Historia bak Aksello AS

Selskapet

Selskapet Sunnfjord 2020 Prosjekt AS vart skipa i 2003. Dette blei gjort av Flora kommune,
i regi av KF Hamn og Næring saman med Flora Industri og Næringsforening.

Våren 2004 vart selskapet Flora Næringshage AS skipa. Flora kommune fekk status som
omstillingskommune frå 2004 og hausten 2004 vart det inngått samarbeidsavtale
mellom Sunnfjord 2020 og Flora Næringshage. Begge selskapa var sentrale aktørar
i omstillingsarbeidet i Flora kommune. Samarbeidet innebar mellom anna ein
felles administrasjon og leiing av selskapa. Dette bidrog til at
omstillingsarbeidet kunne gjerast på ein effektiv og målretta måte.

Flora Næringshage var frå 2007 etablert på 3 ulike stadar i Florø. I tillegg til at
ein var etablert med kontor i Hestenesgata og i Strandgata i Florø sentrum var
ein etablert med ein marin Næringshage på Trolleskjeret. I 2008 kjøpte Flora
Næringshage aksjane i Sunnfjord 2020. Frå
2010 var all aktivitet i selskapa samla med felles kontor og adresse i
Hestenesgata i Florø.

I 2010 søkte prosjektet Maritimt Senter om inkubatorprogrammet gjennom Siva, då kalla verftspakken. Dette resulterte i at det vart gjort ein emisjon der nye industrielle eigarar kom inn på eigarsida i selskapet. Etter emisjonen, ved utgangen av 2010 vart namnet endra til Fram Flora AS og selskapet administrerte verftspakken i form av ein industriinkubator i tillegg til å vere Flora Kommune sitt næringsapparat. Industriinkubatorprogrammet var avgrensa til perioden 2010-2015, og Fram Flora fungerte som lokal førstelinjeteneste og regional inkubator. I denne perioden flytta også selskapet inn i nye lokaler i Magnus Thingnesgate 1 i Florø.

I 2016 søkte Fram Flora om ny deltaking i Siva sitt inkubatorprogram. Samstundes har selskapet arbeidd mot nye strategiske løysingar for å kunne utvikle eit aktuelt næringsselskap med eit breiare samarbeid og større strategisk nedslagsfelt. Siva gav Fram Flora ny periode som generell inkubator gjennom det nasjonale inkubatorprogrammet hausten 2016. Den nye tilliten frå Siva, i tillegg til lokale og regionale endringar, førte til at styret og eigarar vedtok fleire strategiske grep årsskiftet 2016/2017. Eit av desse var at selskapet endra namn frå 1. mars 2017. Det nye namnet på selskapet er Aksello AS.