Fredag 22.juni gjentek Aksello fjorårets suksess og inviterer studentar og arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar og tilflyttarar, og sjølvsagt det lokale næringslivet, til rekrutteringstreff og nettverking på Haavebua i Florø frå kl. 15 til 17.

Årets rekrutteringstreff er eit samarbeid mellom Aksello og Måløy Vekst, og er ein perfekt moglegheit til å sjå kva jobbmoglegheiter som finst i Flora og Vågsøy. Her blir det stands med lokale bedrifter, lett servering. Dersom du ynskjer å sette deg ned ein plass og kjøpe deg noko godt å drikke etter arrangementet, så har vi holdt av bord på Vesle Kinn frå kl.17.00 til kl.19.00.

Desse kan du møte på Årets Rekrutteringstreff:

  • Adecco
  • Framtidsfylket
  • Fjord1
  • PWC
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Deloitte
  • Polarny Maritime D&E AS
  • INC gruppen (Havlandet Forskningslaboratorium, NBN Elektro, Saga Fjordbase)
  • iVest Consult
  • Maritim Forening
  • NHO
  • A til Å Grafisk Design og Media
  • Itago/Kortmat
  • Solvens
  • Vestfjord Bygg
  • Nordea
  • Flora Kommune
  • Kinn Kommune
  • Accountor
  • Fjord Shipping
  • Fjord Services
  • LocalHost
  • Måløy Maritime Group
  • EVOY
  • Florø Rør
  • Seaprime
  • Equinor
  • Ocean Electronics (Måløy Radioforretning og Sigurd Solberg)
  • Vestnes Ocean
  • Enivest

Kanskje finn du draumejobben din nettopp her?

Kom og mingl på Årets Rekrutteringstreff!

 

NB! Det er satt opp gratis båt mellom Måløy og Florø for dei som vil delta.

Tidspunkt for båten:

Måløy-Florø kl.13.15

Florø-Måløy kl.17.30

Båten brukar ca. 1 time og 15 minutt.

Ynskjer du å sitte på med båten? Meld deg på her!

Det er plass til 50 stk, så du må vere rask!

Følg med på arrangementet vårt her for oppdatert informasjon!

 

Har du spørsmål angåande Årets Rekrutteringstreff?

Ta kontakt med trine@aksello.no eller på telefon 94 81 66 24.

 

Ynskjer du å starte di eiga bedrift eller har du ein forretningsidé som du drøymer om å sette ut i livet? Det er spennande og givande å vere gründer, men du møter også på mange utfordringar når du startar for deg sjølv.

Hos Aksello får du gratis rettleiing og svar på dei spørsmåla du lurer på. Vi hjelper deg mellom anna med å velje selskapsform, utvikle ein solid forretningsmodell og marknadsføringsstrategi, skaffe finansiering og setje deg i kontakt med dei rette personane.

Frå og med juni 2018 tilbyr Flora kommune gratis kontorplass hos Aksello til nye gründarar i kommunen. Tilbodet gjeld plass i opent kontorlandskap i inntil tre månader slik at du kan planlegge oppstarten av di bedrift. Vårt flotte lokale er opent 08.00-16.00 måndag til fredag, og er eit godt og sosialt nyskapingsmiljø der du får arbeide tett saman med din rettleiar og andre gründerar.

Aksello er Flora kommune sin førstelinjeteneste og vi hjelper deg i gang!

Kontakt oss

Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling den 8. juni (OBS! Ikkje torsdag som vi pleier, men fredag denne gongen).

Sparebanken Vest sin kvartalsvise Vestlandsindeks skal denne gongen presenterast i Florø. I samarbeid med Flora Industri og Næringsforening vil banken gje eit innblikk i korleis dei globale indikatorane som påverkar vårt eige næringsliv utviklar seg, og korleis den økonomiske utviklinga i fylket eigentleg har sett ut.

Vidare kjem Global Fish for å orientere om planar og status for utbygginga av «Pelagia-anlegget» i Gunhildvågen, ei stor investering med mange arbeidsplassar involvert.

 

Programmet ser difor slik ut:

07.30     Dørene opnar og frukost vert servert

08.00     Velkommen ved Aksello og regiondirektør i Sparebanken Vest, Arild Sandvoll

08.05     Ei forteljing om økonomisk utvikling i annleis-fylket Sogn og Fjordane, ved professor ved institutt for samfunnsøkonomi Ola Honningdal Grytten, Norges Handelshøyskole

08.30     Vestlandsindeksen, ved konserndirektør bedriftsmarknad Ragnhild Fresvik, Sparebanken Vest

08.55     Global Fish si utbygging i Gunhildvågen, ved adm. dir. Geir Robin Hoddevik

09.15     Avslutning ved leiar Gustav Johan Nydal i Flora Industri og Næringsforening

09.25     Ordet fritt

09.30     Slutt

 

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen, denne gong representert ved finansieringsrådgjevar Sigrid Alice Hovland. Om du ynskjer eit separat møte med ho, så gje melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Færre enn 0.1% av alle nyetablerte bedrifter tener nok dei første tre åra til å dekkje sine eigne utgifter. Det seier Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum. Han var invitert til å halde kurs for inkubatorbedriftene hos Aksello. Kurset skal gi kompetanseheving og trening på eit viktig område, og er finansiert av SIVA.

– Målet er å gjere dei «investor-klare». Det vil seie at dei skal kunne kommunisere eit klart og tydeleg bodskap til potensielle investorar, fortel Korsmo i Seed Forum.

Seed Forum, som opphaveleg starta i Norge, har over dei siste femten åra spreidd seg til over 60 land. Dei driv med kursing, men arrangerer også konferansar, og fungerer som ein møteplass for investorar og bedrifter.

Gründerane fekk opplæring i å halde eit seks minuttar langt «pitch», eit 30 sekundar «power-pitch» der dei på berre femten ord skulle forklare kva dei gjer og kvifor ein bør investere i bedrifta, og til sist, eit «impact-pitch»: Ei setning der målet rett og slett er å skape ein «Wow!»-reaksjon.

Finansering | Aksello
Leif A. Stavøstrand med bedrifta Evoy AS er ein av dei nyaste i inkubatoren.

Påfyll i verktøykassa

Leif A. Stavøstrand kom inn i inkubatorprogrammet 1.april i år med bedrifta Evoy AS, som skal levere elektrisk framdriftssystem til planande båtar. Sjølv om den tidlegare administrerande direktøren på Saga Fjordbase har mykje erfaring frå arbeidslivet meiner han at det er god bruk av tida.

– Det er bra at Aksello arrangerer dette. Det var flinke folk og eit godt opplegg, konstaterer han og legg til:

– Det var eit påfyll i verktøykassa for min del. Vi må vere flinke til å fokusere på det som er viktig og halde oss kortfatta når vi kommuniserer, og vi må tilpasse oss dei som vi snakkar med.

Ut av komfortsona

Njål Bragstad driv selskapet Updown Prosjekt AS som utviklar eit system for skrogreingjering for større skip som skal gi store innsparingar for internasjonale fartøy. Selskapet blei med i inkubatorprogrammet i desember i fjor og har mottatt tilskot frå Innovasjon Norge.

 

Eg kom godt ut av komfortsona. I inkubator-miljøet er det mykje innanfor maritime næring. Prosjekta er for borna våre å rekne. Nokre av prosjekta krev langsiktig kapital for å bli realisert, men vi er ein teknisk tung gjeng og det er viktig for oss å lære stammespråket og å forstå investorverda.

– Njål Bragstad, Updown Prosjekt AS.

Finansering | Aksello
Njål Bragstad frå Updown Prosjekt AS med dei andre i gruppa om korleis ein best kan ordleggje seg for å kommunisere bodskapen effektivt og klart.

Finansiering frå første dag

Korsmo vektlegg at det er essensielt å tenkje på finansiering frå første dag når ein startar eiga bedrift.

 

Dei aller fleste startar for seint og kjem på etterskot med finansieringa, og det får konsekvensar.

– Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum.

 

Han trekker fram at det å kunne kommunisere kva verdidrivar bedrifta har er svært viktig om ein skal klare å hente inn midlar.

– Ein investor vil berre investere i ei bedrift om han eller ho ser at det er potensiale for vekst,  slår Korsmo fast.

Miljø og nettverk

Gjennom å arrangere kurs for gründerarar i inkubatoren ynskjer Aksello å vere med å skape eit miljø for læring og eit nettverk for finansiering, der innhenting av midler er ein viktig del.

– Hensikta er kort fortald å legge til rette for at selskapa lykkast med å skaffe kapital for å sikre framgang og vekst, påpeikar Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

I samarbeid med inkubatoren i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, vil Aksello til hausten sette opp ein aktivitet for inkubatorselskapa i fylket, der dei vil få presentere seg for investorar og investormiljøa.

– Då vil dei som har vore med på dette vere best mogleg rigga til å presentere  forretningsideane sine, understrekar Viken.

–  For kvar einaste gode idé og prosjekt er det ein ting som er essensielt, og det er det første møtet: møtet mellom enkeltindivid. Det er mykje fantastisk som kan skje etter det.

Dette sitatet frå direktør Jan Olav Baarøy frå Fredskorpset runda torsdagens første møte, den månadlege samlinga hos Aksello, der dei frammøtte fekk bli betre kjend med Fredskorpset, Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, den lokale og globale aktøren Norwell og inkubatorbedrifta Nekst.

Frukostsamling | Aksello
Elevane frå Green Plastic UB.

Green Plastic UB – status og vegen vidare

Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, som nyleg deltok på NM for Ungdomsbedrifter nominert i kategorien sosialt entreprenørskap, heldt det første innlegget. Tre elevar frå Florø Vidaregåande skule, Njål Eliassen, Martin Ulsten og Viljar Ødelien, starta med å fortelje kva som inspirerte dei til å ta fatt på det enorme miljøproblemet med plast. Inspirasjonskjelda var prosjektet Precious Plastic, starta av nederlendaren Dave Hakkens, som fritt deler kunnskap og verktøy på nett som skal setje ein stopper for plastforureining. Der fann elevane mellom anna teikningar på to maskiner som dei har fått konstruert for å gjenvinne plast til ulike produkt, til dømes mobildeksel. Gode prosjekt kan, slik dei demonstrerer, også oppstå i møte med andre idéar og føre til positive ringverknader og arbeidsplassar andre stader, i India og Nkhotakhota i Malawi, der dei er involvert i samarbeidsprosjektet Green Plastic Nkotakhota.

Frukostsamling | Aksello
Ingrid Kassen, Norwell.

Norwell AS – lokal aktør i ei global verd

Administrerande direktør Ingrid Kassen frå eksportselskapet Norwell snakka om deira tette samarbeid med lokale oppdretterar og slakteri/pakkestasjonar for å møte krava til den internasjonale marknaden. Selskapet omset årleg ca. 25 000 tonn laks til ein verdi på ca. 1,2 milliardar kroner. I presentasjonen av bedrifta, kunne ho også avsløre at dei jobbar med spennande utviklingsprosjekt i kjølvatnet av marknadsendringar og nye, meir effektive maskiner for foredling av laks.

Frukostsamling | Aksello
Martin Ramsdal, Nekst.

Nekst AS – milepæl nådd og vegen vidare

 

Dette er på ingen måte ei månelanding, men det vi gjer er å ta i bruk teknologi på nye måtar.

– Martin Ramsdal

Det er gjerne ikkje ei månelanding for Nekst, men likevel eit stort steg for inkubatorbedrifta då dei endeleg fekk svar frå Fiskeridirektoratet om at søknaden deira for sjømerdar i Solund Kommune har komme gjennom nålauge. Partnar Martin Ramsdal hadde gleda av å fortelje meir om den gode nyheita på Frukostsamlinga i dag og gjekk nærmare innpå korleis sjømerdane skal fungere i praksis og saman med landanlegget planlagt på Botnastranda i Florø. Om prosjektet vert realisert slik dei planlegg med 16 konsesjonar, vil det bidra til 100 nye arbeidsplassar i fylket.

Frukostsamling | Aksello
Jan Olav Baarøy, Fredskorpset.

Fredskorpset – på lag med næringslivet

Ny direktør i Fredskorpset, Jan Olav Baarøy, tok turen frå Førde for å presentere «vår nye nabo» og korleis dei ynskjer å spele på lag med næringslivet. Dette gjer dei mellom anna gjennom å gi økonomisk støtte til utveksling mellom bedrifter i Norge og andre land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Fredskorpset ser at denne forma for kompetansedeling er veldig nyttig og lærerik for bedriftene, og oppfordra om å ta kontakt med dei om ein ynskjer å søkje om tilskot. Meir info om støtte til utveksling her.

Frukostsamling | Aksello
Jørgen Berg, Innovasjon Norge.

Ordet Fritt

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge informerte om at Innovasjon Norge no gir tilskot til pilot og demonstrasjon for framtida sine havbaserte løysingar. Meir info om tilskotet og søknadsprosessen her. 

Neste Frukostmøte

Neste Frukostmøte vert torsdag 7. juni. Om du har forslag til tema og foredragshaldarar, så høyrer vi gjerne frå deg. Kontakt arne@aksello.no.

 

Ynskjer du invitasjon til vår neste Frukostsamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.