Skip to content Skip to footer

Blinkskot av ei Frukostsamling!

Gratulasjonane var mange då Sparebanken Sogn og Fjordane markerte opninga av det nye lokalet sitt med ei «ekstraordinær» frukostsamling i samarbeid med Aksello. Sparebanken fekk mellom anna mykje ros for å tørre og satse på å vere til stades i den digitale tida som vi er i no. Når vi først feira nyopninga deira passa det difor bra at det gjennomgåande tema under dagens innlegg var moglegheiter og satsing innan næringslivet, med spesielt fokus på havbruk og kysten.

 

Westcon Yards

Mikael Johansen frå Westcon Yard kunne mellom anna fortelje dei 55 frammøtte om både nedturar og oppturar som bedrifta har hatt dei siste åra. I ein svingande marknad er dei no inne i ein god periode med fleire tilsette og nye prosjekt som gjer til at dei ser fleire moglegheiter og er positive til framtida til bedrifta.

 

Fjord Invest

Roger Flølo frå Fjord Invest gav ein kort presentasjon av porteføljen og teamet til investeringsselskapet som satsar på Vestlandet. Han presiserte også kva dei ser etter når dei er på utkikk etter prosjekt som dei vil investere i. Flølø understreka at dei er ikkje berre der for gründerar, men også etablerte bedrifter og spin-off-prosjekt som jobbar med nye idéar og teknologi. Om nokon ynskjer å starte ein dialog med selskapet angåande sin idé eller sitt prosjekt, så kan Aksello hjelpe med det.

 

Nekst AS

Etter at den gode nyheita om at ein av inkubatorbedriftene våre Nekst AS hadde sikra ein milliard-deal til sitt prosjekt om å bygge verdas største landbaserte oppdrettsanlegg vart kjend, kom også dagleg leiar for bedrifta, Martin Ramsdal med på programmet. Kven dei store investorane er kunne han ikkje seie mykje om, men han kunne vise til dei ulike prosessane som dei har vore igjennom for å sikre finansieringa til det ambisiøse prosjektet.

 

Havbrukskommunen

Ordførar Ola Teigen haldt innlegg om kommunen si vidare satsing innan næringslivet. Han la fram deira tre hovudsatsingsområde som er olje, utdjupning av leia til Westcon og havbruk. Kommunen har mellom anna som mål å vere ein Havbrukskommune som skal vere ein viktig støttespelar i vidare utvikling innan denne spennande næringa.

 

Opningsseremoni 

Frukostsamlinga vart avslutta med opningstale frå banksjef Trond Teigene der han understreka at dei vil halde fram med å vere ein viktig bidragsytar til vidare vekst innan næringslivet og lokalsamfunnet. Representant for eigarane av Byporten-bygget, Bjørn Hollevik, gratulerte også banken med sitt nye lokale og kom med ein kort introduksjon av bygget før den obligatoriske og seremonielle snorklippen fann sted. Som ein symbolsk gest på at næringslivet står i fokus, fekk Martin Ramsdal frå Nekst den historiske æra av å klippe snora.

 

Neste Frukostsamling

Vi takkar Sparebanken Sogn og Fjordane for at vi fekk ta del i opninga deira og halde frukostsamlinga våre hos dei og ynskjer dei lykke til med vidare drift i det nye og flotte lokalet deira. Neste Frukostsamling vert heime hos oss i Aksello i Kvartalet 4. etg, Magnus Thingnes gate 1, torsdag den 1. juni. Meir info kjem om dette.

 

 

 

 

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet