Skip to content Skip to footer

Vesle Kinn: – Stønaden frå Kommunalt Næringsfond var avgjerande

[vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5839″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]I 2017 fekk Aksello inn 25 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 19 av desse fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Vesle Kinn.

Vesle Kinn er ein ølkafé som vart opna i 2017 og er eit samarbeid mellom Kinn Bryggeri og Lille Marked. På kort tid har den blitt eit trekkplaster i Strandgata i Florø, og på Facebook vert Vesle Kinn rata med 5 stjerner basert på 115 omtaler.  Allereie etter litt over 1 år i drift har Vesle Kinn skapt 1,5-2 årsverk fordelt på 8 tilsette.

Lokalet som Vesle Kinn held til i er det same som Kinn Bryggeri starta sitt eventyr i i 2009. Etter kvart som salsvolumet auka, måtte dei flytte inn i eit større lokale. Det gamle lokalet vart nytta til eksperimentering av nye ølsortar og det vart fundert på kva ein kunne gjere for å nytte heile potensiale til lokalet. Etter ein samtale mellom Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og Eirik Villand frå Lille Marked, kom dei fram til at dei ville starte ein bar med fokus på Kinn øl.

I følgje dagleg leiar Eirik Villand var målet med Vesle Kinn å fokusere på kvalitet, eit lokale som skil seg ut frå andre uteplassar i Florø ved å ha eit urbant preg på interiøret og ved å arrangere ulike temakvelder som er attraktive for målgruppa på 25 år og oppover.

– Vi hadde eit ynskje om å tiltrekkje oss eit anna publikum enn dei andre uteplassane i Florø. Dei som tidlegare kanskje ikkje har funne sin plass ute på byen, fortel Villand.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5842″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text css=”.vc_custom_1538032874138{padding-bottom: -20px !important;}”]Vesle Kinn har mottatt 150.000 kr frå Kommunalt Næringsfond på det grunnlag at dei hadde eit nytt konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før. Dei hadde ikkje eit ynskje om å konkurrere med dei eksisterande tilboda, men heller komplettere desse, og i samarbeid vere med på å skape eit levande Florø sentrum. Det at Vesle Kinn har valt å stengje kl. 24.00 fredag og laurdag, kan auke pågangen til dei andre uteplassane i Florø etter stengetid, spesielt Hjørnevikbua som ligg rett over gata og held open til kl. 02.00. Arrangement som «bli kjend-kveld på Vesle Kinn» kan bidra til at det blir meir attraktivt for tilflyttarar, heimflyttarar, men og innbyggjarar.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/4″][vc_single_image image=”5843″ img_size=”medium” add_caption=”yes”][/vc_column][vc_column width=”3/4″ css=”.vc_custom_1537974828071{margin-top: -20px !important;}”][vc_column_text]Det at viktige aktørar som Kinn Bryggeri og Lille Marknad inngjekk eit samarbeid for å skape eit konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før, talte positivt for ein stønad til Kommunalt Næringsfond. Mykje kan skapast av å samarbeide med andre aktørar for å gi eit best mogleg tilbod som aukar trivselen og attraktiviteten i kommunen, utan å konkurrere ut eksisterande tilbod.

Stønaden frå Kommunalt Næringsfond var avgjerande for oss fordi det gjorde det lettare å skaffe nok finansiering frå banken til å starte, utan at vi sjølve måtte ta opp alt i lån og ta pant i privat eigedom, seier Villand.

Etter sitt første driftsår kan Vesle Kinn vise til eit lite overskot. Det er fortsatt positive utsikter for bedrifta og det blir stadig vekk diskutert nye ting som kan leggast til konseptet Vesle Kinn. Vi er spente på kva framtida bringer og ynskjer dei lykke til vidare.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row css=”.vc_custom_1519236331883{background-color: #59a5c1 !important;}”][vc_column css=”.vc_custom_1519236372822{margin-top: 20px !important;margin-right: 20px !important;margin-bottom: 20px !important;margin-left: 20px !important;}”][vc_column_text css=”.vc_custom_1537973999234{margin-right: 30px !important;margin-left: 30px !important;padding-right: 30px !important;padding-left: 30px !important;}”]

Ynskjer du å søkje Kommunalt Næringsfond?

Det er fortsatt midlar igjen frå Kommunalt Næringsfond og du kan søke gjennom  www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med rådgjevar Trine Vederhus, på trine@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir informasjon.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_column][vc_column_text][/vc_column_text][/vc_column]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet