Frukostsamling 5. oktober med Kinn kommune, Vestnes Ocean og Soldalen Besøksgård!

Etter eit herleg møte med Fjord1 og Helle Fabrikker sist månad, er vi klare til å ønske velkommen til ny Frukostsamling den 5. oktober. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg frå kl. 08.00 til 09.30.

Program:

  • Moglegheiter i Kinn kommune v/ordførarane Kristin Maurstad og Ola Teigen
  • Vestnes Ocean i medvind v/marknadssjef Morten Eriksen
  • Soldalen Besøksgård v/Tonje Terøy
  • Ordet fritt (her kjem litt om UNICEF, Haavetunet, Newton-rom og sikkert mykje anna)

Etter gladnyheita sist veke ønsker vi også Ola Sveen og Hans Haddal velkomen for ei orientering om denne inkubator-verksemda på torsdagens Frukostsamling. Difor vert samlinga noko utvida, så vi avsluttar først kl. 09.30. Velkomen alle!

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr og diskuter; nytt høvet til å treffe gamle og nye kjende!

 

 

Verdas største dugnad flyttar inn

TV-aksjonen: Rådgjevar Heidi Felle og fylkesaksjonsleiar Martin Malkenes oppfordrar alle til å vere med å følge eit barn til skulen.

 

Martin Malkenes frå Florø er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane og flyttar inn hos Aksello for å jobbe med aksjonen til den går på lufta 22. oktober.

– TV-aksjonen er verdas største dugnad og ei hending som har lange tradisjonar i Noreg. Eg håpar årets TV-aksjon vidarefører tradisjonen, og at vi nok ein gang kan vise verda at vi vil hjelpe der dei treng det. Eg vil i alle fall gjere mitt for at vi skal få ein feiande flott TV-aksjon i Sogn og Fjordane og eg oppmodar alle til å bidra, seier Malkenes engasjert.

Som fylkesaksjonsleiar er Malkenes ansvarleg for koordinering, tilrettelegging og gjennomføring av bøsseinnsamlinga i Sogn og Fjordane.

– Hovudoppgåva blir å sjå til at vi får nok bøsseberarar. Det skjer til dømes gjennom å bidra til at TV-aksjonskomiteane i kommunane får den hjelpa dei treng, og inspirere lag og organisasjonar til å bidra, forklarar han.

Aksello sitt bidrag til årets TV-aksjon er å huse Malkenes sitt viktige arbeid fram mot TV-aksjonen.

– Eg har diskutert ulike prosjekt med Aksello og visste litt frå før om korleis dei nyttar lokalene for gründerar og andre og tenkte at dei kanskje hadde plass til Unicef og TV-aksjonen. Det hadde dei, og det er stas, fortel Malkenes.

– Det er kjekt å kunne vere med å bidra til slik ei god sak, understrekar Heidi Felle, rådgjevar hos Aksello.

– Kva fordelar ser du ved å vere ein del av kontorfellesskapet og miljøet her?

– Først og fremst er det det sosiale. Det er stor forskjell mellom Aksello og heimekontor. I tillegg skjer det mykje spennande hos Aksello og ein treffer mange forskjellige folk som kanskje kan bidra på ein eller annan måte i min jobb, så kan eg kanskje bidra i deira, avsluttar Malkenes.

 

Årets TV-aksjon:

TV-aksjonen 2017 går til UNICEF og skal gi barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgang på læring. Aksjonen arrangerast søndag 22. oktober.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF arbeider hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegang gir barn som lever i konfliktområde moglegheit til å lære, leike og å vere saman.

 

 

 

 

Finansier ditt prosjekt med støtte frå Kommunalt Næringsfond

Det er framleis midlar igjen i potten til Kommunalt Næringsfond 2017. Dette er ein unik moglegheit til å få støtte til din idé, så om du har eit spennande prosjekt på gang vil vi gjerne høyre frå deg.

Kven kan søke?

Du kan søke som bedrift, organisasjon eller privatperson. Alle kan søke, men vi oppfordrar spesielt dei prioriterte gruppene unge, kvinner og innvandrar til å søke.

Kva kan eg få støtte til?

Midlar frå fondet kan nyttast til utvikling av ein ny idé eller prosjekt. Til dømes marknadsavklaring, produkt- eller konseptuvikling, investeringar, kompetanseheving eller andre kostnader knytt til oppstart eller utvikling. Det er eit viktig moment at støtta skal vere utløysande for prosjektet, altså føre til gjennomføring av prosjekt som elles ikkje har økonomiske musklar til å stå på eigne bein. Ein kan maksimalt få tilskot på 50 % av det totale kapitalbehovet. Ein kan ikkje få støtte til ordinære driftskostnader.

Lurer du på om fondet er aktuelt for deg?

Ta kontakt med sakshandsamar Heidi Felle hos Aksello på e-post heidi@aksello.no eller ring 482 22 791. Sjølve søknaden til Kommunalt Næringsfond sender du via nettsida www.regionalforvaltning.no. Vedtak om tildeling av midlar skjer i eit utval satt saman av rådmann, ordførar, varaordførar samt administrasjonen i Aksello AS.

 

 

Kommunalt Næringsfond 2017

Flora kommune mottar kvart år midlar frå Fylkeskommunen til Kommunalt Næringsfond. Dette er eit fond der formålet er å opprette og utvikle nye arbeidsplassar, samt styrke og vidareutvikle det eksisterande næringslivet i kommunen. I 2017 fekk Flora kommune ei tildeling på kr. 747.849.

 

Les også: 

Desse fekk støtte frå Kommunalt Næringsfond 2016 

Florø Husflid har blitt ny 

 

 

 

Samla miljøet i Gloppen

Forrige veke var bedrifter frå innovasjonsmiljøet til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane samla til inkubatorsamling på Gloppen Hotell. Inkubatorsamlinga er eit fast innslag som inkubatorane i Sogn og Fjordane arrangerer 1-2 gangar i året. Med ein nyleg inngått samarbeidsavtale mellom Aksello og Kunnskapsparken var det ei gyllen anledning til å arrangere ei felles samling for miljøet.

Allereie på den første fellessamlinga såg vi ein positiv effekt av samarbeidet. Sirkelen vår har blitt større og nyskaparane våre, både nye gründerar og etablerte bedrifter, har blitt del av eit tettare miljø der dei har fleire å sparre med. Praten gjekk laust mellom deltakarane som delte det dei har av utfordringar, erfaringar og gode råd for å vere med å løfte kvarandre fram og vidare. Nokon fann også potensielle samarbeidspartnarar som det blir spennande å følge opp.  

Og det er nettopp dette som er grunntanken bak inkubatorsamlinga: å skape ein fagleg og sosial møteplass for medlemsbedriftene våre der dei kan ta med seg noko vidare. Noko som gir dei ekstra giv og motivasjon til å fortsette å jobbe fram sin idé eller sitt prosjekt.

Med eit innhaldsrikt program var her mykje å ta med seg. Vi hadde mellom anna ein workshop i sals- og marknadsføringsstrategi med Joachim Vie frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. Næringssjefen i Gloppen, Knut-Roger Nesdal, heldt eit engasjerande foredrag om å lukkast (og mislukkast), og bedriftene fekk også ei innføring i finansieringsmoglegheiter gjennom Sogn og Fjordane Fondet og Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane (Sparebanken Vest-fondet). Stein-Asle Øvrebotten, prosjektleiar for Vestnes Land, delte sine erfaringar med IFU-kontrakt gjennom Innovasjon Norge, og Erling Grøstad, dagleg leiar i SGN Skis, fortalde om deira suksess med crowdfunding.

Med eit allsidig program som gjekk over to dagar hadde vi også tid til å besøke lokale bedrifter. Den første dagen var vi innom Gardsbrenneriet der vi fekk smake på storsatsinga deira Attåt, og den andre dagen besøkte vi Strukturplast og Bano. Dagleg leiar av Strukturplast, Frode Lindvik, gav oss eit innblikk i deira utvikling og viste oss rundt på fabrikken. Bedrifta er kjent for å vere leiande på produksjon av Polyuretan i Norge og det var inspirerande å sjå og høyre korleis dei har bygd seg opp til å bli ein stor og viktig aktør innan sitt felt.

Under samlinga hadde vi også middag til støls utan eit fast program. For vel så viktig som det faglege er den uformelle praten nyskaparane imellom. Mange av bedriftene våre er ulike, frå dei som driv business av reindyrka panneband av norsk ull til dei som rir den digitale bølga med smarte skap. Det vi har til felles er at vi vil vere med å skape noko nytt og eige, og vi håper at mange fekk litt ekstra drivkraft til å fortsette ferda etter ei vel blåst samling.    

Vi ser fram til fleire slike treff.

 

Har du lyst å bli med i inkubator i Sogn og Fjordane? 

Har du ein idé eller eit prosjekt som kan passe i inkubatoren vår? Ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello på vanja@aksello.no / 415 70 306 eller inkubatorleiar Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken på roger@kpsf.no / 938 17 336. 

 

 

Aksello og Kunnskapsparken: F.v. rådgjevar Heidi Felle (Aksello), forretningsutviklar Geir Opseth (KPSF), inkubatorleiar Vanja Viken (Aksello), inkubatorleiar Roger Ulvestad (KPSF), trainee Trine Vedershus (Aksello) og forretningsutviklar Hilde Grinde (KPSF).

 

Styrker innovasjonsmiljøet i fylket

Dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Aksello AS og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, har inngått ei samarbeidsavtale for å styrke innovasjonsmiljøet i fylket.

– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna i kjølevatnet av dei endringane som vi ser med reduserte oljeprisar, det grøne skiftet og auka digitalisering. Dette krev omstilling og nytenkning. Ved å samarbeide tettare kan vi betre dekke det aukande behovet i fylket, fortel Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

Behov for støtte

Det aukande behovet i gründer- og utviklingsmiljøet kjem også fram i ei marknadsundersøking gjennomført av inkubatorane hausten 2016. Undersøkinga viser at gründerar og etablert næringsliv treng meir kompetanse og ressursar innan prosjektleiing og
forretningsutvikling og hjelp med å nytte offentlege verkemiddel. I tillegg kom det også fram at særleg etablerte bedrifter treng meir tid og kapasitet til å jobbe med innovasjon.

– Ved å jobbe saman kan vi tilby gründerar og etablerte bedrifter eit heilskapleg tilbod som tek hand om desse behova. I tillegg til å effektivisere ressursane våre, vil vi også auke den samla kompetansen vår slik at vi kan hjelpe fleire med rådgjeving og trekke
synergiar ut av eit breiare nettverk. Dette vil sikre eksisterande arbeidsplassar, skape vekst og nye arbeidsplassar, og bidrar til gode innovasjonsmiljø i fylket vårt, seier Roger Ulvestad, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Felles landingsside

Aksello og Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubasjonsnettverket til Siva, eit statleg utviklingsselskap basert i Trondheim. Medan Aksello held til i Florø, har Kunnskapsparken kontor i Sogndal, Førde og Stryn. Som ein del av samarbeidet har
inkubatorane oppretta ei felles landingsside på nettsida til Driftig, ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane.

www.driftig.no/inkubator kan gründerar og etablert næringsliv finne meir informasjon om tilbodet og opptakskriteria til inkubatoren, og søke om opptak av sin idé. Ein kan også komme i kontakt med inkubatoren gjennom førstelinjetenesta i dei enkelte kommunane. Som inkubatorbedrift får ein tilgang til eit korps av dyktige rådgjevarar, moglegheit for kontorplass
mange stader i fylket, vidareutvikling gjennom ulike kurs og hjelp til å søke finansielle støtteordningar.

– Vi gler oss over dette samarbeidet og håper at vi vil få inn mange nye og spennande idéar og prosjekt. Ved å ha eit felles opptak kan vi sjå til at søkarane får den beste kompetansen kopla på sitt prosjekt, og vi vil bruke ulike ressursar frå nettverket vårt som er tilpassa kvart enkelt prosjekt, seier Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello.

– Saman ønsker vi å styrke hjelpeapparatet rundt vekstbedrifter i fylket vårt. Dei som blir tatt opp i inkubatoren vil få tilgang til eit fagleg og sosialt utviklingsmiljø som gir dei ein større sjanse til å lukkast med sin idé, presiserar Kjetil Kvåle, dagleg leiar hos Kunnskapsparken.

 

For meir informasjon ta kontakt med:

Aksello AS, www.aksello.no
Arne Olsen, fungerande dagleg leiar: arne@aksello.no, 975 73 599
Vanja Viken, inkubatorleiar: vanja@aksello.no, 415 70 306

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, www.kpsf.no
Kjetil Kvåle, dagleg leiar: kjetil@kpsf.no, 952 06 574
Roger Ulvestad, inkubatorleiar: roger@kpsf.no, 938 17 336

Frukostmøte til stor inspirasjon

Frukostmøtet den 7. september gjekk av stabelen med “stinn brakke” (vel 50 frammøtte) og stor stemning. Dei to hovudinnlegga, Dagfinn Neteland frå Fjord1 og Torodd Helle frå Helle Fabrikker, var særs inspirerande. For første gang køyrde vi også eit av innlegga live som du kan sjå her eller på Facebook-sida vår. 

 

Fjord1 – lokal aktør i ein global marknad v/adm. dir Dagfinn Neteland

Fjord1 har hatt ei fantastisk utvikling med 240 millionar i overskot i halvårsresultat for 2017. Administrerande direktør Dagfinn Neteland var på plass for å fortelle om korleis dei har skapt ein ny og meir kommersiell forretningskultur som har gitt selskapet gode økonomiske effekter og det gode omdømme som dei har. Innovasjon står i høgsetet, og det må lokale verksemder søke å vere med på.

 

Helle Fabrikker – Merkevarebygging og internasjonalisering v/Torodd Helle  

Helle Fabrikker er ei bedrift med ein lang tradisjon frå Holmedal som har gjort knivskarp suksess både i Norge og i det store utland med ein marknad i mellom anna Amerika og Afrika. Vegen dit var noko av det som dagleg leiar Torodd Helle snakka om under dagens frukostmøte. For Helle Fabrikker var det mellom anna nyttig og få nokon inn frå utsida som såg bedrifta med nye auge og hjalp dei med merkevarebygginga. Hans beste råd til dei som driv med merkevarebygging og internasjonalisering, særlig i “high end”-marknaden, er å tore å vere seg sjølv 100% og levere “ekte varer”.

Innlegget vart avslutta med ei trekning av ein Harding Hellekniv som gjekk til Stein-Asle Øvrebotn frå Vestnes Land.

 

 

Sykkelbyen Florø v/Catherin Secher, Flora kommune

Catherin Secher frå Sykkelbyen Florø gav ein introduksjon til kva dei jobbar med som ein av to sykkelbyar i Sogn og Fjordane. Dei står mellom anna bak sykkelparkeringa ved Florø barneskule og hjelper bedrifter med å tilrettelegge for ein sykkelvennleg arbeidsplass. Bedrifter som er interessert kan ta kontakt med dei. 

 

Ordet fritt

Aksello sin nye trainee, Trine Vederhus, vart presentert.

Rådgjevar Heidi Felle informerte om at der er meir midlar att som skal delast ut frå Kommunalt Næringsfond for 2017. Om nokon har ein idé eller eit prosjekt kan dei ta kontakt med Heidi for å få rettleiing i korleis ein søker Kommunalt Næringsfond heidi@aksello.no.  

Arne Olsen minna om at det framleis er ledige plasser under lunsjmøte med utanriksminister Børge Brende fredag den 8. september kl. 11.45-13.00 på Haavebua (ved Quality Hotel i Florø). Meir info og påmelding her. 

Og han minna om Brukarundersøkinga som alle må fylle ut (dei som har mottatt ho).

Trond Strømgren frå Maritime Foreining kom med ei påminning om at verda kjem til Florø den 13. og 14. september under konferansen om Marin Energi. Meir info om arrangementet her. 

 

Neste Frukostmøte

Neste frukostmøte blir torsdag den 5. oktober. Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta invitasjon til inspirasjon og fagleg påfyll.