Påminning: Bli med på ONS 2018! 27.-29. august i Stavanger

Offshore Northern Seas 2018 blir ein viktig møteplass for ein energibransje på full fart oppover att. Vi i Aksello vil også i år legge til rette for ein spennande arena i Vågen for kveldsaktivitetar. Når du ynskjer å samle leverandørar, kundar, media og andre samarbeidspartar, bør du tenkje på Florø-paviljongen, anten det gjeld berre eit godt måltid eller meir formelle samankomstar.

Aksello vil med dette invitere deg til å nytte desse lokalitetane.

Vi tilbyr:

  • Sentral plassering i Vågen med alt som skjer der (Aurora-konsert, Run for Fun, fyrverkeri og mykje anna)
  • Stort telt med eige kjøkken og sitteplassar for 70-80 pax.
  • Stor og koseleg hage utanfor teltet, med bord, planter, parasollar etc.
  • Moglegheiter for god synleggjering/profilering
  • Bistro To Kokker er på plass med ein førsteklasses sjømatbuffet, og
  • trubadur Allan Madsen sørger for god musikk og stemning utover kvelden.

Store, lokale aktørar er allereie om bord, som Saga Fjordbase, PGS og Neptune Energy (Engie).

Nytt høvet, du også! Hugs: Godt nettverksarbeid gir fleire kontrakter!

For prisar og bestilling, kontakt arne@aksello.no

VELKOMMEN!