Har du ein idé?

Finansering | Aksello

Leif A. Stavøstrand med bedrifta Evoy AS hos Aksello.

  • Har du ein unik forretningsidé du vil utvikle?
  • Ynskjer du å starte di eiga verksemd?
  • Ynskjer du råd og rettleiing til korleis du bør gå fram?
  • Trenger du tips til korleis få midlar til å starte opp?

Svarer du ja på desse spørsmåla, er du på rett plass.

Aksello tilbyr etablerarar følgjande:

  • Rettleiing og bistand i vurdering av din idé
  • Veiledning i etableringsfasen til mellom anna marknadskartlegging, forretningsplan, kurs og finansiering
  • Kontorplass for gründerar og etablerarar – i eit opent landskap
  • Kontaktskaping og nettverk

Kva er Aksello?

Flora og Vågsøy kommune (Kinn) nyttar Aksello i sitt arbeid med næringsutvikling for deg som vil starte for deg sjølv og for eksisterande bedrifter som ønskjer vekst og utvikling. Vi kan møte deg både i Florø og Måløy. Gratis kontorplass og rettleiing er tilgjengeleg ei oppstartsfase i inntil 3 månadar.

Du bør som gründer vere førebudd på å jobbe mykje for å nå målet ditt. Aksello ønskjer å bidra til at du og din idé lukkast og at vi saman lukkast med auka vekst langs kysten.

Ta kontakt med oss om du har ein idé

Ver klar til samtale med rettleiaren

TENK GJENNOM:

1. Kva er ideen din?
Prøv å formulere idéen i ein kort setning.

2. Kven er målgruppa?
Tenk over kva behov målgruppa har, og korleis du vil løyse det.

3. Kva kunnskap har du?
Lag ei  liste over utdanning, kurs, erfaring eller tidlegare jobbar.

4. Kva er avgjerande?
Lag ei liste over kva som er mest viktig for realisering av idéen i den fasen du er i no (kurs, nettverk, finansiering).

Følg Aksello på Facebook