Dette kan vere starten på dykkar draum og dykkar eigne prosjekt. Det seier Sam Holst til alle dei frammøtte på Aksello si første gründersamling for innvandrarar.

Han var ein av deltakarane som var med pilotprosjektet etablerarkurs for innvandrar i fjor. Etter at kurset fekk fornya støtte frå Integrering- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) inviterte Aksello, saman med Innvandrarsenteret, til gründersamling for å informere om kurset som startar hos oss til hausten.

– Saman med Innvandrarsenteret ynskjer vi å stimulere innvandrarar til å starte eiga bedrift og vi håper at dette kurset kan hjelpe dykk i gang, seier Heidi Felle, rådgjevar for Aksello.

Ho starta samlinga med å fortelje om gründermiljøet til Aksello og korleis vi arbeider for å hjelpe gründerar og nye bedrifter. Viktige stikkord ein kunne ta med seg var rådgjeving, gratis kontorplass i inntil tre månader, nettverk og finansiering. Felle informerte også om støtteordninga Kommunalt Næringsfond som prioriterer målgruppene unge under 35 år, kvinner og innvandrarar.

ENKLARE OG TRYGGARE

At det er mykje å tenkje på når ein er gründer, til og med for oss som er norske og som har vakse opp i det norske byråkratiet, kunne lærar Allan Madsen dele frå si eiga erfaring. Madsen jobba tidlegare som rådgjevar hos Aksello og blei inspirert til å starte sitt eige selskap.

– Til og med for meg som er norsk var det vanskelig å henge med i alt ein må fylle inn og levere av papir og dokumentasjon. Dette kurset skal gjere det enklare og tryggare for dykk som vil starte eiga bedrift i Norge.

Norske lover og regler er blant tema på kurset, i tillegg til forretningsutvikling, strategi, marknadsføring og ulike verktøy og ressursar som er gode å ha som gründer. Deltakarane vil også lære seg å lage ein forretningsplan, og kan sjølv komme med innspel til innhald dersom det er tema ein saknar eller spørsmål som dukkar opp undervegs.

– Mange spør om dei må ha ein idé for å delta, men det må dykk ikkje, forsikrar Madsen og held fram:

–  Mange av dykk har til dømes erfaring eller kompetanse frå tidlegare som de kan byggje vidare på.

Rådgjevar Heidi Felle
Lærar og gründer Allan Madsen

STARTEN PÅ NOKO NYTT

Holst som var med på fjorårets kurs gjer nettopp dette. Då han flytta frå Syria til Norge hadde han ein bachelor i engelsk, og på Innvandrarsenteret har han ofte fylt skoa som tolk. No ynskjer han å starte si eiga tolketeneste, men han har ein lang veg å gå. Denne sommaren flyttar han til Tromsø for å studere master i engelsk lingvistikk og han må bestå autorisasjonsprøva for å bli statsautorisert tolk.

– Det vil nok ta fem til seks år før eg er i mål med eige selskap, men dette er draumen min og eg er veldig tålmodig med språk fordi det interesserer meg sånn, seier han optimistisk.

Holst fortel at han lærte mykje under kurset som vil hjelpe han når han er ferdig utdanna og klar til å starte tolketenesta.

Eg kan verkeleg anbefale kurset og håpar at alle som er her vil vere med. De har alle kompetanse og erfaringar som de kan ta med dykk inn i kurset som kan vere starten på dykkar draum og dykkar eigne prosjekt.

Sam Holst har ein langsiktig plan som skal hjelpe han å nå draumen om å starte si eiga tolketeneste.

Å VERE SIN EIGEN SJEF

– Dette var ei veldig god første gründersamling for innvandrarar hos Aksello, seier Felle og fortel at fleire av dei som var med på samlinga allereie meldte seg på haustens etablererkurs same kvelden.

 – Vi har fått veldig positiv tilbakemelding frå dei som deltok. Dei seier at dei set pris på moglegheiten til å få delta på kurset, og hjelpa dei kan få gjennom støtteapparatet til Aksello.

Ein av dei er Ali Akbari frå Afghanistan som har budd i Norge sidan 2009. Han er faglært røyrleggjar og jobbar til dagleg hos Florø Rør. At han også planlegg å gå nettbasert teknisk fagskule til hausten, ved sidan av jobb, stoppar han ikkje frå å leggje etablerarkurset til timeplanen sin.

– Eg vil utdanne meg til å bli fagingeniør og starte mi eige bedrift, seier han bestemt.

Ved spørsmål om kvifor han ynskjer å starte eiga bedrift, kjem svaret kjapt og med eit lurt smil.  

– Eg vil vere min eigen sjef.

Ali Akbari frå Afghanistan fortel om planane sine for framtida.

IDÉANE KJEM ETTER KVART

Adala Seid frå Eritrea har berre vore i Norge i eitt år, men har allereie god kustus på språket. Han fortel at han studerte farmasi i heimlandet, og til hausten planlegg han å ta studiespesialisering på vidaregåande slik at han kan starte opp igjen med studiet i Norge. Å starte eiga bedrift er også noko han gjerne vil.

– Eg har ingen idé enno, men vil gjerne lære meg kva som må til for å starte for seg sjølv, seier Seid.

Idéane kjem etter kvart skal du sjå, smiler Iranganei Kudugala frå Sri Lanka.

Ho er på samlinga saman med venninna si Namphet Wongcharat frå Thailand. Dei ynskjer begge å vere med på kurset som startar til hausten.

Etter åtte år i Norge har ho gjort seg mange tankar om kva ho saknar og kunne tenkje seg å starte opp av nye bedrifter. Til dømes eit selskap som er spesialiserte på vindaugsvask.

– Då eg budde i Hellas jobba eg for eit reingjeringsselskap som vaska vindauge. Eg kunne gjerne tenkje meg å starte ei slik bedrift eller ei syforretning der ein kan komme inn å få gjort om eller fiksa kleda sine, seier ho engasjert og legg til:

– Det er jo ikkje alle som er så opptatt av å kjøpe nytt heile tida og ein kan både reparere og jobbe med redesign.

Wongcharat, har som Seid, ikkje ein klar idé om kva type bedrift ho kunne tenkje seg å starte, men etter to år i Norge ynskjer ho å finne seg ein jobb.

– Det er veldig vanskelig å finne seg ein jobb her. Spesielt sidan eg framleis treng å bli betre i norsk. Men eg har veldig lyst til å lære så mykje som eg berre kan, og eg gler meg til å delta på kurset, fortel ho.

Iranganei Kudugala, Namphet Wongcharat og Adala Seid gler seg til kurset i haust.

Har du lyst til å delta på kurset eller kjenner du kanskje nokon som bør vere med? Tips dei gjerne!

Etablerarkurset for innvandrarar er opent for alle med innvandrarbakgrunn busatt i Flora kommune uansett kor lenge du har budd i Norge. Kurset er eit samarbeid mellom Aksello og Innvandrarsenteret og vert arrangert i lokala til Aksello to kveldar i veka frå september til desember 2018.

Ta kontakt med Eskil Hanssønn Krogstad hos Innvandrarsenteret i Florø på telefon 41 53 49 69 om du ynskjer å melde deg på eller om du har spørsmål.

Frist for påmelding er 31. august.

OBS!

OBS! Dette frukostmøtet er kansellert, men vi kjem så klart tilbake med fleire frukostsamlingar etter sommarferien. Ha ein framleis fin sommar!

Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling torsdag den 5. juli, den siste før sommarferien. Frukost vert som vanleg servert frå kl 07.30; presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet ser slik ut:

  • Kva skjer med Fjordkysten? Destinasjonsselskapet har vore gjennom ein endringsprosess, og vi er spente på å høyre kva Marita Solheim har å seie om status og framtida.
  • I Aksello har vi nyleg hatt to vellukka «exits» frå inkubatoren vår (Vestnes Land og FjordPanel), og no har vi fylt på med to nye verksemder:
    Evoy AS v/Leif Stavøstrand og Bulandet Miljøfisk AS v/Ola Sveen. Dei kjem begge for å presenterer seg og sine forretningsidé
  • Til slutt vil Aksello informere om det planlagde gründerkurset for innvandrarar til hausten.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen. Denne gongen kjem Jørgen Berg. Om du vil ha eit separat møte med Jørgen, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!


Nye inkubatorbedrifter: Leif A. Stavøstrand frå Evoy og Ola Sveen frå Bulandet Miljøfisk saman med inkubatorleiar Vanja Viken.

Vi har fått to nye inkubatorbedrifter i stallen vår, Bulandet Miljøfisk og Evoy, som begge opererer innanfor to av Aksello sine satsingsområde Havrommet og Smarte Samfunn.

BULANDET MILJØFISK

Bulandet Miljøfisk vert med i inkubator til Aksello etter to år i idélab der dei verkeleg har fått testa potensialet til idéen sin. Selskapet sine ambisjonar er store, og dei planlegg eit landbasert oppdrettsanlegg for laks og aure på Bulandet som kan vere ein gamechanger for ei meir miljøvennleg oppdrettsnæring.

– Vi ser fram til å jobbe vidare med dette prosjektet i inkubator og vi ser at Aksello hjelper oss på mange områder. Den månadlege frukostsamlinga og lokale her har mellom anna vore ein viktig møteplass for oss der vi treffer mange interessante kontaktar, deler kunnskap og lærer av kvarandre. Vi har også fått god rettleiing i å strukturere og organisere prosjektet vårt, seier Ola Sveen som er prosjektleiar for akvakultur.

Sveen har tidlegare arbeidd med lukka oppdrettssystem i Frankrike med god suksess, og har erfaring frå fleire lukka sjøbaserte prosjekt i Norge. Med seg på laget har han Oddmund Storesund som er prosjektleiar for utbygging, grunneigar Anne M. Grepstad, Skylesteinen AS og Ving Eiendom AS.

– Det som er spesielt med Bulandet Miljøfisk sitt anlegg er at det vil liggje lågare enn havnivå, 7-8 meter ned i grunnen. Dette gjer til at løftehøgda på vatnet inn til anlegget vert redusert til akkurat det minimum vi må ha av overhøgde/trykk for å få vatnet gjennom anlegget utan ekstra bruk av pumper, forklarar han.

Inkubator I Aksello
Bulandet Miljøfisk: Ola Sveen er prosjektleiar akvakultur for Bulandet Miljøfisk. Teamet hans består av Oddmund Storesund (prosjektleiar utbygging), Anne M. Grepstad, Skylesteinen AS og Ving Eiendom AS.

Anlegget på Bulandet er eit gjennomstrøymingsanlegg der store mengder vatn skal renne gjennom anlegget. Ved å plassere det lavt i terrenget er løftehøgda på vatnet redusert maksimalt for å spare energikostnader.

Ingen har gjort dette før. Landbaserte anlegg som vart bygt ca. 30 år tilbake låg alle høgt oppe på land. Dette førte til høge pumpekostnader som øydela økonomien i prosjekta. Men dei tidlege landbaserte anlegga fekk i alle fall bevist at fisken produsert på denne måten er av ypparste kvalitet.

Sveen fortel at det som også kjenneteiknar prosjektet er at teknologien dei brukar er svært enkel og driftssikker nettopp på grunn av at dei kan ta reint og friskt vann rett frå havet til fisken.

– Planen vidare er å presentere prosjektet vårt til ulike aktørar som vi håpar vil vere med på ein emisjon. Så langt har det vore stor interesse for det, både frå private personer og bedrifter, seier han.

På sikt vil Bulandet Miljøfisk skape verdi for mange aktørar i havbruksnæringa og 10 nye arbeidsplassar i Bulandet. Du kan verte enno betre kjend med prosjektet deira ved å besøke nettsida deira her. 

Inkubator I Aksello
Evoy: For Leif A. Stavøstrand og far hans Gunnar Stavøstrand er det draumen om ein rein og stillegåande båt som er motivasjonen bak selskapet Evoy.

EVOY

Evoy er ei nyare etablering som vart starta i februar i år av Leif A. Stavøstrand og far hans Gunnar Stavøstrand. Selskapet skal levere elektrisk framdriftssystem til raske båtar der dei brukar komponentar frå bil og lastebilindustrien i eit nytt konsept for båt som er miljøvennleg og stillegåande.

Konseptet er ein standard pakke med innanbords elektrisk framdrift, inkludert alt du treng, for hurtiggåande båtar. Denne pakken kan installerast i brukte og nye båtar i størrelsen 20 til 30 fot. Idéen er 15 år gammal, trigga av ynskje om stille, reine og økonomisk turar på sjøen. No er teknologien og marknaden modent for produktet, forklarar Stavøstrand.

Far og son Stavøstrand har tidlegare erfaring frå oppstart og drift av eige selskap og inngåande kjennskap til båtmarknaden.

– Vi har søkt oss inn i inkubator då vi ynskjer å ha ein god rådgjevar med på laget som kan følgje opp prosjektet, og ser nytten av å vere ein del av nettverket til Aksello. Rådgjeving innan bedriftsutvikling vert spesielt viktig for oss, påpeikar Stavøstrand.

Målet til Evoy er å få på plass ein prototype i 2018 og levere det første systemet til kunde i 2019.

–  På lang sikt håpar vi å skape mange arbeidsplassar og stor aktivitet i Florø og regionen elles, seier han optimistisk.

Du kan finne ut meir om det spennande konseptet til Evoy på nettsida deira her.

Bulandet Miljøfisk og Evoy kjem også på Frukostsamlinga vår torsdag 5.juli for å fortelje meir om prosjekta sine. Meld deg på her!

POSITIV VEKST

–  Dette er to sterke prosjekt som vi ser fram til å jobbe vidare med. Bulandet Miljøfisk stiller med eit solid team og eit fantastisk konsept for eit landbasert anlegg som er det einaste i sitt slag. Evoy har også vist oss eit kjempepotensiale og fyller eit udekka behov i marknaden, konstaterer inkubatorleiar Vanja Viken.

Aldri før har nyetableringar i fylket vårt vore høgare, og hos Aksello ser vi også ei positiv utvikling i det regionale gründer- og innovasjonsmiljøet. Talet på inkubarbedrifter har auka frå fire i 2014 til 18 i 2018, og nyleg feira vi suksesshistoriene til Fjordpanel og Vestnes Land.

– Vi har trua på at nyskaping inspirerer og motiverer til meir nyskaping. Vi opplev at fleire tek kontakt med oss for å vere ein del av miljøet her og det er eit stort pluss at vi får inn fleire bedrifter innanfor satsingsområda våre slik at dei kan dra nytte av kvarandre sin kunnskap og kompetanse. Vi går ei spennande tid i møte, konkluderer Viken.

I tillegg til Havrommet og Smarte Samfunn, så satser Aksello også på Fornybar Energi. Gjennom inkubator og Flora kommune sin førstelinjeteneste hjelper vi både nye bedrifter og eksisterande næringsliv i Sogn og Fjordane med å realisere idéane sine.  

Ta kontakt med oss om du ynskjer å vite meir.

Fagjuryens pris: Vinnar Gabriel Ossenkamp (i midten) saman med juryen f.v Stein Kvalsund (Maritim Forening Sogn og Fjordane), Kjell Gunnar Lilleøren (Sparebanken Vest), Jan Nordem Knudsen (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Lone Bareksten (Aksello).

Som gründer er det gunstig å komme finansielle utfordringar på forskot. Då er det viktig å kunne kommunisere effektivt når ein får sjansen til å presentere seg for investorar. Aksello inviterte difor Seed Forum til å halde kurs for inkubatorbedriftene. Det vart følgt opp med ein konkurranse i «pitching».

 Sju minuttar var det gründerane fekk for å presentere seg og deira bedrift. Dei vart vurdert utifrå ni kriteria, slik som å forklare forretningskonseptet og kvifor ein investor burde investere, kva problem dei løyser for kundane og kva behovet er i marknaden, og så vidare.

Vinnaren fekk 10.000 kroner i premie, sponsa av Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Ved å hente inn ein jury utanfrå, fekk gründerane kjenne på det å presentere bedrifta si til nøytrale og kritiske tilhøyrarar med mykje erfaring frå finansverda.

Frå hagen til scena

Nivået var høgt, men Gabriel Ossenkamp frå FjordAlg sigla opp som vinnaren av fagjuryens pris. Gründeren frå Svelgen, som på ekte gründervis starta med å utvikle produktet heime i hagen sin, var i følgje juryen god på alt. Dei trakk fram at han klarte å formidle vanskeleg innhald på ein enkel måte, og at hans kunnskapsrikdom vekka tillit.

– Eg har presentert ofte nok, men ein blir jo litt skjerpa når det er konkurranse. Eg synest formatet var veldig greitt å halde seg til. Ein føler at ein står på scena og må levere før neste person skal opp, seier vinnaren og oppsummerer det slik:

– Det hjelper med trening og eg håper det forkortar vegen til kapital. Vi trenger drivstoff for å bli skikkeleg «algonautar», spøker han.

Gründermiljøets pris, ein vandrepokal stemt fram frå alle gründerane, vart tildelt til Leif A. Stavøstrand i bedrifta Evoy. Gründeren peika på at konkurransen var ein ekstra motivator for han, og hjelpte han med å fokusere på «pitching».

– Eg er ikkje spesielt komfortabel med presentasjonar, spesielt ikkje når ein berre har seks eller sju minutt. Det var ganske ubehageleg å bli utfordra til stadig å forbetre seg og presentere på kortare og kortare tid, men eg merka at det hjelpte, konstaterer Stavøstrand, og poengterer at ein blir betre av å trene, og det er viktig med ein slik konkurranse:

– Ein merker at ein blir flinkare til å snakke om dei viktige tinga fort og halde på folk si merksemd.

Gründerane Gabriel Ossenkamp og Leif A. Stavøstrand.

Trening gjer meister

Fire av gründerane som presenterte seg var med på Seed Forum-kurset som vart arrangert i mai og det var klart å sjå at det hadde gitt resultat då dei enda opp med høgast poengsum.  

– Ofte er det slik at gründerar er flinke på fag, men så gløymer dei andre aspekt som er vel så viktige. Det kjem fram når ein skal formidle eit bodskap. Heldigvis er det slik at trening gir resultat, poengterte Jan Nordem Knudsen i juryen.

Saman i juryen med Knudsen (Sparebanken Sogn og Fjordane), sat Kjell Gunnar Lilleøren (Sparebanken Vest). Lone Bareksten (Aksello) og Stein Kvalsund (Maritim Forening Sogn og Fjordane).

Miljø og nettverk

Gjennom å arrangere kurs og halde ein slik konkurranse for gründerarar i inkubatoren ynskjer Aksello å vere med å skape eit miljø for læring og eit nettverk for finansiering, der innhenting av midlar er ein viktig del.

– Hensikta er kort fortald å legge til rette for at selskapa lykkast med å skaffe kapital for å sikre framgang og vekst, påpeikar Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

I samarbeid med inkubatoren i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, vil Aksello til hausten sette opp ein aktivitet for inkubatorselskapa i fylket, der dei vil få presentere seg for investorar og investormiljøa.

– Då vil dei som har vore med på dette vere best mogleg rigga til å presentere forretningsideane sine, understrekar Viken.

Arbeidssøkjande og heile 34 bedrifter frå det lokale næringslivet møttes fredag til rekrutteringstreff og nettverking på Haavebua i Florø.

Nytt av året var samarbeidet mellom Aksello og Måløy Vekst. Åtte bedrifter frå Måløy samt eit dusin arbeidssøkjande hadde tatt vegen til Florø. Sjølv om ikkje alle hadde ledig stillingar i den umiddelbare framtid, var det å vere tilstades på eit slikt arrangement viktig for mange.

– Vi er her for å representerer oss, men behovet for arbeidskraft kan fort dukke opp. Då må vi være klar, understreka Svein Skibenes i Fjord Shipping.

Trio frå Måløy: Svein Skibenes, Jannicke Nydal og Knut Eltvik.

Skibenes var ein av dei frå Måløy som hadde stands på rekrutteringstreffet. Blant dei andre var paraply-organisasjonen Måløy Maritime Group, som representerer 17 bedrifter i Vågsøy. Deira utsendte, Laetitia Rosing, kunne mellom anna fortelje om at dei søkte etter fagarbeidarar, salgsmedarbeider og elektroingeniør, samt ein kontrollør til oppdrettsanlegg.

Under radaren

Gjert Myrestrand var ein av dei som nytta seg av tilbodet om gratis båt frå Måløy. Han jobbar i eit vikariat og ynskjer seg ei fast stilling innan økonomi og sal, eller eit skjeringspunkt i mellom dei to. Han ser ikkje på det som noko problem å flytte på seg, skulle ein god moglegheit vise seg.

Eg trur ein del jobbar går folk hus forbi. Mykje går under radaren og det er ikkje alt som dukkar opp i kanalar som for eksempel Finn.no. Difor tenker eg at det er viktig å vere med på slike arrangement.

– Gjert Myrestrand

– Og ikkje minst er det viktig å snakke med folk og bygge nettverk. Gjerne også med bedrifter ein ikkje nødvendigvis trur ein kan få jobb hos. Og det er klart at om ein triveleg jobb skulle bli tilgjengeleg kunne eg busett meg her.

Gjert Myrestrand i samtale med banksjef Ole Aukland frå Sparebanken Sogn og Fjordane

To blir til ein

Det var servering av tapas. I tillegg vart to heldige vinnarar av festivalpass til Våt Moro 2018 trekt ut. Prosjektrådmann i Kinn Kommune,Terje Heggheim, kalte rekrutteringstreffet ei viktig samling då han oppsummerte messa.

– Den rare kommunen, Kinn, som ikkje henger i hop og som viker unna frå normalen. Det er jo glimrande, sa han og understreka at saman er vi er nøydd å tenke nytt, og at kontakten med næringslivet blir heilt avgjerande. Heggheim kunne informere om at fire stillingar vil bli lyst ut på hausten.

 

Tidleg ute

Amalie Blålid Kvalheim bur i Måløy medan ho skriv master i «International Business». Den skal vere ferdig i september, og ho ser seg difor om etter arbeid.

Amalie Blålid Kvalheim

Motta nyhendebrev frå Aksello

Registrér deg no for å motta dei siste nyheitene om entreprenørskap og næringsliv frå Aksello.

– Det var mange bedrifter her eg ikkje kjente til eller visste var i området. Det er veldig greit å vite at ein har fleire moglegheita, seier ho, og legg til:

– Helst vil eg bu i heimbygda, med det er fint å bli kjend med næringslivet begge stader. Og det var veldig greit at det var satt opp gratis båt.

 

I lag med Måløy Vekst

– Rekrutteringstreffet gjekk bra og vi fekk mange positive tilbakemeldingar frå deltakarar og bedrifter som var på stand. Det var spesielt kjekt å samarbeide med Måløy Vekst for å vise fram kva moglegheiter som finst i framtidige Kinn Kommune, seier Trine Vederhus, trainee hos Aksello, og held fram:

– Grunnen til at vi arrangerer slike treff er for at arbeidssøkjande skal få treffe næringslivet og sjå kva jobbmoglegheiter som finst i området. Det er også viktig for at næringslivet skal samlast for å knytte betre kontakt, spesielt denne gong med tanke på å samle bedrifter frå Vågsøy og Flora Kommune, avsluttar Vederhus.

Godt nøgd Aksello-gjeng: Heidi Felle, Lone Bareksten, Arne Olsen og Trine Vederhus.

Folka bak suksessen: Framme frå venstre: Rune Hjelmeland (Fjordesign/Fjordpanel), Lone Bareksten (Aksello), Stein-Asle Øvreboten (Vestnes Land/RETRAMS), Vanja Viken og Heidi Felle (Aksello), Jonny Bjørnset (Vestnes Norway/Fjordpanel). Tore Havn (RETRAMS), Bjørgulf Myklebust (RETRAMS), Knut Eikeland (ekstern rådgjevar for Aksello), Odd Bjørnset (Vestnes Land/RETRAMS), Arne Olsen (Aksello) og Per Christian Engdal (ekstern rådgjevar for Aksello).

 

Denne månaden hadde Aksello gleda av å markere suksesshistoriene til to av sine inkubatorbedrifter, Vestnes Land og Fjordpanel, som har nådd sine viktigaste milepæler til no.

– Det er utruleg kjekt å stå her i dag og gratulere to selskap som er marknadsklare. De har kryssa av mange milepæler undervegs i utviklingsløpet, men det er ingen tvil om at det er når de sel produkta dykkar at de har nådd den viktigaste milepælen, seier ein stolt inkubatorleiar Vanja Viken.

Saman med resten av teamet til Aksello har ho følgt utviklinga til selskapa gjennom inkubatorprogrammet som skal hjelpe bedrifter med nytenkjande prosjekt i Sogn og Fjordane å komme raskare ut i marknaden.

– Vi er veldig glad for at vi har fått lov til å vere med å bistå desse knoppskytingane og desse nye selskapa. Det vert spennande å følgje dykk framover og vi gler oss til framtida; til å sjå kor mange marknadar de vil nå og kor mange arbeidsplassar de vil skape, seier dagleg leiar Lone Bareksten.   

Regionalt samarbeid

– Det som er bra med inkubatorbedriftene dykkar er at de viser korleis selskap frå ulike delar av fylket vårt får til gode samarbeid. Saman grip de moglegheitane og trekk synergiar frå ulike kompetansefelt og ulike nettverk. Det er slik de skaper nye moglegheiter, roser Viken og påpeikar kor viktig slike regionale samarbeid er for innovasjonsmiljøet i fylket.

Ein viktig fellesnevner for inkubatorbedriftene er brødrene Bjørnset som er sentrale i begge prosjekta, Jonny i Fjordpanel og Odd i Vestnes Land/RETRAMS. Dei representerer et stykke industrihistorie i Florø, starta av faren Jostein Bjørnset.

– Odd og Jonny har, saman og kvar for seg, vore med å utvikle spennande selskap som leverer både solide produkt og tenester. Det er sterkt gjort, understrekar ekstern rådgjevar, Knut Eikeland.

Framtidas arbeidsplassar

Fjordpanel, som er ei knoppskyting frå selskapet Fjordesign i samarbeid med Ortnevik Tre og Vestnes Norway, har gjennomført inkubatorprogrammet og opplev stor etterspurnad i marknaden. Vestnes Land sitt prosjekt, Safe Control Cabinet, har også lovande framtidsutsikter og har vorte transformert til eit nytt selskap RETRAMS, som skal vere i inkubatoren i eitt år til.

De skapar framtida sine arbeidsplassar og vi er utrulege heldige som har slike dyktige selskap i miljøet vårt. Inkubatoren er i sterk vekst, frå fire selskap i 2014 til 18 selskap i 2018, og suksesshistoriene dykkar viser kva vi kan få til i lag, konkluderer Viken.

 

Les suksesshistoriene til Fjordpanel og Vestnes Land/RETRAMS her:  

Smarte samfunn I Aksello

Ekstremt tøffe: Jonny Bjørnset og Rune Hjelmeland frå Fjordpanel er marknadsklare med silikatplatene sine. Platene er ekstremt tøffe og haustar stor interesse globalt. (Helge Ortnevik var ikkje til stades då bildet vart tatt).

 

Nokon gonger går det ikkje som planlagt, men langt betre. Det kunne Rune Hjelmeland, dagleg leiar, frå Fjordpanel, gledeleg fortelje då Aksello markerte suksessfulle inkubatorbedrifter. Selskapet fekk ein pangstart i rugekassa til Aksello, og under eitt år etter at dei vart med gjer dei ein sterk exit.

– Vi hadde eit femårsmål om å doble vekst for kvart år i fem år framover, men ser no at målet var altfor lavt, smiler Hjelmeland.

Fjordpanel, som er ei knoppskyting frå Hjelmeland sitt selskap Fjordesign, er eit samarbeid mellom tre selskap med lang fartstid innan skipsindustrien: Fjordesign og Ortnevik Tre frå Høyanger kommune og Vestnes Norway i Florø.

– Gjennom eit samarbeid med eit svensk firma har vi klart å utvikle eit produkt som tilfredsstiller dei krava som vi har vore på jakt etter i mange år. Produktet er plater av silikat, eit ikkje brennbart materiale, som har lavere vekt og høgare brannsikkerheit enn det som har eksistert på marknaden til no.

Ekstremt tøft materiale  

Fjordpanel sit på rettane til platene “worldwide” og produktet er beskytta under deira varemerke. Nyleg fekk dei testa kor ekstremt tøft materiale er under ein FRM-test i Trondheim. 

– Fordelen med silkater er at dei kjøler seg ned sjølv. Når du kjem over ein viss temperatur så utskiller dei krystallinsk vatn som kjøler dei ned, så dette er eit produkt som det er veldig spennande å jobbe med, seier Hjelmeland entusiastisk.

Sjå test-videoen her:

 

Brannsikker møbelserie

Marknaden Fjordpanel rettar seg mot er maritim industri, marinefartøy, cruisebåtar, hurtigbåtar, oljeplattformer og tekniske rom (landbasert) der dei stiller høge krav til branntryggleik. Per i dag leverer dei nær sagt alt dei produserer til Brødrene Aa, og på blokka har dei også ei bestilling frå verdas største riggverft i Kina som ynskjer brannsikre møblar.

– Vi har inngått ein avtale med Storm Industridesign for å utvikle ein heilt ny møbelserie som er laga av ubrennbart materiale. Møblane har eit enkelt profilsystem som gjer at det kan flatpakkes for lett transport og er enkle å montere.

Etterspurnaden etter slike møblar er stor, og selskapet opplev også stor pågang i Europa.

– Vi held på å oppjustere produksjonen i Sverige for å kunne tilfredsstille marknaden, så no er det kun tida og fantasien vår som set sine avgrensingar, avsluttar Hjelmeland.

 

Les også:

Ny epoke for Fjordpanel og Vestnes Land
Nye inkubatorbedrifter Dimeq og Fjordpanel
RETRAMS: Eit smartskap vert smartare

RETRAMS: Smartskapet til Vestnes Land har fått sitt eige selskap RETRAMS eigd av Odd Bjørnset (t.v), Tore Havn og Stein-Asle Øvrebotn. Bjørgulf Myklebust (t.h) er tilsett som Sales and Service Manager.

 

Vestnes Land si nyoppfinning, det digitale smartskapet Safe Control Cabinet, har lykkast så godt i inkubatoren hos Aksello at oppfinnarane har starta eit heilt nytt selskap: RETRAMS AS.

– Etter at skapet vårt kom ut på marknaden ser vi verkeleg kor genialt produktet er. Det har eit kjempepotensiale som vi vil byggje vidare på gjennom eit eige selskap, fortel Stein-Asle Øvrebotn, som har leia prosjektet til Vestnes Land.

Saman med dagleg leiar i Vestnes Land, Odd Bjørnset, har han etablert RETRAMS som baklengs vert SMARTER, og det er nettopp konseptet smartare oppbevaringsløysingar som dei skal dyrke vidare i den nye bedrifta. I tillegg vil dei tilby tidleg rådgjeving i HMS-Lean-GDPR til små og store bedrifter for maks effektivisering. Med seg på eigarsida har dei også gründer og investor Tore Havn, mest kjend som etablerar av Bookkeeper (tidlegare Råd og Regnskap).

– Vi er utruleg heldig som har fått Tore Havn med på laget. Han har mange verv frå ulike gründerbedrifter og gir ein stor tryggleik til andre investorar som ynskjer å komme på bana, understrekar Øvrebotn.

Safe Control Cabinet

Skapet som RETRAMS er ein spin-off av, Safe Control Cabinet, er eit digitalt skap som inneheld ein database som gir brukarane full kontroll og oversikt over innhald, deler, utstyr og kjemikaliar, til ei kvar tid. Dette er mellom anna med på å forebygge driftsstans og ulykker, og bidreg til store tidsinnsparingar av personell.

– Skapet var først tilpassa alle typar industri og lagringsbehov, men vi ser at logistikk og tankesett frå Industri kan også overførast til Helse, og det er desse marknadane vi no siktar oss mot. Først og fremst i Skandinavia, forklarar han.

Sjå animasjonsvideo som viser korleis skapet fungerer her:

 

Viktige støttespelarar

Maritim Forening Sogn og Fjordane og Aksello sitt nettverk har vore viktig for bedrifta, og det var på ein speed-date i regi av Maritim Forening Sogn og Fjordane at Vestnes Land først kom i kontakt med Aksello. To og eitt halvt år etter at prosjektet deira vart teke opp i inkubatoren, gjer smartskapet seg klare til å stå på eigne bein som RETRAMS.

 

Sjølv om vi har eit sterkt produkt så startar vi også med nokre blanke ark når vi har etablert eit nytt selskap, så vi skal vere med inkubatoren i eitt år til og ser absolutt ein fordel med å vere ein del av miljøet her. Vi får god hjelp og assistanse, samstundes som vi også kan dele vår kunnskap og kompetanse med andre gründerar, seier han og legg til fleire han gjerne vil takke.

 

– Vi har også fått god hjelp frå Maritim Forening, Aksello og deira nettverk, Innovasjon Norge, Skattefunn og PetroFlora, og håper på fornya tillit frå alle dei som har bidratt til utviklinga av Safe Control Cabinet.

RETRAMS ynskjer også å halde fram det gode samarbeidet med Ahsell, ein viktig pilotkunde av Safe Control Cabinet, og dei lokale leverandørane Procella i Florø og Shipadmin i Volda, som mellom anna har utvikla programvare til smartskapet.

Godt team: Prosjektleiar Stein-Asle Øvrebotn (til høgre) og maskinoperatør Mahaboob Sahabdeen frå Vestnes Land saman med underleverandør Sten Inge Hellevang frå Procella.

Visjon 2020-22

Det nystarta selskapet sin visjon for 2020-22 er fortsette å lage revolusjonerande produkt til nye marknadar og sysselsette sju til ni tilsette, og dei er allereie på utkikk etter nye og smarte hovuder som er dyktige på sal.

– Sal vert eit viktig satsingområde for oss. Vi har tilsett Bjørgulf Myklebust som Sales and Service Manager og vil få inn fleire på sal. Vi er også på jakt etter dei riktige investorane, og om vi klarar å få dei med oss i tidleg fase, jo sterkare står vi til å tilsette fleire og raskt vekse oss større, seier Øvrebotn engasjert.

– Det å skape noko sjølv har vore ei utruleg spennande reise så langt og vi ser fram til å byggje vidare på det som vi har starta.

 

Les også:

Ny epoke for Fjordpanel og Vestnes Land

Tek store steg i inkubatoren

Slik lykkast du i inkubatoren

Dei siste fem vekene har Malin Husa (21) vært på utplassering hos oss i Aksello. Malin studerer arrangement leiing på University of Chester. Eit treåring bachelor-studie som omhandlar alt i frå å arrangere konferansar og møter, til konserter og fotballkampar.

– Det freista å studere i utlandet, og det finst ikkje noko slikt studie i Norge. Men ein kan byggje vidare på ein bachelor i Norge, og det er planen, om eg ikkje finner ein interessant jobb med det same, fortel ho.

I tida hos Aksello har Malin først og fremst hatt hovudansvaret for å utarbeide ei brukarundersøking som skal sendast ut i august, samt å medverke til å førebu til Årets Rekrutteringstreff som blir heldt 22.juni på Quality Hotel.

Lone Bareksten er klar på at det har vore kjekt å ha Malin i rekkene desse vekene.

Malin er i målgruppa for dei vi ynskjer å treffe med å gjere næringslivet og regionen vår interessant for heimatt-flyttarar. Vi har lært mykje av Malin og håpar ho sit at med gode arbeidserfaringar som ho kan ta med seg vidare i studiane og seinare i arbeidslivet.

Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello.

Då ho fredag 8. juni fullførte utplasseringa, byrja jobben med å skrive oppgåve om det.

Eg har lært mykje her. Eg har lært om meg sjølv, og kva som kjennes riktig for vidare arbeid, reflekterer ho.

Men det er ikkje konserter og sportsarrangement Malin ser i horisonten.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva eg vil gjere etter at eg har fullført bachelor, men ved å være her har eg funnet ut av eg trivst veldig godt med å jobbe i eit slikt miljø, fortel ho og avsluttar:

– Eg har lyst tilbake til Norge etter fullført tredjeåret, og på lang sikt ynskjer eg å busetje meg i Florø.

– Vi har hatt eit veldig godt og tett samarbeid med Aksello, ein verdifull mellommann mot næringslivet. Dette er, med andre ord, ikkje for å betale for frukosten, spøka Arild Sandvoll, regionsdirektør i Sparebanken Vest, då han gav Aksello ein sjekk på 100.000 kroner.  

– Vi er veldig glad for at de støtter arbeidet vi gjer, sa møteleiar Arne Olsen, og takka på vegne av alle i Aksello.

Det var ein god start på frukostsamlinga for juni. Dei ca. 65 frammøtte fekk eit litt lengre program enn vanleg, med fleire svært gode presentasjonar. Nedanfor følger eit samandrag, forhåpentlegvis til glede for dei som ikkje hadde høve til å delta.

Ei forteljing om annleis-fylket

Kva gjorde at Norge gjekk frå å vere eit fattig land til eit av dei rikaste? Var det sosialdemokratiet, planøkonomien, proteksjonismen, eller var det petroleum? Og kvifor er det slik at Sogn og Fjordane har utvikla seg motstraums med andre fylker? Kva er myter og kva er fakta?

Dette var nokre av spørsmåla Ola Honningdal Grytten svara på då han tok oss med på ei spennande reise tilbake i tid og teikna eit bilete av eit land som var fattig, men med eit folk som var tilfreds, sunne og smarte. Professoren ved institutt for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøgskule fortalte om levestandard, velstand og utvikling i landet generelt, og fylket spesielt.

Grytten oppsummerte Sogn og Fjordane som eit område med eit svært stabilt næringsliv, låg arbeidsløyse, lite påverkeleg av økonomiske endringar, og i lag med Sunnmøre, busett av dei mest tilfredse folka i verda.

– Fylket tok ikkje like mykje del i olje-eventyret som resten av Vestlandet. Innanfor fiskeri har enkelte områder, som Måløy, vært svært aktive, mens fylket som heilheit har forbløffande lite fiskeriaktivitet. Jordbruket derimot, har vært veldig stort, og er viktig. Derfor har Sogn og Fjordane vært eit lokomotiv som berre har gått, medan resten av Vestlandet har vore meir ømfintleg.

Professor Ola Grytten.

Industri er også viktig, men veldig konsentrert om enkelte kommunar i fylket. Ein del områder har blitt sittande fast i tungindustri som ikkje har vore dei mest lønnsame, og ein ligg etter i anna næring, som t.d. design. Det kan være at ein ikkje har kultur for det, eller at det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg kompetanse, men det er eit område ein kan bli betre på.

– Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Eit trekk for fylket som Grytten peika på, og som var tatt opp igjen under presentasjonen av Vestlandsindeksen, er relative lite entreprenørskap og nyskaping.

Vestlandsindeksen

Sparebanken Vest spør kvart kvartal 700 bedrifter om deira forventningar, og basert på deira tilbakemeldingar lagar dei den såkalla Vestlandsindeksen, som dei denne gongen la fram på Frukostsamlinga.

Konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Ragnhild Fresvik, presenterte tala og gav oss eit innblikk i korleis det har vore å vere annleis-fylket i annleis-landet – gjennom ei utruleg tøff krise – og korleis det ser ut framover med våre styrker og sårbarheiter.

– Den vekstmuskelen som oljenæringa har representert for oss, sjølv om det no ser veldig mykje lysare ut, kjem vi her i regionen aldri til å få tilbake. Vi er heilt avhengige av å få opp bedriftsinvesteringar i andre næringar, konstaterte ho.

Sjølv om vi er notoriske optimistar her på vestlandet, kunne Fresvik informere om ein tendens til å ha høgare forventningar enn det resultata viste.

– Mange forventar at vi i framtida skal leve av fiskeri og havbruk, samt fornybar energi, men om ein ser på tala ser ein at desse næringane førebels utgjer svært lite i samanlikning med olje og gass. Investeringane innanfor olje og gass er på veg tilbake, men dei er på langt nær like høge som dei var.

Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bredriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Det som blir avgjerande framover, er nyskaping. Fresvik trakk fram Aksello som eit godt døme på aktørar som får ei viktig rolle i arbeidet med å auke innovasjonsevna og få opp bedriftsinvesteringar og nyetableringar i alle sektorar i tida framover.

– Ein tredjedel av jobbskaping kjem frå nyetableringar og ein tredjedel kjem frå vekstbedrifter, så vi er avhengige av tilvekst frå små og mellomstore bedrifter for å redusere sårbarheita i sysselsettinga vår framover.

– Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Med det oppmoda Fresvik dei til stades å motbevise professor Grytten, og at vi framover klarar å få til ei auke i entreprenørskap.

–  Vi er avhengig av at nye bedrifter veks fram i Sogn og Fjordane!

Les Firdaposten sin sak om Vestlandsindeksen her:

– Fint med vekst i oljesektoren, men det er ikkje nødvendigvis godt for Sogn og Fjordane

Global Fish grip moglegheitane

Jan Otto Hoddevik i Global Fish haldt deretter eit engasjert innlegg om pelagisk fiskeri-næring generelt og verksemdas pågåande utbygging i Gunhildvågen spesielt.

Han fortalde om historia til firmaet, om kva dei gjorde annleis då dei starta opp, og delte ambisiøse planar om høg produksjon og mange tilsette i Florø.

– Vi var særdeles marknadsorienterte når vi starta. Vi var det første selskapet som hadde illustrerte kasser. Før det var alle makrell-kassene brune og det var ingen forskjell i marknaden om det heite Domstein eller noko anna. Vi brukte nesten alt vi tente første året på ei marknadsføringskampanje for selskapet, og satsa på kvalitet framfor volum. Det gjorde at vi kom inn på den japanske marknaden.

Ti år seinare selde dei selskapet for 325 millionar kroner.

– Det visar kva som var mogleg på den tida, sa Hoddevik, og fortalde om russiske båtar lasta med skoesker fulle av dollar for å kjøpe fisk.

Jan Otto Hoddevik leverte ein engasjert presentasjon om historia til Global Fish, og om satsinga deira i Florø i tida som kjem.

I 2013 starta brødrene Hoddevik opp Global Fish for tredje gong, og fekk leid seg eit anlegg i Egersund. Der planla dei inntil nyleg eit nytt anlegg som no ikkje blir noko av. I staden har dei kjøpt Pelagia sitt anlegg i Florø.

– Anlegget kjenner vi godt, men det vil bli sterkt oppgradert. Vi må ha kapasitet til å ta imot store utanlandske fartøy med opptil 2000 tonn i ei last. Det må vi kunne ta unna på maks to dagar.

Hoddevik ser for seg at dei kjem til å ha 50-60 tilsette i sesong, ei omsetning på 600 millionar og ein størrelsesorden på mellom 65- og 70.000 tonn.

Avslutningsvis understreka Hoddevik viktigheita av rammevilkåra dei får frå styresmaktene. Ein ting er auka proteksjonisme frå andre land, som reduserer moglegheitene for ein stor eksportør som Global Fish. Ein anna er dei lokale tilhøva, som i Florø gjeld spesielt to ting: Nærleiken til containerhavna i Florø, som hvis den blir flytta til Fjord Base vil medføre sterk auke i trailertrafikken gjennom byen; og prisen på vatn, som Global vil bruke mykje av i sin produksjon.

Avsluttande kommentar frå Flora Industri og Næringsforening

Vi som driver små bedrifter er avhengig av at der er nokre lokomotiv som går. Og ikkje berre eit. Det er klart at olje er det største, og vil være det i lang tid framover, men samtidig må ein utvikle oppdrett og fiskerinæringane, samt metall og fornybar energi

– Gustav Johan Nydal, nyvald leiar i Flora Industri og Næringsforening.

Han trakk fram Global Fish som eit fantastisk eksempel på viktig satsing innanfor fiskerinæringa i Florø.

– Det er viktig for Florø at vi har ei levande fiskerinæring. Global Fish er eit firma som ser moglegheita og klara å gripe dei, være fleksibel og følgje marknaden.

Les meir frå presentasjonen til Hoddevik i Firdaposten her: – Ikkje flytt containerhamna austover

Frå v. Arne Olsen, Gustav Johan Nydal, Ragnhild Fresvik, Jan Otto Hoddevik og Lone Bareksten.