Havbruk er ei næring som har utvikla seg over tid og har blitt ei av dei viktigaste næringane for landet og vår region. Det finnes mange kompetente aktørar, likevel ser vi eit behov for meir samarbeid og synergiar mellom dei ulike aktørane i næringa, utdanning og forvaltning. 

Etter ei tid med planlegging er Havbruksprosjektet no etablert. Linn Nekkøy er tilsett som prosjektleiarar, og ei prosjektgruppe er etablert. Den består av:

  • Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk.
  • Halvar Hovland, Havlandet Marin Yngel.
  • Tor-Erik Røynesdal, Cargill/Ewos.
  • Frode Hovland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  • Solveg Willis, Pixelwerk.
  • Ingrid Kassen, Norwell.
  • Øyvind Østrem, Høgskulen på Vestlandet.
  • Arne Olsen, Aksello.

Havbruksprosjektet er støtta økonomisk av Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. No er forprosjektet i gang. Prosjektet si langsiktige målsetting vil være å auke verdiskaping og sysselsetting innan havbruksektoren i regionen. Næringa gjer i dag mykje bra, men man kan blir betre på å skape tydlege synergiar og gjere næringsklynga i regionen kjend. Samstundes kan ein utvikle seg på områder som: 

  • Rekruttering av kompetanse og personell
  • Vidareforedling
  • Innovasjon, forsking og utvikling
  • Logistikkløysingar
  • Nye artar innan akvakultur
  • Nye råvare-kjelder
  • Nye/betre utdanningar og studiar, og fleire studentar
  • Globalisering
  • Kanskje blir det samlokalisering av mange i eit «Laksens hus»? 
  • og meir?

Framover blir det eit fokus på å velge kva for satsingsområde som næringa ønskjer å fokusere på.

Tradisjonen tru inviterer Aksello i slutten av juni sine inkubatorbedrifter, rådgjevarar og styremedlem med på sin årlege sommaravslutning. Årets samling hadde fått tittelen Golf & Gumbo og gav ein tydeleg indikasjon på temaet for kvelden!

Samlinga starta i Aksello sine lokalar, der Lille Marked leverte nydeleg fingermat, og deltakarane fekk ein god innsikt i Aksello sitt arbeid og satsingsområde framover, så vel som ein presentasjon av dei spennande og innovative inkubatorbedriftene i Aksello sin “stall”.

Etter det faglege innslaget gjekk turen til Florø Golfklubb i Brandsøya der gjengen fekk instruksjon frå dyktige medlemmer frå golfklubben (for ikkje å nemne Aksellos eigen Arne Olsen som stod i spissen for putteundervisninga) i tre ulike teknikkar innan golf; putting, chipping og driving (utslag).

Konkurransar blei sjølvsagt arrangert for å kåre den beste i dei ulike teknikkane. Vinnarane av kveldens konkurransar blei Gabriel Ossenkamp frå FjordAlg med kveldens lengste slag i herregruppa, Aksellos eigen Heidi Felle slo lengste slag i kvinnegruppa og i tillegg vann ho konkurransen som beste putter. Med spekulasjonar i om konkurransen var rigga eller ikkje, blei ein av premiane vidareformidla til Sten Ingve Hellevang frå Senseye som imponerte med kveldens einaste Hole-in-one! Gratulerer til alle, vi forventar å sjå dykk på bana igjen innan kort tid!

Sommaravslutning hos Aksello
Sommaravslutning hos Aksello

Utan mat og drikke duger (golf)helten ikkje, og etter golfinga serverte Siri i frå Siri’s Soulfood i Naustdal nydeleg Gumbo frå New Orleans med verdas beste heimelaga sandwich-is til dessert. God stemning og ein super kveld!

Aksello kan med glede og ikkje så reint lite stoltheit melde at Dimeq AS har lukkast med å hente inn frisk kapital og nye industrielle partnarar til si vidare satsing.

Dimeq AS har sitt utgangspunkt på Novelandet i Bremanger der far og son, Audun og Ronny Bakke, med sin årelange erfaring på dei sju hav, satsa på å utvikle eit teknologisk nyvinnande tryggleiks-system. Systemet har potensiale til å redde liv og redusere risiko innan mange ulike bransjar i den maritime sektoren over heile verda!

I desember 2016 blei Dimeq ein del av Aksello sin inkubator, og bedriftsutviklinga skaut fart. Etter 2 ½ år i Aksello-systemet går bedrifta frå 1. juli over i ei ny spennande fase der dei blir knytt opp mot Kongsberg Innovasjon. I Kongsberg-miljøet finst det mange moglegheiter og spennande selskap å samarbeide med innan den maritime sektoren. 

I tilknyting til denne viktige milepælen har dei allereie henta inn frisk kapital og arbeider også vidare med Bergen-baserte Connect Vest for å vurdere ytterlegare investorar.  

Personleg finn eg ikkje ord til å takke for hjelpa og mottakinga vi har fått frå Aksello.  Å ha dei med på laget er blant dei beste strategiske avgjerda vi har tatt i selskapet, seier Audun Bakke. 

Aksello gleder seg over suksessen til våre dyktige gründerar, i tillegg til at vi med glede registrerer at verkemiddelapparatet arbeider saman for å sikre gründerbedriftene sine behov og interesser.

Vi ønsker Dimeq lukke til vidare på ferda!

Torsdag 6. juni var næringslivet nok ein gong samla til Frukostmøte i lokala til Aksello, for siste gong før sommaren sig utover kystbyen.

Arne Olsen opna samlinga, og dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, gav eit opningsinnlegg for samlinga ved å presentere VEKST-programmet som startar opp att i år. Om du er eller representerer ei bedrift som har potensiale til å vokse eller utvikle seg, les meir her eller ta kontakt med oss for meir informasjon.

Sturle Sunde og Bitmynt er Aksello sitt nyaste selskap i pre-inkubasjon. Han kunne fortelle om selskapet sine planar om arbeid med kryptovaluta. Tilset snart sin første medarbeidar, og jobbar med utvikling av bruksområder for kryptovaluta. Mykje å spare for butikkar osb.

Slakteriet v/ Kristin Bergstøl Hansen holdt eit engasjerande innlegg om bedrifta, historikken og om vegen vidare. Med sine 110 tilsette er Slakteriet ein av pillarane i havbruksnæringa i regionen vår.

NOREC og Aksello startar samarbeid om internasjonal utveksling av personell – eit spennande prosjekt med stort potensiale. NOREC var representert med Tormod Nuland. Vi kjem attende med meir konkret info og tilbod til bedriftene etter sommaren.

PEAK Florø vart presentert av initiativtakar Allan Madsen, som fortalde om bakgrunn, konsept og framtidsplanar for det nye næringsmiljøet i gamle sparebankbygget.

Samlinga vart avslutta med ei fantastisk nyheit – Sparebanken Sogn og Fjordane løyvar gåvemidlar pålydande kr 500 000,- til Aksello, for å jobbe vidare med frukostmøte og inkubator, og for at vi skal fortsette å vere eit samlingspunkt for næringslivet. Tusen takk til banken og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane!

Aksello satsar vidare: Kari Brun Ågotnes er tilsett som rådgjevar for kommunal næringsutvikling

Ein kjekk kar med røter i Florø fekk Kari til å tenke etablering på Vestlandet etter mange arbeidsår i hovudstaden. Ho har jobba innan privat verksemd som bl.a. Mercedes-Benz og Ringnes, samt frå offentleg forvaltning som i Posten og Fiskeridepartementet. I tillegg har ho erfaring frå arbeidsgjevarsida hos Norges Lastebileigar-forbund.

No kjem Kari frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Bydel Frogner i Oslo. Bydelar kan reknas som kommunar, og slik sett er Bydel Frogner Norges åttande største kommune. Hennar erfaring herifrå kan komme godt med sidan rollen skal jobbe spesifikt med kommunal næringsutvikling.

Ansvaret for forvaltning av Kommunalt næringsfond, samt oppfølging av førstelinjetenesta opp mot gründere og det innovative miljøet blir viktige oppgåver.

– Det skjer så mykje spennande langs kysten no. Å fremme Kinn kommune med Florø by som åsted for nyskaping og gründerverksemd, blir utfordrande og artig. Da er det flott å være ein del av ein kompetent fagleg rådgjevargjeng som her i Aksello. Meir samarbeid med kystkommunane og regional sammenslåing gjev fleire utfordringar og muligheitar, og her veit eg at Aksello ønsker å spele ei rolle, seier Kari.

– Teamet vårt har vokse mykje dei siste åra, og vi er utruleg glade for å få Kari med oss på teamet. Vi gleder oss til nye utfordringar til hausten, seier Lone Bareksten Dagleg leiar, Aksello.

Kari har ein master i leiing og kommunikasjon frå University of Technology, Sydney, og har også tatt ein bachelor i Skottland.

– Min bakgrunn frå kommunikasjonsbransjen håper eg kan bidra positivt innan utadrettede aktivitetar som f.eks. kurs, møteplattformer, utmerkingar og omdømmebygging. Det gjeld for både næringslivet, gründere og ikkje minst politiske aktørar. Like viktig blir det å «ufarleggjere» ord som næringsverksemd, innovasjon, inkubator og gründer; næringslivsutvikling skal vere lavterskel med fagleg forankring, avsluttar Kari.

Internasjonal utveksling av personell i næringslivet

Då Norec (tidlegare Fredskorpset) i fjor etablerte seg her i vår region, opna det seg nye moglegheiter for lokale verksemder som ønsker å orientere seg ut i verda. No tek Norec også strategiske grep for å bli enda betre på næringsliv og utveksling av personell innan næringslivet. Dette skal vi i Aksello hjelpe dei med, så vi signerte nyleg ein samarbeidsavtale. Vi bidreg med kompetanse om næringslivet og korleis utveksling av personell i næringslivet kan bidra til utvikling både i lokale verksemder og ikkje minst i landa og verksemdene «på hi sida». Og vi skal bidra med å marknadsføre Norec sitt tilbod og rekruttere bedrifter som vil være med i programmet. Her ligg eit stort potensial for dei bedriftene som blir med, mellom anna i dei havbaserte næringane. Denne avtalen blir ein vinn-vinn-situasjon for Norec, for Aksello og for næringslivet på Vestlandet.

Vil du vite meir om utveksling og moglegheitene for di verksemd, så kom på Frukostmøtet hos Aksello torsdag 6. juni kl. 8 (7.30 om du tek frukosten der😊).

Frukostsamling torsdag 6. juni

Møt Westcon Florø sin nye sjef, Slakteriet, Norec og Peak Florø.

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 6. juni. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.Vi kan by på følgande program:
  • Westcon Yards Florø – Ny sjef og nye moglegheiter, v/verftsdirektør Trygve Solaas
  • Slakteriet – Status og vegen vidare, v/adm. dir. Kristin Bergstøl Hansen
  • Norec – Samarbeid med Aksello om internasjonal utveksling av personell i næringslivet, v/dagleg leiar Jan Olav Baarøy
  • Peak Florø – Ny, spennande samling av næringsliv, v/initiativtakar Allan Madsen
  • Ordet Fritt
Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
Tida flyr, så dette blir den siste ordinære Frukostsamlinga på denne sida av sommarferien!

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Sparebankens Trond Teigene med blikk inn i framtida, suksessbedrifta Selstad frå Måløy og nystarta Eduplaytion frå Naustdal står på programmet når Aksello inviterer til Frukostsamling torsdag den 2. mai. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Program:

  • Innblikk i framtida v/Trond Teigene, Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Gründerbedrifta Eduplaytion: Spillbasert læring – et marked i vekst? v/Kristoffer Hundershagen
  • Selstad AS. Tradisjonsbedrift med suksess v/Hans Petter Selstad

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Dei vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Den 7. mai besøker Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen Florø. Kl 15:00 vil Næringsministeren vere på plass hjå Aksello og gje ei kort innleiing om regjeringas merksemd på små og mellomstore bedrifter (SMB).

Over 95% av alle norske verksemder har mellom 1 og 50 tilsette. Næringsministeren er oppteken av at regjeringas næringspolitikk treff disse bedriftene og ynskjer derfor innspel frå lokale verksemder. Regjeringa skal legge fram ein eigen SMB strategi før sommaren 2019.

Om du er interessert og ynskjer å delta denne dagenmeld deg på her!

Små og mellomstore bedrifter er ryggraden i norsk næringsliv. Den jobben de gjør hver dag, er med på å sikre arbeidsplasser og et bærekraftig velferdssamfunn. Det viktigste vi som regjering kan gjøre, er ofte rett og slett å ikke stå i veien. Vi skal forenkle hverdagen til bedriftene og gjøre det lettere for dem å gjøre jobben sin, sier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Inkubatorbedrifta Dimeq fekk ein unik moglegheit til å presentere seg for eit panel av næringslivsekspertar via Connect Vest sitt Springbrett. CMO Audun Bakke frå Dimeq er klar på at det har vore veldig verdifullt for prosjektet deira.

– Det som er unikt med Springbrett er at det dreiar seg kun om ditt prosjekt. Ekspertpanelet er der for å høyre om og diskutere di bedrift!! Vi fekk 20 min til å presentere oss, og det er heilt noko anna ein på andre pitcheforum der du har mykje kortare tid og deler scena med fleire andre gründerarar, fortel Audun.

Dimeq skal redde liv på havet med eit innovativt maritimt HSE-system som mellom anna vil varsle om mann-over-bord, og lokalisere mannskap og passasjerar i ein nødsituasjon.

CONNECT SPRINGBRETT

Gjennom Connect Springbrett får oppstartsbedrifter som Dimeq tilbakemeldingar frå eit tverrfaglig panel som skal ruste dei i møte med investorar og den verkelege verda. Panelet er tilpassa bedrifta sine behov og består av ressurspersonar som juristar, patentekspertar, investorar og personar med kunnskap om relevant marknad. Dimeq fekk også sjølv komme med innspel til kven dei ynskja å møte i panelet.

Det var veldig bra organisert av Anita Mannes hos Connect Vest og vi har fått tett oppfølging undervegs. Så dette er absolutt noko vi kan anbefale andre oppstartsbedrifter om å vere med på. Det er utan tvil den beste møtearenaen vi har deltatt på, seier Audun.

Inkubatorbedrifta kom i kontakt med Connect Vest gjennom Aksello og Innovasjon Norge sitt nettverk, og Springbrett er sponsa av Innovasjon Norge, samt ulike aktørar frå næringslivet.

– Det var rådgjevar Jørgen Berg frå Innovasjon Norge som inviterte oss til å delta. Ein må ha komme eit godt stykke på veg med prosjektet før ein får moglegheita til å presentere seg på Springbrett, understrekar Audun.

Bedrifta har vore med i inkubatoren til Aksello sidan 2017, og er i gang med å sikre viktig kapital til prosjektet. I denne fasen er det gull verdt å få innspel frå næringslivsekspertar som førebur deg på møte med investorar. I forkant av Springbrett går gründerane igjennom ein kvalifiseringsprosess, og avhengig av kor i utviklingsløpet bedriftene er bidrar Connect også med å utarbeide strategier og investorpresentasjon.

VERDIFULL FEEDBACK

Etter at Dimeq hadde fullført investorpresentasjonen sin fekk ekspertane stille spørsmål og komme med innspel til forretningsplan, strategi og kva dei bør tenkje på i møte med investorar.

– Tilbakemeldinga vi fekk var positive og veldig verdifulle, og dei var heilt klare på at vi må få med ein industriell investor. Dette er noko som vi har jobba med, og som vi snart vil kunne fortelje meir om, smiler Audun.

Han kunne også fortelje at dei har vore i kontakt med to av ekspertane i etterkant av Springbrett.

– Vi har ein god dialog. Dei passer begge godt inn i det vi held på med og er positive til prosjektet vårt, så det vert spennande å sjå kva som skjer vidare.

Connect Vest inviterte også Dimeq til å presentere seg på Investorforum der dei vart kåra til det mest spennande selskapet. Aksello gratulerer så mykje og ser fram til å følgje med Dimeq vidare!

Få med deg siste nytt frå Aksello ved å melde deg på nyheitsbrevet vårt her!

 

Interessert i å delta på Connect Vest sitt Springbrett?

Springbrett er eit svært nyttig og effektivt verktøy, og Aksello anbefaler alle sine inkubatorbedrifter å delta. Ta kontakt med rådgjevar Heidi Felle heidi@aksello.no om du ynskjer å vite meir. Du kan også lese meir om Connect Springbrett her.