Frukostsamling torsdag 5. juli – Fjordkysten og nye inkubatorbedrifter

Frukostsamling Aksello

Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling torsdag den 5. juli, den siste før sommarferien. Innhaldet er ikkje heilt spikra enda, men merk datoen i kalenderen din.

Frukost vert som vanleg servert frå kl 07.30; presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Førebels er desse ingrediensane klare:

Kva skjer med Fjordkysten? Destinasjonsselskapet har vore gjennom ein endringsprosess, og vi er spente på å høyre kva Marita Solheim seier om satsingsområda framover.

I Aksello har vi nyleg hatt to vellukka «exits» frå inkubatoren vår (Vestnes Land og FjordPanel), og no har vi fylt på med to nye verksemder: Evoy AS v/Leif Stavøstrand og Bulandet Miljøfisk AS v/Ola Sveen. Dei kjem begge for å presenterer seg og sine forretningsidéar.

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen. Denne gongen kjem Jørgen Berg. Om du vil ha eit separat møte med Jørgen, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!