Innlegg

Femti grundere og andre nysgjerrige var samla hos Aksello onsdag kveld. Det var ein samankomst der målet var å inspirere og engasjere, og å bringe folk saman. Det er viktige å bli kjende, å dra nytte av andre sine erfaringar og å gjere kvarandre gode, råda Heide Felle i si innleiing.

Erfaringar og inspirasjon

Grunderbedriftene stod i fokus og det var Geir Arne Solheim som var først ute. Solheim representerer bedriftene Frequency, Hydrowave og Havkraft, men sjølv introduserte hans seg først og fremst som ein optimist. Ein eigenskap han trakk fram som særs viktig for ein gründer.

Han tok for seg dei utfordringane og erfaringane han hadde støtt på i si tid som optimistisk gründer, og pakka beskjeden inn i eit leikande bildespråk der han drog parallellar mellom alt ifrå bølgekraft, yoga, og det å trene eit gutelag i fotball. Forsvare, sentre til lagkameratar og skyte på mål. Ein gründer er definitivt ein del av eit team, og for Solheim var balanse og energi nøkkelord, hos ein sjølv, i organisasjonen og i forhold til marknaden og kunden.

Neste innlegg kom frå Gabriel Ossenkamp og hans verksemd Fjordalg som er basert i Svelgen. Han er i startfasen, men kunne likevel fortelje litt om korleis han går fram for å produsere mikroalgar, kva nytta er, og kor viktig det er med støtta han har fått frå dei forskjellige partane – Sparebanken Vest Næringsstifting, Aksello, Innovasjon Norge, Skattefunn og Bremanger Kommune. Det vart delt ut smaksprøver av drikken Norwegian Energy, med spirulina-algar, ein såkalla supermat, grunna høge verdiar av vitamin, protein og mineral.

Det å produsere mikroalgar er ikkje nødvendigvis unikt, men Ossenkamp poengterte at innovasjonen ligg i å finne gode system, og han kunne vise til at ein kan nytte næringsstoff frå slam i fiskeindustrien til produksjonen av algar. Han fortalde også om spennande framtidsutsikter for mikroalgeproduksjon, og kor viktig kongen av antioksidantar – astaxanthin – vil kunne bli i framtida. Astaxanthin er 6000 gangar kraftigare enn C-vitamin og blir brukt som fargestoff i lakseoppdrett, men i Norge er det enno berre 5 prosent som brukar den naturleg framstilte varianten. Resten er syntetisk, og det fører eksempelvis med seg at den ikkje blir like lett tatt opp kroppen. Moglegheitene er gode og visjonen er stor – det gjeld berre å bryte dei ned i små skritt slik at det blir overkommeleg, var Ossenkamps råd.

Tredje post på programmet, eit innlegg frå Edgeir Vårdal frå Tibber i Førde, blei dessverre avlyst. Det blei demed litt ekstra tid til å mingle over god tapasretter laga av Aroma Café.

Vi håpar at du blir med på neste samling. Meld deg på vårt nyhendebrev, så sørger vi for at du får beskjed når neste samling skal skje!