– Det blir ei wow-oppleving for ungane

Byakvariet i Florø er for tida stengt og det er mange som trur at det er for godt, men det kan dagleg leiar Monicha Landøy forsikre alle om at det ikkje er. Bygginga av Newton-rommet er i gang, og til hausten vil det igjen vere fullt liv inne i lokalet med alle dei kjente aktivitetane til Byakvariet og eit heilt nytt Newton-rom.

– Byakvariet blir no tilpassa Newton-rommet. Her blir det fantastisk undervisning på dagtid, og vi får tatt i bruk heile Byakvariet sin kapasitet. I akvariet skal vi ha torsk, kveite, laks og mange andre artar. Dette er ei veldig fin og spennande utvikling, fortel Landøy.

Ombygginga av lokalet beskrivast som omfattande, og er no inne i si andre fase før FIRST Scandinavia skal legge den siste handa på verket. Det er dei som utviklar Newton-konseptet i samarbeid med ressurspersonar i den norske skule. Målet er å gi flest mogleg born og unge gode lærings- og mestringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. I Newton-rommet i Flora er det havbruk som blir tema på hausten, og på våren er det energi og teknologi.

 

Eit unikt Newton-rom

– Newton-romma har til vanleg eigne Newton-lærarar, men det som er unikt i Flora er at mange av dei faste lærarane i kommunen skal få to dagar med opplæring for å bli Newton-lærarar. Slik kan mange lærarar få ny kompetanse, forklarar Tone Aasrud, prosjektleiar for Newton-rommet og oppvekstfagleg ansvarleg i Flora kommune.

Landøy skal også vere med på opplæringa som Newton-lærar. Ho vil delta i undervisninga og vere ein sentral person i Newton-rommet. Ho fekk allereie ein smakebit av kva det inneber på ein studietur ho var med på tidlegare i år der dei lærte seg å programmere legorobotar.

Det var utruleg kjekt og eg ser verkeleg at dette er er noko som borna vil like og som kan vere med på å vekke interessa deira for realfag, seier ho engasjert.

Newton-rommet er såleis i ein perfekt symbiose med Flora Kommune si rolle som ein av 34 realfagskommunar her til lands, og det er kommunen som er drivkrafta bak prosjektet. Dei har fått god hjelp frå Arne Olsen i Aksello og Trond Strømgren frå Maritime Forening Sogn og Fjordane som har vore med i planleggingsfasen heilt frå starten i 2014. Trond frå Maritime Forening var prosjektleiar i den første fasen, og Tone Aasrud  har leia prosjektet sidan 2016, medan Arne har vore prosjektansvarleg ovanfor PetroFlora.

 

Eineståande støtte

 Vi har fått ei eineståande støtte frå Arne og Trond som kjenner næringslivet så godt som dei gjer. Vi kjenner nok næringslivet alt for dårleg i skulen, og hadde ikkje fått til dette utan deira kompetanse og kontaktnettverk, understrekar Aasrud.

Gjennom Aksello og Maritime Forening sitt nettverk har PetroFlora, som er eit samarbeid med Statoil, finansiert planlegginga av prosjektet. Statoil er også med å dekke store delar av bygginga gjennom ordninga “Morgendagens helter.” Kommunen, Fylkeskommunen si næringsavdeling, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Sunnfjord Energi (SFE) og lokale bedrifter i Havbruk-sektoren har også gitt finansielle støtte til Newton-rommet. Huseigar Leif Stafsnes fortener også kreditt for sin fleksibilitet når det gjeld byggeprosjektet.  

 Eg ser også at mange av dei som har støtta Byakvariet fortset å gi og er med på å støtte oppom Newton-rommet. Det er utruleg kjekt å sjå, seier Landøy.

 Og det er framleis rom for fleire, då vi håpar å få finansiert undervisning for vidaregåande også, skyt Aasrud inn.

Førebels gjeld tilbodet alle barnehagane og grunnskulane i kommunen.

I tillegg treng dei også plommesekklarvar og dei har enno ikkje fått noko respons på etterlysinga i Firdaposten.

 Så om det er nokon som har det for hand i september/oktober, så hadde vi sett utruleg mykje pris på det, smiler Landøy.   

 

(Artikkelen fortset under bilde) 

STATUS: Ombygginga av Byakvariet er i gang for fullt. Slik ser det ut akkurat no.

 

Undervisningsstart på hausten  

Plommesekklarvane, som er embryoet til laksen, treng dei til til undervisningsstart som dei håpar blir i slutten av september, litt før den planlagde opninga 6. oktober.

   Det er sjuande klasse som først skal få gleda av å ta i bruk det nye Newton-rommet og lære meir om salmo salar, laksen. Deretter er det 5-åringane sin tur med Blått Hav på timeplanen, fortel Aasrud og viser fram dei ulike modulane.

Aasrud og Landøy gler seg til å invitere ungane inn i eit fasinerande univers med laboratorium, amfi med lyd og bilde, eit arbeidsområde og utstillingsskap fylt med mikroskop, robotar og anna spennande utstyr.

   Eg trur det blir ei wow-oppleving for ungane når vi opnar dørene og dei stig inn i rommet, seier Landøy spent.

 

SKISSE: Newton-rommet vil vere delt inn i ulike delar med laboratorium, amfi med lyd og bilde og arbeidsområde.

 

Meir info

Meir om modulane og Newton-rommet i Flora finn du her.

Vi ynskjer også å nemne at sjølv om Byakvariet ikkje er opent igjen før på hausten så planlegg Monicha sommaraktivitetar for born og barnefamiliar i midten av juli. Du kan halde deg oppdatert på Facebook-sida til Byakvariet her.

Facebook-sida til Aksello vil vi også gi deg status på bygginga av Newton-rommet.