Femti grundere og andre nysgjerrige var samla hos Aksello onsdag kveld. Det var ein samankomst der målet var å inspirere og engasjere, og å bringe folk saman. Det er viktige å bli kjende, å dra nytte av andre sine erfaringar og å gjere kvarandre gode, råda Heide Felle i si innleiing.

Erfaringar og inspirasjon

Grunderbedriftene stod i fokus og det var Geir Arne Solheim som var først ute. Solheim representerer bedriftene Frequency, Hydrowave og Havkraft, men sjølv introduserte hans seg først og fremst som ein optimist. Ein eigenskap han trakk fram som særs viktig for ein gründer.

Han tok for seg dei utfordringane og erfaringane han hadde støtt på i si tid som optimistisk gründer, og pakka beskjeden inn i eit leikande bildespråk der han drog parallellar mellom alt ifrå bølgekraft, yoga, og det å trene eit gutelag i fotball. Forsvare, sentre til lagkameratar og skyte på mål. Ein gründer er definitivt ein del av eit team, og for Solheim var balanse og energi nøkkelord, hos ein sjølv, i organisasjonen og i forhold til marknaden og kunden.

Neste innlegg kom frå Gabriel Ossenkamp og hans verksemd Fjordalg som er basert i Svelgen. Han er i startfasen, men kunne likevel fortelje litt om korleis han går fram for å produsere mikroalgar, kva nytta er, og kor viktig det er med støtta han har fått frå dei forskjellige partane – Sparebanken Vest Næringsstifting, Aksello, Innovasjon Norge, Skattefunn og Bremanger Kommune. Det vart delt ut smaksprøver av drikken Norwegian Energy, med spirulina-algar, ein såkalla supermat, grunna høge verdiar av vitamin, protein og mineral.

Det å produsere mikroalgar er ikkje nødvendigvis unikt, men Ossenkamp poengterte at innovasjonen ligg i å finne gode system, og han kunne vise til at ein kan nytte næringsstoff frå slam i fiskeindustrien til produksjonen av algar. Han fortalde også om spennande framtidsutsikter for mikroalgeproduksjon, og kor viktig kongen av antioksidantar – astaxanthin – vil kunne bli i framtida. Astaxanthin er 6000 gangar kraftigare enn C-vitamin og blir brukt som fargestoff i lakseoppdrett, men i Norge er det enno berre 5 prosent som brukar den naturleg framstilte varianten. Resten er syntetisk, og det fører eksempelvis med seg at den ikkje blir like lett tatt opp kroppen. Moglegheitene er gode og visjonen er stor – det gjeld berre å bryte dei ned i små skritt slik at det blir overkommeleg, var Ossenkamps råd.

Tredje post på programmet, eit innlegg frå Edgeir Vårdal frå Tibber i Førde, blei dessverre avlyst. Det blei demed litt ekstra tid til å mingle over god tapasretter laga av Aroma Café.

Vi håpar at du blir med på neste samling. Meld deg på vårt nyhendebrev, så sørger vi for at du får beskjed når neste samling skal skje!

 

Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

I denne utgåva av Havrommet får du bli betre kjend med pre-inkubasjonsbedrifta Bulandet Miljøfisk som har fått konsesjon for sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Bulandet. Anlegget tek omsyn til både utslepp og fiskevelferd, og vil vere med på å skape verdi for mange andre aktørar i havbruksnæringa.

 

Bulandet Miljøfisk

Bulandet Miljøfisk er ikkje aleine om å vere eit landbasert oppdrettsanlegg i Norge, men ingeniør Oddmund Storesund, grunneigar Anne Margrete Grepstad og prosjektleiar Ola Sveen vil gjere det på ein måte som ingen andre har prøvd før.

Anlegget dei planlegg skal vere integrert i den unike geografien på Bulandet. Der skal sjøvatn bli pumpa inn frå nordsida av øya, og ført gjennom eit oppdrettsanlegg som ligg lavt over havflata, og 6-7 meter under havnivå i botn. På den måten blir energiforbruket redusert og inngrepet i naturen minst synleg.

Anlegget vil fungere slik at det grove slammet blir tatt ut etter sedimentering i kar, og resten av vatnet blir filtrert før det går vidare til ein reinsehage. Dette vatnet inneheld mange næringsstoffer som algar og tare kan nyttegjere seg av. Slammet som vert samla opp kan bli brukt i produksjon av biogass, forklarar Sveen.

 

Verdi for mange

Å bruke taren og algen på denne måten er ny, og Bulandet Miljøfisk ser også andre verdiar i taren som kan bli brukt som proteinkjelde i produksjon av fiskefôr. Samstundes kan innovasjonsarbeidet som blir lagt ned i utviklinga av anlegget ha verdi i andre samanhengar, til dømes for lukka anlegg i sjø og for andre gruntvassområde langs kysten.

Prosjektleiar Ola Sveen

Prosjektleiar Ola Sveen

Anlegget løyser forhåpentlegvis nokon av utfordringane til oppdrettsnæringa, som ustabile forhold ved straum og ujevnt innhald av oksygen. Denne typen anlegg vil også unngå problem med lakselus og rømming, fortel Sveen.

I framtida ser han for seg anlegget i Bulandet som ein produsent av førsteklasses laks og aure.

I denne type oppdrett vil vi lage en fisk som også skal være sterk mot sjukdom og andre problem oppdrettsnæringa slit med. Vår fisk vil få konstant mykje bevegelse og trim, og det er alltid av det gode, også når det gjeld laksefisk.

 

Konsesjon og kapital

I september i år fekk bedrifta tildelt fem konsesjoner med løyve til å produsere ca. 5000 tonn med laks og aure i året.

Prosessen med å få konsesjon tok eit godt år og det er nokolunde det som er normalt for ein slik søknad. Hos Fylkesmannen er det fokus på utslepp og her må ein dokumentere nøyaktig korleis dette vert handtert. Vi tek ut avløpsslammet og fekk den delen godkjent. Mattilsynet har sterkt fokus på blant anna fiskevelferd. Ved å etablere samarbeid med forskarar hos NOFIMA, som vil følgje opp korleis fiskevelferda utviklar seg etter kvart som tettleiken stig i anlegget, fekk vi også løyve frå Mattilsynet, utdjupar han.

Tildeling av konsesjon var avgjerande for at Bulandet Miljøfisk kunne arbeide vidare med prosjektet, og no jobbar dei med å få kapitalen på plass.   

Vi arbeider no med å få tilstrekkeleg kapital inn i selskapet og lage ein finansieringsplan som både banker og Innovasjon Norge får tillit til. Vi har fått deler av finansieringa på plass, men dette er en kabal vi vil bruke litt tid på, seier Sveen.

Når kabelen er lagt, kan bygginga begynne. Bulandet Miljøfisk håper på byggestart i vinter eller til vår/forsommar etter hekkesesongen i juni. Og når anlegget er klart og i full drift vil det vere med på å skape 10 nye arbeidsplassar i Bulandet.

 

Fleire artiklar i Havrommet-serien:

FjordAlg under mikroskopet

Vil kjempe blant dei store aktørane

– Eg møter ikkje lenger skeptikarar 

Vil løyse utfordringane til oppdrettsnæringa

Ser nye moglegheiter i taren

 

 

Kystvegen og nye inkubatorbedrifter

Aksello ønsker velkommen til ny Frukostsamling den 7. desember. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi får ei oppdatering om status på Kystveg-prosjektet etter fylket sitt vedtak dagen før, det kjem nye inkubatorbedrifter for å presentere seg, og selskapet Shipadmin vil snakke om korleis dei samarbeider med fleire av Aksello sine inkubatorbedrifter om digitalisering:

  • Kystvegen Måløy-Florø, status og vegen vidare, v/ Reidar Sandal
  • Kystvegen Ålesund-Bergen, v/Jan Henrik Nygård
  • Shipadmin AS – ein partnar i digital utvikling, v/Stian Færøy
  • Nye inkubatorbedrifter presenterer seg
  • Ordet fritt

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
Kom og høyr, diskuter og utvid din horisont!

PS. Innovasjon Norge v/Jørgen Berg vil være i Florø denne dagen. Om nokon ynskjer separat møte med han, så gje melding til arne@aksello.no.

 

Planar om utvikling av nye produkt, nye tenester, nye marknader? 

Aksello har verktøyet som bedrifta di treng for å satse.

 

Mange bedrifter manglar tid, kapasitet og kompetanse i prosjektleiing til å effektivt drive fram nye prosjekt. Aksello ønskjer å hjelpe di bedrift med desse utfordringane.

Dette gjer vi ved å tilby etablerte bedrifter eit verktøy for styrka konkurransekraft.

Verktøyet er ei marknadsavklaring som ser på potensialet til det nye produktet, tenesten og marknaden. Den gir også ei oversikt over kva den nye satsinga vil krevje av di bedrift. Marknadsavklaringa er delfinansiert gjennom inkubatorprogrammet og bedrifta betalar berre 35% i eigenandel.

Aksello og PwC stiller med prosjektleiar og forretningsutviklar som tek bedrifta di med gjennom tre valfrie modular (ca. 12 timar fordelt over 4 intensive møter):

1. Forretningsidé/Screening

Analyse av forretningsidé, kundebehov, inntektsmodell og utarbeiding av strategiske tiltak. Eigenandel 7200,-

2. Budsjettering og kapitalbehov

Utarbeiding av driftsbudsjett, likviditets- og investeringsbudsjett. Eigenandel 7200,-

3. Handling- og ressursplan

Utarbeiding av prosjektplan med handlings- og ressursplan for gjennomføring av strategiske tiltak. Eigenandel 7200,-

 

Få ei effektiv og grundig analyse som gir di bedrift eit godt grunnlag for vidare satsing.

 

Interessert?

Ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken for meir info!

Inkubatorleder Vanja Viken - Aksello AS.

 

Vanja Viken
Inkubatorleiar

+47 41 57 03 06

vanja@aksello.no

Aksello ønskjer alle interesserte velkommen til vår årlege gründersamling. Er du gründer, idéskapar eller berre interessert og nyfiken på kva som rører seg av nyskaping i regionen?

Hold av onsdag 29. november kl. 18.00!

Då opner vi dørene til Aksello sine lokaler på kveldstid for god mat, mingling og inspirerande innlegg frå spennande bedrifter i regionen vår.

På programmet finn du mellom anna Tibber frå Førde som vil fortelje meir om sin sjokkéntre i straumbransjen. Dei kapra nesten 10.000 brukere til straumtenesten sin på under eitt år, og i fjor vann dei Petter Stordalens millionutfordring. Sistnemnde førte også til at dei fekk hotellgründeren og investoren med seg på eigarsida til selskapet.

I tillegg kjem også lokale bedrifter med driv som får ting til å skje her i Florø. Det liker vi!

Så her blir det garantert mykje inspirasjon og motivasjon å ta med seg. Pluss at det er ei kjempeanledning til å møte likesinna som ein kan sparre med.

Arrangementet er gratis og opent for alle – meld deg på eventen vår på Facebook her og hald deg oppdatert på kven som kjem.

 

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med: Heidi Felle tlf 48222791 / heidi@aksello.no eller Trine Vederhus tlf 948 16 624 / trine@aksello.no

Malawi-prosjektet: Elevane Ingeborg Vik og Johanne Grønnevik presenterte Malawi-prosjektet til Flora vgs. 

 

Det var mange som fekk ein god start på torsdagen sin på Frukostsamlinga vår i dag der den raude tråden var å skape noko saman som er større enn oss sjølv. Innlegga frå  Malawi-prosjektet v/Flora vgs. og Sogn og Fjordane Næringsråd v/ Leon Bakkebø handla nemleg om kva ein kan få til i lag.

Malawi-prosjektet v/ Johanne Grønnevik, Ingeborg Vik og Knut Clausen frå Flora vgs.

Elevane Johanne Grønnevik og Ingeborg Vik frå Flora vgs. var på frukostsamlinga saman med rektor Knut Clausen for å fortelje om engasjementet deira i Nkhotakota District i Malawi. Skulen har over lengre tid hatt eit prosjekt der som ein på mange måtar kan beskrive som eit nettverk og ei klynge, poengterte Clausen.

Malawi-prosjektet bind saman mange viktige aktørar for å skape moglegheiter, arbeidsplassar og eit betre liv for innbyggjarane i Nkhotakota. Dette gjer dei gjennom å fokusere på berekraftig yrkesopplæring, sosialt entreprenørskap og fornybar energi. Dei har mellom anna eit nært samarbeid med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) og Fredskorpset, og kan saman med dei vise til positive utviklingseffektar.

Fram til 2017 har 550 elevar utdanna seg innan yrkesfag i Nkhotakota gjennom prosjektet, og så langt er 70 personer i lønna arbeid. Gjennom initiativet Kumudzi Kuwale har dei også gitt strøm til tusenvis av hushaldningar i distriktet. Det gode arbeidet dei gjer vekker nasjonal interesse blant politikarar her heime og i Malawi, der prosjektet blir trekt fram som ein rollemodell for vellykka utviklingsarbeid.

Presentasjonen hausta velfortent og stor applaus blant dei frammøtte.

Sogn og Fjordane Næringsråd v/Leon Bakkebø

Leon Bakkebø frå det nyetablerte Sogn og Fjordane Næringsråd trekte parallellar mellom tenkemåten deira og Malawi-prosjektet for kor viktig det er å samle seg for å skape noko saman.

      Noko som er større enn oss sjølv, understreka han.

Dette er intensjonen til Sogn og Fjordane Næringsråd som ønsker å skape eit betre samarbeid mellom næringsaktørar på tvers i fylket. Bakkebø viste til Framtidsfylket si karrieremesse og sitt traineeprogram som sterke eksempel på kva ein kan få til når ein samlar næringslivet. Maritim Forening, som er ein samlande aktør for sine medlemsbedrifter, fekk også ros for sitt arbeid.  

Guleslettene Vindpark v/ Olav Rommetveit

Olav Rommetveit skulle ut i frå programmet vere med på dagens frukostsamling via videosamtale, men på grunn av tekniske problem måtte vi dessverre utsette presentasjonen hans til eit seinare høve, sannsynligvis neste frukostmøte, den 7. desember.

Ordet Fritt

Under ordet Fritt informerte inkubatorleiar Vanja Viken om eit tilbod Aksello har til etablerte bedrifter for å hjelpe dei å auke konkurransekrafta si. Aksello køyrde eit liknande program i fjor med gode resultat og gjentek det i år. Om bedrifta di har planar om utvikling av nye produkt, nye tenester og nye marknader, så kan du ta kontakt med Vanja for å høyre meir om tilbodet: vanja@viken.no / +47 41 57 03 06.  

Neste Frukostsamling

Neste, og siste frukostmøte for dette året, er torsdag den 7. desember. Vi håper å sjå deg der!

Her er mange som melder seg på i siste liten, så vi ber om at de er litt tidlegare ute med å melde dykk på slik at vi kan forsikre oss om at alle får frukost.

Meld deg på nyhendebrevet vårt ved å trykke på knappen under, og få invitasjon til neste frukostsamling rett i innboksen din.