Sparebankens Trond Teigene med blikk inn i framtida, suksessbedrifta Selstad frå Måløy og nystarta Eduplaytion frå Naustdal står på programmet når Aksello inviterer til Frukostsamling torsdag den 2. mai. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Program:

  • Innblikk i framtida v/Trond Teigene, Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Gründerbedrifta Eduplaytion: Spillbasert læring – et marked i vekst? v/Kristoffer Hundershagen
  • Selstad AS. Tradisjonsbedrift med suksess v/Hans Petter Selstad

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Dei vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Den 7. mai besøker Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen Florø. Kl 15:00 vil Næringsministeren vere på plass hjå Aksello og gje ei kort innleiing om regjeringas merksemd på små og mellomstore bedrifter (SMB).

Over 95% av alle norske verksemder har mellom 1 og 50 tilsette. Næringsministeren er oppteken av at regjeringas næringspolitikk treff disse bedriftene og ynskjer derfor innspel frå lokale verksemder. Regjeringa skal legge fram ein eigen SMB strategi før sommaren 2019.

Om du er interessert og ynskjer å delta denne dagenmeld deg på her!

Små og mellomstore bedrifter er ryggraden i norsk næringsliv. Den jobben de gjør hver dag, er med på å sikre arbeidsplasser og et bærekraftig velferdssamfunn. Det viktigste vi som regjering kan gjøre, er ofte rett og slett å ikke stå i veien. Vi skal forenkle hverdagen til bedriftene og gjøre det lettere for dem å gjøre jobben sin, sier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Inkubatorbedrifta Dimeq fekk ein unik moglegheit til å presentere seg for eit panel av næringslivsekspertar via Connect Vest sitt Springbrett. CMO Audun Bakke frå Dimeq er klar på at det har vore veldig verdifullt for prosjektet deira.

– Det som er unikt med Springbrett er at det dreiar seg kun om ditt prosjekt. Ekspertpanelet er der for å høyre om og diskutere di bedrift!! Vi fekk 20 min til å presentere oss, og det er heilt noko anna ein på andre pitcheforum der du har mykje kortare tid og deler scena med fleire andre gründerarar, fortel Audun.

Dimeq skal redde liv på havet med eit innovativt maritimt HSE-system som mellom anna vil varsle om mann-over-bord, og lokalisere mannskap og passasjerar i ein nødsituasjon.

CONNECT SPRINGBRETT

Gjennom Connect Springbrett får oppstartsbedrifter som Dimeq tilbakemeldingar frå eit tverrfaglig panel som skal ruste dei i møte med investorar og den verkelege verda. Panelet er tilpassa bedrifta sine behov og består av ressurspersonar som juristar, patentekspertar, investorar og personar med kunnskap om relevant marknad. Dimeq fekk også sjølv komme med innspel til kven dei ynskja å møte i panelet.

Det var veldig bra organisert av Anita Mannes hos Connect Vest og vi har fått tett oppfølging undervegs. Så dette er absolutt noko vi kan anbefale andre oppstartsbedrifter om å vere med på. Det er utan tvil den beste møtearenaen vi har deltatt på, seier Audun.

Inkubatorbedrifta kom i kontakt med Connect Vest gjennom Aksello og Innovasjon Norge sitt nettverk, og Springbrett er sponsa av Innovasjon Norge, samt ulike aktørar frå næringslivet.

– Det var rådgjevar Jørgen Berg frå Innovasjon Norge som inviterte oss til å delta. Ein må ha komme eit godt stykke på veg med prosjektet før ein får moglegheita til å presentere seg på Springbrett, understrekar Audun.

Bedrifta har vore med i inkubatoren til Aksello sidan 2017, og er i gang med å sikre viktig kapital til prosjektet. I denne fasen er det gull verdt å få innspel frå næringslivsekspertar som førebur deg på møte med investorar. I forkant av Springbrett går gründerane igjennom ein kvalifiseringsprosess, og avhengig av kor i utviklingsløpet bedriftene er bidrar Connect også med å utarbeide strategier og investorpresentasjon.

VERDIFULL FEEDBACK

Etter at Dimeq hadde fullført investorpresentasjonen sin fekk ekspertane stille spørsmål og komme med innspel til forretningsplan, strategi og kva dei bør tenkje på i møte med investorar.

– Tilbakemeldinga vi fekk var positive og veldig verdifulle, og dei var heilt klare på at vi må få med ein industriell investor. Dette er noko som vi har jobba med, og som vi snart vil kunne fortelje meir om, smiler Audun.

Han kunne også fortelje at dei har vore i kontakt med to av ekspertane i etterkant av Springbrett.

– Vi har ein god dialog. Dei passer begge godt inn i det vi held på med og er positive til prosjektet vårt, så det vert spennande å sjå kva som skjer vidare.

Connect Vest inviterte også Dimeq til å presentere seg på Investorforum der dei vart kåra til det mest spennande selskapet. Aksello gratulerer så mykje og ser fram til å følgje med Dimeq vidare!

Få med deg siste nytt frå Aksello ved å melde deg på nyheitsbrevet vårt her!

 

Interessert i å delta på Connect Vest sitt Springbrett?

Springbrett er eit svært nyttig og effektivt verktøy, og Aksello anbefaler alle sine inkubatorbedrifter å delta. Ta kontakt med rådgjevar Heidi Felle heidi@aksello.no om du ynskjer å vite meir. Du kan også lese meir om Connect Springbrett her.

Måløy Vekst, Aksello og PwC inviterer til

Toppmøte i nye Kinn kommune mellom ordførarkandidatane og leiarar frå næringslivet

Analyse, innsikt, næringslivet sine innspel til politikarane, diskusjon og lunsj.

Agenda

  • Næringslivet i Kinn sine moglegheiter i nye Vestland
    Randi Humborstad, dagleg leiar Måløy Vekst
    Lone Bareksten, dagleg leiar Aksello
  • Næringsanalyse av Kinn
    Ingvill Flo, partnar PwC
    Terje Bjerkan, direktør PwC
  • Innlegg frå næringslivsleiarar: Slik kan politikarane skape dei beste rammene for næringslivet
  • Diskusjon og spørsmål frå salen

Praktisk informasjon

Dato: 13. mai 2019 kl 12.30 – 15.30
Stad: Parken Kulturhus på Raudeberg
Målgruppe: Alle interesserte
Pris: Gratis
Servering: Lett servering frå kl 12.30

 

13. mai er det 120 dagar til Kinn kommune vel sin fyrste ordførar. Desse kjem – kjem du?

Sindre Kvalheim, Localhost

Jon Edgar Johnsen, Måløy Byggservice

Agnar Lyng, Babord Group

Trond Inge Kvernevik, Onshore Farming Solutions (OFS)

Elin Tveit, Marø Havbruk AS

Erlend Toftesund, Saga Fjordbase

Linda Mortensen Midtbø, Flora Hamn

Jacob Nødset (V)

Ola Teigen (AP)

Morten Hagen (H)

Sissel Kongsvik (SP)

Frank Willy Djuvik (FRP)

Gustav Johan Nydal (KRF)

Geir Oldeide (R)

Odd Bovim (MDG)

Vi søkjer prosjektleiar innan havbruk

Søknadsfrist 01.05.2019
Har du erfaring innan havbrukssektoren og ønsker å arbeide i eit innovativt og spennande miljø? Då har Aksello ei stilling som bør interessere deg.
Aksello AS er eit innovasjonsselskap med hovudmerksemd på å skape og sikre arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane. Havbruk er ei næring for framtida, og vi ynskjer å styrke teamet vårt med ein erfaren medarbeidar innan dette viktige området.Første oppgåve blir å gjennomføre eit forprosjekt for meir samarbeid mellom havbruksaktørane i regionen, både mellom bedrifter, lokale styresmakter og akademia. Målsettinga er større verdiskaping, berekraftig utvikling og større sysselsetting i næringa.

Aksello etablerer no eit prosjekt for å legge til rette for dette. Til å leie arbeidet søker vi ein person med erfaring innan havbruk og kunnskap om offentleg forvaltning.

Arbeidsoppgåver:

Formulere og gjennomføre Havbruksprosjektet , inklusive:

·       Sikre deltaking i prosjektet frå relevante og gode aktørar.
·       Sikre samarbeid med eksterne partnarar nasjonalt og internasjonalt
·       Sikre finansiering til prosjektet sine ulike aktivitetar
·       Koordinere framdrifta i prosjektet og rapportere til finansierings­partnarar og andre
·       Framsnakke havbruksektoren og moglegheitene der i både interne og eksterne fora

Prosjektleiaren må rekne med å delta i løysing av oppgåver innan Aksello sine øvrige forretningsområde, som rådgjeving til inkubatorverksemder, arrangering av møteplassar osb.

Kven er du?

Vi søker ein person som:

·       Har høgare relevant utdanning
·       Har kunnskap og nettverk innan havbruksnæringa i Sogn og Fjordane
·       Har erfaring frå prosjektleiing
·       Har kjennskap til verkemiddelapparatet og offentleg sektor
·       Er resultatorientert og jobbar systematisk og godt – både sjølvstendig og saman med andre

Vi ser etter nokon som har kommersiell forståing og samtidig kan sjå havbruksnæringa frå lokale styresmakter sin ståstad, samt evne til å skape tillit og gode relasjonar.

Vi kan tilby:

·       Ei svært spanande og sjølvstendig stilling der du kan gjere ein stor skilnad
·       Stor kontaktflate mot næringslivet, offentlege styresmakter og andre
·       Innovativt miljø og moderne kontorlokaler i Florø sentrum
·       Konkurransedyktige vilkår, inklusive fleksitid og god pensjonsordning

Den første torsdagen i månaden vart som vanleg starta med ein god frukost etterfølgt av eit tettpakka program med fleire interessante foredragshaldarar hos Aksello.

Den første som fekk presentere seg var vår nye forretningsutviklar Frode Nybø som begynte hos oss 1. april. Frode vil vere ein viktig støttespelar for inkubatorbedriftene våre og skal hjelpe dei å lykkast med sine prosjekt. Han kjem frå ei stilling som prosjektleiar i Helse Vest IKT og har ein master i informasjonsteknologi frå Queensland University of Technology i Australia og ein master i prosjektleiing frå BI.

Bli betre kjend med Frode her

Frukostsamlinga vart sendt live, og du kan sjå streaminga her

Frukostmøte | Aksello
Aksello sin nye forretningsutviklar Frode Nybø

Hjelpemiddelsentralen (NAV) lettar bedriftenes rekrutteringsutfordringar v/Heidi P. Sårheim

Heidi P. Sårheim frå Hjelpemiddelsentralen var på frukostmøte for å presentere Hjelpemiddelsentralen sitt arbeid for eit inkluderande arbeidsliv.

– Det vi ofte høyrer frå menneske med funksjonsnedsetting er at dei ynskjer å vere som alle andre. Dei ynskjer å delta i samfunns- og arbeidslivet og på skulen akkurat som alle andre…Så vi jobbar med tilrettelegging både for dei som allereie er i arbeid og for dei som står utanfor.

Frukostmøte | Aksello
Heidi P. Sårheim frå Hjelpemiddelsentralen

Heidi påpeika at Hjelpemiddelsentralen er så mykje meir enn eit lager av kvite stokkar, rullestolar og talande ur. Dei er eit ressurs- og kompetansesenter, som i tillegg til rådgjeving og tilrettelegging i skule og arbeidslivet, tilbyr ulike tenester som tolk og mentorordning. Sentralen har også spisskompetanse på syn og høyrsel.  

Til slutt kom ho med eit spørsmål til arbeidsgjevarar og næringslivet om dei vil vere med å spele ball med Hjelpemiddelsentralen i inkluderingsdugnaden.

Frukostmøte | Aksello
Julian Udberg-Helle og Elias Myklebust Vaardal frå Ungdomsbedrifta Afrinvest

Ungdomsbedrifta Afrinvest førebur seg til NM v/Julian Udberg-Helle og Elias Myklebust Vaardal

Julian Udberg-Helle og Elias Myklebust Vaardal frå ungdomsbedrifta Afrinvest fortalde om korleis dei gir små mikrolån til bedrifter i oppstartsfasen i Uganda og Malawi.

Bedrifta har 12 tilsette og er ein del av blokkfaget i entreprenørskap ved Flora Vidaregåande skule. Skulen har over lang tid jobba med prosjekt Malawi, og det var gjennom dette arbeidet studentane vart gjort merksam på utfordringane med å ta opp lån. Mange har ikkje bankkonto eller ID-papir, og dei låna som vert tilbydd har høge renter og krav om oppstartskapital. I motsetning tilbyr Afrinvest mikrolån, utan oppstartskapital med lav rente, til berekraftige og framtidsretta prosjekt.

Julian og Elias trakk fram fleire eksempel på entreprenørar og bønder i Malawi og Uganda som med støtte frå Afrinvest har auka lokal matproduksjon, samt skapt ein arbeidsplass både for seg sjølv og fleire andre i lokalsamfunnet. Sidan desember i fjor har Afrinvest bidratt til at 20 personar har komme seg ut i arbeid, og ungdomsbedrifta skal delta i NM for Ungdomsbedrifter 2019 25. april.

Slik engasjement frå ungdommen vår lovar godt for framtida, og vi ynskjer dei lykke til under NM!  

Frukostmøte | Aksello
Øyvind Heimset Larsen frå Vestlandsforskning

Teknoløftet v/Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforskning

Øyvind Heimset Larsen frå Vestlandsforskning introduserte TEKNOLØFT-prosjektet som skal utvikle og styrke næringsretta forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking for å auka kapasitet og kompetanse innan digitalisering, automatisering og big data. Gjennom dette prosjektet ynskjer dei å gjere FoU-miljø meir relevante for næringslivet i Sogn og Fjordane.

Jøril Hovland frå Kunnskapsparken er med på prosjektet for å sikre at tema og problemstillingar som det vert forska på er relevante og nyttige for næringslivet. 

– Har de ei problemstilling som de trur Øyvind og co. kan løyse, det kan vere big data, robotikk osv., så ta kontakt, oppfordra ho.

Inkubatorbedrifta Norwegian Seaweed Production mot gjennombrudd v/Svein Vindenes

Til slutt var det inkubatorbedrifta Norwegian Seaweed Production (NSP) og Svein Vindenes sin tur til å ta oss med til havrommet for å fortelje om korleis dei arbeider for ein meir bærekraftig hausting av tare. Taren er eit viktig råstoff for utvinning av alginat i medisinindustrien, og Norwegian Seaweed Production har fått tilgang til 30 000 tonn som dei skal hente ut råstoff frå. Dette vil dei gjere på den naturlege måten, utan kjemikaliar, og i motsetning til det industrien gjer i dag, så vil dei bruke heile planten. 

– Vi har komme ganske langt på veg. Vi har fått god hjelp av Aksello og hadde nok ikkje vore så langt komne om vi ikkje hadde hatt dei medhjelparane undervegs, understreka Svein.

Vi er utruleg glade for å ha NSP i vår inkubator og ser fram til å følgje dei vidare.

Frukostmøte | Aksello
Svein Vindenes frå inkubatorbedrifta Norwegian Seaweed Production

Ordet Fritt

Under Maritime Forening Sogn og Fjordane si nettverkssamlinga vart det offentleggjort at dei i desse tider med samanslåingar skiftar namn og Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, inviterte Maria Brandsøy og Kristin Svardal til å gi ein kort presentasjon av nye Hub for Ocean.

Under Ordet Fritt vart det også minna om kor viktig det er med rekruttering til fylket. Høgskulen på Vestlandet har søknadsfrist 15. april, og Øyvind Østrem frå HVL kom med ein førespurnad til bedrifter om å dele bodskapet gjennom sine kanalar.

Linda Hovland frå Framtidsfylket snakka kort om korleis dei arbeider for å rekruttere folk til fylket gjennom å vise fram næringslivet og fortelje dei gode historiene. Ho minna om kor viktig det er med tilbod om sommarjobb for å knytte til seg studentar i eit meir langsiktig rekrutteringsperspektiv, og så langt i år har dei lyst ut 460 stillingar gjennom sin portal. Sjekk ut Framtidsfylket her.

Ingvar Torsvik Myrvollen, assisterande fylkessekretær for Vestland Høgre, informerte om at Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til fylket på Næringsdagane 2019. I samband med dette vil han også besøke Florø der han planlegg eit SMB-kontaktmøte. Meir info kjem.

Neste frukostsamling er torsdag 2. mai, og det vil som alltid vere gratis og opent for alle som ynskjer å delta.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt her, og få invitasjon direkte i din innboks!