Aksello håpar alle har hatt ein fin sommar og ønsker velkommen til haustens første Frukostsamling, torsdag den 6. september. Frukost blir servert frå kl 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet, som denne gong vert dominert av kyst-tema, ser slik ut:

  • Fjordkysten – Kva skjer? Destinasjonsselskapet har vore gjennom ein endringsprosess, og vi er spente på å høyre kva Marita Solheim har å seie om status og framtida.
  • Flora Hamn – Framtidas hamn – viktige grep v/Hamnesjef Linda M. Midtbø
  • Ny inkubatorbedrift: Evoy AS v/Leif Stavøstrand. Evoy jobbar med båtar med elektrisk framdrift, og Leif har ymta frampå om «flere nyheter og en verdenspremiere», så her er det berre å følgje med.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg vere til stades heile dagen. Denne gongen kjem Jørgen Berg. Om du vil ha eit separat møte med Jørgen, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

OBS!

OBS! Dette frukostmøtet er kansellert, men vi kjem så klart tilbake med fleire frukostsamlingar etter sommarferien. Ha ein framleis fin sommar!

Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling torsdag den 5. juli, den siste før sommarferien. Frukost vert som vanleg servert frå kl 07.30; presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Programmet ser slik ut:

  • Kva skjer med Fjordkysten? Destinasjonsselskapet har vore gjennom ein endringsprosess, og vi er spente på å høyre kva Marita Solheim har å seie om status og framtida.
  • I Aksello har vi nyleg hatt to vellukka «exits» frå inkubatoren vår (Vestnes Land og FjordPanel), og no har vi fylt på med to nye verksemder:
    Evoy AS v/Leif Stavøstrand og Bulandet Miljøfisk AS v/Ola Sveen. Dei kjem begge for å presenterer seg og sine forretningsidé
  • Til slutt vil Aksello informere om det planlagde gründerkurset for innvandrarar til hausten.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen. Denne gongen kjem Jørgen Berg. Om du vil ha eit separat møte med Jørgen, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!


Arbeidssøkjande og heile 34 bedrifter frå det lokale næringslivet møttes fredag til rekrutteringstreff og nettverking på Haavebua i Florø.

Nytt av året var samarbeidet mellom Aksello og Måløy Vekst. Åtte bedrifter frå Måløy samt eit dusin arbeidssøkjande hadde tatt vegen til Florø. Sjølv om ikkje alle hadde ledig stillingar i den umiddelbare framtid, var det å vere tilstades på eit slikt arrangement viktig for mange.

– Vi er her for å representerer oss, men behovet for arbeidskraft kan fort dukke opp. Då må vi være klar, understreka Svein Skibenes i Fjord Shipping.

Trio frå Måløy: Svein Skibenes, Jannicke Nydal og Knut Eltvik.

Skibenes var ein av dei frå Måløy som hadde stands på rekrutteringstreffet. Blant dei andre var paraply-organisasjonen Måløy Maritime Group, som representerer 17 bedrifter i Vågsøy. Deira utsendte, Laetitia Rosing, kunne mellom anna fortelje om at dei søkte etter fagarbeidarar, salgsmedarbeider og elektroingeniør, samt ein kontrollør til oppdrettsanlegg.

Under radaren

Gjert Myrestrand var ein av dei som nytta seg av tilbodet om gratis båt frå Måløy. Han jobbar i eit vikariat og ynskjer seg ei fast stilling innan økonomi og sal, eller eit skjeringspunkt i mellom dei to. Han ser ikkje på det som noko problem å flytte på seg, skulle ein god moglegheit vise seg.

Eg trur ein del jobbar går folk hus forbi. Mykje går under radaren og det er ikkje alt som dukkar opp i kanalar som for eksempel Finn.no. Difor tenker eg at det er viktig å vere med på slike arrangement.

– Gjert Myrestrand

– Og ikkje minst er det viktig å snakke med folk og bygge nettverk. Gjerne også med bedrifter ein ikkje nødvendigvis trur ein kan få jobb hos. Og det er klart at om ein triveleg jobb skulle bli tilgjengeleg kunne eg busett meg her.

Gjert Myrestrand i samtale med banksjef Ole Aukland frå Sparebanken Sogn og Fjordane

To blir til ein

Det var servering av tapas. I tillegg vart to heldige vinnarar av festivalpass til Våt Moro 2018 trekt ut. Prosjektrådmann i Kinn Kommune,Terje Heggheim, kalte rekrutteringstreffet ei viktig samling då han oppsummerte messa.

– Den rare kommunen, Kinn, som ikkje henger i hop og som viker unna frå normalen. Det er jo glimrande, sa han og understreka at saman er vi er nøydd å tenke nytt, og at kontakten med næringslivet blir heilt avgjerande. Heggheim kunne informere om at fire stillingar vil bli lyst ut på hausten.

 

Tidleg ute

Amalie Blålid Kvalheim bur i Måløy medan ho skriv master i «International Business». Den skal vere ferdig i september, og ho ser seg difor om etter arbeid.

Amalie Blålid Kvalheim

Motta nyhendebrev frå Aksello

Registrér deg no for å motta dei siste nyheitene om entreprenørskap og næringsliv frå Aksello.

– Det var mange bedrifter her eg ikkje kjente til eller visste var i området. Det er veldig greit å vite at ein har fleire moglegheita, seier ho, og legg til:

– Helst vil eg bu i heimbygda, med det er fint å bli kjend med næringslivet begge stader. Og det var veldig greit at det var satt opp gratis båt.

 

I lag med Måløy Vekst

– Rekrutteringstreffet gjekk bra og vi fekk mange positive tilbakemeldingar frå deltakarar og bedrifter som var på stand. Det var spesielt kjekt å samarbeide med Måløy Vekst for å vise fram kva moglegheiter som finst i framtidige Kinn Kommune, seier Trine Vederhus, trainee hos Aksello, og held fram:

– Grunnen til at vi arrangerer slike treff er for at arbeidssøkjande skal få treffe næringslivet og sjå kva jobbmoglegheiter som finst i området. Det er også viktig for at næringslivet skal samlast for å knytte betre kontakt, spesielt denne gong med tanke på å samle bedrifter frå Vågsøy og Flora Kommune, avsluttar Vederhus.

Godt nøgd Aksello-gjeng: Heidi Felle, Lone Bareksten, Arne Olsen og Trine Vederhus.

– Vi har hatt eit veldig godt og tett samarbeid med Aksello, ein verdifull mellommann mot næringslivet. Dette er, med andre ord, ikkje for å betale for frukosten, spøka Arild Sandvoll, regionsdirektør i Sparebanken Vest, då han gav Aksello ein sjekk på 100.000 kroner.  

– Vi er veldig glad for at de støtter arbeidet vi gjer, sa møteleiar Arne Olsen, og takka på vegne av alle i Aksello.

Det var ein god start på frukostsamlinga for juni. Dei ca. 65 frammøtte fekk eit litt lengre program enn vanleg, med fleire svært gode presentasjonar. Nedanfor følger eit samandrag, forhåpentlegvis til glede for dei som ikkje hadde høve til å delta.

Ei forteljing om annleis-fylket

Kva gjorde at Norge gjekk frå å vere eit fattig land til eit av dei rikaste? Var det sosialdemokratiet, planøkonomien, proteksjonismen, eller var det petroleum? Og kvifor er det slik at Sogn og Fjordane har utvikla seg motstraums med andre fylker? Kva er myter og kva er fakta?

Dette var nokre av spørsmåla Ola Honningdal Grytten svara på då han tok oss med på ei spennande reise tilbake i tid og teikna eit bilete av eit land som var fattig, men med eit folk som var tilfreds, sunne og smarte. Professoren ved institutt for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøgskule fortalte om levestandard, velstand og utvikling i landet generelt, og fylket spesielt.

Grytten oppsummerte Sogn og Fjordane som eit område med eit svært stabilt næringsliv, låg arbeidsløyse, lite påverkeleg av økonomiske endringar, og i lag med Sunnmøre, busett av dei mest tilfredse folka i verda.

– Fylket tok ikkje like mykje del i olje-eventyret som resten av Vestlandet. Innanfor fiskeri har enkelte områder, som Måløy, vært svært aktive, mens fylket som heilheit har forbløffande lite fiskeriaktivitet. Jordbruket derimot, har vært veldig stort, og er viktig. Derfor har Sogn og Fjordane vært eit lokomotiv som berre har gått, medan resten av Vestlandet har vore meir ømfintleg.

Professor Ola Grytten.

Industri er også viktig, men veldig konsentrert om enkelte kommunar i fylket. Ein del områder har blitt sittande fast i tungindustri som ikkje har vore dei mest lønnsame, og ein ligg etter i anna næring, som t.d. design. Det kan være at ein ikkje har kultur for det, eller at det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg kompetanse, men det er eit område ein kan bli betre på.

– Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Eit trekk for fylket som Grytten peika på, og som var tatt opp igjen under presentasjonen av Vestlandsindeksen, er relative lite entreprenørskap og nyskaping.

Vestlandsindeksen

Sparebanken Vest spør kvart kvartal 700 bedrifter om deira forventningar, og basert på deira tilbakemeldingar lagar dei den såkalla Vestlandsindeksen, som dei denne gongen la fram på Frukostsamlinga.

Konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Ragnhild Fresvik, presenterte tala og gav oss eit innblikk i korleis det har vore å vere annleis-fylket i annleis-landet – gjennom ei utruleg tøff krise – og korleis det ser ut framover med våre styrker og sårbarheiter.

– Den vekstmuskelen som oljenæringa har representert for oss, sjølv om det no ser veldig mykje lysare ut, kjem vi her i regionen aldri til å få tilbake. Vi er heilt avhengige av å få opp bedriftsinvesteringar i andre næringar, konstaterte ho.

Sjølv om vi er notoriske optimistar her på vestlandet, kunne Fresvik informere om ein tendens til å ha høgare forventningar enn det resultata viste.

– Mange forventar at vi i framtida skal leve av fiskeri og havbruk, samt fornybar energi, men om ein ser på tala ser ein at desse næringane førebels utgjer svært lite i samanlikning med olje og gass. Investeringane innanfor olje og gass er på veg tilbake, men dei er på langt nær like høge som dei var.

Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bredriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Det som blir avgjerande framover, er nyskaping. Fresvik trakk fram Aksello som eit godt døme på aktørar som får ei viktig rolle i arbeidet med å auke innovasjonsevna og få opp bedriftsinvesteringar og nyetableringar i alle sektorar i tida framover.

– Ein tredjedel av jobbskaping kjem frå nyetableringar og ein tredjedel kjem frå vekstbedrifter, så vi er avhengige av tilvekst frå små og mellomstore bedrifter for å redusere sårbarheita i sysselsettinga vår framover.

– Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Med det oppmoda Fresvik dei til stades å motbevise professor Grytten, og at vi framover klarar å få til ei auke i entreprenørskap.

–  Vi er avhengig av at nye bedrifter veks fram i Sogn og Fjordane!

Les Firdaposten sin sak om Vestlandsindeksen her:

– Fint med vekst i oljesektoren, men det er ikkje nødvendigvis godt for Sogn og Fjordane

Global Fish grip moglegheitane

Jan Otto Hoddevik i Global Fish haldt deretter eit engasjert innlegg om pelagisk fiskeri-næring generelt og verksemdas pågåande utbygging i Gunhildvågen spesielt.

Han fortalde om historia til firmaet, om kva dei gjorde annleis då dei starta opp, og delte ambisiøse planar om høg produksjon og mange tilsette i Florø.

– Vi var særdeles marknadsorienterte når vi starta. Vi var det første selskapet som hadde illustrerte kasser. Før det var alle makrell-kassene brune og det var ingen forskjell i marknaden om det heite Domstein eller noko anna. Vi brukte nesten alt vi tente første året på ei marknadsføringskampanje for selskapet, og satsa på kvalitet framfor volum. Det gjorde at vi kom inn på den japanske marknaden.

Ti år seinare selde dei selskapet for 325 millionar kroner.

– Det visar kva som var mogleg på den tida, sa Hoddevik, og fortalde om russiske båtar lasta med skoesker fulle av dollar for å kjøpe fisk.

Jan Otto Hoddevik leverte ein engasjert presentasjon om historia til Global Fish, og om satsinga deira i Florø i tida som kjem.

I 2013 starta brødrene Hoddevik opp Global Fish for tredje gong, og fekk leid seg eit anlegg i Egersund. Der planla dei inntil nyleg eit nytt anlegg som no ikkje blir noko av. I staden har dei kjøpt Pelagia sitt anlegg i Florø.

– Anlegget kjenner vi godt, men det vil bli sterkt oppgradert. Vi må ha kapasitet til å ta imot store utanlandske fartøy med opptil 2000 tonn i ei last. Det må vi kunne ta unna på maks to dagar.

Hoddevik ser for seg at dei kjem til å ha 50-60 tilsette i sesong, ei omsetning på 600 millionar og ein størrelsesorden på mellom 65- og 70.000 tonn.

Avslutningsvis understreka Hoddevik viktigheita av rammevilkåra dei får frå styresmaktene. Ein ting er auka proteksjonisme frå andre land, som reduserer moglegheitene for ein stor eksportør som Global Fish. Ein anna er dei lokale tilhøva, som i Florø gjeld spesielt to ting: Nærleiken til containerhavna i Florø, som hvis den blir flytta til Fjord Base vil medføre sterk auke i trailertrafikken gjennom byen; og prisen på vatn, som Global vil bruke mykje av i sin produksjon.

Avsluttande kommentar frå Flora Industri og Næringsforening

Vi som driver små bedrifter er avhengig av at der er nokre lokomotiv som går. Og ikkje berre eit. Det er klart at olje er det største, og vil være det i lang tid framover, men samtidig må ein utvikle oppdrett og fiskerinæringane, samt metall og fornybar energi

– Gustav Johan Nydal, nyvald leiar i Flora Industri og Næringsforening.

Han trakk fram Global Fish som eit fantastisk eksempel på viktig satsing innanfor fiskerinæringa i Florø.

– Det er viktig for Florø at vi har ei levande fiskerinæring. Global Fish er eit firma som ser moglegheita og klara å gripe dei, være fleksibel og følgje marknaden.

Les meir frå presentasjonen til Hoddevik i Firdaposten her: – Ikkje flytt containerhamna austover

Frå v. Arne Olsen, Gustav Johan Nydal, Ragnhild Fresvik, Jan Otto Hoddevik og Lone Bareksten.
Færre enn 0.1% av alle nyetablerte bedrifter tener nok dei første tre åra til å dekkje sine eigne utgifter. Det seier Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum. Han var invitert til å halde kurs for inkubatorbedriftene hos Aksello. Kurset skal gi kompetanseheving og trening på eit viktig område, og er finansiert av SIVA.

– Målet er å gjere dei «investor-klare». Det vil seie at dei skal kunne kommunisere eit klart og tydeleg bodskap til potensielle investorar, fortel Korsmo i Seed Forum.

Seed Forum, som opphaveleg starta i Norge, har over dei siste femten åra spreidd seg til over 60 land. Dei driv med kursing, men arrangerer også konferansar, og fungerer som ein møteplass for investorar og bedrifter.

Gründerane fekk opplæring i å halde eit seks minuttar langt «pitch», eit 30 sekundar «power-pitch» der dei på berre femten ord skulle forklare kva dei gjer og kvifor ein bør investere i bedrifta, og til sist, eit «impact-pitch»: Ei setning der målet rett og slett er å skape ein «Wow!»-reaksjon.

Finansering | Aksello
Leif A. Stavøstrand med bedrifta Evoy AS er ein av dei nyaste i inkubatoren.

Påfyll i verktøykassa

Leif A. Stavøstrand kom inn i inkubatorprogrammet 1.april i år med bedrifta Evoy AS, som skal levere elektrisk framdriftssystem til planande båtar. Sjølv om den tidlegare administrerande direktøren på Saga Fjordbase har mykje erfaring frå arbeidslivet meiner han at det er god bruk av tida.

– Det er bra at Aksello arrangerer dette. Det var flinke folk og eit godt opplegg, konstaterer han og legg til:

– Det var eit påfyll i verktøykassa for min del. Vi må vere flinke til å fokusere på det som er viktig og halde oss kortfatta når vi kommuniserer, og vi må tilpasse oss dei som vi snakkar med.

Ut av komfortsona

Njål Bragstad driv selskapet Updown Prosjekt AS som utviklar eit system for skrogreingjering for større skip som skal gi store innsparingar for internasjonale fartøy. Selskapet blei med i inkubatorprogrammet i desember i fjor og har mottatt tilskot frå Innovasjon Norge.

 

Eg kom godt ut av komfortsona. I inkubator-miljøet er det mykje innanfor maritime næring. Prosjekta er for borna våre å rekne. Nokre av prosjekta krev langsiktig kapital for å bli realisert, men vi er ein teknisk tung gjeng og det er viktig for oss å lære stammespråket og å forstå investorverda.

– Njål Bragstad, Updown Prosjekt AS.

Finansering | Aksello
Njål Bragstad frå Updown Prosjekt AS med dei andre i gruppa om korleis ein best kan ordleggje seg for å kommunisere bodskapen effektivt og klart.

Finansiering frå første dag

Korsmo vektlegg at det er essensielt å tenkje på finansiering frå første dag når ein startar eiga bedrift.

 

Dei aller fleste startar for seint og kjem på etterskot med finansieringa, og det får konsekvensar.

– Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum.

 

Han trekker fram at det å kunne kommunisere kva verdidrivar bedrifta har er svært viktig om ein skal klare å hente inn midlar.

– Ein investor vil berre investere i ei bedrift om han eller ho ser at det er potensiale for vekst,  slår Korsmo fast.

Miljø og nettverk

Gjennom å arrangere kurs for gründerarar i inkubatoren ynskjer Aksello å vere med å skape eit miljø for læring og eit nettverk for finansiering, der innhenting av midler er ein viktig del.

– Hensikta er kort fortald å legge til rette for at selskapa lykkast med å skaffe kapital for å sikre framgang og vekst, påpeikar Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

I samarbeid med inkubatoren i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, vil Aksello til hausten sette opp ein aktivitet for inkubatorselskapa i fylket, der dei vil få presentere seg for investorar og investormiljøa.

– Då vil dei som har vore med på dette vere best mogleg rigga til å presentere  forretningsideane sine, understrekar Viken.

–  For kvar einaste gode idé og prosjekt er det ein ting som er essensielt, og det er det første møtet: møtet mellom enkeltindivid. Det er mykje fantastisk som kan skje etter det.

Dette sitatet frå direktør Jan Olav Baarøy frå Fredskorpset runda torsdagens første møte, den månadlege samlinga hos Aksello, der dei frammøtte fekk bli betre kjend med Fredskorpset, Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, den lokale og globale aktøren Norwell og inkubatorbedrifta Nekst.

Frukostsamling | Aksello
Elevane frå Green Plastic UB.

Green Plastic UB – status og vegen vidare

Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, som nyleg deltok på NM for Ungdomsbedrifter nominert i kategorien sosialt entreprenørskap, heldt det første innlegget. Tre elevar frå Florø Vidaregåande skule, Njål Eliassen, Martin Ulsten og Viljar Ødelien, starta med å fortelje kva som inspirerte dei til å ta fatt på det enorme miljøproblemet med plast. Inspirasjonskjelda var prosjektet Precious Plastic, starta av nederlendaren Dave Hakkens, som fritt deler kunnskap og verktøy på nett som skal setje ein stopper for plastforureining. Der fann elevane mellom anna teikningar på to maskiner som dei har fått konstruert for å gjenvinne plast til ulike produkt, til dømes mobildeksel. Gode prosjekt kan, slik dei demonstrerer, også oppstå i møte med andre idéar og føre til positive ringverknader og arbeidsplassar andre stader, i India og Nkhotakhota i Malawi, der dei er involvert i samarbeidsprosjektet Green Plastic Nkotakhota.

Frukostsamling | Aksello
Ingrid Kassen, Norwell.

Norwell AS – lokal aktør i ei global verd

Administrerande direktør Ingrid Kassen frå eksportselskapet Norwell snakka om deira tette samarbeid med lokale oppdretterar og slakteri/pakkestasjonar for å møte krava til den internasjonale marknaden. Selskapet omset årleg ca. 25 000 tonn laks til ein verdi på ca. 1,2 milliardar kroner. I presentasjonen av bedrifta, kunne ho også avsløre at dei jobbar med spennande utviklingsprosjekt i kjølvatnet av marknadsendringar og nye, meir effektive maskiner for foredling av laks.

Frukostsamling | Aksello
Martin Ramsdal, Nekst.

Nekst AS – milepæl nådd og vegen vidare

 

Dette er på ingen måte ei månelanding, men det vi gjer er å ta i bruk teknologi på nye måtar.

– Martin Ramsdal

Det er gjerne ikkje ei månelanding for Nekst, men likevel eit stort steg for inkubatorbedrifta då dei endeleg fekk svar frå Fiskeridirektoratet om at søknaden deira for sjømerdar i Solund Kommune har komme gjennom nålauge. Partnar Martin Ramsdal hadde gleda av å fortelje meir om den gode nyheita på Frukostsamlinga i dag og gjekk nærmare innpå korleis sjømerdane skal fungere i praksis og saman med landanlegget planlagt på Botnastranda i Florø. Om prosjektet vert realisert slik dei planlegg med 16 konsesjonar, vil det bidra til 100 nye arbeidsplassar i fylket.

Frukostsamling | Aksello
Jan Olav Baarøy, Fredskorpset.

Fredskorpset – på lag med næringslivet

Ny direktør i Fredskorpset, Jan Olav Baarøy, tok turen frå Førde for å presentere «vår nye nabo» og korleis dei ynskjer å spele på lag med næringslivet. Dette gjer dei mellom anna gjennom å gi økonomisk støtte til utveksling mellom bedrifter i Norge og andre land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Fredskorpset ser at denne forma for kompetansedeling er veldig nyttig og lærerik for bedriftene, og oppfordra om å ta kontakt med dei om ein ynskjer å søkje om tilskot. Meir info om støtte til utveksling her.

Frukostsamling | Aksello
Jørgen Berg, Innovasjon Norge.

Ordet Fritt

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge informerte om at Innovasjon Norge no gir tilskot til pilot og demonstrasjon for framtida sine havbaserte løysingar. Meir info om tilskotet og søknadsprosessen her. 

Neste Frukostmøte

Neste Frukostmøte vert torsdag 7. juni. Om du har forslag til tema og foredragshaldarar, så høyrer vi gjerne frå deg. Kontakt arne@aksello.no.

 

Ynskjer du invitasjon til vår neste Frukostsamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.

Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling den 3. mai. Smørbrød (ikkje spesielt høge, men veldig gode), juice og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.15.

Vi får besøk av ei ungdomsbedrift, Green Plastic UB, som vil fortelje om seg sjølv og korleis det gjekk i NM; lakseeksportøren Norwell gir oss eit innblikk i deira milliard-aktivitet, og ikkje minst: Fredskorpset er i ferd med å etablere seg her i Sunnfjord, og dei kjem for å presentere seg og fortelje om moglegheiter for næringslivet.

Vi har også fått eit ekstra innlegg på programmet etter at det vart kjend at milliardsatsingen til Nekst AS har kommet gjennom nåløyet mht utviklingskonsesjoner for laks. Dei vil fortelje meir om dette på Frukostsamlinga som vert utvida med 15 minutt til 09:15.

Programmet ser difor slik ut:

    • Green Plastic UB – status og vegen vidare v/Njål Eliassen, Martin Ulsten og Viljar Ødelien
    • Norwell AS – lokal aktør i ei global verd v/adm. dir. Ingrid Kassen
    • Nekst AS -milepæl nådd og vegen vidare v/partner Martin Ramsdal

    • Fredskorpset – på lag med næringslivet v/direktør Jan Olav Baarøy
    • Ordet fritt

    Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

    Kom og høyr, diskuter og bli vis!

    PS. Innovasjon Norge vil være representert ved Jørgen Berg denne gongen. Han vil være hos Aksello heile dagen, og om nokon ynskjer eit separat møte med han, så gje melding til arne@aksello.no.

    VELKOMMEN!

     

Offshore Northern Seas 2018 blir ein viktig møteplass for ein energibransje på full fart oppover att. Vi i Aksello vil også i år legge til rette for ein spanande arena i Vågen for kvelds-aktivitetar. Når du ynsker å samle leverandørar, kundar, media og andre samarbeidspartar, bør du tenkje på Florø-paviljongen, anten det gjeld berre eit godt måltid eller meir formelle samankomstar.

Aksello vil med dette invitere deg til å nytte desse lokalitetane.

Vi tilbyr:

  • Sentral plassering i Vågen med alt som skjer der (Aurora-konsert, Run for Fun, fyrverkeri og mykje anna)
  • Stort telt med eige kjøkken og sitteplassar for 70-80 pax.
  • Stor og koseleg hage utanfor teltet, med bord, planter, parasollar etc.
  • Moglegheiter for god synleggjering/profilering
  • Bistro To Kokker er på plass med ein førsteklasses sjømatbuffet, og
  • trubadur Allan Madsen sørger for god musikk og stemning utover kvelden.

Store, lokale aktørar, som Saga Fjordbase, PGS og Neptune Energy (Engie), er allereie i planleggingsfasen.

Nytt høvet, du også! Hugs: Godt nettverksarbeid gir fleire kontrakter!

For prisar og bestilling, kontakt arne@aksello.no

VELKOMMEN!

Onsdagskveld var det mange som tok turen til Gründersamlinga hos Aksello for å få med seg inspirerande foredrag frå erfarne gründerar som kunne dele frå sine gründerreiser, og fortelje om korleis ein skaper si eiga bedrift. Det var utruleg kjekt å sjå at her var både faste besøkande og mange nye fjes blant dei frammøtte.

Trainee Trine Vederhus og rådgjevar Heidi Felle starta samlinga med ein kort presentasjon av Aksello og korleis vi jobbar tett med gründerar og etablert næringsliv for å løfte fram gode idéar. Deretter gjekk det slag i slag mellom spennande innlegg og suksesshistorier frå ulike bedrifter i Sogn og Fjordane.

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Første bedrift på programmet var Askvoll Sjømat og Delikatesser v/ Helge og Inger Johanne Loftheim. Dei er begge utdanna kokkar, og kunne fortelje at det var ein ferie til Askvoll, heimbygda til Leif, som vart starten på deira gründerreise. Medan dei var der forelska dei seg i eit gammalt, falleferdig hus som dei såg nytt potensiale i: nemleg ein delikatessebutikk. Saman med bror til Helge, Eirik som også er kokk, kjøpte dei huset, slutta i jobbane sine og forlèt storbylivet i Oslo for å bokstaveleg talt byggje si eiga bedrift. For opp i det heile hadde dei eit stort renoveringsprosjekt framfor seg, og det vart lange dagar der dei måtte balansere tida si mellom jobb i den lokale barnehagen, oppstart og oppussing.

 

Eg hugsa at vi var godt slitne og utbrente på opningsdagen, men vi klarte å nå målet vårt allereie på første opningsdag og det var tre fulltidsstillingar.

– Inger Johanne Loftheim


LocalHost og Lefdal Mine Datacenter

At du må ha «guts», og tørre å satse som gründer, kom også godt fram i Sindre Kvalheim sin engasjerande presentasjon om LocalHost og IT-eventyret Lefdal Mine Datacenter – Nord-Europas største datasenter. Sindre, som starta si første bedrift når han var 19 år gammal og hadde selt tre bedrifter i ein alder av 25, hadde mange erfaringar å dele. Mellom anna kor viktig det er å byggje seg opp eit godt nettverk, inngå samarbeid med dei rette personane og skape eit dyktig team.

Gründersamling | Aksello

Villa Åmot

Gode samarbeidspartnarar var også eit av mange viktige stikkord i Steinar Sørli sitt innlegg. Han presenterte reiselivskonseptet Villa Åmot som han har skapt saman med ektemannen sin Yngve Brakstad på sitt barndoms ferieparadis, tante Rollaug sin gard i Bygstad. Steinar snakka om lokalmat som lokal verdiskaping, internasjonalisering og deira samarbeid med the Travel Designer for å nå ut til high-end marknaden.

Vi gjer som tante Rollaug, ynskjer gjestane velkommen, og gir dei ei ekte og autentisk oppleving av Norge.

– Steinar Sørli

Gründersamling | Aksello

Sparebanken Vest

Kjell Gunnar Lilleøren frå Sparebanken Vest heldt også innlegg for å informere om midlar frå Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane. Han fortalde mellom anna om kva dei ser etter, kva ein kan søke om og presenterte ulike suksesshistorier som dei har støtta. Stiftinga har nettopp hatt årets første søknadsrunde, og neste frist vert i september i år.

Gründersamling | Aksello

Mat og mingling

Kvelden vart avslutta med herleg mat laga av Askvoll Sjømat og Delikatesser og mingling. Vi håpar at alle gjekk heim med ny giv, inspirasjon og nye kjennskap! Det gjorde i alle fall vi, og vi ser allereie fram til neste samling.

Ynskjer du invitasjon til vår neste gründersamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.

Mens temperaurmålaren viste minus 10 i dei tidlege morgontimane på torsdag 1.mars, samla rundt 40 personar seg til frukost, kaffi og mingling i dei varme og nylig ommøblerte lokala våre. På programmet var presentasjonar frå verfts- og plassjef Arne Werge-Olsen frå Elkem Bremanger og Jonny Bjørnset frå Fjordpanel. I tillegg fortalde Audun Erik Sunde og Arne Olsen om planane for Offshore Northern Seas 2018 i Stavanger.

Arne Olsen var i det spøkefulle hjørnet når han inviterte sin nesten perfekte namnebror Arne Werge-Olsen frå hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger. Werge-Olsen la merke til oppmøte av kvinner, og var stolt av å kunne fortelje at det i Elkem Bremanger no er 25 % kvinner i det som typisk har vore ei mannsdominert bransje. Eit vikitig poeng med tanke på arbeidsmiljø, heilheita, mangfoldet og utviklinga framover.

 

Status og mogligheiter i Elkem Bremanger

Med bare tre år i Svelgen er Werge-Olsen relativt ny i bedrifta, men bak seg har han 27 år frå Hydro. Han har gått gradene som kjemiingeniør, og no er leiing hans virke. Han viste ein film frå verftet, som synlegjorde dei store endringane dei har fått til den seinaste tida, med ny parkeringsplass, nye fasadar og garderobeanlegg og ei 350 lang «strandlinje» av naturstein, og han konstaterte at dei no har tatt verftet inn i 2018, og at dei har tenkt langsiktig i utforminga.

– Kvifor skal Elkem vere i Svelgen, spurte han retorisk, og svara:

Arne Werge-Olsen

– Eit utruleg godt miljø. Og 3000 millimeter nedbør, smilte han.

Verftet brukar kraft tilsvarande Ålesund, totalt 750 GWh, og har 200 tilsette med totalt 240 arbeidande på anlegget. Dei har greve ut fjorden slik at større båtar kan legge til og dei tar imot gjennomsnittleg ein båt for kvar verkedag. Sjølv om mesteparten av leveransane kjem sjøvegen, er og blir den største er utfordring tilkomsten via veg. Det er ein god del pendlare blant dei tilsette, og spesielt lærlingar. I tillegg kjem mange firma med utanlandske sjåførar, som ikkje er vandt med å krysse Magnhildskaret i vinterføre. Ei anna utfordring han traff fram er å få inn kompetanse på ingeniørsida.

– Vi får inn utruleg mange flinke og flotte lærlingar, men å få inn ingeniørar har vist seg å vere ei utfordring, understreka Werge-Olsen, og trakk spesielt fram elektro-, maskin- og automasjonsingeniørar.

 

Status og moglegheiter var tema for innlegget til Werge-Olsen, og det er store moglegheiter i det dei produserer. Blant anna nemnet han silgrain, som er eit høgreint silisium. Det er patentert og blir berre laga i Svelgen. Det er 3 gram silgrain frå Svelgen i kvar smarttelefon over heile verda. Det er ganske spesielt. Stoffet blir òg vidareforedla og brukt i solcellepanel, i batteri, og meir.

– The sky is the limit, sa Werge-Olsen på godt norsk, og påpeika at utviklinga er utruleg artig sjå, og svært viktig økonomisk. Det er grøn energi i fast form.

ONS 2018 – ein felles regional stand og Florø-teltet

27–30. august vert det arrangert Offshore Northern Seas (ONS) 2018 i Stavanger. ONS er ein global møteplass for internasjonale aktørar innanfor petroleum og for andre havroms-relaterte aktørar. Audun Erik Sunde, seniorrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og også kjent oljekonsulent, fortalde om planane under årets ONS-veke i Stavanger.

I år samarbeider fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland om ein felles regional stand på messeområdet, med eit ønske om å senke terskelen for mindre aktørar, som kanskje ikkje ønsker ein eigen stand. Det vil vere ei felles promotering av kompetansemiljøa, leverandørindustrien og andre institusjonar knytt til petroleum- og energiretta næringsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei som er interesserte kan finne meir info og melde seg til www.westernnorway.no

Arne Olsen fortalde om teltet som skal representere oljebyen Florø og oljeregionen Sogn og Fjordane under festivalen. Der vil Bistro To Kokker servere sjømatbuffet, og det vil vere musikkinnslag utover kvelden. Der vil det vere gode moglegheiter for å profilere og synleggjere bedrifta, og drive nettverking. For påmelding, prisar og anna informasjon kan ein kontakte Arne på e-post: arne@aksello.no

Fjordpanel – stort potensiale 

Sist ut var Jonny Bjørnset frå inkubatorbedrifta Fjord Panel AS, som er eit knoppskytingsprosjekt ut av bedriftene Fjorddesign i Lavik, Ortnevik Tre i Sogn og Florø-bedrifta Vestnes Norway. Dei har sikra seg rettigheitene på eit silikatmateriale og produserer paneler med ei ubrennbar kjerne. Det kan dekkast med forskjellige overflater og er både dekorative og brannsikra.

I januar var dei i Sverige og testa produktet. Det bestod alle testar av struktur og utslepp av farlege gassar. Dei har eit tett samarbeid med Brødrene AA, og Bjørnset kunne fortelje at panelet veg 300-500kg per kubikk, avhengig av bruksområde, medan stål til samanlikning veg 8000 kg. Det er med andre ord eit produkt som er høgst aktuelt i produksjon av maritime fartøy.

Dei er no i første fase og har i år starta med å levere ferdig produkt. Dei har budsjettert med å levere 9000 kvm i 2018, og har allereie nådd 3000 kvm. Produksjonen av materialet går føre i Torsby i Sverige, og gründeren håpar å etter kvart å flytte produksjon av skap, gulv, møblar og liknande til fylket vårt.

– Vi kan ikkje få produsert nok for å møte etterspørselen, poengterte Bjørnset, og avslutta under spørjerunda:

– Det er eit produkt som har mange bruksområder, men vi fokuserer på å ta det steg for steg.

 

Fritt ord

Under fritt ord grep Torleif Hjerman sjansen til å fortelje at Nærtenesten no har kurs kvar veke, året rundt, og at dei kunne levere spesialsydde løysingar for kursing til bedrifter om ønskeleg, det vere seg truckførarkurs, kursing i løftereiskap, kraner og så vidare. Han poengtere viktigheita av å bygge lokal kompetanse og sørge for utvikling ved hjelp av opplæring, og oppfordra dei som er interesserte til å finne informasjon om kurs og ta kontakt via nettsida deira.

 

Neste frukostmøte

Neste frukostmøte vert 5. april. Vi håpar å sjå dykk alle der og ver gjerne tidleg ute med å melde deg på. Om du ikkje allereie tek imot invitasjon og nyhendebrev frå oss, kan du melde deg på mottakarlista vår her.