Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

I denne utgåva av Havrommet får du bli betre kjend med pre-inkubasjonsbedrifta Bulandet Miljøfisk som har fått konsesjon for sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Bulandet. Anlegget tek omsyn til både utslepp og fiskevelferd, og vil vere med på å skape verdi for mange andre aktørar i havbruksnæringa.

 

Bulandet Miljøfisk

Bulandet Miljøfisk er ikkje aleine om å vere eit landbasert oppdrettsanlegg i Norge, men ingeniør Oddmund Storesund, grunneigar Anne Margrete Grepstad og prosjektleiar Ola Sveen vil gjere det på ein måte som ingen andre har prøvd før.

Anlegget dei planlegg skal vere integrert i den unike geografien på Bulandet. Der skal sjøvatn bli pumpa inn frå nordsida av øya, og ført gjennom eit oppdrettsanlegg som ligg lavt over havflata, og 6-7 meter under havnivå i botn. På den måten blir energiforbruket redusert og inngrepet i naturen minst synleg.

Anlegget vil fungere slik at det grove slammet blir tatt ut etter sedimentering i kar, og resten av vatnet blir filtrert før det går vidare til ein reinsehage. Dette vatnet inneheld mange næringsstoffer som algar og tare kan nyttegjere seg av. Slammet som vert samla opp kan bli brukt i produksjon av biogass, forklarar Sveen.

 

Verdi for mange

Å bruke taren og algen på denne måten er ny, og Bulandet Miljøfisk ser også andre verdiar i taren som kan bli brukt som proteinkjelde i produksjon av fiskefôr. Samstundes kan innovasjonsarbeidet som blir lagt ned i utviklinga av anlegget ha verdi i andre samanhengar, til dømes for lukka anlegg i sjø og for andre gruntvassområde langs kysten.

Prosjektleiar Ola Sveen

Prosjektleiar Ola Sveen

Anlegget løyser forhåpentlegvis nokon av utfordringane til oppdrettsnæringa, som ustabile forhold ved straum og ujevnt innhald av oksygen. Denne typen anlegg vil også unngå problem med lakselus og rømming, fortel Sveen.

I framtida ser han for seg anlegget i Bulandet som ein produsent av førsteklasses laks og aure.

I denne type oppdrett vil vi lage en fisk som også skal være sterk mot sjukdom og andre problem oppdrettsnæringa slit med. Vår fisk vil få konstant mykje bevegelse og trim, og det er alltid av det gode, også når det gjeld laksefisk.

 

Konsesjon og kapital

I september i år fekk bedrifta tildelt fem konsesjoner med løyve til å produsere ca. 5000 tonn med laks og aure i året.

Prosessen med å få konsesjon tok eit godt år og det er nokolunde det som er normalt for ein slik søknad. Hos Fylkesmannen er det fokus på utslepp og her må ein dokumentere nøyaktig korleis dette vert handtert. Vi tek ut avløpsslammet og fekk den delen godkjent. Mattilsynet har sterkt fokus på blant anna fiskevelferd. Ved å etablere samarbeid med forskarar hos NOFIMA, som vil følgje opp korleis fiskevelferda utviklar seg etter kvart som tettleiken stig i anlegget, fekk vi også løyve frå Mattilsynet, utdjupar han.

Tildeling av konsesjon var avgjerande for at Bulandet Miljøfisk kunne arbeide vidare med prosjektet, og no jobbar dei med å få kapitalen på plass.   

Vi arbeider no med å få tilstrekkeleg kapital inn i selskapet og lage ein finansieringsplan som både banker og Innovasjon Norge får tillit til. Vi har fått deler av finansieringa på plass, men dette er en kabal vi vil bruke litt tid på, seier Sveen.

Når kabelen er lagt, kan bygginga begynne. Bulandet Miljøfisk håper på byggestart i vinter eller til vår/forsommar etter hekkesesongen i juni. Og når anlegget er klart og i full drift vil det vere med på å skape 10 nye arbeidsplassar i Bulandet.

 

Fleire artiklar i Havrommet-serien:

FjordAlg under mikroskopet

Vil kjempe blant dei store aktørane

– Eg møter ikkje lenger skeptikarar 

Vil løyse utfordringane til oppdrettsnæringa

Ser nye moglegheiter i taren