Frukostsamling 1. mars

Aksello ønsker velkommen til ny Frukostsamling den 1. mars. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi får besøk av eit av industrifyrtårna i vårt distrikt, nemleg Elkem Bremanger. Adm. dir. Arne Werge-Olsen vil gje ein status for bedrifta, og sjå litt inn i krystallkula. Den nye inkubatorverksemda Fjordpanel vil presentere seg, og vi skal snakke om planane for lokal markering under Offshore Northern Seas 2018 i Stavanger:

  • Elkem Bremanger – status og moglegheiter» v/Arne Werge-Olsen
  • ONS 2018 v/Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Aksello
  • Ny inkubatorbedrift Fjordpanel v/Jonny Bjørnset og Rune Hjelmeland
  • Ordet fritt

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
Kom og høyr, diskuter og treff gamle og nye kjende!

PS. Innovasjon Norge vil være i Florø denne dagen. Om nokon ynskjer separat møte med dei, så gje melding til arne@aksello.no.

,

– Idéen er ein ting, men du må forstå marknaden

Foto: Helle Frogner

Sødermann AS deltok på kurset “Frå idé til marknad” våren 2014 før bedrifta hadde fått sin første kunde og søkt støtte frå Innovasjon Norge. På den tida var dei berre ein tilsett, gründeren sjølv: Peter Sødermann. I dag er dei 19 tilsette på Nordfjordeid og jobbar med fleire spennande kundar innanfor kommunal sektor over heile landet.

Eg hadde aldri fått igjennom ein søknad hos Innovasjon Norge eller søkt støtte hos dei om eg ikkje hadde delteke på idé til marknad. Det var først i dialog med Innovasjon Norge at eg forstod kva moglegheiter dei hadde til å hjelpe meg, fortel Sødermann.

Sødermann AS tilbyr rådgjevingstenester, digitale produkt og verktøy til kommunal sektor, og er ein spin-off av eit prosjekt Sødermann gjennomførte som avdelingsleiar i helse- og sosialsektoren i Eid kommune.

Eg såg at vi jobba med mange gode idéar og tankar som kunne fungere andre stadar, og eg ville utforske korleis eg kunne gjere det og kva moglegheiter eg hadde for å få det til, seier han.

Innovasjon Norge Aksello

Gründer: Peter Sødermann. Foto: Helle Frogner

Frå idé til marknad

For å utforske idéen sin melde han seg inn i Næringshagen på Nordfjordeid og blei ein del av gründermiljøet der. Nordfjordeid Næringshage arbeider, på same måte som Aksello, for å hjelpe gründerar og etablerte bedrifter med å realisere nye idéar, produkt og tenester. Det var gjennom dette nettverket at han deltok på kurset i regi av Innovasjon Norge.

Etter kurset søkte eg om støtte og fekk innvilga etableringsstøtte frå Innovasjon Norge. Denne finansielle støtte gjorde det mogleg for meg å reise rundt for å bli betre kjend med marknaden som eg skulle jobbe i. Eg fekk ei større forståing av kven kunden min var, og sikra dei tre første kundane mine, forklarar Sødermann. 

Raskare vekst

Han peiker på kurset og støtta frå Innovasjon Norge som avgjerande for at selskapet hans har vakse så fort. I 2014 var han den einaste tilsette i Sødermann AS, og i dag er dei 19 tilsette med ulik bakgrunn frå kommunal og privat sektor.

Støtta frå Innovasjon Norge og Nordfjordeid Næringshage gjorde det mogleg for meg å vekse mykje fortare enn eg ville gjort på eigenhand. Idéen er ein ting, men du må forstå marknaden du jobbar i. Ein skapar ikkje gode idéar i eit vakuum, men er avhengig av kompetanse og kunnskap frå andre, fortel han.  

På kurset til Innovasjon Norge vart Sødermann også kjent med ordninga Innovasjonskontrakter (tidlegare IFU og OFU) der bedrifta utviklar nye produkt og løysingar i samarbeid med kunden.

– Dette er ein fin veg for mange gründerar å gå då ein får utvikle idéen sin saman med kunden. Det er då ein lærer mest, seier han.

Smarte råd

Han trur difor at det ikkje berre er ferske gründerar som vil ha nytte av kurset idé til marknad, men at det passer godt for etablerte bedrifter som vil skape noko nytt og utforske nye marknader.

Mange bedrifter der ute har gode idéar som dei ikkje har tid eller pengar til å realisere. På kurset blir dei kjend med mange verkemiddel som vil vere nyttig for dei i næringslivet. Det er også lettare for etablert bedrifter og skyte knopar enn ei som startar heilt frå botn, så eg tenkjer at det vil ville vere smart av dei å delta.

– Av det du har lært så langt – kva er det beste rådet du kan gje til andre gründerar og etablerte bedrifter?

Gå ut og snakk med kunden! Det einaste som hjelper er å prate med kunden. Og den ideelle kunden er ikkje den som seier nei eller ja, men den som seier nja! Det er den kunden som gir deg ei større forståing, utfordrar deg og idéen din, som gjer deg betre. Slike kundar er det kjempegøy å jobbe med, avsluttar Sødermann.

Kurs: Frå Idé til marknad hos Aksello 20. mars

Men før du snakkar med kunden din: bli med på “Frå idé til marknad” for å bli betre kjend med støtteapparatet og Innovasjon Norge, og få ei innføring i korleis du kan forstå marknaden og kunden din betre. Kurset er gratis og arrangerast av Innovasjon Norge Sogn og Fjordane hos Aksello 20.mars kl. 11-14, Magnus Thingnes gate 1, Florø.

Gründersamling 12.april 2018

Aksello ynskjer alle interesserte velkommen til ny gründersamling.

Er du gründer, idéskapar eller berre interessert og nyfiken på kva som rører seg av nyskaping i regionen? Hold av torsdag 12. april kl.18.00-21.00! Då opner vi dørene til Aksello sine lokaler på kveldstid for god mat, mingling og inspirerande innlegg frå spennande bedrifter i regionen vår.

Meir informasjon kjem i mars!

Les også: Kjempeoppmøte for nye og gamle gründerar

Meld deg på nyhendebrevet vår her – og motta invitasjon til gründersamlinga direkte i din innboks. 

 

,

Kom til oss i Vågen under ONS 27.-29. august!

Offshore Northern Seas 2018 er ein viktig møteplass for petroleums- og andre havroms-relaterte aktørar. Vi i Aksello vil også i år legge til rette for ein spanande arena i Vågen, for nettverksbygging på ettermiddag/kveldstid. Når du ynsker å samle leverandørar, kundar, media og andre samarbeidspartar, bør du tenkje på Florø-paviljongen.

Aksello vil med dette invitere deg til å nytte desse lokalitetane.

Vi tilbyr: 

  • Sentral plassering i Vågen med alt som skjer der
  • 108 m2 telt med eige kjøkken
  • 55 m2 hage utanfor teltet, med bord, planter, parasollar etc.
  • Gode moglegheiter for synleggjering/profilering
  • Bistro To Kokker er på plass med førsteklasses sjømatbuffet
  • Musikk som bidrar til god stemning utover kvelden.

Store, lokale verksemder har allereie meldt sin ankomst. Høyrest dette interessant ut også for deg og di bedrift? For påmelding, prisar etc. kontakt: arne@aksello.no

VELKOMMEN!

Nye moglegheiter i Vest

Foto: Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet.

Det var ein kjempegod start på årets frukostmøter med eit fullsatt lokale hos Aksello i dag. Vi måtte i forkant stengje påmeldinga til arrangementet då det vart fullbooka, og det er utruleg kjekt for oss å sjå at det er stor interesse for å vere med på frukostsamlinga vår. Det var trainee Trine Vederhus som leia frukostmøte i dag. Ho gav alle ein morgonboost med litt humor og oppvarming før dagens innlegg. Vi håpar også at det gjennomgåande tema for programmet: “nye moglegheiter” var med å gi alle ein god start på dagen sin her hos oss. Eit betre tema kan ein vel neppe begynne med når eit nytt år og nye moglegheiter ligg framfor oss.

Høgskulen på Vestlandet v/Øyvind Østrem

Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet starta dagens innlegg med å informere om den nye studieretninga havteknologi der studentane kan velje å spesialisere seg i tradisjonell undervassteknologi eller havbruksteknologi. No når den nye linja er på plass har dei fullt fokus på å rekruttere nye studentar til dette studiet, og til Allmenn Maskin-studiet, gjennom prosjektet RekrutterING Sogn og Fjordane. Fleire og fleire vel utdanning som dei veit vil sikre dei ein jobb, og gjennom å samarbeide tett med næringslivet ynskjer dei å få ungdommen ut i relevante traineestillingar og sommarjobbar som vil auke sjansen deira for å lande draumejobben etter endt utdanning. Her har mellom anna Framtidsfylket vist veg med traineeprogrammet sitt, og Gro Rukan, avtroppande dagleg leiar for Framtidsfylket, er ein del av teamet som skal rekruttere ungdommen til Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.

 

Frukostsamling Aksello

 

INC Gruppen v/Roald Førde  

Roald Førde frå INC Gruppen snakka om moglegheiter i det nye arealet vest på basen. Utviklinga hos dei er drive av det grøne skiftet og dei ynskjer å byggje vidare på den kompetansen og ressursane som dei har in-house frå Havlandet Marin Yngel, Havlandet Forskningslaboratorium og andre bedrifter i Gruppen. Det nye prosjektet INC planlegg er eit landbasert oppdrettsanlegg og eit hydrogenanlegg der dei ser moglegheiter for synergiar mellom dei to. Prosjektet vert kalla Green Atlantic Salmon, og Førde illustrerte korleis anlegget og testmodellen kan sjå ut. Ein viktig premiss for det nye prosjektet er det faktum at Florø-området inneheld så og seie alt som trengs i verdikjeden for fiskeoppdrett.

 

Frukostsamling Aksello

                                            

Innovasjon Norge Sogn og Fjordane v/ Kristine Kopperud Timberlid

Samanslåingar er for tida eit heitt tema, og den nye avdelingsleiaren for Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Kristine Kopperud Timberlid, var til stades for å fortelje om Innovasjon Norge og samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Innovasjon Norge Vestlandet. Vidare snakka ho om endringar og trendar som skjer i kjølvatnet av industri 4.0, den digitale revolusjonen, der digitalisering er eit svært viktige satsingsområde for Innovasjon Norge. Timberlid oppmuntra til at ein ikkje må la seg skremme av desse endringane, men gripe moglegheitene som dei er med på å skape.

Avslutningsvis oppfordra ho dei frammøtte til å delta på dei kursa som Innovasjon Norge arrangerer for gründerar og etablerte bedrifter. Frå idé til marknad som arrangerast hos Aksello den 20. mars, og kurs i styreutvikling, innovasjonsleiing og samfunnssansvar med samling i Loen 27.-28.februar og Førde 9.-11.april. 

 

Ordet Fritt

Frukostsamlinga vart som vanleg runda av med ordet fritt.

Gro Rukan introduserte Linda Hovland som no tek over stafettpinnen som dagleg leiar i Framtidsfylket etter Gro. Karrieremessa som dei arrangerer er ein fantastisk arena for å vise fram alle dei spennande moglegheitene som finst i fylket vårt, og dei oppfordra næringslivet til å melde seg på karrieremessa i Bergen 13. februar.

Neste frukostmøte

Neste frukostmøte vert 1. mars. Vi håpar å sjå dykk alle der og ver gjerne tidleg ute med å melde deg på. Om du ikkje allereie mottek invitasjon og nyhendebrev frå oss, så kan du melde deg på mottakarlista vår her.