Aksello satsar vidare: Kari Brun Ågotnes er tilsett som rådgjevar for kommunal næringsutvikling

Ein kjekk kar med røter i Florø fekk Kari til å tenke etablering på Vestlandet etter mange arbeidsår i hovudstaden. Ho har jobba innan privat verksemd som bl.a. Mercedes-Benz og Ringnes, samt frå offentleg forvaltning som i Posten og Fiskeridepartementet. I tillegg har ho erfaring frå arbeidsgjevarsida hos Norges Lastebileigar-forbund.

No kjem Kari frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Bydel Frogner i Oslo. Bydelar kan reknas som kommunar, og slik sett er Bydel Frogner Norges åttande største kommune. Hennar erfaring herifrå kan komme godt med sidan rollen skal jobbe spesifikt med kommunal næringsutvikling.

Ansvaret for forvaltning av Kommunalt næringsfond, samt oppfølging av førstelinjetenesta opp mot gründere og det innovative miljøet blir viktige oppgåver.

– Det skjer så mykje spennande langs kysten no. Å fremme Kinn kommune med Florø by som åsted for nyskaping og gründerverksemd, blir utfordrande og artig. Da er det flott å være ein del av ein kompetent fagleg rådgjevargjeng som her i Aksello. Meir samarbeid med kystkommunane og regional sammenslåing gjev fleire utfordringar og muligheitar, og her veit eg at Aksello ønsker å spele ei rolle, seier Kari.

– Teamet vårt har vokse mykje dei siste åra, og vi er utruleg glade for å få Kari med oss på teamet. Vi gleder oss til nye utfordringar til hausten, seier Lone Bareksten Dagleg leiar, Aksello.

Kari har ein master i leiing og kommunikasjon frå University of Technology, Sydney, og har også tatt ein bachelor i Skottland.

– Min bakgrunn frå kommunikasjonsbransjen håper eg kan bidra positivt innan utadrettede aktivitetar som f.eks. kurs, møteplattformer, utmerkingar og omdømmebygging. Det gjeld for både næringslivet, gründere og ikkje minst politiske aktørar. Like viktig blir det å «ufarleggjere» ord som næringsverksemd, innovasjon, inkubator og gründer; næringslivsutvikling skal vere lavterskel med fagleg forankring, avsluttar Kari.

Internasjonal utveksling av personell i næringslivet

Då Norec (tidlegare Fredskorpset) i fjor etablerte seg her i vår region, opna det seg nye moglegheiter for lokale verksemder som ønsker å orientere seg ut i verda. No tek Norec også strategiske grep for å bli enda betre på næringsliv og utveksling av personell innan næringslivet. Dette skal vi i Aksello hjelpe dei med, så vi signerte nyleg ein samarbeidsavtale. Vi bidreg med kompetanse om næringslivet og korleis utveksling av personell i næringslivet kan bidra til utvikling både i lokale verksemder og ikkje minst i landa og verksemdene «på hi sida». Og vi skal bidra med å marknadsføre Norec sitt tilbod og rekruttere bedrifter som vil være med i programmet. Her ligg eit stort potensial for dei bedriftene som blir med, mellom anna i dei havbaserte næringane. Denne avtalen blir ein vinn-vinn-situasjon for Norec, for Aksello og for næringslivet på Vestlandet.

Vil du vite meir om utveksling og moglegheitene for di verksemd, så kom på Frukostmøtet hos Aksello torsdag 6. juni kl. 8 (7.30 om du tek frukosten der😊).

Frukostsamling torsdag 6. juni

Møt Westcon Florø sin nye sjef, Slakteriet, Norec og Peak Florø.

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 6. juni. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.Vi kan by på følgande program:
  • Westcon Yards Florø – Ny sjef og nye moglegheiter, v/verftsdirektør Trygve Solaas
  • Slakteriet – Status og vegen vidare, v/adm. dir. Kristin Bergstøl Hansen
  • Norec – Samarbeid med Aksello om internasjonal utveksling av personell i næringslivet, v/dagleg leiar Jan Olav Baarøy
  • Peak Florø – Ny, spennande samling av næringsliv, v/initiativtakar Allan Madsen
  • Ordet Fritt
Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
Tida flyr, så dette blir den siste ordinære Frukostsamlinga på denne sida av sommarferien!

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Oppsummering frå frukostmøte i mai

Sparebanken Sogn og Fjordane

Trond Teigene, administrerande direktør, frå Sparebanken Sogn & Fjordane hadde første presentasjon, og fortel kor viktig det er for dei å være tett på kundane, og det å ha kunnskap om bransjane. Dei ynskjer å følgje kundane heile vegen i næringsutviklinga.

Trond trekk fram tre punkt som står i fokus hos Sparebanken Sogn & Fjordane:

  1. Forsking, utvikling og utdanningssektoren. Spesielt viktig er samspelet mellom næringslivet og utdanningssektoren.
  2. Klynge og nettverk. Han legg vekt på kor viktig det er å tenkje større og breiare, ved å ha klynger på tvers av bransjar og geografi.
  3. Til slutt trekk han fram viktigheita i næringslivets evne til å rekruttere relevant arbeidskraft i framtida.

Ei framtid med kjekkare læring med Eduplaytion AS v/Kristoffer Hundershagen

Kristoffer Hundershagen, dagleg leiar og grunnleggjar av Eduplaytion AS kom på frukostmøte for å snakke om korleis dei skal gjere undervisning og læring kjekkare for elevane, ved hjelp av spelbasert læring. Han fortel at 25% av elevane ligg på nivå 1 når det kjem til blant anna matematikk. Eduplaytion vil gjere det enklare for elevane å relatere det dei skal lære til kva dei kan nytte det til seinare i livet. Målet er at elevane vil nytte seg av spelet frivillig, og at læringa kjem som ein bonus.

Suksessbedrifta Selstad AS får Måløy v/Hans Petter Selstad.

Selstad AS er ei familieeigd bedrift, og har vore i drift i over 60 år. Hans Petter Selstad, dagleg leiar i Selstad AS, trekk fram kor viktig det er å være innovativ, og at innovasjon skal ligge i ryggmargen hos Selstad AS. Han legg til at innovasjon ikkje treng å være noko heilt nytt, men også ei forbetring av allereie eksisterande produkt og teknikkar.

«Vi kjenner havet» seier Hans Petter. Med lang erfaring og god kunnskap er Selstad en internasjonal leverandør til maritime næringar.

Ordet Fritt

Øyvind Østrem var også i dag tilstande under frukostmøte hos Aksello, og under Ordet Fritt la han fram søkjartala for Høgskulen på Vestlandet. Han fortel at søkjartala på landsbasis er på veg ned, spesielt hos dei små studiestadane. Han ynskjer at næring og utdanning skal samarbeide mot eit felles mål: Rekruttering til fylket.

Under Ordet Fritt ytra Tomm Andreas Svae v/Dreamwork eit ynskje om at deltakarane på frukostmøte skal oppfordre nokon I nettverket sitt til å sjå på moglegheitene i å franchise for sandwichgiganten Subway, som skal opne ny restaurant på Amfi Florø.

Reidar Brandsberg i frå Folkeuniversitetet informerte om etterutdanning for vaksne og deira kurs i Prosjektleiing og samarbeidet med Maritim Forening.

 

Neste frukostmøte er torsdag 6. juni, og det vil som før være gratis for alle som ynskjer å delta.