Frukostsamling 7. september med ferjer, knivar og syklar!

Etter ei sommarpause ønsker vi velkommen til ny Frukostsamling i Aksello den 7. september. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Program:

  • Fjord1 – lokal aktør i ein global marknad v/adm. dir. Dagfinn Neteland
  • Helle Knivfabrikker – Merkevarebygging og internasjonalisering v/Torodd Helle
  • Sykkelbyen Florø v/Catherin Secher, Flora kommune
  • Ordet fritt

Samlinga finn stad i Aksello i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr og diskuter; nytt høvet til å treffe gamle og nye kjende!

OBS! Loddtrekning! Det vert trekt ut ein vinnar blant dei som er påmelde (og til stades). Premien er ein flott kniv frå Helle Knivfabrikker!

 

FOU-workshop forhavbruksaktører

Etter oppmoding frå ulike aktørar innan havbruksnæringa har Aksello og Maritim Foreining Sogn og Fjordane teke initiativ til gjennomføring av eit prosjekt som har fått namnet «FOU innan havbruk»

 

Mandat og målsetting for prosjektet er:

  • Å kartlegge behov for FOU i næringa
  • Å definere spesifikke FOU prosjekt
  • Å legge grunnlag for å etablere eit FOU miljø innan Havbruk i Flora.
  • Å etablere samarbeid med Høgskular og forskingsinstitusjonar
  • Å etablere ei klynge av kompetanseaktørar

 

Prosjektgruppa som er nedsett består av :

Gustav Johan Nydal        Aksello/ Polarny Maritime –  Prosjektleiar

Frode Hovland                  Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Alex Vassbotten               Steinvik Fiskefarm

Halvard Hovland              Havlandet Marin Yngel

Rune Ryland                      Cargill/EWOS

Beate Grønnevik              Maritim Forening

Quynh Le                            Havlandet forskningslaboratorium

 

Invitasjon til workshop 6. september 

Vi ynskjer no innspel frå aktørar i havbruksnæringa og inviterer til workshop ved Quality Hotel Florø,  onsdag 6. september, og håpar at du vil delta. Workshopen er open for alle aktørar innan havbruk, og andre som har interesse av å bidra til utvikling av næringa.

 

 

 

Program for Workshop:

09.30     Registrering og noko å bite i

10.00     Opning, presentasjon av prosjektet

10.15     Presentasjon av resultat frå spørjeundersøkinga

10.30     Innlegg frå Arne Fredheim, Sintef Ocean

               Korleis arbeider Sintef med forsking og utvikling, og kva kan Sintef tilby?

11.00     Gruppearbeid

12.00     Oppsummering Gruppearbeid

12.15     Lunsj

13.00     Innlegg frå Øyvind Østrem, HPV

Status for havbruksutdanning ved Høgskulen på Vestlandet

13.10     Korleis arbeider hhv Val FOU og LetSea med Forsking og utvikling.

               Kan noko liknande etablerast i vår region?

13.20     Innlegg frå Elisabeth Aune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Korleis søkje om FOU konsesjonar?

13.30     Gruppearbeid

14.30     Oppsummering gruppearbeid

Diskusjon i plenum

15.30    Avslutning

 

Om du har spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar Gustav Johan Nydal på telefon 481 67 891.

 

For påmelding, trykk på knappen under. 

 

 

 

 

«Dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert»

Dei motiverande orda møter dei besøkande inne i stallen på Soldalen Besøksgard. Bokstavane står sirlig skrivne på nymala vegg, og i godt selskap med flotte dyr og fargerike figurar, blant dei Pippi som er inspiratoren bak sitatet.   

Dette mottoet har alltid treft meg, og eg har hatt lyst til dette så lenge, fortel gründerbonden Tonje Terøy og utdjupar:

Men det krev stort mot å gjennomføre. Alle som har gjort noko gjorde det ein gang for første gang, og eg som mange andre har lete vere å gjere noko på grunn av at eg var redd for at det ikkje skulle gå slik eg ville. Så dette er motivasjonen til meg sjølv, og alle besøkande. Tørr å gjere det du har lyst til. Det går som oftast bra, og det er ei verre kjensle om ein ikkje torer å prøve.

Draumen om å gjere garden til svigerfamilien om til Soldalen Besøksgard har Tonje gått med i mange år, og som den eldsjela svigerfar Atle Terøy var i hestemiljøet i Florø så var det han som oppfordra ho til å utdanne seg som ridelærer.

 Han sa at dersom eg hadde tenkt å bli værande her, så trengte eg noko å leve av. Eg har alltid brent for hest og dyr, og har drive med både konkurranseriding og rideskule her i Soldalen i mange år. I alle dei åra har eg samla idéar til korleis eg skulle klare å leve av ein jobb her på garden, seier Tonje som i dag er utdanna kokk og ridelærer, med spesialisering i riding for funksjonshemma.

 

Sjukdom gjorde ønske sterkare

Det var først då Tonje vart sjuk med M.E kronisk utmatting at ønske hennar om å starte ein «Inn på Tunet»-gard blei sterkare.

Eg sakna å vere med dyr og å ha tilhøyring til eit arbeidsmiljø, og å vere sosial var vanskeleg med mangel på gode opplevingar og kvardagsglede. I den situasjonen som eg var i hadde eit tilbod som “Inn på Tunet” betydd mykje for meg. Mange som ikkje klarar å gå på jobb, klarar å vere på ein gard å gjere det dagsforma tilseier, understrekar Tonje.  

På Soldalen har ho skapt det miljøet ho sjølv skulle ønske at ho hadde då ho var sjuk. På dagtid jobber ho med kommunale kunder frå helse og omsorgssektoren, skule og barnehagar, og på ettermiddagane er der ulike fritidsaktiviteter for born og unge som gardsdag, stalldag, 4H-klubb og kaninklubb. Kvar søndag inviterer ho alle som vil til generasjonsdag, og annakvar helg er det mogleg å feire bursdagen sin på Soldalen saman med alle dyra. I tillegg blir det også open gard ein gang i månaden og gardsveke i skuleferiane. Her er mykje som skjer på garden no, samanlikna med fjoråret.

 I november i fjor stod garden tom. Her var ingen dyr og ventilasjonsanlegget var øydelagt, fortel Tonje og viser oss rundt i den nyoppussa stallen.

Her er alt lagt til rette for rullestol, rullator og dei som er ustødig på beina, og nye bebuarar har også flytta inn i stallen: hestane Maya, Zaladin, Violetta, Bender og Luna.

 

Nytt liv på garden

Uteområdet har også blitt forvandla med gapahuk med utekjøkken, drivhus, åker, grillhytte og bålpanne. Dyra på garden beiter like ved. I tillegg til hestane bur her ein fin gjeng med høner, to kaniner (ein av dei er ein fransk vedder som er kjent som terapidyr), fire geiter og ein gardskatt med namnet Bella. Snart kjem det også to drektige alpakkar, eit esel, og to kaniner til.

Det er kjempegøy å sjå den store forandringa og at planen til Tonje blei slik ho har beskrive den, seier rådgjevar Heidi Felle, som er på besøk under den første gardsveka på Soldalen.

 Tonje er dyktig, målretta og hardtarbeidande, ho har tatt steget og satsa og har fått til eit kjempetilbod for innbyggarane i Flora, understrekar Heidi. 

Sola skin, og ute på tunet leikar ei gruppe med born kanonball. Eit av barna blir med på resten av omvisinga og viser stolt fram det nye hønse- og kaninhuset på nedsida av tunet.

Her bur Lakris og Lykke, smiler han.  

På kaninburet heng det lappar med spørsmål som «Kva to ting kan bonden få frå ei kanin?» og «kva et kaninen?», og vegen frå jord til bord er ikkje lang. Tidlegare i dag var borna med å lage mat av egga som dei hadde plukka sjølv.

Eg håpar at besøkande tek med seg gode opplevingar, kunnskap om dyrehald, dyrking og kor maten kjem frå. Eg håpar dei finn tilhøyring, ro og fred, og bygger gode relasjonar med både dyra og kvarandre, seier Tonje engasjert.  

 

 

Mange gode hjelparar

Tonje har hatt med seg mange gode hjelparar for å gjennomføre prosjektet sitt. Familien har stått på og vore med på dugnad. Tvillingbror hennar Marius Johansen har mellom anna teikna logoen til besøksgarden. I stallen har ho også fått med seg eit team med dyktige hjelparar: Aurora Valle Johannessen, Merete Husmo Høidal, Anikka Grytten og Silje Løken Kvalsvik. Aksello, det Kommunale Næringsfondet og Innovasjon Norge er også blant støttespelarane hennar. 

– Aksello har vore viktig for meg. Heidi har følgt meg sidan november, høyrt på planane mine, gitt gode råd, vist meg vegen når eg trengte det, og ikkje minst heia på meg. Utan tru på deg sjølv, så klarer du det ikkje. Det har også betydd mykje for meg at eg fekk 150 000 kr frå det Kommunale Næringsfondet og 100 000 frå Innovasjon Norge. Utan denne støtta hadde eg ikkje turt å ta dei nødvendige investeringane for å starte opp, presiserer ho.

Tonje har også starta prosessen med å gjere Soldalen om til ein 4H-gard og har fått stor hjelp frå Kristin Haanshuus, som er prosjektleiar for 4H-gard i vekst.

Eg er også veldig takknemleg for at svigermor har gitt med denne sjansen, til å leige garden og gjennomføre det eg brenner for, og til min avdøde svigerfar som oppfordra meg til å ta den nødvendige utdanninga og få erfaringa som eg trong for å gjere dette. Eg håpar han hadde vore fornøgd med det eg har gjort garden til no, seier Tonje.

 

 

Følg Soldalen Besøksgard på Facebook

På Facebooksida til Soldalen Besøksgard kan du sjå opningstidene og halde deg oppdatert på alle aktivitetene som skjer på garden. Tonje vil også gjerne informere om at alle er hjarteleg velkommen, men ber om at alle sjekkar timeplanen før dei besøker garden då nokon av brukarane har behov for å vere skjerma.

 

Lunsjmøte med utanriksminister Børge Brende

Aksello og Maritim Forening Sogn og Fjordane har ein godbit å by på: Vi inviterer til Lunsjmøte med utanriksminister Børge Brende fredag den 8. september kl. 11.45-13.00 på Haavebua (ved Quality Hotel i Florø).

Utanriksministeren ynskjer å treffe næringslivet og snakke om «Norsk utanrikspolitikk generelt – herunder samspel med/for næringslivet»

Det vert enkel lunsj-servering og moglegheit til spørsmål og kommentarar. Vi vil tru at aktuelle tema kan vere internasjonalisering, nye eksportmarknader, støtteordningar i utviklingsland, geografiske risikoområde, samfunnsansvar og mykje anna. Nytt høvet til å utvide din horisont!

 

 

Aksello sin nye trainee: Trine Vederhus

1. august var første arbeidsdag for Trine Vederhus som er Aksello sin nye trainee. Ho skal vere med oss fram til august neste år og vil i løpet av denne tida få eit godt innblikk i korleis vi arbeider med entreprenørskap og nyskaping i Sogn og Fjordane. Stillinga er ein del av Framtidsfylket si traineeordning og det er første gang Aksello er med som traineebedrift, så dette blir spennande for både oss og Trine.

Trine er opphavleg frå Vågsøy, men har dei siste åra jobba og studert ved BI i Bergen der ho fullførte to bachelorgrader, ein i reiselivsleiing og ein i økonomi og administrasjon. Ho har også erfaring frå daglegvarebransjen som avdelingsleiar for bakeri og frukt og grønt. Aksello si traineestilling fann ho på Framtidsfylket si nettside og ho fortel at det første som slo ho var: “Denne vil eg ha!”

Då eg såg stillinga tenkte eg at den var perfekt for meg. Eg har alltid vore interessert i innovasjon og entreprenørskap og hadde eit fag på BI som gjekk spesielt på det. Eg likar godt å arbeide med rådgjeving og ønsker å hjelpe andre med utvikling av sine idéar, fortel Trine.

At stillinga var i Florø passa også bra då sambuaren til Trine er frå kystbyen.

– Vi flytta hit med hunden vår Rocky og gode turmoglegheiter spelte ei stor rolle når vi såg på kor vi skulle busette oss. Eg likar meg best ved kysten sidan eg har vakse opp i Vågsøy, og Florø var difor eit godt alternativ.

 

Gründertankar

Trine beskriv seg sjølv som idérik og innrøm at ho ofte leikar med tanken på å bli gründer og starte eige selskap.

– Eg har alltid vore interessert i å starte noko sjølv. Gjerne noko som løyser eit problem for folk flest og bidrar til ein lettare kvardag med auka trivsel og velvære. Det som eg likar spesielt godt med traineestillinga i Aksello er at eg får vere med å hjelpe andre med å realisere sine idéar, seier Trine.

 Du vil gjerne ikkje seie så mykje om kva idéane dine går ut på, men kva oppfinning skulle du ønske at du stod bak?

– Det er litt vanskeleg å svare på for her er så mange gode oppfinningar, men då Hackit kom ut så hugsar eg at eg hadde lenge irritert meg over den tradisjonelle steikespaden til å hakke kjøttdeig med. Eg liker å hakke kjøttdeigen i veldig små bitar og det er ikkje alltid lett å få til, så eg hadde tenkt på eit eige reiskap som ville gjere det lettare. Men så kom dei jo meg i forkjøpet, seier ho spøkefullt.

 

Ein del av teamet

Sjølv om ho kjenner på gründerspira har Trine ingen planar om å bli entreprenør med det første, og traineestillinga gir ho ein unik moglegheit til å bli betre kjent med gründer- og innovasjonsmiljøet i Sogn og Fjordane.

 Og kven veit? Kanskje eg finn ut at dette er det eg vil drive med på sikt? Å hjelpe gründerar heller enn å bli ein sjølv. Eg gler meg uansett veldig over å vere ein del av eit team som bidrar positivt til lokalmiljøet og er med på å skape nye arbeidsplassar i fylket, poengterer ho og legg til:  

– Eg er også veldig opptatt av korleis etablerte selskap kan dra nytte av digitale verktøy for å vere levedyktige både no og i framtida. Det handlar ikkje berre om å skape nye arbeidsplassar, men også om å halde på dei arbeidsplassane som ein har frå før.

       Kva håpar du å lære i løpet av året ditt som trainee?

       Alt, ler Trine.

       Alt frå start til slutt. Frå korleis Aksello får folk inn i miljøet sitt og jobbar med idéar frå starten av, til korleis dei hjelper dei gjennom dei ulike prosessane med søknadar og finansiering. Eg håper å sitte igjen med ei godt overblikk av selskapet, svarar ho.

 

Vil bidra positivt til miljøet

I løpet av året er planen at Trine skal innom alle ledda i Aksello, frå førestelinjetenesta saman med rådgjevar Heidi Felle, inkubatoren med inkubatorleiar Vanja Viken, og jobbe med ulike prosjekt saman med Arne Olsen, som er fungerande dagleg leiar. Her er mykje å lære om gründerstøtte og næringsutvikling og Trine håpar å kunne bidra positivt til miljøet.

Eg håpar å kunne bidra og komme med råd når det gjeld marknadsføring, økonomi, digitalisering og nettverksbygging. Eg er også veldig glad i planleggingsfasen og kan hjelpe til med struktur og organisering, seier ho.

Kva er ditt beste tips til gründerar og etablerte bedrifter som jobbar med nyskaping?

  Å ha trua på idéen og våge å satse 100%. Det er viktig å sette seg kortsiktige og langsiktige mål og ha ein plan for kor du vil med idéen din og kva du treng av støtte for å komme dit. Ein god forretningsplan er eit verdifullt verktøy som hjelper deg å fokusere på måla dine og kan brukast til å presentere idéen til investorar og samarbeidspartnerar.

 

Meir om Framtidsfylket Trainee og Aksello:

  • Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek varierer frå år til år, og traineeåret varer frå august til august.
  • Ordninga blir meir og meir populær og Framtidsfylket fekk inn 1000 søknadar til årets traineestillingar.
  • Året 2017/2018 er 27 nye traineear tilsett i 21 bedrifter.
  • Det er første gong Aksello (tidlegare Fram Flora) er med som traineebedrift.
  • Aksello er eit næringslivsselskap som arbeider for nyskaping og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Vi er Flora kommune sin førstelinjeteneste og hjelper gründerar og etablerte bedrifter gjennom vår idélab og inkubatorarbeid i heile fylket. I tillegg jobbar vi også med ulike prosjekt som er med på å støtte oppom næringslivet i fylket.

Traineeordninga er ein vinn vinn for alle partar, både næringslivet og potensielle arbeidstakarar. Vi i Aksello synes det er kjekt å vere med å gi eit tilbod til unge som vil arbeide i Sogn og Fjordane, både til heimvendte eller nye tilflyttarar. Kva forhold ein har til Sogn og Fjordane frå før spelar inga rolle, og traineeordninga er ein god moglegheit til å bli kjent med fylket og næringslivet i Sogn og Fjordane. Her har Framtidsfylket gjort ein kjempejobb i meir enn ti år, og dagleg leiar Gro Rukan og resten av staben hennar fortener mykje skryt for det dei gjer både for fylket og unge arbeidstakarar som rekruttering- og kommunikasjonsplattform for næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello

 

Brukarundersøking 2017

Vi som næringsselskap ynskjer å stadig yte eit betre tilbod til våre brukarar. Vi sett difor stor pris på om du kan ta eit par minutt for å fylle ut ei kort brukarundersøking.

Det vert trukke ein vinnar som vil motta eit gåvekort pålydande kr. 1000,- hos G-Sport.

Svarfrist 11. september.