I forbindelse med Innovasjonsveka OPP vil vi gjerne invitere deg til arrangementet “Kapitaldag” hos Scandic Sunnfjord Hotel i Førde den 19. september kl. 10-15.30. Tema for dagen er innovasjon, kapital og vekst i næringslivet! 

Her møter du både spanande investormiljømiljø på Vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om eller finansiering av sine idear og prosjekter.

Har di bedrift behov for kapital til vidare vekst og kan vere ei interessant investering for ein investor? Det er plass til at utvalde bedrifter kan få pitche for investorane under arrangementet. Dette gjer du i påmeldingslenka.

Frist for å melde seg for pitch er 07.09.18!

Arrangørar er Innovasjon NorgeSogn og Fjordane NæringsrådNHO Vestland,Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Aksello.

Vi håpar å sjå deg der! 

Aksello håpar alle har hatt ein fin sommar og ønsker velkommen til haustens første Frukostsamling, torsdag den 6. september. Frukost blir servert frå kl 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet, som denne gong vert dominert av kyst-tema, ser slik ut:

  • Fjordkysten – Kva skjer? Destinasjonsselskapet har vore gjennom ein endringsprosess, og vi er spente på å høyre kva Marita Solheim har å seie om status og framtida.
  • Flora Hamn – Framtidas hamn – viktige grep v/Hamnesjef Linda M. Midtbø
  • Ny inkubatorbedrift: Evoy AS v/Leif Stavøstrand. Evoy jobbar med båtar med elektrisk framdrift, og Leif har ymta frampå om «flere nyheter og en verdenspremiere», så her er det berre å følgje med.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg vere til stades heile dagen. Denne gongen kjem Jørgen Berg. Om du vil ha eit separat møte med Jørgen, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Neste vekes Offshore Northern Seas blir ein viktig møteplass for ein energibransje på full fart oppover att. Vi i Aksello legg til rette ein spanande arena i Vågen for kvelds-aktivitetar også i år.

Aksello vil med dette invitere deg til å nytte desse lokalitetane.

Vi tilbyr:

• Sentral plassering i Vågen med alt som skjer der (Aurora-konsert, Run for Fun, fyrverkeri og mykje anna).
• Stort telt med eige kjøkken og sitteplassar for 70-80 pax.
• Stor og koseleg hage utanfor teltet, med bord, planter, parasollar etc.
• Bistro To Kokker er på plass med ein førsteklasses sjømatbuffet.
• Trubadur Allan Madsen sørger for god musikk og stemning utover kvelden.

Store, lokale aktørar er allereie om bord, som Saga Fjordbase, PGS, Neptune Energy og Norske Shell.
Nytt høvet, du også! Hugs: Godt nettverksarbeid gir fleire kontraktar!

Sjå brosjyra her for meir informasjon!

For prisar og bestilling, kontakt arne@aksello.no

VELKOMMEN!