Kommunalt næringsfond

Kommunalt næringsfond i Flora kommune er ei lokal tilskotsordning som skal støtte prosjekt og forretningsidéar som ikkje fell under anna offentleg stønadsyting. Målgruppa inkluderer både nyetableringar og etablert næringsliv.

Tilskot er kan være av følgande typar:

Investeringstilskot

Investeringar i bygg, utstyr og maskinar. Det vert ikkje gitt tilskot til oppføring av bygg.

Bedriftsutviklingstilskot

Typiske områder er marknadsarbeid, produktutvikling, planlegging, konsulenttenester, opplæring og kompetanseheving.

Kunnskapsretta infrastruktur

Regionale samarbeid, samarbeid skule/næringsliv, lokale analysar/utgreiingar, prosjekt og tiltak som kjem til nytte for næringslivet i kommunen og regionen.

 

Avgrensingar

Investeringstilskot: Maks samla kapitalbehov kr 500 000.

Bedriftsutviklingstilskot: Maks samla kapitalbehov kr 200 000.

 

Søknadar sendast direkte via www.regionalforvaltning.no. Ta gjerne kontakt med oss i forkant, slik at vi kan rettleie og rådgje for å sikre ein effektiv prosess. Vi rådgjer og i høve søknadar mot Innovasjon Norge sine ordningar.