Skip to content Skip to footer

– Eg trivst veldig godt med å jobbe i eit slikt miljø

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Dei siste fem vekene har Malin Husa (21) vært på utplassering hos oss i Aksello. Malin studerer arrangement leiing på University of Chester. Eit treåring bachelor-studie som omhandlar alt i frå å arrangere konferansar og møter, til konserter og fotballkampar.

– Det freista å studere i utlandet, og det finst ikkje noko slikt studie i Norge. Men ein kan byggje vidare på ein bachelor i Norge, og det er planen, om eg ikkje finner ein interessant jobb med det same, fortel ho.

I tida hos Aksello har Malin først og fremst hatt hovudansvaret for å utarbeide ei brukarundersøking som skal sendast ut i august, samt å medverke til å førebu til Årets Rekrutteringstreff som blir heldt 22.juni på Quality Hotel.

Lone Bareksten er klar på at det har vore kjekt å ha Malin i rekkene desse vekene.

Malin er i målgruppa for dei vi ynskjer å treffe med å gjere næringslivet og regionen vår interessant for heimatt-flyttarar. Vi har lært mykje av Malin og håpar ho sit at med gode arbeidserfaringar som ho kan ta med seg vidare i studiane og seinare i arbeidslivet.

Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello.

Då ho fredag 8. juni fullførte utplasseringa, byrja jobben med å skrive oppgåve om det.

Eg har lært mykje her. Eg har lært om meg sjølv, og kva som kjennes riktig for vidare arbeid, reflekterer ho.

Men det er ikkje konserter og sportsarrangement Malin ser i horisonten.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva eg vil gjere etter at eg har fullført bachelor, men ved å være her har eg funnet ut av eg trivst veldig godt med å jobbe i eit slikt miljø, fortel ho og avsluttar:

– Eg har lyst tilbake til Norge etter fullført tredjeåret, og på lang sikt ynskjer eg å busetje meg i Florø.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

[vc_row css=”.vc_custom_1528975751797{background-color: #59a5c1 !important;}”][vc_column][vc_column_text]

Vil du fortsette å motta siste nytt frå Aksello? 

Oppdater informasjonen din her slik at du ikkje mister abonnementet ditt!

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet