Skip to content Skip to footer

– Verda ventar

[vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5822″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Lovnadane var ikkje små då oppstartsselskap frå Sogn og Fjordane fekk presentere seg for investorar under pitcherunde på Kapitaldag som vart arrangert i Førde. Fleire inkubatorbedrifter frå Aksello deltok, og ei av dei var Dimeq frå Bremangerlandet.

– Dimeq skal redde liv på havet, proklamerer styreformann Lars Johan Frigstad som pitcher på vegne av Dimeq.

I løpet av sju minutt skal han presentere selskapet, teamet, produktet, marknaden og kapitalbehovet. Helten til Dimeq er eit armband som lokaliserer personell og passasjerar ombord på maritime fartøy og plattformer når det oppstår ein naudsituasjon (til dømes brann eller mann-over-bord).

– Dette er eit skalerbart produkt som kan tilpassast alle skip og plattformer, forklarar Frigstad og legg til (utan eit hint av tvil i stemma):

– Verdsmarknaden ventar.

I salen sit potensielle investorar og lyttar, blant dei Lasse Viken Kjønstad frå Novela, Roald Brekkhus frå Tripod Capital Collective og Johnny Haugsbakk frå Atlantis Vest AS og Elcap Invest. Etter kvar presentasjon får ein av dei ordet. Dei gir tilbakemeldingar og får stille pitcharane tilleggsspørsmål. Kva er risikoelementa? Kven er konkurrentane? Etterspør marknaden produktet?

–  Marknaden skriker ikkje etter dette produktet enno for det finst ikkje i dag, men dette er noko vi trur at mange vil etterspørre og forsikringsselskap og myndigheiter vil nok krevje det i framtida, svarar Frigstad og minner om ulykka som nyleg fann stad i Middelhavet der ei kvinne fall over bord frå eit Norwegian Cruise Line-skip og vart først funne i live etter 10 timar i vatnet.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5819″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

Framtidig investering

Etter Kapitaldagen følgjer vi opp med Dimeq for å høyre korleis dei følte at det gjekk under pitchinga, og ikkje minst kva respons har dei fått etter presentasjonen?

–  Vi  har berre fått positive tilbakemeldingar. Vi hadde også eit møte med ein av investorane etter at programmet for Kapitaldagen var avslutta. Der vart vi einige om å presentere produktet vårt ved ei seinare anledning, så snart investorpresentasjonen vår er ferdigstilt, fortel Audun Bakke, som er CMO og Co-founder saman med sonen Ronny Bakke.

Det er akkurat denne vidare dialogen mellom oppstartsselskap og investorar som vi ynskjer å leggje til rette for ved å arrangere Kapitaldag. Ein av dei største utfordringane til oppstartsselskap er å hente inn kapital, og utan kapital så kjem dei ingen veg. Å skape slike møteplassar der oppstartsselskapa får komme i kontakt med interessentar og skaffe kapital er noko av det viktigaste vi gjer som inkubator og næringsselskap, understrekar inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello.

For å få maks ut av dagen hadde fleire av inkubatorbedriftene som deltok førebudd seg godt på førehand ved å delta på pitchekurs med SeedForum i regi av inkubatorane Aksello og Kunnskapsparken Sogn og FjordaneArrangementet var ein del av Innovasjonsuken OPP og vart arrangert av inkubatorane saman med Innovasjon Norge Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd og NHO Vestland.

– Tilbakemeldingane etter arrangementet har vore fleire og positive. Eg trur mange ikkje er klar over kor mykje spennande som skjer på startup-scena her i fylket. Vi i Innovasjon Norge er opptatt av å setje kapitaltilgong på dagsorden og vere med å skape møteplassar kor både nye selskap og kapitalmiljø kan få vise seg fram, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar Sogn og Fjordane hos Innovasjon Norge Vestland.

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5820″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

Investoren sitt perspektiv

Lean entrepreneur og investor Roald Brekkhus frå Tripod Capital Collective hadde tatt turen frå Bergen til Førde for å få ei betre oversikt over oppstartsselskap i Sogn og Fjordane. Primært ser investorselskapet etter skalerbare teknologiselskap og gründerteam som har sterk kompetanse og eit solid nettverk innanfor bransjen dei jobbar mot.

Dette var eit godt arrangement med ei bra samansett deltakarliste og program. Her har arrangørane gjort en god jobb, roser Brekkhus.

Eg var positivt overraska over kvaliteten på selskapa som pitcha og på sjølve pitchinga. Det var lett å sjå at dei var blitt coacha på førehand, men det er uansett berre bra at dei er godt førebudd. Det er likevel ikkje slik at alle har eit “first mover advantage” slik veldig mange hevda i pitchane sine. Eg kunne gjerne sett at selskapa hadde meir fokus på korleis dei skal vinne fram i konkurranse med andre aktørar, for det finst alltid konkurrentar.

Kom du over oppstartsselskap eller spennande prosjekt som kan vere aktuelt for Tripod Capital Collective å investere i?

– Det var to til tre selskap som verkar lovande og som kan vere aktuelle å følgje opp med tanke på investering på sikt. Det viktigaste for selskap som ønsker investeringar er at dei viser at dei leverer på dei planane dei har. Ein bør difor vere tidleg ute med å kontakte investormiljøa og fortelje om ambisjonane ein har. Deretter kan ein komme tilbake nokon månader seinare og vise at ein har oppnådd måla sine og helst har komme endå lenger. Då byggjer selskapa tillit hos investorar og demonstrerer gjennomføringskraft, avsluttar Brekkhus.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column css=”.vc_custom_1537970190508{margin-top: -50px !important;padding-top: -50px !important;padding-right: -50px !important;padding-bottom: -50px !important;padding-left: -50px !important;}”][vc_column_text]

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row css=”.vc_custom_1519236331883{background-color: #59a5c1 !important;}”][vc_column css=”.vc_custom_1519236372822{margin-top: 20px !important;margin-right: 20px !important;margin-bottom: 20px !important;margin-left: 20px !important;}”][vc_column_text css=”.vc_custom_1537970206158{margin-right: 30px !important;margin-left: 30px !important;padding-right: 30px !important;padding-left: 30px !important;}”]

Desse inkubatorbedriftene til Aksello fekk presentere seg under Kapitaldagen:

Bulandet Miljøfisk

Dimeq

Evoy

FjordAlg

Norwegian Seaweed Productions

Retrams[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet