Skip to content Skip to footer

– Eg møter ikkje lenger skeptikarar

NEKST: Partnar i Nekst AS, Martin Ramsdal, har ekstra gode grunnar til å smile om dagen.

 

Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups i inkubatorprogrammet vårt, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

Neste startup i serien er Nekst AS som nyleg sikra full finansiering til å bygge verdas største landbaserte oppdrettsanlegg på Botnastranda i Flora.

 

Ambisiøst prosjekt

Nekst AS har vore tilknytta Aksello sidan sommaren 2015, først som idélab-deltakar og deretter som inkubatorbedrift. Frå starten av sikta selskapet seg mot eit ambisiøst mål: verdas største landbaserte oppdrettsanlegg på Botnastrand i Flora. Anlegget er basert på siste nytt innan resirkulering- og oppdrettsteknologi, og vil ha ein kapasitet på 20,000 tonn og 15-20 millionar fisk med ei snittvekt på 1-2,7 kilo. Prislappen for å realisere prosjektet er ein plass mellom 2-3 milliardar kroner.

 

–  Driftskonseptet vårt er banebrytande ved at den sikrar fisken sin velferd frå land til sjø. Produksjonsmetoden vår er i tråd med kriteria og berekrafts-indikatorane til Stortingsmelding 16 (2014-2015), kapittel 10, og vil mellom anna løyse dei utfordringane som havbruksnæringa har med lus. Ved å produsere ein større innsatsfisk på land i lukka anlegg vil vi korte ned opphaldstida i sjøen til under 6 månader, forklarar Martin Ramsdal som er partnar i Nekst AS.  

 

I tillegg til det planlagde anlegget på Botnastrand, utviklar selskapet også offshore-basert oppdrett i Solund Kommune der offshoremerdar med nedtrekk og nye patenterte løysingar vil vere med på å hindre rømming og påslag av lus. Estimert kostnad på havmerdene er 800-900 millionar kroner.

 

Store europeiske investorar

– Vi i Nekst AS har til saman 100 års erfaring frå alle deler av oppdrettsbransjen, både i Norge og internasjonalt, som skal til for å tenke nytt, så vi er sterke i trua på å få realisert dette prosjektet. Men eg har møtt på mange som har vore skeptiske til om det kunne gjennomførast. Dei spurde meg mellom anna om kven som skulle kjøpe all denne fisken, og ikkje minst korleis skulle ein finansiere prosjektet?, innrømmer han med eit smil.  

 

Førre veke kunne han endeleg gå ut med den glade nyheita om at Nekst AS har signert ein intensjonsavtale med to store europeiske børsnoterte selskap som vil tilføre den nødvendige kapitalen som dei treng for å realisere prosjektet.

 

– Dette er investorar som er opptatt av å få tak i berekraftig fisk av høg kvalitet. Vi har hatt dialog med fleire investorar som har vist interesse, men vi valde desse to då dei har den finansielle kapasiteten som gir oss den tryggleiken som vi treng for å fullføre prosjektet, fortel Ramsdal.

 

Berre positive tilbakemeldingar

Med to store investorar i ryggen er Ramsdal og Nekst AS eit steg nærmare visjonen deira om å skape vekst innan næringa, og det er antatt at selskapet vil bidra med over 100 nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

 

– Eg møter ikkje lenger så mange skeptikarar. Pendelen ser ut til å ha snudd no når dei ser at dette faktisk kan bli ein realitet. No får eg berre positive tilbakemeldingar frå alle hold, og mange tek kontakt for å dra i same retning og hjelpe oss på vegen. Det er veldig kjekt, seier Ramsdal nøgd og legg til:

 

–  Eit så stort prosjekt er ikkje eit einmanns- eller tomanns-løft. I planleggingsfasa har vi hatt med oss gode hjelparar innanfor engineering, biologi, finans og anna. Her lokalt vil eg særskilt nemne kommunane Flora og Solund som har teke imot oss med opne armar, fylkeskommunen som har støtta oss på fleire måtar, og ikkje minst Aksello med sitt innovasjonsmiljø og dyktige rådgjevarar.

 

Les også: 

Tek store steg i inkubatoren 

Årets Sommartreff

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet