Arbeidssøkjande og heile 34 bedrifter frå det lokale næringslivet møttes fredag til rekrutteringstreff og nettverking på Haavebua i Florø.

Nytt av året var samarbeidet mellom Aksello og Måløy Vekst. Åtte bedrifter frå Måløy samt eit dusin arbeidssøkjande hadde tatt vegen til Florø. Sjølv om ikkje alle hadde ledig stillingar i den umiddelbare framtid, var det å vere tilstades på eit slikt arrangement viktig for mange.

– Vi er her for å representerer oss, men behovet for arbeidskraft kan fort dukke opp. Då må vi være klar, understreka Svein Skibenes i Fjord Shipping.

Trio frå Måløy: Svein Skibenes, Jannicke Nydal og Knut Eltvik.

Skibenes var ein av dei frå Måløy som hadde stands på rekrutteringstreffet. Blant dei andre var paraply-organisasjonen Måløy Maritime Group, som representerer 17 bedrifter i Vågsøy. Deira utsendte, Laetitia Rosing, kunne mellom anna fortelje om at dei søkte etter fagarbeidarar, salgsmedarbeider og elektroingeniør, samt ein kontrollør til oppdrettsanlegg.

Under radaren

Gjert Myrestrand var ein av dei som nytta seg av tilbodet om gratis båt frå Måløy. Han jobbar i eit vikariat og ynskjer seg ei fast stilling innan økonomi og sal, eller eit skjeringspunkt i mellom dei to. Han ser ikkje på det som noko problem å flytte på seg, skulle ein god moglegheit vise seg.

Eg trur ein del jobbar går folk hus forbi. Mykje går under radaren og det er ikkje alt som dukkar opp i kanalar som for eksempel Finn.no. Difor tenker eg at det er viktig å vere med på slike arrangement.

– Gjert Myrestrand

– Og ikkje minst er det viktig å snakke med folk og bygge nettverk. Gjerne også med bedrifter ein ikkje nødvendigvis trur ein kan få jobb hos. Og det er klart at om ein triveleg jobb skulle bli tilgjengeleg kunne eg busett meg her.

Gjert Myrestrand i samtale med banksjef Ole Aukland frå Sparebanken Sogn og Fjordane

To blir til ein

Det var servering av tapas. I tillegg vart to heldige vinnarar av festivalpass til Våt Moro 2018 trekt ut. Prosjektrådmann i Kinn Kommune,Terje Heggheim, kalte rekrutteringstreffet ei viktig samling då han oppsummerte messa.

– Den rare kommunen, Kinn, som ikkje henger i hop og som viker unna frå normalen. Det er jo glimrande, sa han og understreka at saman er vi er nøydd å tenke nytt, og at kontakten med næringslivet blir heilt avgjerande. Heggheim kunne informere om at fire stillingar vil bli lyst ut på hausten.

 

Tidleg ute

Amalie Blålid Kvalheim bur i Måløy medan ho skriv master i «International Business». Den skal vere ferdig i september, og ho ser seg difor om etter arbeid.

Amalie Blålid Kvalheim

Motta nyhendebrev frå Aksello

Registrér deg no for å motta dei siste nyheitene om entreprenørskap og næringsliv frå Aksello.

– Det var mange bedrifter her eg ikkje kjente til eller visste var i området. Det er veldig greit å vite at ein har fleire moglegheita, seier ho, og legg til:

– Helst vil eg bu i heimbygda, med det er fint å bli kjend med næringslivet begge stader. Og det var veldig greit at det var satt opp gratis båt.

 

I lag med Måløy Vekst

– Rekrutteringstreffet gjekk bra og vi fekk mange positive tilbakemeldingar frå deltakarar og bedrifter som var på stand. Det var spesielt kjekt å samarbeide med Måløy Vekst for å vise fram kva moglegheiter som finst i framtidige Kinn Kommune, seier Trine Vederhus, trainee hos Aksello, og held fram:

– Grunnen til at vi arrangerer slike treff er for at arbeidssøkjande skal få treffe næringslivet og sjå kva jobbmoglegheiter som finst i området. Det er også viktig for at næringslivet skal samlast for å knytte betre kontakt, spesielt denne gong med tanke på å samle bedrifter frå Vågsøy og Flora Kommune, avsluttar Vederhus.

Godt nøgd Aksello-gjeng: Heidi Felle, Lone Bareksten, Arne Olsen og Trine Vederhus.