Slik lykkast du i inkubatoren

Inkubatoren: F.v inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello og prosjektleiar Stein-Asle Øvrebotn frå inkubatorbedrifta Vestnes Land.  

 

Vi har tidlegare skrive om inkubatorbedrifta Vestnes Land som tek store steg i inkubatoren til Aksello. Dei har mellom anna sikra seg viktig finansielle støtte frå Innovasjon Norge, PetroFlora og Skattefunn. I tillegg har dei også funne gode samarbeidspartnarar, både i Aksello og pilotkundane Ahlsell og Shipadmin. Prosjektleiar for Vestnes Land, Stein-Asle Øvrebotn, deler gjerne frå deira erfaring så langt, og har saman med oss laga ei liste med gode råd til korleis di bedrift kan lykkast i inkubatoren.

 

1. Bruk kompetansen til rådgjevarane

Aksello har dyktige rådgjevarar som kan hjelpe deg å utvikle forretningsideen og konseptet ditt. I inkubatoren kjem vi med innspel til søknader og utfordrar deg til det betre. Som inkubatorbedrift får ein eit visst tal timar rådgjeving i månaden og det er viktig å nytte seg av desse. Vi kan også kople på andre viktige ressursar og mentorer i nettverket vårt. Ut i frå eiga erfaring ser vi at dei som har ein tett dialog og eit nært samarbeid med oss, har betre framdrift og kjem raskare i mål med sin idé.

– Som ein del av inkubatoren får vi verdifull rådgjeving på dei områda der vi sjølv har lite kompetanse og det styrker framdrifta til prosjektet. På eit tidleg stadium fekk vi mellom anna hjelp til å gjennomføre ei strategisk analyse av selskapet for å skape eit best mogleg grunnlag for prosjektet. Fundamentet vi la tok vi med oss inn i eit oppstartsmøte med inkubatoren og Innovasjon Norge for å kartlegge moglegheitene vidare, og vi fekk hjelp til å sette i gang for- og hovudprosjekt gjennom deira støtteordning, fortel Øvrebotn.

 

2. Få hjelp til finansiering  

Rådgjevarane i inkubatoren har ei god oversikt over ulike finansieringskjelder og kan komme med innspel om kva finansieringsordningar som passer ditt prosjekt. Ein kan mellom anna søke via Kommunalt næringsfond, Innovasjon Norge, Sparebanken Vest sitt næringsfond, Forskningsrådet, Skattefunn og PetroFlora. I tillegg til desse ordningane kan de også sende søknad til Aksello om finansiering til kurs, juridiske tenester og ekstern rådgjeving.

– Det er ofte krevjande tidsmessig og økonomisk å utvikle noko som ein ikkje veit 100% fasiten på. Med hjelp frå inkubatoren har vi fått støtte frå Innovasjon Norge, PetroFlora og Skattefunn som har vore avgjerande for oss då det har gitt oss den økonomiske avlastinga som vi treng for å ta oss tid til å jobbe mot målet vårt. Å jobbe med nyskaping krev mange ressursar, både tid og pengar, seier Øvrebotn.

 

3. Bygg eit godt team

Eit dyktig team er alfa og omega for å realisere idéen din. I inkubatoren kan vi hjelpe deg med å bygge eit godt team rundt selskapet ditt og definere kompetansen som du treng for å vidareutvikle prosjektet.

– Få inn folk som er flinke til det du ikkje er flink til, er rådet frå Øvrebotn.

– Vestnes Land har mange dyktige tilsette som er med på å sette idéane våre ut i livet, men vi trengte også å få inn folk som var gode på Software utvikling. Det å kople på andre med den kunnskapen som vi ikkje hadde sjølv har styrka både teamet og prosjektet, slår han fast.

 

4. Kom deg vekk i frå distraksjonar og inn i kontorfellesskapet

Hos Aksello får du tilgang til eit kontorfellesskap der du kan lage gode rutinar rundt verksemda di. Dei som har vore i “spelet” ei stund, veit at det fort kan bli einsamt å jobbe som gründer, men gjennom å delta i eit fellesskap møter du andre som er i same båt. Rådgjevarane sit også vegg i vegg, slik at vegen til gode råd er kort. Her får du tilgang til alt du treng for å drive di bedrift: kontor, møteromfasilitetar o.l. Om du høyrer til etablert næringsliv, kan kontorfellesskapet også vere eit nødvendig opphald frå dagleg drift, kor forretningsutvikling står i fokus.

– Det er viktig for ein prosjektleiar å ha spelerom og fokus på prosjektet utan forstyrringar frå daglege gjeremål. Utan eit slikt skilje kan innsatsen fort bli halvhjerta, og resultata deretter. Det er også godt å kunne samle all aktivitet og møter som vedgår prosjektet i miljøet her hos Aksello.

 

5. Snakk med andre gründerar

Uavhengig av kva idé eller produkt ein jobbar med vil ein som gründer gå igjennom mange av dei same fasane og prosessane, og møte på liknande utfordringar som andre gründerar. Snakk med kvarandre, del viktige erfaringar og gi kvarandre råd på vegen. To hovud tenkjer betre enn eitt. Hos oss har vi ein kultur for å dele slik at vi kan hjelpe kvarandre å lykkast. Øvrebotn beskriv det slik:

– Her har vi eit miljø der vi kan snakke om alt frå iskrem til stål. Vi delar felles utfordringar og erfaringar, og hjelper kvarandre på veg. Det er ein vinn-vinn for alle.

 

6. Ta del i nettverket vårt

Vi kan ikkje få sagt nok kor viktig det er å ta del i nettverket som vi har i og rundt miljøet vårt. Gjennom tett dialog med andre inkubatorbedrifter, ulike prosjekter og etablert næringsliv, kan ein få kontakt med potensielle interessentar og samarbeidspartnarar. Nettverket vårt blir ein del av nettverket ditt der du kan møte samarbeidsbedrifter, leverandørar, industrielle aktørar og eigarar. Vi kan også kople andre viktige ressursar og mentorer frå nettverket vårt på ditt prosjekt.

To gonger i året arrangerer vi inkubatorsamling for å samle miljøet og motivere gründerane og bedriftene til å tenke nytt. Vi held også eit månadleg frukostmøte med inspirerande innlegg der ein kan lære av kvarandre og mingle med andre gründerar, inkubatorbedrifter og næringslivet. 

– Å delta i eit levande gründermiljø gjer idéen og prosjektet meir synleg. Gjennom presentasjonar i Inkubator fekk vi fanga merksemda til blant anna PetroFlora. I vårt tilfelle gjorde dette det enklare for oss å få innpass hos deira samarbeidspartnarar. Dette har gitt oss tilgang til eit testmiljø hos Statoil Subsea Florø der vi får ta del i det proffe miljøet dei har der, forklarar Øvrebotn.

 

7. Delta på kurs

Om du treng påfyll av eigen kunnskap kan du også delta på kurs. Gjennom kurs som vi tilbyr kan du tileigne deg ny og relevant kunnskap som kan styrke bedrifta di. Inkubatoren kan på førespurnad setje opp eigne kurs, eller finansiere eksterne kurs, ut i frå gründer og etablerte bedrifter sitt behov. Vil du til dømes vite meir om rekneskap, presentasjonsteknikk eller ta eit kurs i styring og leiing? Vi er opne for å finansiere og sette opp kurs etter behov til ei kvar tid.

Vi tilrår nye gründerar å delta på Etableraropplæring i Sogn og Fjordane, i regi av Fylkeskommunen. På nettsida til Driftig, som er ein informasjonskanal for gründerar, ideskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane, kan du også finne oversikt over ulike temakurs.

 

8. Gi av deg sjølv

Vi kan hjelpe deg med mykje, men om du vil lykkast så krev det også mykje frå deg som gründer og nyskapar. Du må vere ein pådrivar.

– Støtteapparatet vi har fått gjennom Aksello har opna mange dører, men du må også gi av deg sjølv, då får du mykje tilbake, fortel Øvrebotn og legg til:

– Du må tørre å utfordre deg sjølv og ikkje vere redd for å bli avvist. Denne innstillinga, og litt tilfeldigheitar, gav oss full utteljing då vi deltok på Nor-shipping på Lillestrøm. Det var ingen heis der, så då måtte eg improvisere og ta ein pølsekø-pitch i staden for med leiaren i Ahlsell. Det var ikkje berre berre å få ned den store mårpølsa samstundes som eg skulle formidle idéen vår, men kjemien var god og han fall for idéen: Safe Control Cabinet. I dag er Ahlsell blant dei viktigaste samarbeidspartnerane våre som er med på å løfte prosjektet vidare.

 

 9. Tør å satse

Det siste rådet han kjem med er å tore, og her er han klokkeklar:

– Ein må tore å satse, også i dårlege periodar. Vi hadde aldri vore der vi er i dag om ikkje arbeidsgjevaren min hadde våga å satse på noko nytt trass nedgangstider. Det er eg stolt av, og eg vil gjerne gi han (red. anm. Odd Bjørnset) kreditt for det. Ein må også tore å satse på eit tidleg stadium slik at ein kan utfordre idéen sin til det betre så tidleg som mogleg.

 

Vil du ta steget ut og satse på din idé?

Ta kontakt!

Inkubatorleder Vanja Viken - Aksello AS.

 

Vanja Viken
Inkubatorleiar

+47 41 57 03 06

vanja@aksello.no

Inkubator i Sogn og Fjordane

Aksello og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane samarbeider om å få fram dei nye og spennande idéane i fylket. Vi hjelper både nystarta og etablerte bedrifter. Les meir på www.driftig.no/inkubator.