Skip to content Skip to footer

Havbruksnæringa samla hos Aksello

Den 28. februar møtte eit 40-tals havbruksaktørar frå heile fylket til møte hos Aksello. Det følgjande er eit kort referat og ei lita oppdatering.

På agendaen stod Høgskulen på Vestlandet si havbrukssatsing, Fagskulen sine tilbod, status for det nye Måløy Marine Ressurssenter samt Aksello sitt Havbruksprosjekt.

Høgskulen var representert både ved Øyvind Østrem frå det lokale havteknologistudiet og Mohn-senteret i Bergen. Øyvind orienterte om Høgskulen si utviding frå reint petroleumsstudium (subsea/undervannsteknologi) til det nye havteknologi-studiet. Der kan studentane velje undervegs om dei vil fokusere på olje eller akvakultur (eller noko i mellom). Oppdrettsnæringa sette pris på at det blir fleire studieplassar innan havbruk, men understrekte at dette er eit teknologi-studium, og at teknologane ikkje må gløyme biologien.

Mohn-senteret, eit underbruk av Høgskulen, orienterte om KABIS-prosjektet (Kapasitetsløft for Berekraftig og Innovativ Sjømatproduksjon). Med tunge partnarar i næringa vil dei forsterke og målrette havbruksorientert forsking og høgare utdanning på Vestlandet, med særleg vekt på miljøvenlege oppdrettssystem. Førebels har dei fokus på Hordaland, men det vil være naturleg at dei også inkluderer Sogn og Fjordane i framtida.

Fagskulen ved Reidar Grønli kunne fortelje at dei no jobba mykje tettare med Høgskulen, og at studentane kan gå saumlaust frå Fagskulen og inn i havteknologistudiet.

Måløy Marine Ressurssenter (MMR) ved dagleg leiar Roger Bergset ga ein status på etableringa av senteret. Prosjektet er monaleg redusert sidan dei opprinnelege planane, men eigenkapitalen er no meir eller mindre i boks. Dei jobbar no med rekruttering av personell og den fysiske etableringa av senteret. Samarbeidsavtalar er også viktige, og dei legg mykje vekt på å bli kjent blant internasjonale partnarar. MMR ønsker velkommen lokale aktørar som brukarar av senteret, og spesielt når MMR om få år blir ein godkjent forskingsinstitusjon.

Til slutt var temaet det nye Havbruksprosjektet i regi av Aksello. Arne Olsen ga ein statusrapport, og orienterte m.a. om løyvingane frå Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune, som gjer at forprosjektet no kan starte. Mest kritisk no er rekruttering av prosjektleiar, der Aksello er i dialog med ein god søkarar. Det vart understreka av møtedeltakarane at kvaliteten på prosjektleiaren ville bli viktig, med god kompetanse og godt nettverk i næringa. Forprosjektet vil konkretisere dei tema som prosjektet skal fokusere på, og allereie i møtet kom det opp eitt: rekruttering til næringa. Dette er i dag ei utfordring, og noko som aktørane i næringa kan løyse betre i lag enn kvar for seg.

I møtet vart det satt ned ei prosjektgruppe som skal støtte prosjektleiaren. Gruppa har representantar frå oppdrettarane, lakseeksportørane, leverandørindustrien, fylkeskommunen og Høgskulen.

Oppdatering:

  • Etter møtet har det kome mange fleire forslag til tema som forprosjektet må ta inn: fellesprosjekt innan lukka oppdrett, samfunnsrekneskap for næringa, kompetansesenter for landbaserte anlegg o.a.
  • Rekruttering av prosjektleiar vil ta litt tid. Kandidaten vi hadde i kikkerten har valt å ikkje byte jobb. Aksello vil truleg lyse ut på nytt. Om nokon er interessert sjølv eller har forslag til kandidatar, er det berre å ta kontakt med lone@aksello.no.
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet