Aksello ynskjer alle interesserte velkommen til spennande gründersamling i våre lokaler i Magnus Thingnesgate 1, 4. etasje, onsdag 11. april kl. 18:00 – 21:00. Gjer oppmerksam på at samlinga er flytta frå torsdag 12. april til onsdag 11. april.

Mål for kvelden er å bidra til inspirasjon, motivasjon og nettverksbygging blant gründerar og idéskaparar i vår region.

 

På programmet har vi:

LocalHost / Lefdal Mine

Sindre Kvalheim er ein av gründerane bak selskapet LocalHost AS frå Måløy, eit leiande selskap innan datarelaterte tenester med primærområda drift og konsulenttenester. Han er og eit av dei kloke hovuda bak Lefdal Mine, “Europa sitt grønnaste datalagringssenter”. I 2015 vart Sindre kåra til “Norges enestående unge person” og i 2016 var han ein av 20 kandidatar som vart nominert i den internasjonale kåringa “Ten Outstanding Young Persons”. Vi er glad for at Sindre kjem for å dele sine erfaringar som gründer med oss!

LocalHost / Lefdal Mine

Sindre Kvalheim er ein av gründerane bak selskapet LocalHost AS frå Måløy, eit leiande selskap innan datarelaterte tenester med primærområda drift og konsulenttenester. Han er og eit av dei kloke hovuda bak Lefdal Mine, “Europa sitt grønnaste datalagringssenter”. I 2015 vart Sindre kåra til “Norges enestående unge person” og i 2016 var han ein av 20 kandidatar som vart nominert i den internasjonale kåringa “Ten Outstanding Young Persons”. Vi er glad for at Sindre kjem for å dele sine erfaringar som gründer med oss!

Villa Åmot

Steinar Sørli er ein av gründerane bak Villa Åmot i Bygstad, som er ein del av “de historiske hotell og spisesteder”, “Historic hotels of Europe” og “Norsk kulturarv”. Garden kombinerer luksuriøse rammer med landleg idyll og har skapt ei nasjonal scene for kulturopplevingar i verdsklasse. Steinar skal fortelje om sine opplevingar som gründer i reiselivsbransjen. Vi gler oss!

Villa Åmot

Steinar Sørli er ein av gründerane bak Villa Åmot i Bygstad, som er ein del av “de historiske hotell og spisesteder”, “Historic hotels of Europe” og “Norsk kulturarv”. Garden kombinerer luksuriøse rammer med landleg idyll og har skapt ei nasjonal scene for kulturopplevingar i verdsklasse. Steinar skal fortelje om sine opplevingar som gründer i reiselivsbransjen. Vi gler oss!

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Askvoll Sjømat & Delikatesser er lokalisert på gamlekaia i Askvoll. I eit koseleg restaurert hus finn du kvalitetsrik, handlaga og ekte mat som du kan handle over disk, eller bestille som catering. I 2013 kom dei på andre plass i kåringa “Årets Gründer i Sogn og Fjordane”, og same året vart dei kåra til “Askvolls beste ambassadør”. I tillegg til å servere tapas til samlinga, vil dei fortelje historia bak delikatessebedrifta si og dele sine erfaringar. Dette vert spennande!

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Askvoll Sjømat & Delikatesser er lokalisert på gamlekaia i Askvoll. I eit koseleg restaurert hus finn du kvalitetsrik, handlaga og ekte mat som du kan handle over disk, eller bestille som catering. I 2013 kom dei på andre plass i kåringa “Årets Gründer i Sogn og Fjordane”, og same året vart dei kåra til “Askvolls beste ambassadør”. I tillegg til å servere tapas til samlinga, vil dei fortelje historia bak delikatessebedrifta si og dele sine erfaringar. Dette vert spennande!

Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd har sett av tre millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekkje gå til gode næringsidéar i ei tidleg prosjektfase. Vi får vite meir om kva som skal til for å søkje midlar frå stiftinga og korleis ein går fram.

Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd har sett av tre millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekkje gå til gode næringsidéar i ei tidleg prosjektfase. Vi får vite meir om kva som skal til for å søkje midlar frå stiftinga og korleis ein går fram.

Etter presentasjonane vil det bli lett servering og tid for mingling og prat.

Samlinga er gratis og open for alle – og du kan melde deg på her!

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Trine Vederhus, tlf 94816624 eller trine@aksello.no

Aksello ynskjer alle velkommen til ny Frukostsamling den 5. april. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; og innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Tema for samlinga er Kinn kommune og vi kjem med fleire detaljer på Facebook når vi nærmar oss frukostmøte, så følg med her. 

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr, diskuter og treff gamle og nye kjende!

 

Stadig fleire norske bedrifter får hjelp av Siva, melder Siva i ei pressemelding. Talet på nye bedrifter som vert tatt inn næringshagar og inkubatorar støtta av Siva har auka kraftig viser ferske tall for 2017.

Siva sitt inkubasjons- og næringshageprogram gir bedriftene tilgang til kunnskap, kompetanse og eit nasjonalt nettverk. 40 næringshagar og 35 inkubatorar over heile landet drifter programmet, og i Sogn og Fjordane er Aksello, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Gulen og Masfjorden Næringshage, Gulen og Masfjorden Utvikling, Sognefjorden Næringshage, Nordfjordeid Næringshage og Stryn Næringshage ein viktig del av dette nettverket. Sjå Siva-effekten i Sogn og Fjordane her.

8,6 mrd. i verdiskaping 

På landsbasis er 3.600 bedrifter knytt til Siva sine inkubatorar og næringshagar, noko som er ei auke på 11% frå 2016.

Bedriftene genererer 8,6 milliardar i verdiskaping kvart år. Analysane fortel også at bedrifter som er ein del av Siva sin innovasjonsinfrastruktur presterer betre enn andre.

I 2017 vart heile 949 nye bedrifter tatt opp i inkubasjonsprogrammet og 529 nye bedrifter i næringshageprogrammet.

– Siva sitt samfunnsoppdrag handlar om å utløyse næringsutvikling i bedrifter og regionale nærings- og kunnskapsmiljø i heile Norge. Vi er nøgde med at så mange bedrifter får hjelp av Siva sine inkubatorar og næringshagar, seier innovasjonsdirektør for Siva Kjerstin Spjøtvoll.

Les heile pressemeldinga frå Siva her 

Innovasjonsdirektør for Siva Kjerstin Spjøtvoll.

Auka verdiskaping i fylket

– Tala frå Siva viser at det samla tilbodet som vi gir til gründerarar og etablert næringsliv har ein klar effekt, seier Vanja Viken, inkubatorleiar for Aksello.

I 2017 var 22 nyskapande bedrifter med i inkubatorprogrammet hos Aksello, og 8 av desse var nye bedriftsopptak. Gjennom inkubatorprogrammet får selskapa tilgang til eit innovativt miljø med støtte til prosjektleiing, forretningsutvikling, tilgang til nettverk, finansiering og andre verkemiddel.

– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. For å møtte det veksande behovet inngjekk vi i fjor ei samarbeidsavtale med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane for sikre eit heilskapleg tilbod på inkubasjon i fylket. Dette styrkjer den samla kompetansen vår og det regionale innovasjonsmiljøet som skal løfte fram gründerar og nyskapande bedrifter for auka verdiskaping i fylket vårt, seier Viken.

Les meir om samarbeidet til Aksello og Kunnskapsparken her

Inkubatorleiarane Vanja Viken frå Aksello og Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken.

Kort om Siva

Siva fyller 50 år i 2018 og har gjennom alle sine år bygd opp ein nasjonal infrastruktur med internasjonalt etterspurt kompetanse.
I budsjettavtala for 2018 har Siva fått fornya tillit med 115 millionar i auka bevillingar. Desse skal mellom anna verte brukt til å styrke inkubasjons- og næringshageprogrammet.

Siva sitt Inkubasjonsprogram er retta mot oppstartsbedrifter i tidleg fase. Tenester som vert gitt er til dømes forretningsutvikling, kommersialisering og mentorering. Bedriftene får tilgang til relevante nettverk, finansiering og eit sterkt utviklingsmiljø. Siva har 35 inkubatorar i Norge som drifter programmet.

Næringshageprogrammet er retta mot meir etablerte bedrifter og har eit spesielt fokus på distrikta. Tenester som vert gitt er til dømes bedriftsrådgjeving, hjelp til utvikling av forretningsidéar og marknadsplanlegging. Det å kople bedriftene opp til relevante FoU-miljø, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat er også ein del av programmet. Siva har 40 næringshagar som drifter programmet

Ingvild Andersen seier at fylket vårt er verdsleiande når det kjem til mangfald og verdiskaping i næringslivet, men det er det mange som ikkje veit. Ho lærer stadig noko nytt om ting som skjer i fylket, og har lyst til å vite meir. No reiser ho på næringsturné for å bli betre kjend med næringslivet i Sogn og Fjordane. Første stopp er Aksello.

– Dette ynskje har eg faktisk hatt i to år. Sidan eg begynte i jobben min i Fylkeskommunen har eg hatt lyst til å reise på ein næringsturné for å bli betre kjend med næringslivet i Sogn og Fjordane, fortel Ingvild, rådgjevar for nærings- og kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ingvild er opphavleg frå Oslo, har ein mastergrad i Innovasjon og Entreprenørskap får NMBU, og har tidlegare jobba som butikksjef for Norrøna. Då ho bestemte seg for å flytte til Sogndal i Sogn og Fjordane var det først og fremst naturen som lokka.

– Å kunne kombinere naturopplevingar med jobb var noko eg verkeleg hadde lyst til, seier ho.

Saman med kjærasten hadde ho besøkt Sogndal sommar og vinter for å sykle og stå på ski. Dei var sikre på å treffe mange andre med same interesser om dei flytta dit. Alle dei relevante jobbmoglegheitene kom derimot som ei positiv overrasking.

Verdsleiande næringsliv                                                                     

Jobbmoglegheitane i Sogn og Fjordane er noko vi må snakke meir om. Alt for få kjenner til at fylket er verdsleiande på fleire område i næringslivet. Og dessutan vil du som tilsett i ei bedrift her få meir ansvar og meir fagleg tyngde raskare enn i ei tilsvarande stilling i byane, understrekar ho.

For ei veke har Ingvild bytta ut kontorplassen sin i Leikanger med kontorplass hos Aksello for å bli betre kjend med næringslivet på kysten.

– Eg møtte Pixelwerk for første gang i dag og blei imponert over omfanget av oppgåver dei kan løyse med sin softwareutvikling. Dei begynte for nokre få år tilbake som eit fullproduksjonsselskap innan digitale, interaktive medieløysingar, design og såkalla «augmentet reality», men har no fått auga opp for havbruksnæringa og utviklar skreddarsydde verktøy til store kundar i denne bransjen, fortel Ingvild.

Angrar ikkje eit sekund

I tillegg til Pixelwerk har ho også besøkt elevar på Flora Vidaregåande skule som har entreprenørskap som valfag, NHO Vestlandet, og Maritim Forening Sogn og Fjordane. Før ho reiser heim rekk ho også ein tur til Fjordbase og INC Gruppen, og innimellom besøka er ho her på huset for å bli betre kjend med Aksello sine inkubatorbedrifter og gode naboar.

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg tok denne turen, seier ho entusiastisk og legg til: 

Det er utruleg verdifullt å komme seg ut og møte samarbeidspartnarar og bedrifter personleg og lære meir om kva det offentlege kan bety for dei og korleis vi kan vere gode hjelparar. Etter kvart håper eg å få moglegheit til å reise andre stader i Sogn og Fjordane for å sjå alt det spennande som skjer innan næringslivet i regionen vår.

Fylkeskommunen på besøk hos Aksello
Ingvild har bytta ut kontorplassen sin i Leikanger med kontorplass hos Aksello denne veka. F.v Vanja Viken, Lone Bareksten, Ingvild Andersen, Trine Vederhus og Arne Olsen.

Driftig

Som rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommunen har Ingvild mellom anna ansvar for nettsida Driftig som har som føremål å samle tilbodet til gründerar i Sogn og Fjordane. Gjennom dette initiativet arbeider Fylkeskommunen tett saman med kommunane, næringsselskap, inkubatorane og Innovasjon Norge. Saman ynskjer vi å fange opp gode idéar og initiativ og vere gode hjelparar for gründerar og nyskaparar i fylket vårt.

Mens temperaurmålaren viste minus 10 i dei tidlege morgontimane på torsdag 1.mars, samla rundt 40 personar seg til frukost, kaffi og mingling i dei varme og nylig ommøblerte lokala våre. På programmet var presentasjonar frå verfts- og plassjef Arne Werge-Olsen frå Elkem Bremanger og Jonny Bjørnset frå Fjordpanel. I tillegg fortalde Audun Erik Sunde og Arne Olsen om planane for Offshore Northern Seas 2018 i Stavanger.

Arne Olsen var i det spøkefulle hjørnet når han inviterte sin nesten perfekte namnebror Arne Werge-Olsen frå hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger. Werge-Olsen la merke til oppmøte av kvinner, og var stolt av å kunne fortelje at det i Elkem Bremanger no er 25 % kvinner i det som typisk har vore ei mannsdominert bransje. Eit vikitig poeng med tanke på arbeidsmiljø, heilheita, mangfoldet og utviklinga framover.

 

Status og mogligheiter i Elkem Bremanger

Med bare tre år i Svelgen er Werge-Olsen relativt ny i bedrifta, men bak seg har han 27 år frå Hydro. Han har gått gradene som kjemiingeniør, og no er leiing hans virke. Han viste ein film frå verftet, som synlegjorde dei store endringane dei har fått til den seinaste tida, med ny parkeringsplass, nye fasadar og garderobeanlegg og ei 350 lang «strandlinje» av naturstein, og han konstaterte at dei no har tatt verftet inn i 2018, og at dei har tenkt langsiktig i utforminga.

– Kvifor skal Elkem vere i Svelgen, spurte han retorisk, og svara:

Arne Werge-Olsen

– Eit utruleg godt miljø. Og 3000 millimeter nedbør, smilte han.

Verftet brukar kraft tilsvarande Ålesund, totalt 750 GWh, og har 200 tilsette med totalt 240 arbeidande på anlegget. Dei har greve ut fjorden slik at større båtar kan legge til og dei tar imot gjennomsnittleg ein båt for kvar verkedag. Sjølv om mesteparten av leveransane kjem sjøvegen, er og blir den største er utfordring tilkomsten via veg. Det er ein god del pendlare blant dei tilsette, og spesielt lærlingar. I tillegg kjem mange firma med utanlandske sjåførar, som ikkje er vandt med å krysse Magnhildskaret i vinterføre. Ei anna utfordring han traff fram er å få inn kompetanse på ingeniørsida.

– Vi får inn utruleg mange flinke og flotte lærlingar, men å få inn ingeniørar har vist seg å vere ei utfordring, understreka Werge-Olsen, og trakk spesielt fram elektro-, maskin- og automasjonsingeniørar.

 

Status og moglegheiter var tema for innlegget til Werge-Olsen, og det er store moglegheiter i det dei produserer. Blant anna nemnet han silgrain, som er eit høgreint silisium. Det er patentert og blir berre laga i Svelgen. Det er 3 gram silgrain frå Svelgen i kvar smarttelefon over heile verda. Det er ganske spesielt. Stoffet blir òg vidareforedla og brukt i solcellepanel, i batteri, og meir.

– The sky is the limit, sa Werge-Olsen på godt norsk, og påpeika at utviklinga er utruleg artig sjå, og svært viktig økonomisk. Det er grøn energi i fast form.

ONS 2018 – ein felles regional stand og Florø-teltet

27–30. august vert det arrangert Offshore Northern Seas (ONS) 2018 i Stavanger. ONS er ein global møteplass for internasjonale aktørar innanfor petroleum og for andre havroms-relaterte aktørar. Audun Erik Sunde, seniorrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og også kjent oljekonsulent, fortalde om planane under årets ONS-veke i Stavanger.

I år samarbeider fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland om ein felles regional stand på messeområdet, med eit ønske om å senke terskelen for mindre aktørar, som kanskje ikkje ønsker ein eigen stand. Det vil vere ei felles promotering av kompetansemiljøa, leverandørindustrien og andre institusjonar knytt til petroleum- og energiretta næringsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei som er interesserte kan finne meir info og melde seg til www.westernnorway.no

Arne Olsen fortalde om teltet som skal representere oljebyen Florø og oljeregionen Sogn og Fjordane under festivalen. Der vil Bistro To Kokker servere sjømatbuffet, og det vil vere musikkinnslag utover kvelden. Der vil det vere gode moglegheiter for å profilere og synleggjere bedrifta, og drive nettverking. For påmelding, prisar og anna informasjon kan ein kontakte Arne på e-post: arne@aksello.no

Fjordpanel – stort potensiale 

Sist ut var Jonny Bjørnset frå inkubatorbedrifta Fjord Panel AS, som er eit knoppskytingsprosjekt ut av bedriftene Fjorddesign i Lavik, Ortnevik Tre i Sogn og Florø-bedrifta Vestnes Norway. Dei har sikra seg rettigheitene på eit silikatmateriale og produserer paneler med ei ubrennbar kjerne. Det kan dekkast med forskjellige overflater og er både dekorative og brannsikra.

I januar var dei i Sverige og testa produktet. Det bestod alle testar av struktur og utslepp av farlege gassar. Dei har eit tett samarbeid med Brødrene AA, og Bjørnset kunne fortelje at panelet veg 300-500kg per kubikk, avhengig av bruksområde, medan stål til samanlikning veg 8000 kg. Det er med andre ord eit produkt som er høgst aktuelt i produksjon av maritime fartøy.

Dei er no i første fase og har i år starta med å levere ferdig produkt. Dei har budsjettert med å levere 9000 kvm i 2018, og har allereie nådd 3000 kvm. Produksjonen av materialet går føre i Torsby i Sverige, og gründeren håpar å etter kvart å flytte produksjon av skap, gulv, møblar og liknande til fylket vårt.

– Vi kan ikkje få produsert nok for å møte etterspørselen, poengterte Bjørnset, og avslutta under spørjerunda:

– Det er eit produkt som har mange bruksområder, men vi fokuserer på å ta det steg for steg.

 

Fritt ord

Under fritt ord grep Torleif Hjerman sjansen til å fortelje at Nærtenesten no har kurs kvar veke, året rundt, og at dei kunne levere spesialsydde løysingar for kursing til bedrifter om ønskeleg, det vere seg truckførarkurs, kursing i løftereiskap, kraner og så vidare. Han poengtere viktigheita av å bygge lokal kompetanse og sørge for utvikling ved hjelp av opplæring, og oppfordra dei som er interesserte til å finne informasjon om kurs og ta kontakt via nettsida deira.

 

Neste frukostmøte

Neste frukostmøte vert 5. april. Vi håpar å sjå dykk alle der og ver gjerne tidleg ute med å melde deg på. Om du ikkje allereie tek imot invitasjon og nyhendebrev frå oss, kan du melde deg på mottakarlista vår her.