Oppsummering frå frukostmøte i mai

Sparebanken Sogn og Fjordane

Trond Teigene, administrerande direktør, frå Sparebanken Sogn & Fjordane hadde første presentasjon, og fortel kor viktig det er for dei å være tett på kundane, og det å ha kunnskap om bransjane. Dei ynskjer å følgje kundane heile vegen i næringsutviklinga.

Trond trekk fram tre punkt som står i fokus hos Sparebanken Sogn & Fjordane:

  1. Forsking, utvikling og utdanningssektoren. Spesielt viktig er samspelet mellom næringslivet og utdanningssektoren.
  2. Klynge og nettverk. Han legg vekt på kor viktig det er å tenkje større og breiare, ved å ha klynger på tvers av bransjar og geografi.
  3. Til slutt trekk han fram viktigheita i næringslivets evne til å rekruttere relevant arbeidskraft i framtida.

Ei framtid med kjekkare læring med Eduplaytion AS v/Kristoffer Hundershagen

Kristoffer Hundershagen, dagleg leiar og grunnleggjar av Eduplaytion AS kom på frukostmøte for å snakke om korleis dei skal gjere undervisning og læring kjekkare for elevane, ved hjelp av spelbasert læring. Han fortel at 25% av elevane ligg på nivå 1 når det kjem til blant anna matematikk. Eduplaytion vil gjere det enklare for elevane å relatere det dei skal lære til kva dei kan nytte det til seinare i livet. Målet er at elevane vil nytte seg av spelet frivillig, og at læringa kjem som ein bonus.

Suksessbedrifta Selstad AS får Måløy v/Hans Petter Selstad.

Selstad AS er ei familieeigd bedrift, og har vore i drift i over 60 år. Hans Petter Selstad, dagleg leiar i Selstad AS, trekk fram kor viktig det er å være innovativ, og at innovasjon skal ligge i ryggmargen hos Selstad AS. Han legg til at innovasjon ikkje treng å være noko heilt nytt, men også ei forbetring av allereie eksisterande produkt og teknikkar.

«Vi kjenner havet» seier Hans Petter. Med lang erfaring og god kunnskap er Selstad en internasjonal leverandør til maritime næringar.

Ordet Fritt

Øyvind Østrem var også i dag tilstande under frukostmøte hos Aksello, og under Ordet Fritt la han fram søkjartala for Høgskulen på Vestlandet. Han fortel at søkjartala på landsbasis er på veg ned, spesielt hos dei små studiestadane. Han ynskjer at næring og utdanning skal samarbeide mot eit felles mål: Rekruttering til fylket.

Under Ordet Fritt ytra Tomm Andreas Svae v/Dreamwork eit ynskje om at deltakarane på frukostmøte skal oppfordre nokon I nettverket sitt til å sjå på moglegheitene i å franchise for sandwichgiganten Subway, som skal opne ny restaurant på Amfi Florø.

Reidar Brandsberg i frå Folkeuniversitetet informerte om etterutdanning for vaksne og deira kurs i Prosjektleiing og samarbeidet med Maritim Forening.

 

Neste frukostmøte er torsdag 6. juni, og det vil som før være gratis for alle som ynskjer å delta.