Skip to content Skip to footer

Banebrytande digital teknologi og lokale drivkrefter

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Det var fullt hus hos Aksello 4. oktober, då det månadlege frukostmøtet tok til kl 08:00. Det lokale næringslivet var som vanleg godt representert, og saman med både tilreisande og lokale interesserte vart det eit stort publikum for innleggshaldarane.[/vc_column_text][vc_single_image image=”5996″ img_size=”full” add_caption=”yes” alignment=”center”][vc_column_text]Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, ynskja velkomen til forsamlinga, og ga ordet vidare til fyrste innleggshaldar; Svein Bjørkedal frå Fjord Base, INC-gruppen. Bjørkedal presenterte INC-gruppen og kunne fortelle mykje om deira miljøfokus, og konkrete tiltak som landstraum, innkjøp av kran med elektrisk drift, og ikkje minst miljøsamarbeidet på basen, Lean and green.

Vidare kunne Bjørkedal dele tankar om hydrogenproduksjon, og landbaserte produksjonsanlegg for akvakultur ved Fjord Base.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”6007″ img_size=”full” add_caption=”yes” alignment=”center”][vc_column_text]Trond-Atle Asphjell frå Niprox/Enerin var neste ut, med tema Knoppskyting innan energieffektivisering. Han kunne fortelle om Enerin AS, ei ny verksemd med fokus på energieffektivisering. Asphjell presenterte Thermonitor, som er eit system som målar energi i vannbårne- og dampenergisystemer. Thermonitor kan nyttast til blant anna å optimalisere styring i energisentralar, måle effekt, og utnytte kapasiteten betre i varme- og kjølesystem. Enerin har fått støtte frå både PetroFlora og det kommunale næringsfondet i Flora kommune.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”6009″ img_size=”full” add_caption=”yes” alignment=”center”][vc_column_text]Senseye AS er den nyaste inkubatorverksemda hos Aksello, og vart presentert av co-founder og styremedlem Sten Ingve Hellevang.

Les meir om Senseye i denne artikkelen.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Mot slutten i det tettpakka programmet denne torsdagen kunne Enivest v/ Christiane Ulriksen fortelle om TelecomWorld 2018, som avholdast i Førde 17.-18. oktober, og la til at Enivest sponsar rabatterte billettar til eit visst tal deltakarar – fyrst til mølla. Meir info på telecomworld.no/forde18.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Til slutt fekk forsamlinga sjå spennande bileter og planar for nye Comfort Hotel Florø, som vart presentert av Agnes Berntsen, administrerande styreleiar i driftsselskapet bak hotellet.[/vc_column_text][vc_gallery type=”image_grid” images=”6001,6002,6000,6003″ img_size=”200″][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet