Frukostsamling 3. mai – Plast, laks og Fredskorpset

Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling den 3. mai. Smørbrød (ikkje spesielt høge, men veldig gode), juice og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.15.

Vi får besøk av ei ungdomsbedrift, Green Plastic UB, som vil fortelje om seg sjølv og korleis det gjekk i NM; lakseeksportøren Norwell gir oss eit innblikk i deira milliard-aktivitet, og ikkje minst: Fredskorpset er i ferd med å etablere seg her i Sunnfjord, og dei kjem for å presentere seg og fortelje om moglegheiter for næringslivet.

Vi har også fått eit ekstra innlegg på programmet etter at det vart kjend at milliardsatsingen til Nekst AS har kommet gjennom nåløyet mht utviklingskonsesjoner for laks. Dei vil fortelje meir om dette på Frukostsamlinga som vert utvida med 15 minutt til 09:15.

Programmet ser difor slik ut:

    • Green Plastic UB – status og vegen vidare v/Njål Eliassen, Martin Ulsten og Viljar Ødelien
    • Norwell AS – lokal aktør i ei global verd v/adm. dir. Ingrid Kassen
    • Nekst AS -milepæl nådd og vegen vidare v/partner Martin Ramsdal

    • Fredskorpset – på lag med næringslivet v/direktør Jan Olav Baarøy
    • Ordet fritt

    Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

    Kom og høyr, diskuter og bli vis!

    PS. Innovasjon Norge vil være representert ved Jørgen Berg denne gongen. Han vil være hos Aksello heile dagen, og om nokon ynskjer eit separat møte med han, så gje melding til arne@aksello.no.

    VELKOMMEN!

     

Ny runde med etablerarkurs for innvandrarar

VELLYKKA PILOTPROSJEKT: Etablerarkurset for innvandrarar starta som eit pilotprosjekt med i alt 12 deltakarar. Med fornya støtte vert kurset no utvida og opent for fleire gründerspirer. Foto: Steinar Lote / NRK

 

Aksello og KF Innvandrarsenteret har fått fornya støtta frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) til ei ny runde med etablerarkurs for innvandrarar. Tilbodet er eit samarbeid mellom Innvandrarsenteret og Aksello som i fjor gjennomførte eit vellykka pilotprosjekt med tilskot frå IMDI på kr. 50 000. I år har dei tildelt prosjektet det dobbelte.    

–   Vi er veldig glad for den tilliten som Integrerings- og mangfoldsdirektoratet viser oss og Innvandrarsenteret ved å auke tilskotet. No kan vi fortsette arbeidet med etablerarkurset og utvide tilbodet til innvandrarar, fortel Heidi Felle, som er rådgjevar hos Aksello.  

I fjor vart etablerarkurset gjennomført som ein del av introduksjonsprogrammet til innvandrarar i Flora kommune og det vil det framleis vere. I tillegg vil kurset vere opent for alle med innvandrarbakgrunn som er interessert i å starte si eiga bedrift.

Håpar mange vil delta

– Det som også vert annleis i år er at vi vil arrangere kurset på kveldstid i Aksello sitt lokale. Då kan dei som har skule og jobb på dagtid også vere med, og vi håpar at det vil gjere det mogleg for fleire å delta, seier Felle.  

Ved å halde undervisninga her på huset får deltakarane også moglegheit til å verte betre kjend med Aksello og gründermiljøet vårt.

Vegen til oss vert kortare og det vert gjerne lettare for dei å ta kontakt med oss når kurset er ferdig. Målet er at dei skal verte ein del av det aktive gründermiljøet vårt og at dette vert eit positivt tilbod som kan bidra til fleire etableringar blant innvandrarar, utdjupar Felle.  

Aksello ynskjer no å komme i kontakt med innvandrarar som vil delta på kurset.

Gründersamling

– Før sommaren vil vi arrangere ei samling der vi vil orientere om etablerarkurset og tilbodet. Alle som er interessert i å høyre meir er hjarteleg velkomne. Vi vil også invitere erfarne gründerar med innvandrarbakgrunn som kan dele frå sine erfaringar, og håpar at mange vil komme for å få info, inspirasjon og stifte nye kjennskap, avsluttar Felle.

Vi kjem tilbake med meir info når vi har ein dato for samlinga. Følg gjerne nyhendebrevet vårt her slik at du får siste nytt frå Aksello direkte i din innboks.

 



Er du interessert i å delta på etablerarkurset for innvandrarar?

Ta kontakt med Silje Jansen Nybø på 913 50 424 eller siljejansen.nybo@flora.kommune.no.

