Skip to content Skip to footer

Idéen kjem ikkje alltid først

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Dette kan vere starten på dykkar draum og dykkar eigne prosjekt. Det seier Sam Holst til alle dei frammøtte på Aksello si første gründersamling for innvandrarar.

Han var ein av deltakarane som var med pilotprosjektet etablerarkurs for innvandrar i fjor. Etter at kurset fekk fornya støtte frå Integrering- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) inviterte Aksello, saman med Innvandrarsenteret, til gründersamling for å informere om kurset som startar hos oss til hausten.

– Saman med Innvandrarsenteret ynskjer vi å stimulere innvandrarar til å starte eiga bedrift og vi håper at dette kurset kan hjelpe dykk i gang, seier Heidi Felle, rådgjevar for Aksello.

Ho starta samlinga med å fortelje om gründermiljøet til Aksello og korleis vi arbeider for å hjelpe gründerar og nye bedrifter. Viktige stikkord ein kunne ta med seg var rådgjeving, gratis kontorplass i inntil tre månader, nettverk og finansiering. Felle informerte også om støtteordninga Kommunalt Næringsfond som prioriterer målgruppene unge under 35 år, kvinner og innvandrarar.

ENKLARE OG TRYGGARE

At det er mykje å tenkje på når ein er gründer, til og med for oss som er norske og som har vakse opp i det norske byråkratiet, kunne lærar Allan Madsen dele frå si eiga erfaring. Madsen jobba tidlegare som rådgjevar hos Aksello og blei inspirert til å starte sitt eige selskap.

– Til og med for meg som er norsk var det vanskelig å henge med i alt ein må fylle inn og levere av papir og dokumentasjon. Dette kurset skal gjere det enklare og tryggare for dykk som vil starte eiga bedrift i Norge.

Norske lover og regler er blant tema på kurset, i tillegg til forretningsutvikling, strategi, marknadsføring og ulike verktøy og ressursar som er gode å ha som gründer. Deltakarane vil også lære seg å lage ein forretningsplan, og kan sjølv komme med innspel til innhald dersom det er tema ein saknar eller spørsmål som dukkar opp undervegs.

– Mange spør om dei må ha ein idé for å delta, men det må dykk ikkje, forsikrar Madsen og held fram:

–  Mange av dykk har til dømes erfaring eller kompetanse frå tidlegare som de kan byggje vidare på. [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”5614″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”5617″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

STARTEN PÅ NOKO NYTT

Holst som var med på fjorårets kurs gjer nettopp dette. Då han flytta frå Syria til Norge hadde han ein bachelor i engelsk, og på Innvandrarsenteret har han ofte fylt skoa som tolk. No ynskjer han å starte si eiga tolketeneste, men han har ein lang veg å gå. Denne sommaren flyttar han til Tromsø for å studere master i engelsk lingvistikk og han må bestå autorisasjonsprøva for å bli statsautorisert tolk.

– Det vil nok ta fem til seks år før eg er i mål med eige selskap, men dette er draumen min og eg er veldig tålmodig med språk fordi det interesserer meg sånn, seier han optimistisk.

Holst fortel at han lærte mykje under kurset som vil hjelpe han når han er ferdig utdanna og klar til å starte tolketenesta.

Eg kan verkeleg anbefale kurset og håpar at alle som er her vil vere med. De har alle kompetanse og erfaringar som de kan ta med dykk inn i kurset som kan vere starten på dykkar draum og dykkar eigne prosjekt.

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5615″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

Å VERE SIN EIGEN SJEF

– Dette var ei veldig god første gründersamling for innvandrarar hos Aksello, seier Felle og fortel at fleire av dei som var med på samlinga allereie meldte seg på haustens etablererkurs same kvelden.

 – Vi har fått veldig positiv tilbakemelding frå dei som deltok. Dei seier at dei set pris på moglegheiten til å få delta på kurset, og hjelpa dei kan få gjennom støtteapparatet til Aksello.

Ein av dei er Ali Akbari frå Afghanistan som har budd i Norge sidan 2009. Han er faglært røyrleggjar og jobbar til dagleg hos Florø Rør. At han også planlegg å gå nettbasert teknisk fagskule til hausten, ved sidan av jobb, stoppar han ikkje frå å leggje etablerarkurset til timeplanen sin.

– Eg vil utdanne meg til å bli fagingeniør og starte mi eige bedrift, seier han bestemt.

Ved spørsmål om kvifor han ynskjer å starte eiga bedrift, kjem svaret kjapt og med eit lurt smil.  

– Eg vil vere min eigen sjef. [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5618″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

IDÉANE KJEM ETTER KVART

Adala Seid frå Eritrea har berre vore i Norge i eitt år, men har allereie god kustus på språket. Han fortel at han studerte farmasi i heimlandet, og til hausten planlegg han å ta studiespesialisering på vidaregåande slik at han kan starte opp igjen med studiet i Norge. Å starte eiga bedrift er også noko han gjerne vil.

– Eg har ingen idé enno, men vil gjerne lære meg kva som må til for å starte for seg sjølv, seier Seid.

Idéane kjem etter kvart skal du sjå, smiler Iranganei Kudugala frå Sri Lanka.

Ho er på samlinga saman med venninna si Namphet Wongcharat frå Thailand. Dei ynskjer begge å vere med på kurset som startar til hausten.

Etter åtte år i Norge har ho gjort seg mange tankar om kva ho saknar og kunne tenkje seg å starte opp av nye bedrifter. Til dømes eit selskap som er spesialiserte på vindaugsvask.

– Då eg budde i Hellas jobba eg for eit reingjeringsselskap som vaska vindauge. Eg kunne gjerne tenkje meg å starte ei slik bedrift eller ei syforretning der ein kan komme inn å få gjort om eller fiksa kleda sine, seier ho engasjert og legg til:

– Det er jo ikkje alle som er så opptatt av å kjøpe nytt heile tida og ein kan både reparere og jobbe med redesign.

Wongcharat, har som Seid, ikkje ein klar idé om kva type bedrift ho kunne tenkje seg å starte, men etter to år i Norge ynskjer ho å finne seg ein jobb.

– Det er veldig vanskelig å finne seg ein jobb her. Spesielt sidan eg framleis treng å bli betre i norsk. Men eg har veldig lyst til å lære så mykje som eg berre kan, og eg gler meg til å delta på kurset, fortel ho. [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”5619″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Har du lyst til å delta på kurset eller kjenner du kanskje nokon som bør vere med? Tips dei gjerne!

Etablerarkurset for innvandrarar er opent for alle med innvandrarbakgrunn busatt i Flora kommune uansett kor lenge du har budd i Norge. Kurset er eit samarbeid mellom Aksello og Innvandrarsenteret og vert arrangert i lokala til Aksello to kveldar i veka frå september til desember 2018.

Ta kontakt med Eskil Hanssønn Krogstad hos Innvandrarsenteret i Florø på telefon 41 53 49 69 om du ynskjer å melde deg på eller om du har spørsmål.

Frist for påmelding er 31. august. [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_gallery type=”image_grid” images=”5614,5617,5623,5616,5611,5622,5621,5615,5618,5619″][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet