Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 6. desember. Frukost blir som vanleg servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

 Programmet ser slik ut:

  • Ny verksemd i pre-inkubasjon: Orenda Languages v/Peter Grinde Hollevik
  • Ny inkubatorverksemd: Bulandet Miljøfisk v/styreleiar Hans Haddal
  • Framtidsfylket orienterer om trainee-stillingar, rekrutteringsmesser og meir v/dagleg leiar Linda Hovland
  • DnB – informasjon om pilot Vekstlån, v/KA Bedriftsmarked Randi Solheimsnes

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge vil vere til stades heile dagen. Om du vil ha eit eige møte med dei, så send ei melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

I 2018 har vi hatt fullt fokus på investorstrategi i inkubator for å sørgje for at inkubatorbedriftene våre er klare til å møte investorar og sikre viktig kapital til prosjekta sine. Det passa difor perfekt å runde av med fagleg innhald før vi feira juleavslutning på Vesle Kinn! 🙂

Dagen starta hos Aksello med besøk frå Connect Vest. Først ut fekk inkubatorbedriftene presentert seg og idéane sine for gjestane. Deretter fekk dagleg leiar frå Connect Vest, Hege Elvestad, ordet for å fortelje meir om nettverket deira, BAN – Business Angel Network, og korleis dei arbeider for å koble vekstselskap med kompetanse, nettverk og kapital.

Gründer og investor Agathe Bøe Risa delte frå sine erfaringar som investor og kom med fleire konkrete råd og innspel som inkubatorbedriftene kunne ta med seg i sitt vidare arbeid.

Eit år med pitche-terping og hard jobbing vart avslutta hos Vesle Kinn med god mat og drikke, toppers stemning og Kahoot-konkurranse! Vinnaren av konkurransen vart Team Shalala, Peter Hollevik (Orenda) og Per Ove Lexau (Retrams). 

Denne månaden gav vi tommel opp til fullt kurs i sosiale media! Takk til Linda Kragseth frå Keyteq som raust delte sine tips og triks med oss og takk til alle som kom! På kurset gjekk vi mellom anna gjennom korleis ein skil seg ut i den tettpakka nyheitsstraumen og kva algoritmar som påverkar synlegheita vår, og vi fekk ei innføring i annonsering, måling og analyse.

Kurset var arrangert av Driftig i Sogn og Fjordane og tilrettelagt av Aksello.

Driftig lovar fleire kurs i 2019, så følg med her: https://www.driftig.no/kurs

Har du erfaring innan havbrukssektoren og ønsker å arbeide i eit innovativt og spennande miljø?

Då har Aksello ei stilling som bør interessere deg.

 Aksello AS er eit innovasjonsselskap med hovudmerksemd på å skape og sikre arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane. Havbruk er ei næring for framtida, og vi ynskjer å styrke teamet vårt med ein erfaren medarbeidar innan dette viktige området.

Havbruksaktørane i regionen ønsker meir samarbeid, både mellom bedrifter, lokale styresmakter og akademia. Målsettinga er større verdiskaping og berekraftig utvikling gjennom samhandling mellom dei mange kompetente einskildaktørane i næringa.

Aksello etablerer no eit prosjekt for å legge til rette for dette. Til å leie arbeidet søker vi ein person med erfaring innan både havbruk og offentleg forvaltning.

 

Arbeidsoppgåver:

Formulere og gjennomføre «Havbruksprosjektet», inklusive:

  • Sikre deltaking i prosjektet frå relevante og gode aktørar.
  • Sikre samarbeid med eksterne partnarar nasjonalt og internasjonalt
  • Sikre finansiering til prosjektet sine ulike aktivitetar
  • Koordinere framdrifta i prosjektet og rapportere til finansierings­partnarar og andre
  • Framsnakke havbruksektoren og moglegheitene der i både interne og eksterne fora

Prosjektleiaren må rekne med å delta i løysing av oppgåver innan Aksello sine øvrige forretningsområde, som rådgjeving til inkubatorverksemder, arrangering av møteplassar osv.

 

Kven er du?

Vi søker ein person som:

  • Har høgare relevant utdanning
  • Har kunnskap og nettverk innan havbruksnæringa i Sogn og Fjordane
  • Har erfaring frå prosjektleiing
  • Har kjennskap til verkemiddelapparatet og offentleg sektor
  • Er resultatorientert og jobbar systematisk og godt – både sjølvstendig og saman med andre

Vi ser etter nokon som har kommersiell forståing og samtidig kan sjå havbruksnæringa frå lokale styresmakter sin ståstad, samt evne til å skape tillit og gode relasjonar.

 

Vi kan tilby:

  • Ei svært spanande og sjølvstendig stilling der du kan gjere ein stor skilnad
  • Stor kontaktflate mot næringslivet, offentlege styresmakter og andre
  • Innovativt miljø og moderne kontorlokaler i Florø sentrum
  • Konkurransedyktige vilkår, inklusive fleksitid og god pensjonsordning

 

Stilling: Fast, heiltid

Kontorstad: Florø

Må rekne med ein del reiseverksemd.

 

Ynskje om snarleg tilsetjing.

Vi tek atterhald om fullfinansiering av stillinga før endeleg tilsetting.

 

For meir informasjon om Aksello eller stillinga, utforsk heimesida vår eller kontakt dagleg leiar Lone Bareksten på telefon 47262635.

Send søknad og CV til lone@aksello.no innan 25. november.

 

Andre ledige stillingar hos Aksello:

Korleis byggje ein juicebåt på åtte månader, kva er next for Nekst og Florø Fotball sin kommande skjebnekamp var tema under morgondagens Frukostsamling hos Aksello.

Første mann ut var Gustav Johan Nydal frå Polarny Maritime, eit engineeringsfirma som utviklar nye skip og driv med ombygging av skip. Gustav Johan fortalde om eit av dei verkeleg store prosjekta dei har haldt på med i Kina det siste året: Å byggje ein juicebåt for Citrosuco i Brasil på åtte månader.

– Å lage ein heilt ny båt ville ta for lang tid, så her måtte vi finne eit skip vi kunne byggje om.

Båten, eit åtte år gamalt kontainerskip, fann dei utanfor kysten av Tanzania og derifrå gjekk den via Singapore til eit verft i Kina. Der vart den ribba for 600 tonn stål og forsterka med 1900 tonn nytt stål. Vidare vart den utrusta med 15 nye tankar og lastesystem for appelsinjuice, og som ferdig båt skal den frakte juice frå Brasil til USA. Gjennom ein serie av bilde fekk alle eit inntrykk av det massive arbeidet som har vore lagt ned i ombygginga fram til det endelege resultatet.

– Dette er desidert det raskaste prosjektet eg har vore med på og det har vore eit kjempeviktig prosjekt for Polarny Maritime, seier Gustav Johan og legg til at dei har fleire prosjekt for Citrosuco framfor seg.

Nekst – berekraftig vekst

Martin Ramsdal frå Nekst kom med siste status for prosjektet deira etter at dei fekk tilsegn om to konsesjonar til merdanlegg, men avslag på 14.

– Korleis bomma vi så grundig?, spør han innleiingsvis og viser mellom anna til at endringane i spelereglane for konsesjon har hatt ein negativ effekt.

Trass avslaga, er han positiv til vidare utvikling av prosjektet.

– Både fylkesmannen og Fiskeridirektoratet er positive til prosjektet og ser at vi har ein teknologi som kan hjelpe oppdrettsnæringa å vekse på ein berekraftig måte, understrekar han.

Martin forsikrar om at han ikkje vil gje opp med det første, men fortsette med å vidareutvikle konseptet:

– Det er ei stor nasjonal interesse for dette prosjektet. Vi har allereie passert eit trongt nålauge i havbruksnæringa si historie, så vi kan ikkje gje opp, avsluttar han.

Å lære i motgang

Terje Rognsø innleia sin presentasjon med å innrømme at han gjerne skulle ha stått der for å skryte av at dei vann førre kamp, men når det ikkje vart slik var den kommande skjebnekampen tema.

– Florø Fotball må vinne neste kamp visst ikkje er det direkte nedrykk.

Om dei vinn ligg også skjebnen deira i andre hender då plasseringa deira er avhengig av resultata i den aller siste runden.

Terje tok oss med bak kulissane til Florø Fotball og fortalde om korleis dei jobbar fram mot neste kamp og kva ein kan lære av å møte motgang.

– Motgang er også noko som kan gjere deg betre og som du kan lære av som leder. Ender dette med nedrykk, så har eg betre erfaring som trener, men ein dårlegare CV.

Vi heier på Florø Fotball og er stolte og kry uansett!

Ordet fritt

Under Ordet Fritt informerte dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, om at vi har ei ledig stilling som forretningsutviklar hos Aksello. Del gjerne bodskapet vidare og hjelp oss å finne vårt nye tilskot til Aksello sitt team! 🙂

Maritim Forening minna om Nettverkssamlinga deira 14. november og Audun Erik Sunde minna om at dagen etter går petroleumskonferansen Vekst i Vest av stabelen i Flora Samfunnshus.

Neste Frukostsamling

Neste Frukostsamling er torsdag 6. desember.

Har du innspel til innhald eller foredragshaldarar som vi bør få med på Frukostsamlingane våre?

Då vil vi gjerne høyre frå deg! Tips Arne arne@aksello.no.

FRUKOSTGJENGEN: F.v. Arne Olsen (Aksello), Gustav Johan Nydal (Polarny Maritime), Trine Vederhus (Aksello), Martin Ramsdal (Nekst) og Terje Rognsø (Florø Fotball).