FjordAlg under mikroskopet

Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”. I denne artikkelen er det FjordAlg AS og mikroalgar som er under mikroskopet.

FjordAlg AS

FjordAlg AS er blant dei nyaste inkubatorbedriftene til Aksello. Gabriel Ossenkamp er gründeren bak bedrifta, og han er utdanna kjemikar med bakgrunn i industriell produksjon og omarbeiding av naturprodukt. Han etablerte bedrifta i november 2016, og FjordAlg er eit av få selskap i Norge som produserer mikroalgar.

Mikroalgar er ein del av det «grøne skiftet» og ein utømmeleg ressurs. I motsetning til fossile stoff som vi graver opp, fortsett mikroalgar å vekse så lenge dei får lys og næring. Metoden FjordAlg brukar har lågare investering- og driftskostnader enn tradisjonell dyrking av mikroalgar, og er med på å skape eit gunstigare vekstmiljø for dei mikroskopiske plantane som vi ikkje kan sjå med det blotte auge.

Ein reinare alge 

FjordAlg brukar ein innovativ fotobioreaktor til å produserer mikroalgar i eit lukka system på land. På denne måten unngår dei mange av dei utfordringane som andre algeprodusentar får med forureining av opne dammar og innsjøar. Den siste tida har media retta søkelyset mot farlege toksinar i kosttilskot som inneheld kontaminerte algar.

Dette vil ikkje vere eit problem for FjordAlg då algen vår er produsert i eit lukka og kontrollert miljø, understrekar Ossenkamp.

Algetypane som bedrifta produserer er Spirulina og naturleg astaxanthin.

Denne forma for astaxanthin vil vere ein viktig ingrediens i kosttilskot, og eit naturleg alternativ til syntetisk astaxanthin som i dag blir nytta i laksefôr for å sikre at laksen får sin rosa farge, forklarar Ossenkamp.

I følge forsking har naturleg astaxanthin positiv effekt på fiskehelsa. Samstundes får dei som et fisk eit betre produkt med færre tilsetningar.

Det er godt dokumentert at astaxanthin frå mikroalgar har ein positiv effekt på helsa vår. Den gjer mellom anna mykje godt for muskel og ledd, synet, huda, både kosmetisk og som vern mot sola. Den har også sterk antiinflammatorisk effekt som er gunstig både for immun- og hjerte/kar-systemet, utdjupar han.

Mikroalgar: Slik ser mikroalgane som Ossenkamp jobber med ut under mikroskopet. Det raude i midten på venstre bilde er astaxanthin og til høgre ser ein spirulina-algane.

Verdiskaping i oppdrettsnæringa

I tillegg til å bidra til berekraftig produksjon av mikroalgar, vil FjordAlg også vere med på verdiskaping i oppdrettsnæringa.

– Produktet vårt er ikkje berre aktuelt for lakseoppdrett, men også andre aktørar som produserer til dømes berggylte, kveite eller torsk. Desse fiskesortane må ha alge i fôret i ein tidleg fase, og kan dra nytte av naturleg astaxanthin, seier Ossenkamp.

FjordAlg ønskjer difor å skape synergiar saman med andre aktørar som vil produsere ein premium fisk.

Sunnare energidrikke med Svelgen-spirulina 

– Vi ser også på moglegheiter for å bruke algar i produkt til menneske. Spirulina kan ein til dømes bruke i energidrikk og liknande. Vi har spennande kundekontaktar innanfor dette feltet, men vil gjerne ha kontakt med andre som vil prøve noko nytt innanfor desse marknadane, oppfordrar han.

Spirulina er mykje brukt i såkalla supermat og er rik på vitamin og mineral. Ein av dei spennande kundane til FjordAlg er Norwegian Energy som har laga ein naturleg energidrikk som ein kan få kjøpt hos alle Circle K-stasjoner i Norge.

– Dette er ein forbetra versjon med litt Spirulina frå Svelgen som spissar det produktet i konkurransen mot sukkerhaldig energidrikk med ulike tilsetningar, annonserer han.

Framtidig algefabrikk

Foreløpig produserer Ossenkamp mikroalgane i eit pilotanlegg heime i hagen i Villabakken i Svelgen, men gründeren håpar å starte produksjon i ein eigen algefabrikk i nær framtid. For sjølv om bedrifta ikkje har vore i inkubatoren så lenge, er den allereie godt i gong med å sikre finansiering til prosjektet. FjordAlg har mellom anna mottatt etableringstilskot frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest sitt Næringsfond.

–  Når all kapitalen er på plass, blir det neste å finne lokale i Flora eller Bremanger, avsluttar han optimistisk.

Norwegian Energy: Det første produktet med fersk spirulina frå Svelgen er no ute på marknaden.
Norwegian Energy: Det første produktet med fersk spirulina frå Svelgen er no ute på marknaden.