerne sett at selskapa hadde meir fokus på korleis dei skal vinne fram i konkurranse med andre aktørar, for det finst alltid konkurrentar.

Kom du over oppstartsselskap eller spennande prosjekt som kan vere aktuelt for Tripod Capital Collective å investere i?

– Det var to til tre selskap som verkar lovande og som kan vere aktuelle å følgje opp med tanke på investering på sikt. Det viktigaste for selskap som ønsker investeringar er at dei viser at dei leverer på dei planane dei har. Ein bør difor vere tidleg ute med å kontakte investormiljøa og fortelje om ambisjonane ein har. Deretter kan ein komme tilbake nokon månader seinare og vise at ein har oppnådd måla sine og helst har komme endå lenger. Då byggjer selskapa tillit hos investorar og demonstrerer gjennomføringskraft, avsluttar Brekkhus.

Desse inkubatorbedriftene til Aksello fekk presentere seg under Kapitaldagen:

Bulandet Miljøfisk

Dimeq

Evoy

FjordAlg

Norwegian Seaweed Productions

Retrams

Team Senseye: F.v Knut Eikeland, John Inge Langedal, Per Christian Engdal og Sten Ingve Hellevang.

Senseye AS har blitt tatt opp i inkubatoren til Aksello og har fleire interessante prosjekt på gang innan satsingsområde vårt smarte samfunn. Bedrifta har mellom anna signert ein utviklingsavtale med Fjord1 for å utvikle konseptet EasyCrossing.

– Det finst ingen løysingar på marknaden for dei utfordringane SensEye skal løyse saman med Fjord1, så det vert utruleg spennande å utvikle dette prosjektet. Løysinga består av fleire element som har internasjonalt potensiale, understrekar med-grunnleggjar Sten Ingve Hellevang.

Graden av digitalisering forbundet med lasting og lossing på bilferjer i dag vurderast som svært lav. Samtidig har det de siste årene blitt utvikla og tilgjengeleggjort sensorteknologi, som opnar for nye moglegheiter. Senseye skal jobbe saman med Fjord1 sin organisasjon for å utvikle og teste nye konsept innan desse områda.

Skipa hos Aksello

I tillegg til Hellevang består teamet til Senseye av John Inge Langedal, Knut Eikeland, og Per Christian Engdal som alle er med-grunnleggjarar i selskapet. Dei har alle solid kompetanse og lang erfaring innanfor områda automasjon, systemutvikling og leiing. Alle fire er også operativt aktive i selskapet og vil representerer Senseye sitt kjerneteam i utviklingsprosjektet gjennom 2018 og 2019.

– Fleire av oss har jobba saman før, men det var faktisk gjennom Aksello sine møteplassar og prosjekt at vi begynte å diskutere å starte ei bedrift i lag. Både Per Christian og Knut har jobba med fleire prosjekt i Aksello og har sett kor viktig deltaking i Inkubator er for å utvikle både idé og selskap. Her har vi eit fellesskap med andre i same situasjon som vi kan lære av og dele vår kompetanse med, og Aksello representerer eit stort nettverk innan kompetansefeltet vårt som vil vere viktig for Senseye framover, seier Hellevang.

Den nyetablerte bedrifta har så langt mottatt finansielle støtte frå Innovasjon Norge, Kommunalt Næringsfond – Flora kommune og Sparebanken Vest sitt næringsfond.

Tøffe greier

– Senseye er enno i ein tidleg fase og er svært heldige som får jobbe med Fjord1 sin organisasjon om innovasjon og nyskaping. Det blir knallhard jobbing for å møte Fjord1 sine forventningar og det har prioritet nummer 1. I tillegg jobbar vi med ein forretningsmodell for neste fase, fortel Hellevang.

Selskapet jobbar også med andre nyskapande konsept og lovar at vi vil høyre meir frå dei seinare.

Alle som har starta selskap for å utvikle nye produkt veit at det er tøffe greier. Det er ingen lett sak å spå kven eller kva produkt som vert ein suksess,  men vert det ein suksess så verte Senseye eit nytt og spennande selskap i Sogn og Fjordane, og det håpar vi sjølvsagt.

Foto: David Bowen, Black Star Journal

I 2017 fekk Aksello inn 25 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 19 av desse fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Vesle Kinn.

Vesle Kinn er ein ølkafé som vart opna i 2017 og er eit samarbeid mellom Kinn Bryggeri og Lille Marked. På kort tid har den blitt eit trekkplaster i Strandgata i Florø, og på Facebook vert Vesle Kinn rata med 5 stjerner basert på 115 omtaler.  Allereie etter litt over 1 år i drift har Vesle Kinn skapt 1,5-2 årsverk fordelt på 8 tilsette.

Lokalet som Vesle Kinn held til i er det same som Kinn Bryggeri starta sitt eventyr i i 2009. Etter kvart som salsvolumet auka, måtte dei flytte inn i eit større lokale. Det gamle lokalet vart nytta til eksperimentering av nye ølsortar og det vart fundert på kva ein kunne gjere for å nytte heile potensiale til lokalet. Etter ein samtale mellom Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og Eirik Villand frå Lille Marked, kom dei fram til at dei ville starte ein bar med fokus på Kinn øl.

I følgje dagleg leiar Eirik Villand var målet med Vesle Kinn å fokusere på kvalitet, eit lokale som skil seg ut frå andre uteplassar i Florø ved å ha eit urbant preg på interiøret og ved å arrangere ulike temakvelder som er attraktive for målgruppa på 25 år og oppover.

– Vi hadde eit ynskje om å tiltrekkje oss eit anna publikum enn dei andre uteplassane i Florø. Dei som tidlegare kanskje ikkje har funne sin plass ute på byen, fortel Villand.

Foto: Tarjei Langeland

Vesle Kinn har mottatt 150.000 kr frå Kommunalt Næringsfond på det grunnlag at dei hadde eit nytt konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før. Dei hadde ikkje eit ynskje om å konkurrere med dei eksisterande tilboda, men heller komplettere desse, og i samarbeid vere med på å skape eit levande Florø sentrum. Det at Vesle Kinn har valt å stengje kl. 24.00 fredag og laurdag, kan auke pågangen til dei andre uteplassane i Florø etter stengetid, spesielt Hjørnevikbua som ligg rett over gata og held open til kl. 02.00. Arrangement som «bli kjend-kveld på Vesle Kinn» kan bidra til at det blir meir attraktivt for tilflyttarar, heimflyttarar, men og innbyggjarar.

Foto: Jannicke Skorpeide

Det at viktige aktørar som Kinn Bryggeri og Lille Marknad inngjekk eit samarbeid for å skape eit konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før, talte positivt for ein stønad til Kommunalt Næringsfond. Mykje kan skapast av å samarbeide med andre aktørar for å gi eit best mogleg tilbod som aukar trivselen og attraktiviteten i kommunen, utan å konkurrere ut eksisterande tilbod.

Stønaden frå Kommunalt Næringsfond var avgjerande for oss fordi det gjorde det lettare å skaffe nok finansiering frå banken til å starte, utan at vi sjølve måtte ta opp alt i lån og ta pant i privat eigedom, seier Villand.

Etter sitt første driftsår kan Vesle Kinn vise til eit lite overskot. Det er fortsatt positive utsikter for bedrifta og det blir stadig vekk diskutert nye ting som kan leggast til konseptet Vesle Kinn. Vi er spente på kva framtida bringer og ynskjer dei lykke til vidare.

Ynskjer du å søkje Kommunalt Næringsfond?

Det er fortsatt midlar igjen frå Kommunalt Næringsfond og du kan søke gjennom  www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med rådgjevar Trine Vederhus, på trine@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir informasjon.

Tidlegare i år hadde Aksello besøk av to masterstudentar i innovasjon og leiing frå Høgskulen på Vestlandet, Mathilde Bjørkås og Kristine Mjelde. Dei skulle skrive masteroppgåve om kapitalinnhenting for oppstartsbedrifter i inkubator i Florø og Bergen, og eit utval av våre inkubatorbedrifter deltok i undersøkinga deira. Oppgåva bestod dei med glans, og vi vil gjerne dele nokon av hovudfunna deira med dykk her.

Å hente inn kapital er krevjande for oppstartsbedrifter og eit viktig element for at dei skal klare å etablere seg og kommersialisere drifta si. I masteroppgåva hadde Mjelde og Bjørkås fokus på kva interne og eksterne faktorar som påverkar kapitaltilgangen til oppstartsbedrifter i Florø og Bergen. Bakgrunnen for å fokusere på kapitalinnhenting blant oppstartsbedrifter i to ulike regionar var at dette er eit tema som har vore relativt lite forska på.

“Ved å studere bedrifter på to ulike steder kan vi også se om det finnes noen regionale forskjeller på hvilke faktorer som påvirker kapitaltilgangen til oppstartsbedriftene. For å kunne gi et mest mulig nyansert svar på problemstillingen har vi valgt å hente inn data fra både oppstartsbedrifter i inkubasjon, inkubatorledere og kapitaltilbydere i form av banker og investorer,” forklarar Bjørkås og Mjeld  (2018:8).

Oppgåva var eit kvalitativ samanliknande casestudie der dei intervjua eit utval case-bedrifter lokalisert i inkubatorane Nyskapingsparken (Bergen) og Aksello (Florø), og problemstillinga var: Hvilke faktorer påvirker kapitaltilgangen til oppstartsbedrifter som er tilknyttet en inkubator?

Nye bedrifter i Sogn og Fjordane har høgare overlevingsrate

Før dei tok fatt på oppgåva hadde dei ei oppfatning av at dei regionale skilnadane ville vere større enn dei viste seg å vere.

“Grunnen til at vi hadde denne antagelsen er fordi Bergen og Florø har tydelig forskjellig næringsstruktur og RIS. Florø er i tillegg en betydelig mindre by og vi hadde derfor trodd at det ville være vanskeligere å få tak i kapital, samt at det ville være andre faktorer som påvirket bedriftene i Florø sin kapitaltilgang. Den tydeligste regionale forskjellen vi fant var forholdet mellom nærhet og kapital. I Florø var det tydelig at den sosiale og kognitive nærheten var viktig for kapitaltilgangen, mens i Bergen hadde ikke disse faktorene like stor betydning. Dette har en naturlig forklaring i og med at Bergen er en stor by med variert kapitalmarked, mens det i Florø ofte er avgjørende med tettere nettverk til kapitaltilbydere,” utdjupar dei (2018:75-76).

Ein vesentleg skilnad fann dei også når det kom til faktoren “Newness”. I Florø viser det seg at det kan vere positivt å vere ei ny og lita bedrift, medan dette ikkje har så mykje å seie i Bergen der ein ofte forsvinner i mengda av nye bedrifter. Noko som gjer det vanskelegare å skilje seg ut. Dei påpeikar at det difor kan vere enklare for bedriftene i Florø å få merksemd frå næringslivsaktørar og finansielle aktørar.

Statistikken viser også at det er større sjanse for at ei ny bedrift i Sogn og Fjordane å overleve etter fem år enn ei ny bedrift i Hordaland. “Fordi bedriftene vi har intervjuet tilhører samme næring som dominerer i Florø blir de i større grad lagt merke til av etablerte næringslivsaktører,” resonnerer Bjørkås og Mjelde (2018:73).  

Den viktigaste faktoren: Nettverk

Tilgang til relevante nettverk vert trekt fram som den desidert viktigaste faktoren i forbindelse med bedriftene sin kapitaltilgang. “Vi hadde på forhånd en tanke om at nettverk var en viktig faktor for nyetablerte bedrifters evne til å hente inn kapital. Hvor viktig nettverk viste seg å være var vi ikke klar over…De fleste bedriftene vi har pratet med opplevde nettverk som en avgjørende del når det kom til deres tilgang til kapital, overlevelse og potensielle vekst” (2018:48).

Medan dei relvante nettverka for bedrifter i Florø handlar mykje om identitetsbaserte nettverk og tette bonding-nettverk, er nettverka i Bergen meir kalkulative nettverk.

“Gjennom bridging-nettverk, som ofte opparbeides ved hjelp av inkubatoren, får bedriften tilgang til et større nettverk med blant annet investeringsvillige aktører. For bedriftene i Florø er bonding- og identitetsbaserte nettverkene viktigere for bedriftenes tilgang på kapital enn i Bergen. Dette kan ha en sammenheng med at Florø er en mindre by der det er lettere å komme i kontakt med noen i ditt nære nettverk som besitter investeringsvilje- og evne” (2018: 73-74).

Betydning av å vere tilknytta ein inkubator

I oppgåva kom Bjørkås og Mjelde fram til at det er mange fordeler ved å ta del i eit inkubatormiljø. Fleire av bedriftene dei snakka med seier at dei sannsynlegvis

hadde klart seg utan tilknytning til inkubator, men at etablering og vekst ikkje ville ha gått like raskt og smertefritt.

“Bedriftene anser det som positivt for kapitalinnhentingen å være en del av et inkubatormiljø. Inkubatoren hjelper blant annet bedriftene med store og små utfordringer, fasiliterer investormøter, tilbyr et unikt nettverk, samt gir bedriftene legitimitet overfor investorer og finansinstitusjoner. Dette gjør at bedriftene kan fokusere på andre sentrale problemstillinger i forbindelse med kapitalinnhenting.” (2018:74).

Bedriftene opplev også ei form for synergieffekt av å vere del av eit inkubatormiljø der ein kan dele kunnskap og erfaring med dei som er på same stadiet som dei sjølv. “Ved at bedriftene sitter samlokalisert får de utnyttet hverandres og andres kompetanse og kunnskap gjennom nettverket inkubatoren tilbyr. Den fysiske nærheten som samlokalisering i inkubator fasiliterer gjør at bedriftene kommer tett på finansinstitusjoner og andre viktige aktører som kan tilby finansiell støtte,” forklarar Bjørkås og Mjelde (2018:17).

Når bedriftene er lokalisert i inkubator får dei oppfølging og ein nærleik til viktige aktørar som dei gjerne ikkje ville fått på same måte om dei hadde jobba eksternt utan hjelp frå inkubator.

Geografisk og kognitiv nærleik

I begge byane er den geografiske nærleiken eit viktig aspekt for å få tilgang til kapital.

Hovudforskjellen mellom dei to regionane er at den kognitive og sosiale nærleiken er viktigare for bedriftene i Florø enn bedriftene i Bergen.

“Denne typen nærhet kompenserer i stor grad for at kapitalmarkedet i Florø er betydelig mindre enn i Bergen. Sosial og kognitiv nærhet fører til at aktører som besitter kapital i Florø gjerne ønsker å investere i det lokale næringslivet.” (Bjørkås og Mjelde 2018:74)

For bedriftene i Florø er det å vere ein del av det lokale næringslivet avgjerande for deira suksess i og med at det ikkje eksisterer like mange forsking- og utdanningsinstitusjonar eller finansielle institusjonar.

Når det kjem til den kognitive nærleiken er kunnskapsdelingen mellom bedrifter i Bergen i stor grad generell og handlar om korleis prosesser i Innovasjon Norge er gjennomført eller bør gjennomførast. Den kognitive nærleiken i Florø er i utgangspunktet større fordi bedriftene opererer innanfor same eller liknande næring. «Alle bedriftene i Aksello har ein tilknytning til havbruk og kunnskapsdelingen vil derfor være knyttet til en felles forståelse av mange konsepter som man ikke finner blant bedriftene i Bergen» poengterer Bjørkås og Mjelde (2018:57).

 

Kjelde: “Kapitaltilgang for oppstartsbedrifter i Florø og Bergen” (2018) av Mathilde Bjørkås og Kristine Larsen Mjelde.

Kort oppsummering frå Aksello

Funna til Bjørkås og Mjelde er interessante og bekrefter kor viktig Aksello si rolle er som koplingsaktør mellom gründerar, oppstartsbedrifter, næringsliv og investormiljø. At vi har ein tett dialog med etablert næringsliv kombinert med eit bransjeretta fokus på havrommet, smarte samfunn og fornybar energi, teller positivt for inkubatorbedriftene. Undersøkinga viser også at deltaking i inkubator aukar sjansen for tilgang på kapital. Gjennom inkubator kan bedriftene dele kunnskap og lære av andre i samme bransje eller situasjon, og dei får tett oppfølging for å nå måla sine og sikre viktig kapital.

Eigarane i Aksello er dei viktigaste premissleverandørane for Aksello sitt arbeid: å styrke næringslivet gjennom å sikre eksisterande arbeidsplassar og skape nye moglegheiter. I tråd med vår strategi frå 2017 er vi i gang med å finne fleire gode eigarar. Som ein del av denne prosessen vil vi gjennomføre ei interessentsamling med aktørar frå næringslivet, akademia, kommunar og anna forvaltning. Vi håpar å ha fleire eigarar på plass utpå nyåret.

Med helsing,

Alle oss i Aksello

Foto: F.v. Marita Solheim (Fjordkysten), Arne Olsen (Aksello), Linda M. Midtbø (Flora Hamn) og Leif Stavøstrand (Evoy).

Hausten si første frukostsamling starta med fullt hus og eit interessant program der kysten var i sentrum med presentasjonar frå Fjordkysten, Flora Hamn og vår nye inkubatorbedrift Evoy som hadde verdspremiere!  

Fjordkysten – Kva skjer? v/ dagleg leiar Marita Solheim

Etter eit år med eit røft økonomisk farvatn kunne dagleg leiar Marita Solheim for Fjordkysten fortelje at framtida ser lysare ut for reiselivsselskapet som har hatt ein veldig god sommarsesong med mange besøkande.

Selskapet har som mål å skape reiselyst i kommunane Bremanger, Flora, Askvoll, Hyllestad, Solund og Gulen, og reiselivsnæringa er med på å generere store ringverknader når det kjem til arbeidsplassar og bulyst.

Reiseliv er ei kompleks næring med overgang til mange andre næringar, og det er nettopp dette som gjer det så spennande å jobbe med, fortel Solheim og forklarar korleis dei jobbar tett saman med Fjord Norge og Visit Norway for å synleggjere mange av dei flotte perlene og opplevingane som vi har langs kysten.  

At vi er lokalisert utanom allfarveg, eller “off the beaten track” som Solheim seier på engelsk, er faktisk ein av fordelane vi har når det kjem til å tiltrekkje oss turistar som vil oppleve noko ekte utan dei store folkestraumane. Vandring og øyhopping er svært populært, og eit friskt konsept som dei også jobbar med er “storm watching” i lavsesong.

Sjå videoen til Fjordkysten her:

 

Flora Hamn – Framtidas hamn – viktige grep v/ hamnesjef Linda M. Midtbø

Flora Hamn er i gang med å lage ein ny hamneplan og korleis hamna skal vere i framtida var eit av mange spørsmål hamnesjef Linda M. Midtbø tok for seg under sitt innlegg. 

Vi må tenkje langt fram i tid, gjerne 15-20 år for å lage ein langsiktig plan, understreka ho.

Flora Hamn ser mellom anna for seg ei hamn som har meir fokus på miljø, men korleis skal den framtida sjå ut og kva skal båtane gå på? spør Midtbø og svarar:

–   Her er hydrogen eit av alternativa og vi har god kompetanse på det lokalt hos Maritim Forening.

Eit anna punkt som vart diskutert var også kommersialisering av kystruten der Hurtigruten sine største skip skal seile reine kommersielle ruter mellom Bergen og Kirkenes.

– Vil vi at Florø skal vere ein stoppestad på denne ruten? Om det er noko vi ynskjer må vi vere aktive og vise kva vi har å tilby til dei som besøker oss, poengterte ho.

Her kom det også innspel frå salen om at dette opnar for samarbeid mellom ulike næringar i Florø, og spesielt reiselivsnæringa.  

I framtidsplanane til hamna ligg det også ein ny kollektivterminal i korta. Midtbø presenterte den i korte trekk og det vert spennande å følgje med på utviklinga av både kollektivterminalen og ny hamneplan.

 

Inkubatorbedrifta Evoy – Verdspremiere v/ gründer Leif Stavøstrand

Kva båtane skal gå på i framtida var også tema då gründer Leif Stavøstrand presenterte sin draumebåt: ein stillegåande og miljøvennleg båt som går på elektrisitet. Saman med far Gunnar Stavøstrand har han starte bedrifta Evoy som skal gjere denne draumen verkeleg.

Det som folk vektlegg som viktig med båtopplevinga er naturopplevinga, frihetsfølelse, fred og ro, og sosialt samvær, og eg kan ikkje førestille meg noko anna enn at alt dette vert enno betre med elektrisk drift, påpeiker han.

Marknaden dei sikter seg inn mot er yrkesbåtar og fritidsbåtar, og Evoy sin standardpakke gir båtane ei rekkevidde på 30 nautiske mil i marsjfart. Dette dekkjer behovet til brukarane ut i frå båtlivundersøkinga, poengterer Stavøstrand, så her er ingen grunn til å få rekkeviddeangst.  

Dette er eit prosjekt med stort potensiale og det nye selskapet er spent på å sjå korleis salet vil gå når dei opnar for førehandsbestilling. Evoy vart nyleg tatt opp i Aksello sin inkubator og vi gler oss til å følgje seilasen deira vidare!

Under dagens samling hadde Evoy verdspremiere på denne videosnutten:

 

Ordet fritt

Under «Ordet Fritt» informerte dagleg leiar Lone Bareksten om at det ved generalforsamling er gjort endringar i Aksello sitt styre. Arne Birkeland går ut som styreleiar, og ny styreleiar er Bjørn Hollevik. Nytt styremedlem og nestleiar er Mikael Johansen frå Westcon Group. Vi har også fått to nye damer inn i styret. Solveig Willis frå Pixelwerk og Hilde Indresøvde frå Nyskapinsparken i Bergen. Oddvar Aarberg frå Neptune Energy går ut av styret, medan Ragnar Waalen frå Siva, Jim Haugland frå Fjordbase og Ola Teigen frå Flora Kommune vert sittande i neste periode.

Rågjevar Heidi Felle tok ordet for å fortelje om Etablerarkurset for innvandrarar som vi startar opp igjen med i haust i samarbeid med Innvandrarsenteret og støtte frå IMDI. Vi har så langt 17 påmelde og om du kjenner potensielle deltakarar til kurset, tips dei gjerne om å ta kontakt med Heidi heidi@aksello.no /48 22 27 91. Kurset er opent for alle med innvandrarbakgrunn som er interessert i å starte si eiga bedrift.  

Det vart også minna om Conference: Maritime Hydrogen & Marine Renewable Energy i regi av Maritim Forening Sogn og Fjordane 3-4. oktober.

Neste Frukostsamling er torsdag 4. oktober. Vel møtt!