Endeleg er Newton-rommet her!

Endeleg kom dagen då vi skulle få gleda av å opne det nye Newton-rommet i Florø. Eit rom vi håpar skal vere med å vekke interessa for realfaget blant barn og unge som skal vere med å skape framtidas arbeidsplassar.

– Dette er eit prosjekt Aksello har jobba med i tre år, saman med Flora kommune, FloraFauna Byakavariet, PetroFlora, Maritim Forening Sogn og Fjordane, Statoil, det lokale næringslivet og First Scandinavia, som er konsepteigar av Newtonrom. Det er utruleg stas å sjå kva vi har fått til i lag, seier Arne Olsen, som har vore i prosjektleiinga på vegne av Aksello.  

Alle involverte, samt lokale politikarar og andre frå næringslivet var invitert til den offisielle opninga på Byakvariet. Fylkesordførar for Sogn og Fjordane, Jenny Følling hadde æra av å klippe snora. Etter ei rekke innlegg som alle presiserte kor viktig Newton-rommet er for dei unge som skal løyse framtidas utfordringar, fekk dei frammøtte sjå rommet i full aksjon.

Elevar frå Brandsøy skule, Florø barneskule og Flora ungdomsskule var med på opninga, og hadde slik dei skal i eit Newton-rom blitt forvandla til ulike forskarteam som forska på vindenergi, plommelarvar, programmering og datastyring. Monicha Landøy, som driv Byakvariet og skal ha ansvar for den daglege drifta, viste fram det nye akvariet.

–  Eg gler meg skikkeleg til å komme i gang, seier ho.

–  Det er no det heile begynner, legg Tone Aasrud til. Ho er prosjektleiar for Newton-rommet  og oppvekstfagleg ansvarleg i Flora kommune.

Nye berekraftige arbeidsplassar

Opninga markerer ei storsatsing på realfag og teknologi i Flora kommune. Alle barnehagane og skulane i Flora kommune får no dette tilbodet, i tillegg er det ope for besøk frå nabokommunar, og Newtonrommet blir sjølvsagt på sikt eit positivt tilbod i heile Kinn kommune. Undervisningsopplegget startar opp i oktober, med modulen Salmo salar, for 7.klasse i første omgang.

– I framtida skal desse ungdommane vere med på å skape nye berekraftige arbeidsplassar. Gjennom opplevingar i Newton-rommet kan elevane bli inspirerte til vidare engasjement, og til yrkesval innanfor teknologi og realfag. Dette vil bidra til å sikre energibransjen, havbruksnæringa og anna næringsliv kompetent arbeidskraft i framtida, seier Aasrud.

Takkar for alle bidrag

Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og GCE Subsea, Arne Olsen frå Aksello og Tone Aasrud frå Flora kommune, har som prosjektgruppe jobba fram mot det som no har blitt ein realitet.

– Vi har vore heilt avhengige av støtte frå næringslivet og takkar alle for gode bidrag, seier Trond Strømgren og Arne Olsen.

– Etableringa av Newton-rommet vil sikre rekruttering til næringar som kjem til å oppleve aukande vekst i framtida. Det er framleis mogleg for fleire å bli med å bli med, Newtonrommet blir under stadig utvikling, avsluttar dei to.

 

Les også:  – Det blir ei wow-oppleving for ungane

 

Viktige bidragsytarar

Det er Flora kommune som har stått for ombygginga og som vil eige og drive Newtonrommet. Mange gode krefter og sponsorar har gjort dette mogleg. Etablering av Newton-rommet har eit samla budsjett på nesten 4 millionar kroner.  Statoil ved Morgendagens helter er største sponsoren med ei løyving på 1,2 millionar, noko som dannar grunnlag for den offisielle nemninga Newton ENGIA-Statoil Energirom. Det er mange viktige bidragsytarar:

Botnaneset Industriselskap

Marine Harvest

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Karstensen Fiskeoppdrett AS

Marø Havbruk AS

Sulefisk AS

Flokenes Fiskefarm

Steinvik Fiskefarm AS

Laksens dag

Svanøy Havbruk AS

Salmon Group

Sogn og Fjordane Energi

Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i Sogn og Fjordane

Den ideelle organisasjonen First Scandinavia eig konseptet Newton-rom. Dei har vore med i heile prosessen,  og har utforma ei løysing som inneheld laboratorium, arbeidsstasjonar og eit amfi. Dette gir ein svært god og inspirerande læringsarena.

Innhaldsrik frukostsamling

Det var ei ekstra innhaldsrik frukostsamling hos Aksello i dag. Med eit lengre program enn vanleg fekk dei mange frammøtte med seg ei rekke interessante innlegg: frå Soldalen Besøksgård, Vestnes Ocean, Bulandet Miljøfisk og Kinn kommune.

Soldalen​ ​Besøksgård​ ​v/gründerbonde​ ​Tonje​ ​Terøy

For å kunne leve som bonde i dag må ein tenke nytt og det har Tonje Terøy gjort med Soldalen Besøksgård. Ho har hatt god hjelp av Aksello, Innovasjon Norge og andre. Med mange flotte bilde frå den nyoppussa garden fortalde ho om alt som skjer og rører seg der.
Gardsbedrifta hennar tilbyr aktivitetar til både private og kommunale kundar, og kvar søndagar er garden open for dei som vil hygge seg i lag med familien på generasjonsdagen.

Du​ ​kan​ ​lese​ ​meir​ ​om​ ​Soldalen​ ​Besøksgård​ ​her:​ ​ – Dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert

 

Vestnes​ ​Ocean​ ​i​ ​medvind​ ​v/​marknadssjef​ ​Morten​ ​Eriksen​ ​og​ ​Kjetil​ ​Bollestad

Vestnes Ocean er i medvind for tida og gjer det bra på den internasjonale marknaden. Marknadssjef Morten Eriksen presenterte bedrifta og viste film frå nokon av dei spennande prosjekta dei jobbar med ute i den store verda. Blant anna Salmar si gigantiske havmerd bygd i Kina og cruiseoperatøren Celebrity Cruises.

 

Bulandet​ ​Miljøfisk​ ​v/prosjektleiar​ ​Ola​ ​Sveen​ ​og​ ​Hans​ ​Haddal

Etter gladnyheita om at Bulandet Miljøfisk fekk konsesjon til det landbaserte oppdrettsanlegget sitt på Bulandet var inkubatorbedrifta med som eit ekstra innslag på programmet. Ola og Hans presenterte prosjektet og gav dei frammøtte eit innblikk i korleis
anlegget skal fungere i praksis. Dette blir eit spennande prosjekt som opnar for mange moglegheiter for samarbeid med andre innovative prosjekt og leverandørar i fylket.

 

Moglegheiter​ ​i​ ​Kinn​ ​Kommune​ ​v/​ ordførarane​ ​Kristin​ ​Maurstad​ ​og​ ​Ola​ ​Teigen

Ordførarane Kristin Maurstad (Vågsøy) og Ola Teigen (Flora) avslutta samlinga med eit innlegg om den nye Kinn Kommune. Dei snakka mellom anna om kva betydning kommunesamanslåinga vil ha for næringslivet og kva moglegheiter som ligg i den nye
kommunen. Som tyngdepunkt langs kysten mellom Bergen og Ålesund vil det vere naturleg at den nye kommunen får oppgåver utover det som tradisjonelt ligg til dagens kommunar. Organisering av utviklingsarbeidet, herunder næringsutvikling, vart og diskutert.

 

Ordet​ ​fritt

Her var mange gode innspel under Ordet fritt. Blant dei:

Martin Malkenes, som er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane, informerte om årets TV-aksjon som skal gå til inntekt for Unicef og barns utdanning. Aksello sitt bidrag er å huse Martin og aksjonen fram til kringkastinga 22. oktober.

Prosjektansvarleg for Newton-rommet, Tone Aasrud, kunne fortelje at Newton-rommet endeleg opnar i morgon fredag. Frå kl. 15-17 er det opent for alle som vil komme innom å sjå det fantastiske tilbodet som no er på plass til barn og unge i Flora og nabokummunane
for å auke realfagsinteressen. Tone takka både Aksello, Maritim Forening og sponsorane med Statoil i spissen. Newton-rommet er hos Florafauna – Byakvariet i Florø sentrum.

Arne Olsen minna også forsamlinga om Temposeminaret den 3. november, som har mange gode innleiarar.

 

 

Neste​ ​Frukostsamling

Neste frukostsamling er torsdag den 2. november. Vi håpar å sjå deg der.

Meld deg på vårt nyhendebrev, så får du invitasjon til samlinga rett i innboksen.

 

Frukostsamling 5. oktober med Kinn kommune, Vestnes Ocean og Soldalen Besøksgård!

Etter eit herleg møte med Fjord1 og Helle Fabrikker sist månad, er vi klare til å ønske velkommen til ny Frukostsamling den 5. oktober. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg frå kl. 08.00 til 09.30.

Program:

  • Moglegheiter i Kinn kommune v/ordførarane Kristin Maurstad og Ola Teigen
  • Vestnes Ocean i medvind v/marknadssjef Morten Eriksen
  • Soldalen Besøksgård v/Tonje Terøy
  • Ordet fritt (her kjem litt om UNICEF, Haavetunet, Newton-rom og sikkert mykje anna)

Etter gladnyheita sist veke ønsker vi også Ola Sveen og Hans Haddal velkomen for ei orientering om denne inkubator-verksemda på torsdagens Frukostsamling. Difor vert samlinga noko utvida, så vi avsluttar først kl. 09.30. Velkomen alle!

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr og diskuter; nytt høvet til å treffe gamle og nye kjende!

 

 

Verdas største dugnad flyttar inn

TV-aksjonen: Rådgjevar Heidi Felle og fylkesaksjonsleiar Martin Malkenes oppfordrar alle til å vere med å følge eit barn til skulen.

 

Martin Malkenes frå Florø er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane og flyttar inn hos Aksello for å jobbe med aksjonen til den går på lufta 22. oktober.

– TV-aksjonen er verdas største dugnad og ei hending som har lange tradisjonar i Noreg. Eg håpar årets TV-aksjon vidarefører tradisjonen, og at vi nok ein gang kan vise verda at vi vil hjelpe der dei treng det. Eg vil i alle fall gjere mitt for at vi skal få ein feiande flott TV-aksjon i Sogn og Fjordane og eg oppmodar alle til å bidra, seier Malkenes engasjert.

Som fylkesaksjonsleiar er Malkenes ansvarleg for koordinering, tilrettelegging og gjennomføring av bøsseinnsamlinga i Sogn og Fjordane.

– Hovudoppgåva blir å sjå til at vi får nok bøsseberarar. Det skjer til dømes gjennom å bidra til at TV-aksjonskomiteane i kommunane får den hjelpa dei treng, og inspirere lag og organisasjonar til å bidra, forklarar han.

Aksello sitt bidrag til årets TV-aksjon er å huse Malkenes sitt viktige arbeid fram mot TV-aksjonen.

– Eg har diskutert ulike prosjekt med Aksello og visste litt frå før om korleis dei nyttar lokalene for gründerar og andre og tenkte at dei kanskje hadde plass til Unicef og TV-aksjonen. Det hadde dei, og det er stas, fortel Malkenes.

– Det er kjekt å kunne vere med å bidra til slik ei god sak, understrekar Heidi Felle, rådgjevar hos Aksello.

– Kva fordelar ser du ved å vere ein del av kontorfellesskapet og miljøet her?

– Først og fremst er det det sosiale. Det er stor forskjell mellom Aksello og heimekontor. I tillegg skjer det mykje spennande hos Aksello og ein treffer mange forskjellige folk som kanskje kan bidra på ein eller annan måte i min jobb, så kan eg kanskje bidra i deira, avsluttar Malkenes.

 

Årets TV-aksjon:

TV-aksjonen 2017 går til UNICEF og skal gi barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgang på læring. Aksjonen arrangerast søndag 22. oktober.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF arbeider hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegang gir barn som lever i konfliktområde moglegheit til å lære, leike og å vere saman.

 

 

 

 

Finansier ditt prosjekt med støtte frå Kommunalt Næringsfond

Det er framleis midlar igjen i potten til Kommunalt Næringsfond 2017. Dette er ein unik moglegheit til å få støtte til din idé, så om du har eit spennande prosjekt på gang vil vi gjerne høyre frå deg.

Kven kan søke?

Du kan søke som bedrift, organisasjon eller privatperson. Alle kan søke, men vi oppfordrar spesielt dei prioriterte gruppene unge, kvinner og innvandrar til å søke.

Kva kan eg få støtte til?

Midlar frå fondet kan nyttast til utvikling av ein ny idé eller prosjekt. Til dømes marknadsavklaring, produkt- eller konseptuvikling, investeringar, kompetanseheving eller andre kostnader knytt til oppstart eller utvikling. Det er eit viktig moment at støtta skal vere utløysande for prosjektet, altså føre til gjennomføring av prosjekt som elles ikkje har økonomiske musklar til å stå på eigne bein. Ein kan maksimalt få tilskot på 50 % av det totale kapitalbehovet. Ein kan ikkje få støtte til ordinære driftskostnader.

Lurer du på om fondet er aktuelt for deg?

Ta kontakt med sakshandsamar Heidi Felle hos Aksello på e-post heidi@aksello.no eller ring 482 22 791. Sjølve søknaden til Kommunalt Næringsfond sender du via nettsida www.regionalforvaltning.no. Vedtak om tildeling av midlar skjer i eit utval satt saman av rådmann, ordførar, varaordførar samt administrasjonen i Aksello AS.

 

 

Kommunalt Næringsfond 2017

Flora kommune mottar kvart år midlar frå Fylkeskommunen til Kommunalt Næringsfond. Dette er eit fond der formålet er å opprette og utvikle nye arbeidsplassar, samt styrke og vidareutvikle det eksisterande næringslivet i kommunen. I 2017 fekk Flora kommune ei tildeling på kr. 747.849.

 

Les også: 

Desse fekk støtte frå Kommunalt Næringsfond 2016 

Florø Husflid har blitt ny 

 

 

 

Samla miljøet i Gloppen

Forrige veke var bedrifter frå innovasjonsmiljøet til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane samla til inkubatorsamling på Gloppen Hotell. Inkubatorsamlinga er eit fast innslag som inkubatorane i Sogn og Fjordane arrangerer 1-2 gangar i året. Med ein nyleg inngått samarbeidsavtale mellom Aksello og Kunnskapsparken var det ei gyllen anledning til å arrangere ei felles samling for miljøet.

Allereie på den første fellessamlinga såg vi ein positiv effekt av samarbeidet. Sirkelen vår har blitt større og nyskaparane våre, både nye gründerar og etablerte bedrifter, har blitt del av eit tettare miljø der dei har fleire å sparre med. Praten gjekk laust mellom deltakarane som delte det dei har av utfordringar, erfaringar og gode råd for å vere med å løfte kvarandre fram og vidare. Nokon fann også potensielle samarbeidspartnarar som det blir spennande å følge opp.  

Og det er nettopp dette som er grunntanken bak inkubatorsamlinga: å skape ein fagleg og sosial møteplass for medlemsbedriftene våre der dei kan ta med seg noko vidare. Noko som gir dei ekstra giv og motivasjon til å fortsette å jobbe fram sin idé eller sitt prosjekt.

Med eit innhaldsrikt program var her mykje å ta med seg. Vi hadde mellom anna ein workshop i sals- og marknadsføringsstrategi med Joachim Vie frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. Næringssjefen i Gloppen, Knut-Roger Nesdal, heldt eit engasjerande foredrag om å lukkast (og mislukkast), og bedriftene fekk også ei innføring i finansieringsmoglegheiter gjennom Sogn og Fjordane Fondet og Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane (Sparebanken Vest-fondet). Stein-Asle Øvrebotten, prosjektleiar for Vestnes Land, delte sine erfaringar med IFU-kontrakt gjennom Innovasjon Norge, og Erling Grøstad, dagleg leiar i SGN Skis, fortalde om deira suksess med crowdfunding.

Med eit allsidig program som gjekk over to dagar hadde vi også tid til å besøke lokale bedrifter. Den første dagen var vi innom Gardsbrenneriet der vi fekk smake på storsatsinga deira Attåt, og den andre dagen besøkte vi Strukturplast og Bano. Dagleg leiar av Strukturplast, Frode Lindvik, gav oss eit innblikk i deira utvikling og viste oss rundt på fabrikken. Bedrifta er kjent for å vere leiande på produksjon av Polyuretan i Norge og det var inspirerande å sjå og høyre korleis dei har bygd seg opp til å bli ein stor og viktig aktør innan sitt felt.

Under samlinga hadde vi også middag til støls utan eit fast program. For vel så viktig som det faglege er den uformelle praten nyskaparane imellom. Mange av bedriftene våre er ulike, frå dei som driv business av reindyrka panneband av norsk ull til dei som rir den digitale bølga med smarte skap. Det vi har til felles er at vi vil vere med å skape noko nytt og eige, og vi håper at mange fekk litt ekstra drivkraft til å fortsette ferda etter ei vel blåst samling.    

Vi ser fram til fleire slike treff.

 

Har du lyst å bli med i inkubator i Sogn og Fjordane? 

Har du ein idé eller eit prosjekt som kan passe i inkubatoren vår? Ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello på vanja@aksello.no / 415 70 306 eller inkubatorleiar Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken på roger@kpsf.no / 938 17 336. 

 

 

Aksello og Kunnskapsparken: F.v. rådgjevar Heidi Felle (Aksello), forretningsutviklar Geir Opseth (KPSF), inkubatorleiar Vanja Viken (Aksello), inkubatorleiar Roger Ulvestad (KPSF), trainee Trine Vedershus (Aksello) og forretningsutviklar Hilde Grinde (KPSF).

 

Styrker innovasjonsmiljøet i fylket

Dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Aksello AS og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, har inngått ei samarbeidsavtale for å styrke innovasjonsmiljøet i fylket.

– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna i kjølevatnet av dei endringane som vi ser med reduserte oljeprisar, det grøne skiftet og auka digitalisering. Dette krev omstilling og nytenkning. Ved å samarbeide tettare kan vi betre dekke det aukande behovet i fylket, fortel Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

Behov for støtte

Det aukande behovet i gründer- og utviklingsmiljøet kjem også fram i ei marknadsundersøking gjennomført av inkubatorane hausten 2016. Undersøkinga viser at gründerar og etablert næringsliv treng meir kompetanse og ressursar innan prosjektleiing og
forretningsutvikling og hjelp med å nytte offentlege verkemiddel. I tillegg kom det også fram at særleg etablerte bedrifter treng meir tid og kapasitet til å jobbe med innovasjon.

– Ved å jobbe saman kan vi tilby gründerar og etablerte bedrifter eit heilskapleg tilbod som tek hand om desse behova. I tillegg til å effektivisere ressursane våre, vil vi også auke den samla kompetansen vår slik at vi kan hjelpe fleire med rådgjeving og trekke
synergiar ut av eit breiare nettverk. Dette vil sikre eksisterande arbeidsplassar, skape vekst og nye arbeidsplassar, og bidrar til gode innovasjonsmiljø i fylket vårt, seier Roger Ulvestad, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Felles landingsside

Aksello og Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubasjonsnettverket til Siva, eit statleg utviklingsselskap basert i Trondheim. Medan Aksello held til i Florø, har Kunnskapsparken kontor i Sogndal, Førde og Stryn. Som ein del av samarbeidet har
inkubatorane oppretta ei felles landingsside på nettsida til Driftig, ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane.

www.driftig.no/inkubator kan gründerar og etablert næringsliv finne meir informasjon om tilbodet og opptakskriteria til inkubatoren, og søke om opptak av sin idé. Ein kan også komme i kontakt med inkubatoren gjennom førstelinjetenesta i dei enkelte kommunane. Som inkubatorbedrift får ein tilgang til eit korps av dyktige rådgjevarar, moglegheit for kontorplass
mange stader i fylket, vidareutvikling gjennom ulike kurs og hjelp til å søke finansielle støtteordningar.

– Vi gler oss over dette samarbeidet og håper at vi vil få inn mange nye og spennande idéar og prosjekt. Ved å ha eit felles opptak kan vi sjå til at søkarane får den beste kompetansen kopla på sitt prosjekt, og vi vil bruke ulike ressursar frå nettverket vårt som er tilpassa kvart enkelt prosjekt, seier Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello.

– Saman ønsker vi å styrke hjelpeapparatet rundt vekstbedrifter i fylket vårt. Dei som blir tatt opp i inkubatoren vil få tilgang til eit fagleg og sosialt utviklingsmiljø som gir dei ein større sjanse til å lukkast med sin idé, presiserar Kjetil Kvåle, dagleg leiar hos Kunnskapsparken.

 

For meir informasjon ta kontakt med:

Aksello AS, www.aksello.no
Arne Olsen, fungerande dagleg leiar: arne@aksello.no, 975 73 599
Vanja Viken, inkubatorleiar: vanja@aksello.no, 415 70 306

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, www.kpsf.no
Kjetil Kvåle, dagleg leiar: kjetil@kpsf.no, 952 06 574
Roger Ulvestad, inkubatorleiar: roger@kpsf.no, 938 17 336

Frukostmøte til stor inspirasjon

Frukostmøtet den 7. september gjekk av stabelen med “stinn brakke” (vel 50 frammøtte) og stor stemning. Dei to hovudinnlegga, Dagfinn Neteland frå Fjord1 og Torodd Helle frå Helle Fabrikker, var særs inspirerande. For første gang køyrde vi også eit av innlegga live som du kan sjå her eller på Facebook-sida vår. 

 

Fjord1 – lokal aktør i ein global marknad v/adm. dir Dagfinn Neteland

Fjord1 har hatt ei fantastisk utvikling med 240 millionar i overskot i halvårsresultat for 2017. Administrerande direktør Dagfinn Neteland var på plass for å fortelle om korleis dei har skapt ein ny og meir kommersiell forretningskultur som har gitt selskapet gode økonomiske effekter og det gode omdømme som dei har. Innovasjon står i høgsetet, og det må lokale verksemder søke å vere med på.

 

Helle Fabrikker – Merkevarebygging og internasjonalisering v/Torodd Helle  

Helle Fabrikker er ei bedrift med ein lang tradisjon frå Holmedal som har gjort knivskarp suksess både i Norge og i det store utland med ein marknad i mellom anna Amerika og Afrika. Vegen dit var noko av det som dagleg leiar Torodd Helle snakka om under dagens frukostmøte. For Helle Fabrikker var det mellom anna nyttig og få nokon inn frå utsida som såg bedrifta med nye auge og hjalp dei med merkevarebygginga. Hans beste råd til dei som driv med merkevarebygging og internasjonalisering, særlig i “high end”-marknaden, er å tore å vere seg sjølv 100% og levere “ekte varer”.

Innlegget vart avslutta med ei trekning av ein Harding Hellekniv som gjekk til Stein-Asle Øvrebotn frå Vestnes Land.

 

 

Sykkelbyen Florø v/Catherin Secher, Flora kommune

Catherin Secher frå Sykkelbyen Florø gav ein introduksjon til kva dei jobbar med som ein av to sykkelbyar i Sogn og Fjordane. Dei står mellom anna bak sykkelparkeringa ved Florø barneskule og hjelper bedrifter med å tilrettelegge for ein sykkelvennleg arbeidsplass. Bedrifter som er interessert kan ta kontakt med dei. 

 

Ordet fritt

Aksello sin nye trainee, Trine Vederhus, vart presentert.

Rådgjevar Heidi Felle informerte om at der er meir midlar att som skal delast ut frå Kommunalt Næringsfond for 2017. Om nokon har ein idé eller eit prosjekt kan dei ta kontakt med Heidi for å få rettleiing i korleis ein søker Kommunalt Næringsfond heidi@aksello.no.  

Arne Olsen minna om at det framleis er ledige plasser under lunsjmøte med utanriksminister Børge Brende fredag den 8. september kl. 11.45-13.00 på Haavebua (ved Quality Hotel i Florø). Meir info og påmelding her. 

Og han minna om Brukarundersøkinga som alle må fylle ut (dei som har mottatt ho).

Trond Strømgren frå Maritime Foreining kom med ei påminning om at verda kjem til Florø den 13. og 14. september under konferansen om Marin Energi. Meir info om arrangementet her. 

 

Neste Frukostmøte

Neste frukostmøte blir torsdag den 5. oktober. Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta invitasjon til inspirasjon og fagleg påfyll. 

 

«Dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert»

Dei motiverande orda møter dei besøkande inne i stallen på Soldalen Besøksgard. Bokstavane står sirlig skrivne på nymala vegg, og i godt selskap med flotte dyr og fargerike figurar, blant dei Pippi som er inspiratoren bak sitatet.   

Dette mottoet har alltid treft meg, og eg har hatt lyst til dette så lenge, fortel gründerbonden Tonje Terøy og utdjupar:

Men det krev stort mot å gjennomføre. Alle som har gjort noko gjorde det ein gang for første gang, og eg som mange andre har lete vere å gjere noko på grunn av at eg var redd for at det ikkje skulle gå slik eg ville. Så dette er motivasjonen til meg sjølv, og alle besøkande. Tørr å gjere det du har lyst til. Det går som oftast bra, og det er ei verre kjensle om ein ikkje torer å prøve.

Draumen om å gjere garden til svigerfamilien om til Soldalen Besøksgard har Tonje gått med i mange år, og som den eldsjela svigerfar Atle Terøy var i hestemiljøet i Florø så var det han som oppfordra ho til å utdanne seg som ridelærer.

 Han sa at dersom eg hadde tenkt å bli værande her, så trengte eg noko å leve av. Eg har alltid brent for hest og dyr, og har drive med både konkurranseriding og rideskule her i Soldalen i mange år. I alle dei åra har eg samla idéar til korleis eg skulle klare å leve av ein jobb her på garden, seier Tonje som i dag er utdanna kokk og ridelærer, med spesialisering i riding for funksjonshemma.

 

Sjukdom gjorde ønske sterkare

Det var først då Tonje vart sjuk med M.E kronisk utmatting at ønske hennar om å starte ein «Inn på Tunet»-gard blei sterkare.

Eg sakna å vere med dyr og å ha tilhøyring til eit arbeidsmiljø, og å vere sosial var vanskeleg med mangel på gode opplevingar og kvardagsglede. I den situasjonen som eg var i hadde eit tilbod som “Inn på Tunet” betydd mykje for meg. Mange som ikkje klarar å gå på jobb, klarar å vere på ein gard å gjere det dagsforma tilseier, understrekar Tonje.  

På Soldalen har ho skapt det miljøet ho sjølv skulle ønske at ho hadde då ho var sjuk. På dagtid jobber ho med kommunale kunder frå helse og omsorgssektoren, skule og barnehagar, og på ettermiddagane er der ulike fritidsaktiviteter for born og unge som gardsdag, stalldag, 4H-klubb og kaninklubb. Kvar søndag inviterer ho alle som vil til generasjonsdag, og annakvar helg er det mogleg å feire bursdagen sin på Soldalen saman med alle dyra. I tillegg blir det også open gard ein gang i månaden og gardsveke i skuleferiane. Her er mykje som skjer på garden no, samanlikna med fjoråret.

 I november i fjor stod garden tom. Her var ingen dyr og ventilasjonsanlegget var øydelagt, fortel Tonje og viser oss rundt i den nyoppussa stallen.

Her er alt lagt til rette for rullestol, rullator og dei som er ustødig på beina, og nye bebuarar har også flytta inn i stallen: hestane Maya, Zaladin, Violetta, Bender og Luna.

 

Nytt liv på garden

Uteområdet har også blitt forvandla med gapahuk med utekjøkken, drivhus, åker, grillhytte og bålpanne. Dyra på garden beiter like ved. I tillegg til hestane bur her ein fin gjeng med høner, to kaniner (ein av dei er ein fransk vedder som er kjent som terapidyr), fire geiter og ein gardskatt med namnet Bella. Snart kjem det også to drektige alpakkar, eit esel, og to kaniner til.

Det er kjempegøy å sjå den store forandringa og at planen til Tonje blei slik ho har beskrive den, seier rådgjevar Heidi Felle, som er på besøk under den første gardsveka på Soldalen.

 Tonje er dyktig, målretta og hardtarbeidande, ho har tatt steget og satsa og har fått til eit kjempetilbod for innbyggarane i Flora, understrekar Heidi. 

Sola skin, og ute på tunet leikar ei gruppe med born kanonball. Eit av barna blir med på resten av omvisinga og viser stolt fram det nye hønse- og kaninhuset på nedsida av tunet.

Her bur Lakris og Lykke, smiler han.  

På kaninburet heng det lappar med spørsmål som «Kva to ting kan bonden få frå ei kanin?» og «kva et kaninen?», og vegen frå jord til bord er ikkje lang. Tidlegare i dag var borna med å lage mat av egga som dei hadde plukka sjølv.

Eg håpar at besøkande tek med seg gode opplevingar, kunnskap om dyrehald, dyrking og kor maten kjem frå. Eg håpar dei finn tilhøyring, ro og fred, og bygger gode relasjonar med både dyra og kvarandre, seier Tonje engasjert.  

 

 

Mange gode hjelparar

Tonje har hatt med seg mange gode hjelparar for å gjennomføre prosjektet sitt. Familien har stått på og vore med på dugnad. Tvillingbror hennar Marius Johansen har mellom anna teikna logoen til besøksgarden. I stallen har ho også fått med seg eit team med dyktige hjelparar: Aurora Valle Johannessen, Merete Husmo Høidal, Anikka Grytten og Silje Løken Kvalsvik. Aksello, det Kommunale Næringsfondet og Innovasjon Norge er også blant støttespelarane hennar. 

– Aksello har vore viktig for meg. Heidi har følgt meg sidan november, høyrt på planane mine, gitt gode råd, vist meg vegen når eg trengte det, og ikkje minst heia på meg. Utan tru på deg sjølv, så klarer du det ikkje. Det har også betydd mykje for meg at eg fekk 150 000 kr frå det Kommunale Næringsfondet og 100 000 frå Innovasjon Norge. Utan denne støtta hadde eg ikkje turt å ta dei nødvendige investeringane for å starte opp, presiserer ho.

Tonje har også starta prosessen med å gjere Soldalen om til ein 4H-gard og har fått stor hjelp frå Kristin Haanshuus, som er prosjektleiar for 4H-gard i vekst.

Eg er også veldig takknemleg for at svigermor har gitt med denne sjansen, til å leige garden og gjennomføre det eg brenner for, og til min avdøde svigerfar som oppfordra meg til å ta den nødvendige utdanninga og få erfaringa som eg trong for å gjere dette. Eg håpar han hadde vore fornøgd med det eg har gjort garden til no, seier Tonje.

 

 

Følg Soldalen Besøksgard på Facebook

På Facebooksida til Soldalen Besøksgard kan du sjå opningstidene og halde deg oppdatert på alle aktivitetene som skjer på garden. Tonje vil også gjerne informere om at alle er hjarteleg velkommen, men ber om at alle sjekkar timeplanen før dei besøker garden då nokon av brukarane har behov for å vere skjerma.

 

Aksello sin nye trainee: Trine Vederhus

1. august var første arbeidsdag for Trine Vederhus som er Aksello sin nye trainee. Ho skal vere med oss fram til august neste år og vil i løpet av denne tida få eit godt innblikk i korleis vi arbeider med entreprenørskap og nyskaping i Sogn og Fjordane. Stillinga er ein del av Framtidsfylket si traineeordning og det er første gang Aksello er med som traineebedrift, så dette blir spennande for både oss og Trine.

Trine er opphavleg frå Vågsøy, men har dei siste åra jobba og studert ved BI i Bergen der ho fullførte to bachelorgrader, ein i reiselivsleiing og ein i økonomi og administrasjon. Ho har også erfaring frå daglegvarebransjen som avdelingsleiar for bakeri og frukt og grønt. Aksello si traineestilling fann ho på Framtidsfylket si nettside og ho fortel at det første som slo ho var: “Denne vil eg ha!”

Då eg såg stillinga tenkte eg at den var perfekt for meg. Eg har alltid vore interessert i innovasjon og entreprenørskap og hadde eit fag på BI som gjekk spesielt på det. Eg likar godt å arbeide med rådgjeving og ønsker å hjelpe andre med utvikling av sine idéar, fortel Trine.

At stillinga var i Florø passa også bra då sambuaren til Trine er frå kystbyen.

– Vi flytta hit med hunden vår Rocky og gode turmoglegheiter spelte ei stor rolle når vi såg på kor vi skulle busette oss. Eg likar meg best ved kysten sidan eg har vakse opp i Vågsøy, og Florø var difor eit godt alternativ.

 

Gründertankar

Trine beskriv seg sjølv som idérik og innrøm at ho ofte leikar med tanken på å bli gründer og starte eige selskap.

– Eg har alltid vore interessert i å starte noko sjølv. Gjerne noko som løyser eit problem for folk flest og bidrar til ein lettare kvardag med auka trivsel og velvære. Det som eg likar spesielt godt med traineestillinga i Aksello er at eg får vere med å hjelpe andre med å realisere sine idéar, seier Trine.

 Du vil gjerne ikkje seie så mykje om kva idéane dine går ut på, men kva oppfinning skulle du ønske at du stod bak?

– Det er litt vanskeleg å svare på for her er så mange gode oppfinningar, men då Hackit kom ut så hugsar eg at eg hadde lenge irritert meg over den tradisjonelle steikespaden til å hakke kjøttdeig med. Eg liker å hakke kjøttdeigen i veldig små bitar og det er ikkje alltid lett å få til, så eg hadde tenkt på eit eige reiskap som ville gjere det lettare. Men så kom dei jo meg i forkjøpet, seier ho spøkefullt.

 

Ein del av teamet

Sjølv om ho kjenner på gründerspira har Trine ingen planar om å bli entreprenør med det første, og traineestillinga gir ho ein unik moglegheit til å bli betre kjent med gründer- og innovasjonsmiljøet i Sogn og Fjordane.

 Og kven veit? Kanskje eg finn ut at dette er det eg vil drive med på sikt? Å hjelpe gründerar heller enn å bli ein sjølv. Eg gler meg uansett veldig over å vere ein del av eit team som bidrar positivt til lokalmiljøet og er med på å skape nye arbeidsplassar i fylket, poengterer ho og legg til:  

– Eg er også veldig opptatt av korleis etablerte selskap kan dra nytte av digitale verktøy for å vere levedyktige både no og i framtida. Det handlar ikkje berre om å skape nye arbeidsplassar, men også om å halde på dei arbeidsplassane som ein har frå før.

       Kva håpar du å lære i løpet av året ditt som trainee?

       Alt, ler Trine.

       Alt frå start til slutt. Frå korleis Aksello får folk inn i miljøet sitt og jobbar med idéar frå starten av, til korleis dei hjelper dei gjennom dei ulike prosessane med søknadar og finansiering. Eg håper å sitte igjen med ei godt overblikk av selskapet, svarar ho.

 

Vil bidra positivt til miljøet

I løpet av året er planen at Trine skal innom alle ledda i Aksello, frå førestelinjetenesta saman med rådgjevar Heidi Felle, inkubatoren med inkubatorleiar Vanja Viken, og jobbe med ulike prosjekt saman med Arne Olsen, som er fungerande dagleg leiar. Her er mykje å lære om gründerstøtte og næringsutvikling og Trine håpar å kunne bidra positivt til miljøet.

Eg håpar å kunne bidra og komme med råd når det gjeld marknadsføring, økonomi, digitalisering og nettverksbygging. Eg er også veldig glad i planleggingsfasen og kan hjelpe til med struktur og organisering, seier ho.

Kva er ditt beste tips til gründerar og etablerte bedrifter som jobbar med nyskaping?

  Å ha trua på idéen og våge å satse 100%. Det er viktig å sette seg kortsiktige og langsiktige mål og ha ein plan for kor du vil med idéen din og kva du treng av støtte for å komme dit. Ein god forretningsplan er eit verdifullt verktøy som hjelper deg å fokusere på måla dine og kan brukast til å presentere idéen til investorar og samarbeidspartnerar.

 

Meir om Framtidsfylket Trainee og Aksello:

  • Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek varierer frå år til år, og traineeåret varer frå august til august.
  • Ordninga blir meir og meir populær og Framtidsfylket fekk inn 1000 søknadar til årets traineestillingar.
  • Året 2017/2018 er 27 nye traineear tilsett i 21 bedrifter.
  • Det er første gong Aksello (tidlegare Fram Flora) er med som traineebedrift.
  • Aksello er eit næringslivsselskap som arbeider for nyskaping og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Vi er Flora kommune sin førstelinjeteneste og hjelper gründerar og etablerte bedrifter gjennom vår idélab og inkubatorarbeid i heile fylket. I tillegg jobbar vi også med ulike prosjekt som er med på å støtte oppom næringslivet i fylket.

Traineeordninga er ein vinn vinn for alle partar, både næringslivet og potensielle arbeidstakarar. Vi i Aksello synes det er kjekt å vere med å gi eit tilbod til unge som vil arbeide i Sogn og Fjordane, både til heimvendte eller nye tilflyttarar. Kva forhold ein har til Sogn og Fjordane frå før spelar inga rolle, og traineeordninga er ein god moglegheit til å bli kjent med fylket og næringslivet i Sogn og Fjordane. Her har Framtidsfylket gjort ein kjempejobb i meir enn ti år, og dagleg leiar Gro Rukan og resten av staben hennar fortener mykje skryt for det dei gjer både for fylket og unge arbeidstakarar som rekruttering- og kommunikasjonsplattform for næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello