Har du ein idé?

Har du ein forretningsidé og ynskjer å starte di eiga bedrift?
Har du vilje og moglegheit til utvikling og vekst?
Ynskjer du råd og rettleiing til korleis du bør gå fram?

Svarer du ja på desse spørsmåla er du på rett plass.

Aksello jobbar nemleg for å styrke gründermiljøet og næringslivet i Sogn og Fjordane, og har eit breitt nettverk og solid kompetanse innan oppstart, vidareutvikling og finansiering av eiga bedrift.

Vårt mål er å gi din idé det beste grunnlaget som du treng for å lukkast. Hos oss får du kontorplass, eit godt miljø og nettverk som du kan vere ein del av, og viktig rådgjeving undervegs.

Vi vil gjerne hjelpe deg med å realisere dine draumar – uavhengig av bransje og visjon. Ta kontakt for ein gratis og uforpliktande samtale med ein av våre dyktige rådgjevarar.

Kontakt oss om din idé