 

Les også: Vellykka gjennomføring av etablerarkurs for innvandrarar

Og sjå reportasja frå NRK der deltakar Khalouf Almoadal fortel om sin gründerdraum: 

Draumen er å starte kaffibrenneri i Florø

 

Bli med på ONS 2018! 27.-29. august i Stavanger

Offshore Northern Seas 2018 blir ein viktig møteplass for ein energibransje på full fart oppover att. Vi i Aksello vil også i år legge til rette for ein spanande arena i Vågen for kvelds-aktivitetar. Når du ynsker å samle leverandørar, kundar, media og andre samarbeidspartar, bør du tenkje på Florø-paviljongen, anten det gjeld berre eit godt måltid eller meir formelle samankomstar.

Aksello vil med dette invitere deg til å nytte desse lokalitetane.

Vi tilbyr:

  • Sentral plassering i Vågen med alt som skjer der (Aurora-konsert, Run for Fun, fyrverkeri og mykje anna)
  • Stort telt med eige kjøkken og sitteplassar for 70-80 pax.
  • Stor og koseleg hage utanfor teltet, med bord, planter, parasollar etc.
  • Moglegheiter for god synleggjering/profilering
  • Bistro To Kokker er på plass med ein førsteklasses sjømatbuffet, og
  • trubadur Allan Madsen sørger for god musikk og stemning utover kvelden.

Store, lokale aktørar, som Saga Fjordbase, PGS og Neptune Energy (Engie), er allereie i planleggingsfasen.

Nytt høvet, du også! Hugs: Godt nettverksarbeid gir fleire kontrakter!

For prisar og bestilling, kontakt arne@aksello.no

VELKOMMEN!

Gründersamling: Å skape si eiga bedrift

Onsdagskveld var det mange som tok turen til Gründersamlinga hos Aksello for å få med seg inspirerande foredrag frå erfarne gründerar som kunne dele frå sine gründerreiser, og fortelje om korleis ein skaper si eiga bedrift. Det var utruleg kjekt å sjå at her var både faste besøkande og mange nye fjes blant dei frammøtte.

Trainee Trine Vederhus og rådgjevar Heidi Felle starta samlinga med ein kort presentasjon av Aksello og korleis vi jobbar tett med gründerar og etablert næringsliv for å løfte fram gode idéar. Deretter gjekk det slag i slag mellom spennande innlegg og suksesshistorier frå ulike bedrifter i Sogn og Fjordane.

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Første bedrift på programmet var Askvoll Sjømat og Delikatesser v/ Helge og Inger Johanne Loftheim. Dei er begge utdanna kokkar, og kunne fortelje at det var ein ferie til Askvoll, heimbygda til Leif, som vart starten på deira gründerreise. Medan dei var der forelska dei seg i eit gammalt, falleferdig hus som dei såg nytt potensiale i: nemleg ein delikatessebutikk. Saman med bror til Helge, Eirik som også er kokk, kjøpte dei huset, slutta i jobbane sine og forlèt storbylivet i Oslo for å bokstaveleg talt byggje si eiga bedrift. For opp i det heile hadde dei eit stort renoveringsprosjekt framfor seg, og det vart lange dagar der dei måtte balansere tida si mellom jobb i den lokale barnehagen, oppstart og oppussing.

 

Eg hugsa at vi var godt slitne og utbrente på opningsdagen, men vi klarte å nå målet vårt allereie på første opningsdag og det var tre fulltidsstillingar.

– Inger Johanne Loftheim


LocalHost og Lefdal Mine Datacenter

At du må ha «guts», og tørre å satse som gründer, kom også godt fram i Sindre Kvalheim sin engasjerande presentasjon om LocalHost og IT-eventyret Lefdal Mine Datacenter – Nord-Europas største datasenter. Sindre, som starta si første bedrift når han var 19 år gammal og hadde selt tre bedrifter i ein alder av 25, hadde mange erfaringar å dele. Mellom anna kor viktig det er å byggje seg opp eit godt nettverk, inngå samarbeid med dei rette personane og skape eit dyktig team.

Gründersamling | Aksello

Villa Åmot

Gode samarbeidspartnarar var også eit av mange viktige stikkord i Steinar Sørli sitt innlegg. Han presenterte reiselivskonseptet Villa Åmot som han har skapt saman med ektemannen sin Yngve Brakstad på sitt barndoms ferieparadis, tante Rollaug sin gard i Bygstad. Steinar snakka om lokalmat som lokal verdiskaping, internasjonalisering og deira samarbeid med the Travel Designer for å nå ut til high-end marknaden.

Vi gjer som tante Rollaug, ynskjer gjestane velkommen, og gir dei ei ekte og autentisk oppleving av Norge.

– Steinar Sørli

Gründersamling | Aksello

Sparebanken Vest

Kjell Gunnar Lilleøren frå Sparebanken Vest heldt også innlegg for å informere om midlar frå Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane. Han fortalde mellom anna om kva dei ser etter, kva ein kan søke om og presenterte ulike suksesshistorier som dei har støtta. Stiftinga har nettopp hatt årets første søknadsrunde, og neste frist vert i september i år.

Gründersamling | Aksello

Mat og mingling

Kvelden vart avslutta med herleg mat laga av Askvoll Sjømat og Delikatesser og mingling. Vi håpar at alle gjekk heim med ny giv, inspirasjon og nye kjennskap! Det gjorde i alle fall vi, og vi ser allereie fram til neste samling.

Ynskjer du invitasjon til vår neste gründersamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.

Eit engasjert næringsliv vil skape ein sterk kystkommune

Kinn kommune var tema for Frukostsamlinga 5. april og Rolf Bjarne Sund frå Kinn kommune og Øyvind Reed frå Måløy Vekst trakk fram engasjement frå næringslivet som ein viktig nøkkel for å skape ein sterk kystkommune.

Men før innlegga kunne begynne hadde Sparebanken Sogn og Fjordane med ei overrasking til Aksello, ei gåve på kr. 150 000 kr.

Gjennom frukostmøte har de skapt ein viktig møteplass for næringslivet der dei kan komme å bli kjent med kvarandre, finne nye kundar og leverandørar og få inspirasjon. Vi ynskjer å heie dykk fram i det gode arbeidet som de gjer slik at de kan fortsette med det som de er flinke på og få sterkare musklar til å jobbe nord-, sør- og innover, sa Jan Nordem Knudsen, som overrekte gåva på vegne av banken.

Dagleg leiar Lone Bareksten takka så mykje for gåva som Aksello set umåteleg stor pris på. Vi er i vårt 5 år med frukostmøter og vil halde fram med det månadlege morgonritualet vårt som vi ser har blitt ein viktig møteplass for eit nyskapande næringsliv.  

–  No håpar eg det vert høgare smørbrød på neste frukostmøte, spøkte Rolf Bjarne Sund som heldt frukostmøtet sitt første innlegg.

frukostsamling aksello

Kinn kommune v/ prosjektmedarbeidar Rolf Bjarne Sund

Sund var den første tilsette i Kinn kommune og kunne fortelje at å jobbe med kommunesamanslåinga er den mest morosame jobben han har hatt så langt i si karriere.

– Det er ein artig, krevjande og kompleks prosess, men her er mange moglegheiter for samfunns- og næringsutvikling i Kinn kommune, påpeika han.

Sund presenterte korleis dei no arbeider med organiseringa av den nye kystkommunen med fellesnemnd, rådmann Terje Heggheim og ulike utval som skal føre kommunen på rett kurs fram mot kommunesamanslåinga 01.01.2020. Han la vekt på at Kinn kommune ynskjer å vere ein aktiv utviklingsaktør og oppfordra næringslivet til å ta kontakt.

Om vi skal leggje til rette for næringsutvikling, så treng vi innspel frå dykk. Sit ikkje i ro, men ver med og delta. Vi ynskjer at de tek kontakt med oss og er med å påverke det som skal skje framover, oppfordra han.

Blant utvala dei har oppretta har eitt av dei ansvar for “Næringsutvikling, næringsselskap, hamn, KF og eigarskap”. Øyvind Reed som er styreleiar i Måløy Vekst sit i dette utvalet og var med på samlinga for å fortelje om korleis det nye næringsselskapet i Måløy vil jobbe med utvikling og vekst i framtida sin kystkommune.

Frukostsamling Aksello
Rolf Bjarne Sund, Kinn kommune

Måløy Vekst v/ styreleiar Øyvind Reed

Dei to næringsselskapa i Kinn kommune, Aksello og Måløy Vekst, vil ha eit tettare samarbeid for næringsutvikling i regionen vår, og frukostmøte var såleis ei god anledning for dei frammøtte til å bli betre kjend med nye Måløy Vekst. Tidlegare dagleg leiar for Nordfjord Vekst, Randi P. Humborstad, som vi og kjenner frå Stadt skipstunell-prosjektet, er tilsett  som dagleg leiar for Måløy Vekst, og selskapet har fått eit heilt nytt styre. Styreleiar Øyvind Reed fortalde om modellen til selskapet og korleis dei ynskjer å arbeide for å skape vekst og engasjement på kysten. 

Lokalt engasjement er avgjerande for at vi skal lykkast og vi ynskjer at flest mogeleg engasjerer seg, understreka Reed.

For å få til dette har dei organisert Måløy Vekst i ulike underutval ut i frå forskjellege bransjar: Handel/Turisme, Marine/Maritime, IKT, Prosess og industri, og sal og marknadsføring.

–  Slik kan kvar enkelt jobbe med det dei brenn for og vi kan dele kompetanse på tvers av dei ulike industriane vi jobbar i og lære av kvarandre, forklarte han.

Ei anna spennande satsing er Måløy marine ressurssenter, eit lokalt forankra forsking- og utviklingsmiljø, som samarbeider tett med næringslivet i utvikling av nye produkt.

Frukostsamling Aksello
Øyvind Reed, styreleiar for Måløy Vekst

Reed avslutta sin presentasjon med å snakke litt meir om det samarbeidet Måløy Vekst og Aksello ser føre seg i framtida. Dialogen er allereie i gang og dei ser at Aksello kan bidra sterkt til gründermiljøet i Vågsøy med sin førstelinjetenesete og inkubator.

– Vi ser at vi treng kompetanse og ressursar for å fange opp gode idéar og gründerar i startfasen og hjelpe dei gode prosjekta eit steg vidare. Her har Aksello eit godt opparbeida miljø og kompetanse som vi kan dra nytte av, fortalde Reed.

– Vi er to forskjellige selskap som kompletterer kvarandre godt. Eit eksempel er satsinga på FoU i næringslivet der Måløy Vekst no er i full gang med realisering av MMR (Måløy Maritime Ressurssenter). Vi kan lære mykje av den kompetansen som dei sit på, så dette samarbeidet ser vi verkeleg fram til, avslutta Bareksten på vegne av Aksello.

Ordet Fritt

Under Ordet Fritt minna Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet om at søknadsfristen for å søkje studieplass hos dei er 15. april. Hjelp dei gjerne å spreie ordet!

Aksello inviterer til Gründersamling hos oss 11. april. Mål for kvelden er å bidra til inspirasjon, motivasjon og nettverksbygging blant gründerar og idéskaparar i vår region. Etter presentasjonane blir det god mat og mingling! Samlinga er gratis og open for alle – og du kan melde deg på her.  

Maritime Forening Sogn og Fjordane arrangerer nettverkssamling for næringsaktørar som arbeider for verdiskaping i havrommet 18.-19. april. Nettverkssamlinga arrangerast på Kviknes hotel i Balestrand og er open for alle verksemder, ikkje berre dei som er medlem i Maritim Foreining Sogn og Fjordane. Meir info her.

Neste Frukostsamling 3. mai

Neste Frukostsamling vert 3. mai. Om du har innspel til tema du vil vi skal ta opp eller har tips til interessante foredragshaldarar, kan du tipse dagleg leiar Lone Bareksten på lone@aksello.no.

Vi sjåast på neste Frukostsamling!

Nytt kapittel for Pelagia-anlegget sikrar viktige arbeidsplasser

Global Fish har inngått avtale om kjøp av Pelagia sitt anlegg i Gunhildvågen i Florø. Det markerer slutten på eit langt arbeid, der vi i Aksello har bidrege saman med ordførar Ola Teigen.

Etter at Pelagia i oktober 2016 tok si avgjerd om å legge ned aktiviteten ved anlegget i Florø, ga Flora kommune i oppdrag til Aksello å skaffe ny aktivitet til anlegget.

– Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at 50-60 arbeidsplassar berre forsvinn ut av vår kommune over natta, sa ordførar Ola Teigen den gong.

Aksello har hatt kontakt med mange potensielle kandidatar, innanfor havbruk, kvitfisk og anna havromsaktivitet. Steinvik Fiskefarm peika seg tidleg ut som ein god kandidat, og dei inngjekk ein intensjonsavtale i 2017. Denne vart imidlertid aldri realisert, og då måtte ein gå vidare med andre kandidatar.

– Løysinga med Global var ikkje blant dei vi jobba med, i og med at pelagisk verksemd var «no-go». Men når Pelagia og Global no er einige, skal vi berre vere glade for at anlegget no vert tatt i bruk igjen, seier seniorrådgjevar Arne Olsen i Aksello, som har leia arbeidet frå Aksello si side, og legg til:

– 50 nye arbeidsplassar er ikkje noko å kimse av i våre dagar. Og lokale eigarar, lokal verdiskaping, og store ringverknadene i form av bygningsmessige arbeider, andre forsyningar, hamneavgiftar og ikkje minst sal av vatn er alle faktorar som gjer at vi trygt kan seie: «Ei skikkeleg god løysing».