Samandrag frå Frukostmøtet 8. juni

– Vi har hatt eit veldig godt og tett samarbeid med Aksello, ein verdifull mellommann mot næringslivet. Dette er, med andre ord, ikkje for å betale for frukosten, spøka Arild Sandvoll, regionsdirektør i Sparebanken Vest, då han gav Aksello ein sjekk på 100.000 kroner.  

– Vi er veldig glad for at de støtter arbeidet vi gjer, sa møteleiar Arne Olsen, og takka på vegne av alle i Aksello.

Det var ein god start på frukostsamlinga for juni. Dei ca. 65 frammøtte fekk eit litt lengre program enn vanleg, med fleire svært gode presentasjonar. Nedanfor følger eit samandrag, forhåpentlegvis til glede for dei som ikkje hadde høve til å delta.

Ei forteljing om annleis-fylket

Kva gjorde at Norge gjekk frå å vere eit fattig land til eit av dei rikaste? Var det sosialdemokratiet, planøkonomien, proteksjonismen, eller var det petroleum? Og kvifor er det slik at Sogn og Fjordane har utvikla seg motstraums med andre fylker? Kva er myter og kva er fakta?

Dette var nokre av spørsmåla Ola Honningdal Grytten svara på då han tok oss med på ei spennande reise tilbake i tid og teikna eit bilete av eit land som var fattig, men med eit folk som var tilfreds, sunne og smarte. Professoren ved institutt for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøgskule fortalte om levestandard, velstand og utvikling i landet generelt, og fylket spesielt.

Grytten oppsummerte Sogn og Fjordane som eit område med eit svært stabilt næringsliv, låg arbeidsløyse, lite påverkeleg av økonomiske endringar, og i lag med Sunnmøre, busett av dei mest tilfredse folka i verda.

– Fylket tok ikkje like mykje del i olje-eventyret som resten av Vestlandet. Innanfor fiskeri har enkelte områder, som Måløy, vært svært aktive, mens fylket som heilheit har forbløffande lite fiskeriaktivitet. Jordbruket derimot, har vært veldig stort, og er viktig. Derfor har Sogn og Fjordane vært eit lokomotiv som berre har gått, medan resten av Vestlandet har vore meir ømfintleg.

Professor Ola Grytten.

Industri er også viktig, men veldig konsentrert om enkelte kommunar i fylket. Ein del områder har blitt sittande fast i tungindustri som ikkje har vore dei mest lønnsame, og ein ligg etter i anna næring, som t.d. design. Det kan være at ein ikkje har kultur for det, eller at det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg kompetanse, men det er eit område ein kan bli betre på.

– Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Eit trekk for fylket som Grytten peika på, og som var tatt opp igjen under presentasjonen av Vestlandsindeksen, er relative lite entreprenørskap og nyskaping.

Vestlandsindeksen

Sparebanken Vest spør kvart kvartal 700 bedrifter om deira forventningar, og basert på deira tilbakemeldingar lagar dei den såkalla Vestlandsindeksen, som dei denne gongen la fram på Frukostsamlinga.

Konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Ragnhild Fresvik, presenterte tala og gav oss eit innblikk i korleis det har vore å vere annleis-fylket i annleis-landet – gjennom ei utruleg tøff krise – og korleis det ser ut framover med våre styrker og sårbarheiter.

– Den vekstmuskelen som oljenæringa har representert for oss, sjølv om det no ser veldig mykje lysare ut, kjem vi her i regionen aldri til å få tilbake. Vi er heilt avhengige av å få opp bedriftsinvesteringar i andre næringar, konstaterte ho.

Sjølv om vi er notoriske optimistar her på vestlandet, kunne Fresvik informere om ein tendens til å ha høgare forventningar enn det resultata viste.

– Mange forventar at vi i framtida skal leve av fiskeri og havbruk, samt fornybar energi, men om ein ser på tala ser ein at desse næringane førebels utgjer svært lite i samanlikning med olje og gass. Investeringane innanfor olje og gass er på veg tilbake, men dei er på langt nær like høge som dei var.

Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bredriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Det som blir avgjerande framover, er nyskaping. Fresvik trakk fram Aksello som eit godt døme på aktørar som får ei viktig rolle i arbeidet med å auke innovasjonsevna og få opp bedriftsinvesteringar og nyetableringar i alle sektorar i tida framover.

– Ein tredjedel av jobbskaping kjem frå nyetableringar og ein tredjedel kjem frå vekstbedrifter, så vi er avhengige av tilvekst frå små og mellomstore bedrifter for å redusere sårbarheita i sysselsettinga vår framover.

– Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Med det oppmoda Fresvik dei til stades å motbevise professor Grytten, og at vi framover klarar å få til ei auke i entreprenørskap.

–  Vi er avhengig av at nye bedrifter veks fram i Sogn og Fjordane!

Les Firdaposten sin sak om Vestlandsindeksen her:

– Fint med vekst i oljesektoren, men det er ikkje nødvendigvis godt for Sogn og Fjordane

Global Fish grip moglegheitane

Jan Otto Hoddevik i Global Fish haldt deretter eit engasjert innlegg om pelagisk fiskeri-næring generelt og verksemdas pågåande utbygging i Gunhildvågen spesielt.

Han fortalde om historia til firmaet, om kva dei gjorde annleis då dei starta opp, og delte ambisiøse planar om høg produksjon og mange tilsette i Florø.

– Vi var særdeles marknadsorienterte når vi starta. Vi var det første selskapet som hadde illustrerte kasser. Før det var alle makrell-kassene brune og det var ingen forskjell i marknaden om det heite Domstein eller noko anna. Vi brukte nesten alt vi tente første året på ei marknadsføringskampanje for selskapet, og satsa på kvalitet framfor volum. Det gjorde at vi kom inn på den japanske marknaden.

Ti år seinare selde dei selskapet for 325 millionar kroner.

– Det visar kva som var mogleg på den tida, sa Hoddevik, og fortalde om russiske båtar lasta med skoesker fulle av dollar for å kjøpe fisk.

Jan Otto Hoddevik leverte ein engasjert presentasjon om historia til Global Fish, og om satsinga deira i Florø i tida som kjem.

I 2013 starta brødrene Hoddevik opp Global Fish for tredje gong, og fekk leid seg eit anlegg i Egersund. Der planla dei inntil nyleg eit nytt anlegg som no ikkje blir noko av. I staden har dei kjøpt Pelagia sitt anlegg i Florø.

– Anlegget kjenner vi godt, men det vil bli sterkt oppgradert. Vi må ha kapasitet til å ta imot store utanlandske fartøy med opptil 2000 tonn i ei last. Det må vi kunne ta unna på maks to dagar.

Hoddevik ser for seg at dei kjem til å ha 50-60 tilsette i sesong, ei omsetning på 600 millionar og ein størrelsesorden på mellom 65- og 70.000 tonn.

Avslutningsvis understreka Hoddevik viktigheita av rammevilkåra dei får frå styresmaktene. Ein ting er auka proteksjonisme frå andre land, som reduserer moglegheitene for ein stor eksportør som Global Fish. Ein anna er dei lokale tilhøva, som i Florø gjeld spesielt to ting: Nærleiken til containerhavna i Florø, som hvis den blir flytta til Fjord Base vil medføre sterk auke i trailertrafikken gjennom byen; og prisen på vatn, som Global vil bruke mykje av i sin produksjon.

Avsluttande kommentar frå Flora Industri og Næringsforening

Vi som driver små bedrifter er avhengig av at der er nokre lokomotiv som går. Og ikkje berre eit. Det er klart at olje er det største, og vil være det i lang tid framover, men samtidig må ein utvikle oppdrett og fiskerinæringane, samt metall og fornybar energi

– Gustav Johan Nydal, nyvald leiar i Flora Industri og Næringsforening.

Han trakk fram Global Fish som eit fantastisk eksempel på viktig satsing innanfor fiskerinæringa i Florø.

– Det er viktig for Florø at vi har ei levande fiskerinæring. Global Fish er eit firma som ser moglegheita og klara å gripe dei, være fleksibel og følgje marknaden.

Les meir frå presentasjonen til Hoddevik i Firdaposten her: – Ikkje flytt containerhamna austover

Frå v. Arne Olsen, Gustav Johan Nydal, Ragnhild Fresvik, Jan Otto Hoddevik og Lone Bareksten.