For deg som vil vekse raskt.

I inkubatoren får lokale gründerar og etablerte bedrifter i Sogn og Fjordane tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.

Som inkubatorbedrift hos oss står du ikkje aleine. Vi tenker nytt saman med deg, og er med deg heile vegen frå idé til kommersialisering.

Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.

Målet er å gjere bedriftsutviklinga så effektiv og solid som mogleg, slik at bedrifta di overlever der ute i den store verda.  

Vi gir deg alt du treng for å realisere din idé.

  • Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø
  • Moderne kontorfasilitetar der idéen og prosjektet ditt får rom til å vekse
  • Kunnskapsrike rådgjevarar som gir deg avgjerande rettleiing innan forretningsutvikling og immaterielt rettsvern
  • Hjelp til å navigere papirmølla og søke om finansielle støtteordningar
  • Ny kunnskap og fagleg påfyll gjennom interessante samlingar, workshops og kurs
  • Tilgang til eit breitt nettverk av gode samarbeidspartnarar, dyktige mentorer og potensielle investorar

Skyt fart på idéen din, og bli med oss inn i ei spennande framtid.   

Aksello samarbeider med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane om eit felles inkubatortilbod i fylket. Har du spørsmål? Ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken på e-post vanja@aksello.no eller telefon 415 70 306.

Vanja Viken

Inkubatorleiar
Aksello AS
Mobil: +47 41 57 03 06
Epost: vanja@aksello.no

Her kan du laste ned standardvilkår for inkubasjon

Ein del av SIVA sitt program

Aksello er ein del av SIVA sitt inkubatornettverk. SIVA utviklar sterke nyskapingsmiljø i heile landet, og fremmar nyskaping og vekst i nye og etablerte verksemder. SIVA arbeider gjennom eit nettverk av verdiskapingsmiljø frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord. Dette innovasjonsnettverket består av næringshagar, inkubatorar, forskingsparkar og kunnskapsparkar. SIVA koplar disse miljøa saman i regionale, nasjonale og internasjonale nettverk. Inkubatoren i Florø er ein av 35 inkubatorar i Norge. Sjå meir på SIVA si heimeside. (legg inn lenke til: http://effekten.siva.no/)

© Kopirett - Aksello.no | Powered by Flybird